Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten kreftbehandling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kreftbehandling. Vis alle innlegg

tirsdag 21. juni 2016

Korleis blir det med meg om eg får kreft att?

For å seie det med ein gong: dette handlar ikkje berre om meg. Dette skriv eg for alle mine medsystre og medbrødre på Nordmøre som går med den stadige angsten.

Dette skriv eg for kreftpasientar på Smøla, i Aure, Halsa og Surnadal. Alle oss som har lang veg til sjukehuset i Ålesund.

Måndag denne veka kom nemleg meldinga om at det nye sjukehuset på Hjelset ikkje skal tilby nokon form for kreftbehandling. Iallfall ikkje brystkreft og føflekkreft. I ein artikkel på Tidens Kravs nettside (lenke nedst i artikkelen) vil det ikkje, i følgje to av legane ved Molde sjukehus, bli mulegheit til å få utført kirurgiske behandling ved det nye sjukehuset. Dette vil gjelde «både utredning, behandling og kontroller», i følgje legane Dahl og Torjussen. Årsaka er at behandlinga av desse sjukdommane skal sentraliserast til storsjukehusa i Ålesund og Trondheim.
Det er ganske mange på Nordmøre som ikkje soknar til Trondheim, og som derfor må gjennom omfattande søknadsprosess for å få behandlinga si der. Det er ikkje ein sjølvfølge om ein kjem frå Smøla, Aure, Surnadal eller Halsa at ein kjem til det sjukehuset som ligg nærast for å få behandlinga.
Då eg las denne artikkelen, kjente eg at eg var meir redd og skremt enn sint. For kva skal det bli med meg om eg blir sjuk att?

Korleis blir det når ein skal reise minst tre timar kvar veg, og endå meir for dei som har to ferger, for å få tre-fire timars polioklinisk behandling for sin kreftsjukdom? Eg tenker på dei som skal ha cellegift. Ein er ikkje alltid like pigg etter desse behandlingane. Vil det gi rett til drosje for oss nordmøringar som må til Åse sjukehus for å gjennomføre det? Eller må vi ta buss om vi ikkje har nokon som kan køyre med oss?
Det er trass alt ikkje alle som har nokon som kan setje av ein heil dag til å følgje på sjukehusturen. Om ein er aleineforelder slik som eg, trengs kanskje nokon heime for å ta seg av ungane når mor er borte på behandling.
Dagen ein må starte heimefrå grytidleg morgon for å rekke fram til å starte cellegiftbehandlinga i rimeleg tid, blir fort lang om ein ikkje kan dra heim straks behandlinga er ferdig. Kanskje skjer det med andre det som skjedde med meg. At det blir komplikasjonar under behandlinga. Det kan bli sein kveld før ein er heime att på Nordmøre.
Eller gir det rett til overnatting på sjukehotellet? Uansett vil det bli både dyrt og tidkrevjande, og eg tenker med skrekk og gru på alle dei sjuke pasientane som skal bruke timevis på å komme seg til behandling.

Så tenker eg på alle oss som drar på årlege eller månadlege undersøkingar for å sjekke om helsa er fortsatt ok. Tenke seg om ein skal dra frå Smøla eller Aure til Ålesund for å gjennomføre ein kontroll som tek maksimum ein time.

Eg er stygt redd for at dette ikkje vil vere til særleg god lekedom for dei mange sjuke pasientane. Kanskje tenker Helse Midt at det jo er berre rundt 80 nye pasientar i året som kjem til behandling i Molde. Men sanneleg: Dei 80 pasientane er menneske dei og, og dei har rett på ei forsvarleg behandling. Ei lang reise i forkant og etterkant er ikkje til det beste for sjuke pasientar som ligg nede slik det allereie er.   
Eg vonar Helse Midt tenker seg om både to og tre gonger før dei vedtar at det nye sjukehuset på Hjelset ikkje skal ha alle dei viktige behandlande avdelingane.

onsdag 2. mars 2016

Fem år etter kreften - face your fears!

I dag er det fem år sidan eg var ferdig med dei siste 30 sekunda med stråling – eit åtte månader langt «fengselsopphald».



2. mars 2011 var ein gledas dag for meg. Det regimet eg gjekk inn i då eg vart operert for brystkreft rundt St. Hans året før, var endeleg avslutta. I ettertid var det medisinering og kontrollar som skulle gjelde. Slik er det fortsatt. Frykta for å få det att heng alltid over meg, men eg nyt dagane og livet, og tenker at eg er frisk – heilt frisk.

Denne vinteren har eg blitt minna på om kor heldig eg har vore. Saman med elevane mine har eg lest «Regines bok» av Regine Stokke frå Kristiansund – jenta som døydde av leukemi i desember 2009 berre 18 år gammal. Eg trur det har gjort stort inntrykk på elevane å lese bloggen hennar – «Face your fear» - som vart til denne boka. Første gongen eg las boka, var den sommaren eg vart sjuk. Det var sikkert ikkje veldig smart, men eg låg kvelden før operasjonen på sjukehuset og las det siste kapitlet – «Etter Regine». Tårane trilla.

Det gjer dei fortsatt når eg les boka hennar – for det mot og den livsvisdom ho hadde. Eg har tenkt mykje på det: «Face your fear» - Gå i møte med fryktene dine. Det er noko alle burde gjere, for ein bør ikkje tillate seg at fryktene skal ha kontroll over deg. Det er du som skal kontrollere fryktene.
Eg har blitt meir bevisst mine frykter dei siste åra, og prøver bevisst å overvinne dei. Eg likte ikkje å gå aleine ute i skogen – derfor starta eg med det, med hovudlykta og hunden som følgjesvennar.

Eg skal fortelje om ei frykt eg har hatt som har prega livet mitt i alt for stor grad i mange år. Når eg kan fortelje om den no, er det fordi eg har greidd å ta kontroll. Eg har hatt stor angst for snø. Eg kunne kjenne at det knytte seg inni meg av angst når eg såg det snødde, og eg bad til Gud om at det måtte slutte. Det heile starta vinteren 1997 medan eg budde i Tromsø. Det bøtta ned med snø, og det slutta ikkje før det nådde 2,40 meter i slutten av april. Neste gang det bøtta like mykje snø ned i Tromsø, var hausten-vinteren 1999-2000. Eg forbinder det med død. «Rekk eg å måke?» spurte eg mamma då ho ringte og sa eg måtte komme til tantes dødsleie. Eg måka, og då eg kom fram, var ho død (hø døydde av kreft). Det i saman med vantrivsel i jobben gjorde at eg utpå vinteren vart sjukmeldt. Eg sendte sms til venninna mi og fortalte at det var ein snøflyktning på veg sørover. Etter nokre veker sørpå var eg klar til å forsere endå meir snø. Frykta for snøen og saknet av tante var to av dei viktigaste grunnane til at det ikkje var så vanskeleg å vende nasen sør utpå hausten. Frykta for snøen har følgd meg, og eg har skrive tidlegare om den gongen venninna mi Lone hjelpte meg med å skaffe ein til å måke for meg (det kan du lese om her). Først det siste året har eg tatt kontroll over denne frykta. Eg har sett på snøen som bøtta ned her, og visst at det er berre å gå ut å måke den bort, så blir det litt betre. Det kjennes godt å ha vunne den kampen!

Eg kan sikkert ramse opp fleire frykter eg har, men dei skal ikkje få eige livet mitt.
For det var det kreften gjorde – i det som eg kallar fengselsopphald. For det var ikkje eg som eigde kroppen min, det var kreften og alle dei plagene behandlinga resulterte i.  Du veit ikkje kor godt du har det før du har prøvd det motsette. Vi fryktar sjukdom og død, men eg har opplevd at eg måtte forsere begge dei fryktene i løpet av kort tid.

For nokre veker sidan la eg ut eit slikt før- og etter-bilde som ein får mulegheit til å fikse på Facebook. Før-bildet var frå 2009, etter-bildet var frå i fjor haust. Teksten eg la ut, kan du sjå på bildet her. 



No er Krafttak mot kreft i gang over heile landet. I år går pengane til forsking på behandling som skal vere livsforlengande, og til tilbod til dei som aldri blir frisk frå kreftsjukdommen. Det er viktige prosjekt, og eg vil gi mi varmaste oppmoding om å støtte aksjonen med mykje pengar. Viss du går inn på denne linken, kan du gi gåva direkte: Krafttak mot kreft

fredag 20. mars 2015

FNs internasjonale dag for lykke og glede er no straks til ende!

"Det meldes at idag den 20. Mars er Den internasjonale dagen for Lykke. Hm. Det kom litt brått på, og jeg ble veldig usikker på hvordan den helst skal feires." Sitat Geirmund LYKKE.

Det var nok for fleire enn Geirmund Lykke det kom overraskande at det er FNs (fortsatt nye) internasjonale dag for lykke. Om du, i likheit med meg, synes lykke er eit litt vanskeleg omgrep, funkar det bra med å kalle det glededagen. Bakgrunnen for etableringa av dagen var etter forslag frå Bhutan i 2012. Første gong dagen vart arrangert, var i 2013. Flott tiltak frå Bhutan og FN. (Veit du ikkje kor Bhutan er, seier du? I følge Wikipedia er det eit  lite kongedømme i Himalaya på rundt 700 000 innbyggarar).

Det er få stader kor det bugnar med så mykje lykke og glede som på sosiale medier, og kanskje spesielt på facebook. Undersøkingar som er gjort viser at det er faktisk så mange som rundt 60 % som synes at det er dei aller lykkelegaste stundene som blir formidla på facebook. Rundt 30% blir, i følge undersøkinga, ulykkeleg av alle dei lykkelege statusoppdateringane. I stor grad er det ungdom som legg ut flest slike meldingar, og tilsvarande flest ungdommar som blir ulykkeleg av å lese det. (Kjelde: www.helseinfonett.no)

Dagen i dag starta med snøbyger. Ein av juniors sykkelvenner vart irritert for at han skulle få snø i håret. "Snø i håret betyr lykke," repliserte eg. Iallfall veit eg jo at regn i brudesløret gjer det, så kanskje det gjeld for snø i håret på ein liten skulegut og. 
Geirmund Lykke fekk naturleg nok mange lykke-helsingar for dagen. "Til lykke med dagen," skrev ei. "Lykken er betre enn forstanden," skreiv eg. Etterpå tenkte eg at eg kunne jo ha skrive "Må hell og lykke følge deg på alle dine veger"! Det er jo den helsinga gudmødrene sender med båtane etter at dei har knust sjampagna i skroget. Det var jo bra at ikkje gudmødrene mine gjorde det på meg då eg tre veker gammal fekk vatn på hovudet i kyrkja. Kanskje nettopp eit slikt ønske om hell og lykke kunne vore noko å sende med meg dengang då. 

Omgrepet 'lykke' kan bety ei djup glede eller kjensla av det. I blant er eg usikker på om eg verkeleg nokon gong har opplevd ei slik lykkekjensle. I følgje Wikipedia kan det og bety flaks, medgang eller heldig skjebne - med andre ord mange kjensler som gjer at ein kan kjenne på lykke. Forsking viser at dei som er lykkelege er friskare enn dei som er ulykkelege. Og eg og ungane er utruleg friske, så kanskje står det ikkje så verst til med lykka i heimen lell då?

Eg har prøvd å gjere eit raskt søk etter lykke i litteraturen, det vil seie i poesien. I Bibelen er det inga lykke å finne i det heile (men desto meir glede :) ). I salmeboka finnes det derimot salmar om lykke, og den eg kjenner best, er den "Lykksalig, lykksalig" frå oppveksten, kor vi måtte synge den på skulen. Ein annan salme er "Sorgen og Gleden, de vandrer tilhope, lykke og ulykke går hånd i hånd".
Somme har sagt kloke ting om lykke, der Aristoteles framstår som den klokaste: "Lykke er så viktig at det overgår alle andre verdslege omsyn." Den amerikanske psykologen William James sa: «Lykke er for dei fleste, til alle tider, det hemmelege motiv til alt kva dei gjer».

Ein ting som gjer meg ei kjensle av lykke og fridom, er det å komme ut på tur. Muleg eg må begynne å publisere nokre bilete frå fjorårets turar for å lade opp til årets turar.
Her er eit knippe bilete frå siste veka!

Forrige helg var eg på KrF-årsmøte i Geiranger i strålande ver! Var faktisk
 første gong eg var der skikkeleg, så det var på tide!

Geiranger sett frå Ørnesvingane!

Søndag var det dags for trimtur med familien langs den fine Bjørnsonstien.
Og Skjorta skuffa ikkje der ho heldt vakt i enden av Eresfjorden.

Junior på tur.

Langfjorden i solnedgang søndag kveld kl. 19! 

På starten av dagen i dag var det overskya og sluddbyger. Ikkje noko høydare
for å sjå solformørkinga iallfall. Og det minner meg om at eg ikkje fekk sett
det flotte nordlyset tidlegare denne veka skikkeleg heller.
PS ! Det som gav meg aller størst kjensle av lykke og glede i dag, var å treffe att ein som er berre nokre få år gamlare enn meg, som sidan juni i fjor har vore i kreftbehandling. Etter 85 liter cellegift, er han så frisk som ein kan være etter ei slik mørbanking av kroppen. Før var det rundt 30% mulegheit for å overleve hans diagnose i 1990. No er det vesentleg større sjanse - takket vere at folk fortsatt er svært raus overfor kreftforeninga. Pengane som kjem inn, går til forsking og utvikling av personleg tilpassa behandlingsmåtar. Det er når ein møter slike som han, at ein ser at pengane kjem til nytte! Forsking og behandling nyttar!

torsdag 27. juni 2013

No blir det snart sommarstille her...

Det er straks sommarferie - familien skal ut på tur og kose seg og hygge seg saman! Glede oss over livet og trua på Gud! Kjenne at livet er godt!

Vi skal gjere det som Runar og eg sa i den aller siste samtalen før han døydde: Fare til Dyreparken i Kristiansand. Han blir med oss på reisa, og kanskje kan Aleksander kjenne at han blir boren på skuldrane til far sin, slik han begynte å tenke på for eit års tid sidan.

Akkurat no vil eg heller at du les ein annan blogg - min er det meininga du skal finne att når sommaren lir... I dag vil eg at du les bloggen Solsiden på adresse http://anmest.blogspot.no/ . Bloggen tilhøyrer Anja Merete Stolsmo, med røter hit til Sunndal. For nokre veker sidan håpa ho at ho kunne rekke å besøke besteforeldra sine her - no er ho like ved utgangsdøra av livet.
Anja Merete har delt den lange reisa med kreft med den som vil lese. Eg har prøvd å følgje med bloggen hennar ei stund, og det er nok den bloggen eg har lest som har gjort sterkast inntrykk på meg.

Anja Merete bur i Oslo-området. Ho fekk brystkreft samstundes med meg - begynte på cellegiftkur eit par veker før meg. Ho hadde strålebehandling samstundes som meg. Men til ho spreidde krefta seg - og no har ho levd med den spreidninga siden hausten 2011.

For meg har det vore utruleg rørande og verdifullt å lese det ho har skrive. Til og med no når ho har sine siste dagar skriv ho og deler med oss. Det er vanskeleg å finne ord som dekker her - som menneske kjem vi i ein situasjon kor ein kjenner avmakt! Det ho skriv, grip meg så sterkt, at eg vil at andre skal lese det og!

No blir det nok stille frå bloggen min i nokre veker på grunn av ferie. Men eg vonar du vil bruke litt tid på å lese Anja Merete sin! Den er verd di tid!

Ha ein fin sommar!

Beste helsing Ingunn :)




Etiketter