Totalt antall sidevisninger

lørdag 30. mars 2024

Turblogg: Del 1: Husmorsykkelferietur til Todalen

Mot slutten av sommarferien kom eg til sans og samling, og tenkte med sjølve meg: No fortener eg å dra bort på husmorferie! Og slik vart det.

Ein telefon vart tatt til styraren på Todalshytta i Todalen for å høyre om det var ledig og ope, og så pakka eg med meg nokre klede. Endeleg skulle eg få prøve sykkelveskene som eg hadde fått kjøpt brukt.

Dette sykkelveskesettet fekk eg kjøpt veldig pent brukt av ei. På tide å ta det i bruk.

Eg og sykkelen fekk skyss uti Ålvundfjord, og frå der var det om å gjere å rekke ferga frå Rykkjem til Kvanne og trø dei par mila til Todalshytta. Ferga la inntil kaia på Rykkjem då eg kom, og då var det berre å nyte det midlertidige solskinnet og godvéret. Men det mørkna til...

                                

Kvanne fergekai.

Vérmeldinga var ikkje den aller beste for turen innover Todalsfjorden, og ganske riktig: Eg hadde ikkje sykla veldig langt frå fergeleiet før det begynte å regne. Då var det berre å stoppe ved første busstopp og få på meg regnkleda for å sykle vidare. 

Regnvéret heldt på omtrent til eg kom fram til Todalshytta. Derfor vart det tatt veldig få bilde av turen innover fjorden. Eg hadde fått tips av ho Møyfrid på ferga om å ta av ved skolen på Melhus og sykle nedover bakken der. Det var snarveg på veg mot Todalen, og eg sparte nok rundt tre kilometer på å ta den vegen.

Det kan vere rasjonelt å ta den smale grusate vegen ned bakken her.
I innlegget som omtalar returen frå Todalen vil eg fortelle om ein annan veg eg hadde lyst å teste ut, men av ymse årsakar ikkje fekk gjort. Det blir neste gong. Det finst nemleg ein annan (snar)veg ein kan ta.

Som nemnt tok eg ikkje mange bilde på tur innover fjorden. Men når ein kjem til Svinvika, kjem ein til ein tunnell, ikkje veldig lang, berre 1 km, så ein kan sykle gjennom han. Men viss turen og opplevinga er viktigast, er det mykje bedre å svinge av til høgre i retning sjøen, og sykle gammalvegen bortover. Det er ikkje kortare, men langt meir idyllisk. Gammalvegen er ein del av Svinvikrunden, som er ein populær Stikk ut-tur, og i innlegget som omtalar returen, skal eg fortelle om resten av Svinvikrunden. Absolutt vel verd å bruke tid på den.
Rakaneset, kor Todalsfjordprosjektet ein gong skal komme, på andre sida.

Todalen i sikte.


Turen starta klokka 17 frå fergeleiet. Klokka 18.30 kom eg til dette skiltet som fortalte at eg var komen fram til Todalen. Men enno hadde eg nokre kilometer igjen til Todalshytta Lodge, og rundt tjue minutt seinare kunne eg trille sykkelen inn på plassen til hytta som lort Philip bygde i 1901. Det er samme byggherren som på Philipshaugen i Øksendal (1899), Tredalsbakken på Sunndalsøra (1896) og Vangshaugen Turisthytte i Grødalen (1905). Ganske utruleg og interessant at ein engelskmann kan påverke byggeskikken så til dei grader på eit lite område som Sunndal og Todal. Men det er veldig stor glede for oss reisande at arbeidet hans har blitt tatt så godt vare på.

Endeleg framme på Todalshytta Lodge. Regnkleda er våte.
Eg sjekkar inn på lodgen - det er ein attraktiv plass for mange laksefiskarar å komme til - og betalar ein del pengar. Heldigvis er eg medlem av Kristiansund og Nordmøre Turistforening (KNT), og får dermed litt rabatt på prisen. Hytta er nemleg eigd av KNT, men drifta gjerast av ein styrar, og prisen på losjementet og måltida settast etter det. Men: Husmorferie er husmorferie, så eg smilar fornøgd for at eg tok meg tid og råd å gjere denne turen :) Og trass alt var eg heller ikkje heilt gjennomblaut når eg kjem fram. 

Det viser seg at eg ikkje er heilt åleine, for ei som brukte sommaren på fotvandring i Trollheimen og Sunndalsfjella hadde søkt tilflukt på Todalshytta fordi véret ikkje var bra nok til å gå over fjellet til Innerdalen. 

Uansett: Eg vart tildelt rom nummer 1 - Fjøs POOL... Viss det var noko eg sakna når eg kom med blaute klede inn på rommet, så var det nokre hengarar å henge dei våte kleda på. Men det og ordna seg - det var heldigvis både ein stol og ei gardinstang på rommet. Det gjeld å gjere seg hjelpt. Så dette med manglande hengarar trakk ned min sluttkarakter på rommet dessverre.


Dette er omtrent heilt likt som på Phillipshaugen. Artig å sjå korleis
lort Phillips brukte om att teikningane frå Phillipshaugen. 
Menyen til restauranten til lodgen er omfattande - og Ethelbert lort-Phillips har fått påverka menynamna i stor grad. Restauranten, Kammerpike Edits spiseri, har fått namnet etter Lort Phillips kammerpike som han og kona hadde med frå England. Eg velte å spise Etheltberts ulendte viltlasagne, og den smakte veldig godt. Til dessert tok eg creme brulé, som og var god. 




Fint område inne å spise frukosten.
Sjølvsagt fins det mange bilde og informasjon om byggherren og historia til huset. Her er det eit bilde av lort Phillips og hunden hans. Som allereie nemnt har denne historia vore viktig i prosessen med å finne gode namn til dei ulike romma. 





Eg stakk nasen innom døra på dette rommet, som har ei fin utsikt ned mot sjøen. Det er vel ikkje til i undrast på at det var jo dette rommet eg burde ha lege på...



Neste dag skein sola frå mesta skyfri himmel, og etter frukost var det tid for å gjere meg klar til avgang. Men når eg er på Todalshytta Lodge for første gong, må eg ta ein ekstra kikk og nyte den fine staden.




                                                                                 
Arve Evensen er vertskap på Todalshytta Lodge, og i følge nettsida til hytta har han lang erfaring innanfor laksefiske. Besøk av laksefiskarar er nok ein av hovudpilarane av hytta si inntektskjelde, og det er lagt godt til rette for at fiskarar skal opphalde seg der ei stund.
Frå Todalshytta syklar eg glad og nøgd vidare, og kva eg opplevde på resten av sykkelturen, fortel eg i neste episode.
Lady Ingunn i sitt ess i morgonsola i Todalen :)

mandag 25. mars 2024

Turblogg: Sykkeltur til Innerdalen - til å bli glad av

Ein enkel og fin sommartur på sykkelen frå Ålvundeid til Innerdalen. Her er litt av det ein kan sjå - og ikkje minst: Kor mange kjente motiv kan ein fotografere med ein sykkel som sentrum?

På brua oppe i Virumdalen. Tradisjonell plass å stoppe for å ta bilde.
Vanligvis når eg drar til Innerdalen, køyrer eg til parkeringa på Nerdal og går derifrå. Korfor ikkje finne på noko nytt? Sette att bilen ved gammalbutikken på Ålvundeid og sykle derifrå? Det er 12 km til parkeringa i Nerdal og ytterlegare 4,5 km til Innerdalshytta.
Gammalbutikken på Ålvundeid.

Eit kjempefint busskur eg passerte oppe i Virumdalen.
Vel å merke var planen min å finne nokon frå sykkelsetet som eg kunne stoppe og ta ein sommarprat med til avisa - men det var ingen å sjå... Så dermed sykla eg vidare til parkeringsplassen i Nerdal, og der fann eg andre som hadde med sykkelen eg kunne snakke med.
Kanskje mange trur at det går litt oppover mot Nerdal-parkeringa? Nei, det er veldig fint og slett. Det er jo mange slike fine, slette dalar i Sunndal: Opp mot Nerdal, opp Øksendalen og opp Sunndalen. 
Men så kjem ein opp til Nerdal, og der er det jo ingen kjære mor lengre - då er det berre å ta arbeidet med å få (for min del!) trilla sykkelen oppover bakkane til ein kjem på toppen.

Grasdalen sett frå Nerdal. Der går stien over til Grøa.
Desse trivelege folka traff eg på parkeringsplassen i Nerdal. Ekteparet til venstre, Henk og Marianne Bouwens, er bobilturistar/ sykkelturistar frå Nederland som gjerne reiser verda rundt på sykkelturar, og gjerne i kombinasjon med bobilturar. Det begynte med at dei høyrte eit foredrag med to damer som snakka om å vere sykkelturist over heile verda. Dei blei bitt av basillen, og har gjort mange og lange turar dei siste tjue åra. 
Til høgre står Daniel Gasser med sonen Elias Kleven-Gasser. Dei driv Lysøen Rorbuer på Averøya. Eg fekk ein veldig hyggeleg prat med dei til avisa akkurat då eg møtte dei. 


Så på Nerdal er det altså berre å rette seg opp i ryggen, mesta spenne litt ekstra i bakken og begynne på dei laaange bakkane oppover mot Innerdalen.
Ein sommardag i slutten av juli er det alltid mykje folk i sirkulasjon på oppovertur og nedovertur, så og denne dagen.
Når eg drar til Innerdalen på reportasjetur, prøver eg å fokusere på ulike tema som eg kan tenke meg å finne ut meir om. Ein gong var eg ned i teltområdet ved elva og snakka om korfor folk tok telttur til Innerdalen, og det ser jo rett fornøyeleg ut. Ein årsak til dette var at teltplassen til Renndølsetra var kåra av avisa The Guardian i 2019 til ein av dei finaste teltplassane i verda! 
Ein liten digresjon her er at eg har kjøpt eit lite telt til meg sjølv, og håpet er å lage ein blogg om eigen telttur til elvabreidda ved Fluo nedanfor Renndølsetra...

Turist eller sommargjest? Heldigvis er det mange sauar i Innerdalen.
Endeleg framme i Innerdalen! Og det er altså her eg spør: Kor mange kjente motiv frå Innerdalen kan ein putte inn ein sykkel i... 
Sykkelen og Innerdalstårnet er naturlegvis obligatorisk... Hehe :)
Ut over det er det for meg obligatorisk å ta bilde av dei fine geitene som kvar sommar campar i bakkane rundt Innerdalshytta. Tenk kor stussleg det hadde vore i Innerdalen utan dyr?! Du hadde merka fort at vegetasjonen hadde endra seg, så dyra er viktige - både sauane, geitene, kyra, grisen og hønene. Ikkje berre for vegetasjonen, men og for det sosiale - dei er veldig trivselsskapande.





Det var fleire enn eg som tok sykkelen opp til Innerdalen...



25. mars er den internasjonale vaffeldagen - og er ei markering av det som i kyrkja heiter Maria Bodskapsdag og markerast søndagen før palmesøndag. 25. mars er ni månadar før Juledag, og i kyrkjer verda rundt markerast det at jomfru Maria fekk bodskapen frå engelen Gabriel at ho skulle bære fram Jesus. Slik har det vore sidan mellomalderen, og i Noreg og Sverige vart dagen i starten markert med å spise kake. Etter kvart vart det i staden vaflar, og kva er vel bedre enn å gi ei lita hylling til den internasjonale vaffeldagen med å vise fram bilde av dei beste og mest eksklusive vaflane eg veit om (og sikkert i heile verda!)!!! Vaflane på Renndølsetra med ekte rømme og oftast ekte syltetøy er legendariske <3




"Ein dag kan vel eg og rusle dit opp..."

Ok, ein sjølvie er innanfor ;)



På bakketoppen ovanfor parkeringsplassen i Nerdal er det laga til ein liten kiosk med sjølvbetening og med plass å sitte utanfor. Ta deg gjerne ein tur innom der i sommar. 
Og for all del: Ta deg minst ein tur til Innerdalen - eg trur det er ei veldig fin lykkepille for dei aller, aller fleste <3


Hugs å betale for deg på parkeringsplassen! 

Etiketter