Totalt antall sidevisninger

torsdag 13. september 2018

Turblogg: Litlkalkinn - her kjem vi!

Onsdag kveld i august og det pip i telefonen. "Blir du med på Litlkalkinn i morgon?" Det var Anisa. "Har du skaffa turfølge til oss?" spurte eg. Og det hadde ho. Det var berre å pakke sekken og gjere seg startklar. Her får du turen fortalt frå min synsvinkel :)


Eigentleg passa det bedre med tur på fredag for meg, men turlos Einar og Anisa ville avgarde torsdag - og det var meldt mykje regn fredag.
Vi avtalte å møtast kl 9 på parkeringa på Mæle - midtvegs mellom Sunndalsøra og Grøa på sørsida av Driva. Det er ingen teikn som tyder på at det startar ein sti for ein storslagen fjelltur der - det må ein vere lokalkjend for å vite (eg fann det ut i fjor).
Skodda låg ned til Hareimdalen, men vermeldinga lovte klaring utover dagen - enno mange timar til vi skulle vere så høgt likevel. Foran oss låg ein lang dag på tur og forsering av mesta 1400 høgdemeter!



Slik ser startpunktet på Mæle ut. Rett ved er det parkering langs vegen.

Starten av stien er slakk og fin.
Etter å ha gått i eit kvarters tid, må vi passere elva Hareima. Der er det tau for sikkerheits skuld. I og med at ein ikkje møter att elva før oppe i Hareimdalen, er det lurt å fylle opp flaskene med reint, godt vatn her.
For mesta kvar meter vi tar, legg vi høgdemeter for høgdemeter bak oss. Av og til får vi utsikt utover dalen, men første skikkelege delmål er Hareimdalen på rundt 700 meters høgd. Etter kvart som turgåing har blitt populært i Sunndal, har Hareimdalen blitt eit populært turmål. Eg hugsar då eg jobba på Holsanden for ein del år sidan. Då blei Hareimdalen omtalt nær sagt som ein plass det ikkje var vits å gå - ingen ting å sjå på der.


Einar og Anisa hadde vore på tur før, men det var første gong for begge opp til Litjkalken.
Etter å ha gått i ein time, har vi denne utsikta mot Holsand og Furunebba. 
Kvelden før eg skulle på tur, dukka det ei stor overrasking opp: Dotter mi, Ingvild, hadde og lyst å vere med på turen. Og sjølv om ho ikkje hadde så bratt turerfaring frå før, var det ingen grunn til å seie nei. Klart eg ville ha med tenåringsjenta mi på tur :)

Etter rundt to timars gange var vi oppe ved postkassa i Hareimdalen. Skodda var letta og sola var begynt å kikke fram. Dette skulle bli ein herleg turdag i vakker sunndalsnatur!
Turen til Hareimdalen kan du lese meir om på Moroturs nettsider. Det er mesta flaut å seie at eg hadde aldri vore i Hareimdalen før, men no håpar eg at denne turen kan bli Stikk ut-tur neste år (i staden for Åsbrona).

Lunsj for turgjengen.

Restar etter ei nedfallt bufrå krigens dagar som tyskarane sette opp. Bua var både til militære øvingar og rekreasjon.
I Hareimdalen er det storslått natur, og dalen er utgangspunkt for omlag alle toppane som ligg mellom Sunndalen og Litledalen. Her ligg toppane på rekke og rad, omtrent alle er frå 1400 - 1800 meter høge, og dei er tilgjengelege på ein alminneleg dagstur for den som er sprek og søker større utfordringar.

Hariemdalen med Storkalken (1880 m)  i bakgrunnen.

Lunsjutsikta :)

Hugs å signere i turboka :)
Anisa var den einaste av oss som hadde vore i Hareimdalen før. To gonger hadde ho vore der, og då hadde ho lovt seg sjølv at neste gong skulle ho til Litjkalken.

Den utruleg positive turvenninna mi, Anisa :)
Eg har tenkt fleire gonger at viss det er ein ting eg er glad eg har gjort, så var det å starte elveaksjonen i Sunndal.
I 2013 ville NVE (Noregs Vassdrags- og Elektrisitetsvesen) ha høyring på kva folk meinte om utbygging av fleire fossar og elver i Sunndal. Blant dei var Fossa og Skorga på Grøa og Hareima i Hareimdalen. På nasjonaldagen det året var det eg som heldt talen for dagen på Grøa, og då tok eg til orde for å verne fossane i rundt oss. Ein kompis av meg tente på det eg sa, og vi sette i gang ein underskriftsaksjon til bevaring av dei tre fossane. Totalt samla vi inn rundt 800 underskrifter på nettet og på papir, og desse vart overrekt til ordføraren for behandling i kommunestyret. På bakgrunn av alle underskriftene vedtok kommunestyret at dei ville anbefale NVE å gå i mot utbygging. Og slik vart det.
Ei stor glede var det å hente friskt vatn ut av ei ikkje utbygd elv :)


Vel, ein kjem seg ikkje fram til Litjkalken i denne farta - best å gå vidare. Og noko eg har verkeleg lurt på før eg sjølv gjekk turen, var kor stien eigentleg går til toppen. Ja, no veit eg det.
Frå Hareimdalen skal ein opp ei lang ur til ein kjem under Litjhareimnebba (1285 m og fullt mogleg å gå til). Der går stien langs fjellkanten, og "bringer" deg opp på 900 meters høgd. Nokon påstår at det er fint å jogge der...Eg veit no ikkje eg....

Utsikt frå Hareimdalen.

Frå starten av stigninga i Hareimdalen.
Utsikt ned mot Hareimdalen frå oppunder fjellet.
Smal sti eit stykke bortover.
Denne turen kan ein på sett og vis seie er tre- eller firedelt. Del ein er turen opp til Hareimdalen. Del 2 er frå Hareimdalen og bortover stien under Litjhareimnebba. Del 3 startar på omlag 900 meters høgde, og då skiftar turen heilt karakter. Då kjem ein over i Litjhareimdalen, og der er det bratt, ulendt og smal sti. Her skal ein vise varsemd for landskapet - det er kort mellom det trygge og den største katastrofa. I sommar har det vore svært tørt, og det gjer at det kunne vere fort gjort å skli på det tørre dekket.
Og oppover går det. Før stigninga startar, kjem ein til ei lita elv kor ein kan sørge for å fylle opp flaska igjen før ein skal pese seg bratt oppover dei siste høgdemetra mot toppen. Fleire bilde av dette partiet kjem mot slutten av bloggen. Rart kor anleis turen blir når ein går motsett veg.
Eit stykke oppe i Litjhareimdalen sa eg til Anisa: " Du har vonde bein og eg har vonde bein, du må seie frå om du vil vi skal snu..." (var meint som eit høfleg tilbod). Då snur Anisa seg strengt mot meg og seier klårt og tydeleg: "DET SKJER I K K J E!" Og slik vart det!

Brukte kameraet og zooma inn Vennevold.

Borte i byggefeltet der er heime.


Jo lenger opp i høgda vi kjem, jo bedre utsikt får vi oppover Sunndalen. Det er dei augeblikka som gjer turen verd å gå!

Kven vil du nyte denne utsikta med? Eg er glad eg fekk gjere det med dotter mi <3 Her er vi på ca 1100 meters høgd.

Utsikt frå Litjhareimdalen.
Eg må seie Einar var ei utruleg tålmodig sjel med oss damene! Han gjekk vesentleg fortare enn oss, men det kompenserte han med rause pauser mens han venta. Han rakk til og med å ta seg ein dupp oppe på 1100 meters høgd :)
Men det var ikkje nubbesjans til Anisa og meg. Ingvild gjekk i lag med oss eit langt stykke oppi, men så strauk ho til topps i ei faderleg fart.

Anisa og Einar med Langrabbpiken og Storkalken i bakgrunnen.
Eit av dei nærmaste toppane til Litjkalken manglar namn. Den har ofte blitt kalt Kalknebba, og er 1664 meter høg. Du kan lese meir om tur dit i dette blogginnlegget frå Turjenter. Viss du er på utkikk etter endå større utfordringar enn dette, kan du få nokre tips i dette innlegget frå Peakbook. Kalknebba burde heilt klart vere mogleg å nå på ein godversdag neste år!

Kalknebba 1164 meter høg - eigentleg unamna topp, men mykje kalt Kalknebba.
Litt om merkinga av turen:
Som eg nemnte i starten, er det lite som tyder på at Mæle er avgangspunktet for dei store og fantastiske turane i Sunndal. Ganske så anonymt med andre ord.
Stien oppover til Hareimdalen er god og tydeleg. Og når ein kjem opp i Hareimdalen er det lite tvil om kor ein skal vidare oppover. Og det er merka steinar. Mykje god merking, og eg meiner at det å følge merkinga, er ein god ting å gjere. For your own security!
Også opp Litjhareimdalen er det tydeleg sti og tydeleg merking. I det neste partiet - del 4 av turen - kan det vere litt vanskeleg å sjå dei merka steinene, så her er det best å halde augene kolopne. Og når du følger stien og merkinga, er du "plutseleg" framme på Litjkalken.
Det siste partiet er mindre bratt enn del 3 av turen. Men det er ganske drygt å gå på stein på stein på stein... Heldigvis var det ikkje vått eller regn då vi gjekk, så det var ganske trygt slik, men eit lite augeblikk uoppmerksam kan vere farleg.


Så skjønte eg at eg ENDELEG var framme på toppen - Litlkalkinn i karta - Litjkalken på folkemunne - 1389 m.o.h! I denne videoen kan du sjå kor glad eg var for akkurat det.
Ingvild hadde vore lenge på toppen, spist nista si og var på tur ned att. Vi rakk akkurat å ta nokre bilde før ho stakk ned att i rekordfart...





Tid for mat på toppen!
Herleg utsikt på toppen, og her kjem ei lang rekke av bilde av utsikta.




Langt uti ser ein Tustnastabban.
Ned mot Sunndal står det ein luftig varde. Her måtte vi sjølvsagt opp ein etter ein!




Ein liten video om alle fjella ein ser i rundt seg.



Utsikt mot Vettafjellet i framgrunnen og Reinsfjellet lengst bak.

Opdøl, Ålvundeid, Ålvundfjord og Stangvik med Tustnastabban i bakgrunnen.

Grøvelnebba.

Hovsnebba.

Dronningkrona og Kongskrona?

Vinnu, Furunebba, Hoåsnebba, Trolla.
Så var det tid for å tenke på returen. Det var laaangt ned til bilparkeringa, og beina var slitne...

Furunebba.



På slitne bein er det tungt i den bratte nedoverbakken i Litjhareimdalen...

Friskt vatn! For ei glede!
Vi tok oss ein god pause då vi kom ned i Hareimdalen att. Gjengen på fire var redusert til Anisa og meg, og vi tok det sakte nedover. Liten grunn til å stresse - sjølv om den opprinnelege plana var å gå fortare. Men det hadde eg nok ikkje hatt nok krutt i beina til å greie.
Men tenkt så bra å vite at vi greidde turen! Utan alt for mykje dill og ekstratenking var det berre å hive seg rundt og starte. Ein fot foran den andre. Well gone, Anisa og Ingunn :)

Vi greidde det!

Her gjekk vi - eg er fortsatt forundra over at eg greidde det!

Ingen kommentarer:

Etiketter