Totalt antall sidevisninger

tirsdag 16. mars 2021

Eit bilde av han far og meg - eit halvt år etter pappa

I dag er det eit halvår sidan pappa døydde, og eg kjenner for å skrive nokre ord om papparolla. Og så kjem eg med ei lita hemmelegheit ein eller annan plass i teksten.


16. september somna pappa stille inn, og kanskje kom vel døden stille som ein venn til han. Han hadde ikkje fleire dagar igjen her på jorda, og i dag har eg lyst å stoppe opp litt ved det.

Vinteren har gått fort, og eg har ikkje hatt tid å sakne pappa så mykje, men no når det går mot vår og det kriblar i kroppen etter å komme meg til Hoemsetra, kjenner eg på saknet.
Det å kjenne på saknet etter Hoemsetra, trur eg i stor grad var noko familien hadde felles. Stort sett kom pappa seg alltid oppover minst ein tur om vinteren for å sjå til båt og hus, og snart skulle det vere tid for oss andre å dra oppover og. Slik har det ikkje vore denne vinteren. Vi har ikkje kome oss oppover langs Eikesdalsvegen, båten har ikkje hatt vårt tilsyn, men ganske nyleg fekk eg melding om at tre hjortar lever livets glade dagar på Hoemsetra :)
Kan du skjønne eg saknar heime, når Marit Solveig Finset sendte meg desse fine bilda ganske nyleg...?!




Overskrifta til dette blogginnlegget er henta frå ein song av Claudia Scott - "A Picture of My Dad and I". For nokre år sidan var ho med i "Hver gang vi møtes" på TV2, og eg trur eg oppdaga den songen då Tone Damli song han. Ei stund seinare var Claudia Scott og hadde konsert på kulturhuset på Sunndalsøra, og eg var der som journalist. Eg fortalte henne at eg likar songen veldig godt, og lurte samtidig på om eg kunne prøve å omsette han til nynorsk... Og det sa ho var greit.
No skjønnar eg at nokon stussar... Blant anna er eg ikkje spesielt flink i engelsk, men på den andre sida er eg veldig god i norsk. Men det er ikkje lett å greie å omsette naudrima frå engelsk til nynorsk - og noko heilt anna er det å tolke og oversette ein song og behalde elementa i historia. Eg har trass alt sett omtrent alle episodane av "Hver gang vi møtes", så eg har fått med meg det...
Eg har prøvd på det fleire gonger - hentar fram teksten til songen og prøver å finne ein god måte å fortelje historia på. Songen handlar om ein fisketur ho gjorde saman med far sin - og korleis "eg-personen" i teksten tenker tilbake på dette fine barndomsminnet.

Eg prøvar også å tenke tilbake på desse barndomsminna med pappa. Eg trur kanskje ikkje pappa var ein slik pappa som samla på minne saman med ungane sine - tida var for travel - det var så mange kvardagar med fjøs, fiske, vedarbeid, slåttonn, hjelpe andre med meir... 
På ein måte gjer kanskje ikkje det så mykje. Alle i familien var jo samla på Hoemsetra, så barndomsminna mine handlar om kvardagslivet. 
Meir trist blir eg når eg tenker at det knappast finst bilde av pappa og meg saman. Det er som oftast eg som fotograferer, og eg kom ikkje på at eg mangla eit bilde av pappa og meg. Siste dagen til pappa på Hoemsetra i fjor sommar, sørga eg for å ta bilde av han saman med naboane - men ingen tok bilde av han og meg.
Minna sitt ikkje nødvendigvis i bilda, men bilda er med på å friske opp minna. Eg har mange minne lagra berre fordi eg har dei på bilde, utan bilda er minna borte frå min indre harddisk.

Det siste bildet av pappa tok eg for å markere mamma og pappa sin 53 års bryllaupsdag.
Enno er heldigvis ikkje pappa borte frå min indre harddisk, og no når eg begynner å ha sjukdommen hans på avstand, er det minna om pappa som trer meir fram. Støtt og stadig høyrer eg ting han sa på sin sedvanlege måte, anten det var ein litt lettvint måte å svare på eller det var nokre gode råd. Likevel slit eg med å setje saman den songteksten til å bli ei personleg forteljing om pappa og meg som eg kan fortelje. Kanskje hadde det vore enklare om eg hadde eit bilde av oss som kunne fortelje? 

Etter å ha leita litt, fann eg eit par bilde frå ein fin fjelltur/utflukt Ingvild og eg hadde med mamma, pappa og broder Terje då Ingvild enno var så lita at ho kunne sitte i bæremeisen. 


Alltid godt å ha ei pappahand som stør deg <3

Pappa på sitt beste - på fest hos sine eigne i Brønnøysund - søster Liv med ryggen til.

Siste kvelden på Hoemsetra var olsokfeiringa sist sommar saman med gode venner.

Siste turen over Eikesdalsvatnet.

Pappa, broderen og eg er avbilda i boka Kraft i Nesset som kom i 2020.

Nokre PS heilt til slutt:
1. Viss du greier å komme med nokre gode idear om korleis eg skal skrive om songen, tar eg i mot dei :) Songen med Claudia Scott kan du høyre og lese her. 
2. Viss du har bilde av pappa og meg, blir eg veldig glad for å sjå/ få :)
3. No pågår "Krafttak mot kreft", og du må gjerne vere med å bidra med pengar som går til å forske meir på vanskelege kreftsjukdommar. Du kan til dømes støtte Ingvild og hennar sitt russekull gjennom denne sida (t.d vippse til 461051).

19. mars: Eit absolutt siste PS! Eg har endra bilde øvst i teksten: Heldigvis er det jo eit bilde av pappa og meg - eg måtte berre ha hjelp av mamma for å komme på det - og dette bildet er heilt unikt: Ein kreftsjuk og ei med (viste det seg seinare) broten fot avgarde på jaktoppskyting på Bugge :) Begge to greidde det, og for å seie det slik: Pappa var nok både imponert og stolt av meg, sjølv om han kanskje ikkje sa det så tydeleg. No er geværet hans mitt <3

Det blir snart stein til pappa og - men det er ikkje så lett når ein skal lage stein til seg sjølv samtidig -
 det har eg prøvd, så det veit eg.


mandag 15. mars 2021

Turblogg: Vintertur til Skorpa i Kristiansund

No når vinteren prøver å gjere våren sur for oss, gjer det godt å mimre tilbake til den fine turen Prins og eg hadde til Skorpa i Kristiansund i februar - i herleg vinterkulde :)


Ein onsdag mens vinteren var på det kaldaste, hadde junior avspasering frå skolen. Sidan eg og har fri på onsdagane, og temperaturen hadde lagt seg fast nede på 13 - 15 kuldegrader, var det opplagt og vedtatt at vi måtte søke litt varmare strøk på kysten denne onsdagen. I Kristiansund var det berre rundt 6 kuldegrader - mildver med andre ord :) Og ikkje nok med det: Byen låg bada i sol :)
I jakta mi på fleire vinterstikk ut-turar å registrere, bestemte eg meg for å gå to turar, nemleg først utover Skorpa og så til Klubba frå Kirklandet kyrkjegard.
Eg har fortalt om tur utover til Skorpa tidlegare, nemlig då vi var der i 5 grader og regn og vind i fjor vår. Det kan du lese om i denne lenka. Det var betydeleg finare og lettare å gå der denne februaronsdagen.
.

Bilda kan i stor grad tale for seg sjølv. Som sagt var byen bada i sol, og for meg som skulle få sola på huset den veka for første gongen i år, betydde mengde sol meir enn det vesle eg kunne sjå heime. Og som ein ser av bilda, var det overraskande mykje snø i Kristiansund då vi var der.







Gleda var verkeleg stor over å vere ute i sola og hente nye krefter :)





Som nemnt er denne turen ein vinter-stikk ut-tur. Vinter stikk ut har vore skikkeleg populært, og det var verkeleg noko eg hadde venta på i fleire år. I nokre år har det berre vore skiturar, men eg er ikkje nokon stor skigåar, men desto større heilårsturgåar. Vinter stikk ut har gjort at eg har vore meir ute på tur denne vinteren enn normalt, og eg håpar eg kjem meg til Molde og får gått eit par turar i påska. Det er siste frist, for det avsluttast 2. påskedag.  1. mai startar på nytt den ekte stikk ut-sesongen :) Det gler eg meg alltid på :)


Stikk ut-posten ligg ytst på enden på Skorpa. Veldig triveleg trimtur å ta om vinteren og.

Fjella i bakgrunnen ligg på Tustna i Aure kommune. Dei ligg på "gjere-lista" mi.







søndag 14. mars 2021

I teneste for samfunnet

På laurdag avslutta eg ti år samanhengande som styremedlem i Møre og Romsdal KrF. Korfor gidder eg halde på?!


 For å ta det først: Det var ei blanding av frivillig og ufrivillig avgang. Det har kome ein regel om at ein ikkje skal sitte meir enn seks år samanhengande. Eg synes det er heilt greit, for det var tid for å la andre dyktige nordmøringar ta plassen min.

Men ti år? Ja, det vart det. Første gongen eg stilte til val, var i 2009. Eg trudde det var mest som ein "walk over", så eg vart grundig skuffa då eg ikkje ein gong fekk nok stemmer til å bli varamedlem... Men to år seinare var det plass til meg, og med det som skjedde på heimebane, var eg veldig glad for at eg fekk ha ein plass å dra til som var min. Stort sett er det mamma som har tatt seg av ungane - iallfall etter at eg vart åleine. Då var desse korthelgene på hotell ein velfortent tur borte heimefrå.
Mange dyktige folk har eg møtt på min veg - det har og sjølvsagt vore av det gode. For ikkje lenge sida dukka det opp eit bilde på Facebook frå då Dagrun Eriksen, då ho var stortingsrepresentant og nestleiar, besøkte årsmøtet i Geiranger. Kjell Magne Bondevik, vår nestor/ æresmedlem og evig optimist, har vore på besøk, og det har også Kjell Ingolf Ropstad, Dagfinn Høybråten, Knut Arild Hareide, Olaug Bollestad...

Nei, ti år i eit fylkesstyre er ikkje så mykje å skryte av, men eg kan seie litt om drivkrafta.
For meg er det sjølvsagt å bidra på mitt vis i samfunnet. Å ha samfunnsengasjement på eitt eller anna vis er viktig for meg - og det er noko eg verdsett hos andre menneske eg møter. Vi som har velt å engasjere oss i politikken, gjer det for å ta samfunnet vidare i den retninga vi ønsker.
Nei, det var ikkje heilt tilfeldig at det vart KrF. Eg var vel litt påverka av mamma, men eg fann ganske tidleg ut at det var partiet som dekte dei verdiane eg stod for - og det er noko eg opplever nær sagt kvar dag. Som Kjell Magne Bondevik sa i fylkesårsmøtet på laurdag (via ZOOM-overføring heimefrå):
"Nokon har spurt om eg skal skifte parti sidan andre i familien har gjort det, men det skal eg ikkje. Eg har vore medlem i KrF i 55 år, og det skal eg fortsette med. Det blir som med fotball: Ein kan ikkje skifte ut laget ein heier på om det går litt dårleg. Eg kan ikkje begynne å heie på Rosenborg no!"
Og begge delar er heilt sant: Eg kan ikkje skifte ut KrF for noko anna - og eg kan ikkje skifte ut MFK for eit anna lag (og særleg ikkje no når MFK er Noregs beste lag i Europa <3 )
Ti år, ja, i organisatorisk teneste. Eg er ikkje ferdig! Det eg starta med i Ytre Nordmøre KrFU i 1995 - etter at Aud Inger Aure vann valet i Kristiansund - vidareførte i Tromsø KrF og har gått vidare med i Sunndal KrF, det er absolutt ikkje avslutta. Livet - også det politiske livet - går i fasar, og no er det politikken i Sunndal eg skal konsentrere meg mest om (og så er eg vara i eit utval i fylkespolitikken). Og folka eg møter på fylkessamlingane i Møre og Romsdal KrF vil fortsette å møte meg der, for eg skal jo dra dit for lokallaget i Sunndal. Så eigentleg er det ikkje så mykje som er annleis enn før. Berre det å ha eit verv mindre å skjøtte.
Om eg ikkje har påverka nokon til å bli KrF-veljar, håpar eg at eg har påverka nokon til å bli politisk aktiv. Vi treng politikarar som står opp for sine saker - det er slik demokratiet byggast!

Det er inga hemmelegheit at eg er stor fan av Knut Arild Hareide - det er trist han
trekker seg frå politikken når han avsluttar stortingslivet til hausten.

 

Etiketter