Totalt antall sidevisninger

fredag 19. februar 2021

Turblogg: Skal du oppsøke våren i Sunndal, må du gå til Valåsen


Ja, no kjem våren i full fart i Valåsen ved Rykkjem i Sunndal. Bli med meg på ein fin og rask trimtur til ein av dei hemmelege stadane i Sunndal.

Her ved stikk ut-posten kan du parkere.
Eg høyrte om Valåsen første gong i fjor - det er ei ganske hemmeleg perle som fleire bør vite om og finne vegen til. For meg var dette andre gongen eg var der - første gongen var tidleg i vinter på venninnetur. Då hadde vi med kaffi og noko å bite i og.

Viss du vil gå til Valåsen, må du køyre til Ålvundfjord og fortsette utover mot Rykkjem. Like utanfor Ålvundfjord kjem ein til eit skilt kor det står Drøppingstranda mot høgre. Der har du to val: Viss du har god tid, kan du parkere der og gå heile vegen derifrå, men viss du har det litt meir travelt, køyrer du ned til venstre og køyrer nokre kilometer - til ein kjem fram til vinter-stikk ut-posten og vegen kløyver seg i ein veg oppover rett fram og ein oppover mot høgre.
Ta den vegen som går rett fram oppover (trur det står eit skilt der om det) og følg den nokre hundre meter opp til fellesfjøsen. Akkurat no er det veldig glatt på det strekket, så mitt råd er gode sko eller å ha med stavar. Det går så vidt an å gå ute i kantane.
Frå fellesfjøsen kan ein sjå raude plastikklokk hengande i trea oppover lia.

2 km fram til målet i følgje skiltet.

Frå fellesfjøsen går det opppover og inn i skogen.
Første gongen eg gjekk dit, var Prins med. Når eg gjekk i dag, var han heime, så det er litt uvant dei gongene eg går på tur utan han ved mi side. Eg saknar han veldig på dei turane han ikkje er med. I vinter når det var iskaldt, måtte eg beskytte han mot verste kulda, så då var det begrensa kor lange turar vi kunne gå saman.
Stien går slakt og lett oppover lia. Det er berre eit par litt bratte bakkar - den eine er kanskje 100 meter lang, så høgdemetra ein kliv på turen, er ganske effektive.

Prins likte godt turen :)



Noko av det fine med turen er at dei to kilometra er eigentleg ganske korte. Turen er lettgått og no var det mange plassar kor våren var tydeleg på veg. Viss mildveret held seg, vil det vere bar sti i løpet av eit par veker. Då er verkeleg Valåsen den finaste plassen å møte våren i Sunndal - vil eg påstå!





Før ein veit ordet av det, er ein oppe. Frå fellesfjøsen brukte eg rundt halvtimen. Då kan eg skulde på at det var litt glatt somme plassar og at skoa begynner å bli veldig glatte. Så totalt rundt 45 minutt opp frå bilen, men det skal bli raskare når løypa blir mindre glatt.
Når ein kjem opp på den siste toppen, får ein auge på postkassa og ein benk - då er ein framme på Valåsen som ligg på rundt 240 meters høgd. Borte ved postkassa kan ein skimte ferga mellom Rykkjem og Kvanne mellom trea. 
Det er sjølvsagt fint å sette seg ned her og nyte ei eventuelt medbrakt niste, men legg nøye merke til skiltet som peikar mot venstre og fortel at der borte er det utsikt :)





Valåsen/ Storåsen 243 m.o.h.

Mellom trea kan ein skimte ferga over fjorden og Nordviksula i bakgrunnen.


Så er det tid for å studere utsiktsplassen, og den er verkeleg bonusen for turen. I det eg kom dit i rundt kl 16 fredag ettermiddag, forsvann sola bak Mulvikknuken. 
Også på utsikta er det ein benk å sette seg ned på. Ein fin plass ein kan nyte sola og grunne litt på livet - og la det vere på avstand ei lita stund.

Denne turen bør få plass på Morotur sine turskildringar og bør bli ein Stikk ut-tur denne sommaren. Dette er ein tur som fortener fleire besøkande :)


Sola forsvinn bak Mulvikknuken.

Fredag ettermiddag og eg har heile skogen for meg sjølv <3

Vinter på Valåsen i januar, og eg har antrekket gul og kul :)

Tone nyter det som er luksus i Sunndal i januar: Sol og utsikt :)

søndag 7. februar 2021

Turblogg: Terningkast 6 for fottur til Synnåhaugen

No har det vore lenge stille frå bloggen min, og det er på tide å vekke han opp etter ein lang vinterdvale. Det gjer eg med å fortelje om den flotte turen eg gjorde i dag :)


Som nokon kanskje veit, har det siste halvåret vore langt og vanskeleg - først og fremst fordi pappa døydde. No prøver eg å ta meg ut av vinterdvala - sola har trass alt kome på huset mitt - og då må eg starte å fortelje om dei fine turane som ligg rett foran beina på deg - klare til å bli gått.

NB 8. feb: Etter innspel på Facebook, har eg endra tittelen og innhaldet i teksten til det rette namnet på staden, nemleg Synnåhaugen.


I dag fekk eg endeleg moglegheit til å gå turen opp til det som heiter Synnåhaugen. Denne turen står ikkje omtalt i Morotur-appen, og dermed ikkje lett å vite om for den som ikkje er så kjent. Så derfor skal eg fortelje om denne turen.
Og turen startar frå Viklandet Trafostasjon på Viklandet. For å komme dit, må du følgje skiltinga Viklandet på sunndalssida av Øksendalstunnellen. Køyr fire-fem kilometer oppover bakkane til du kjem til det lille skiltet om at trafostasjonen ligg opp til venstre. Køyr oppover til du kjem til bommen og parker på parkeringsplassen der - ikkje køyr gjennom bommen.
Her startar du å gå.

Frå bommen går du oppover mot trafostasjonen, og like før du kjem fram, får du auge på spor i snøen på høgre sida av vegen. Det viser seg å vere ein særdeles velgått sti. Turen er veldig populær, og eg har sett mange bilde som er lagt ut frå turmålet. Stien går rett inn i skogen og tar deg oppover og bortover. For eigen del vil eg seie at eg kjende turgleda kom umiddelbart som eg gjekk :)
Nokre ord om temperaturen: Heime var det rundt -10 grader då eg drog, og eg let Prins få vere heime. Då eg kom fram til parkeringa, var det gått ned til rundt -7 grader, og eg begynte å angre på at eg tok blå og kald-antrekket i staden for gul og kul-antrekket... Eg rekna med det ville bli for varmt. Heldigvis gjekk det over all forventing.

Når snøen er borte, skal det vere ein varde her som viser
at stien opp lia startar her.
Etter nokre minutt er ein på øversida av trafostasjonen, og det
begynner å bli utsikt.
Den lettgåtte og finttrakka stien smyg seg oppover lia - det er berre ein plass som er skikkeleg bratt, elles er det veldig fint terreng. Det er rett og slett merkeleg eg ikkje har gått her før.
Undervegs treff eg fleire kjende, blant anna nokre trivelege eks-nessetgjeldingar, og vi var einige om to ting: For det første er dette ein tur fleire må få vite om (krev frå underteikna: No må turen få plass i morotur.no!). For det andre var vi einige om at dette minner om det vi var vante med heimefrå - turar i skogen på lette stiar. Det er noko eg saknar i Sunndal - det er veldig få skikkelege skogsturar, slik som denne.


Det med sola er jo eit evig tilbakevendande spørsmål, og noko av det viktigaste med turen var å sjå sola. Men slik sola står no, var eg ein halvtime for sein til å få utnytta solskinnet. Så akkurat no enno, bør ein ikkje kome opp til turpunktet seinare enn kl. 12.30, då har ein over ein halvtime att med sol.
Og då er vi over på spørsmålet om kor lang tid ein bruker på å gå opp til Synnåhaugen? Eg i mitt tempo - og då har eg trekt frå alle gongane eg stoppa for å snakke med folk - trur eg brukte rundt 45 minutt frå bilen, eller 35 minutt utan stopp. Det er med andre ord ikkje ein spesielt lang tur, men det er rundt eit par hundre meter stigning.


Eigentleg overraskande lite snø.

Her nærmar eg meg toppen - nokre hundre meter igjen :)

Motsett veg - på veg nedover.


Tenk å kunne gå sola i møte på denne måten <3
Så endeleg kom eg opp til det som er Synnåhaugen. Der er det ei lita hytte og eit fantastisk nybygd "viewpoint" - utsiktspunkt. Det var jo det som gjorde det så kjekt å komme fram til turmålet. Rett etter meg kom det fleire gåande, og av han eine fekk eg vite at utsiktspunktet var bygd sist haust. Eg fekk og vite at om sommaren kan ein sjå stien vidare som går til Grønnsletta (tidlegare stikk ut-mål) og stien opp til Hammartoppen. Av ein annan fekk eg vite at eg var på rundt 500 meters høgd. 



Ein sjølvie må ein sjølvsagt ta - i blå og kald-antrekket :)

Hytta veit eg ingen ting om, men det er eit lite krypinn kor ein kan sitte og spise nista si. Det er ein vedomn og ei lita gassplate i hytta, og ved sidan av døra, er det ved ein kan bruke.


Mange plassar er postkassa avvikla av smittevernomsyn,
men eg synest det er kjekt å skrive seg inn i turboka (og eg 
trur koronaviruset kollapsar i kulda...)

Tatt frå baksida av hytta.

Eit lite glimt inn i hytta.




For å ta ei kort oppsummering om korfor du bør gå denne turen:
- Det er ein veldig fin, lettgått tur i Guds frie natur.
- Enn å gå ein slik fin tur i skogen :) Som han sa, ein av dei eg møtte: Det er jo som å gå på stuegulvet.
- Og den fantastiske utsikta som møter deg når du kjem fram! Og eit veldig fint utsiktspunkt!
- Og mi oppfordring til slutt: Denne turen bør bli heilårs- stikk ut!

Sjekk den utsikta!!! Skikkeleg fin utsikt!

Dette er absolutt ein tur eg vil gjere fleire gonger - både vinter og andre tider av året :)

Mandag kveld på Synnåhaugen. Hovudlykttur dit var supert!

Etiketter