Totalt antall sidevisninger

fredag 21. september 2018

Turblogg: På toppen av Kristiansund

Då eg kom køyrande over Gjemnessundbrua på veg mot Krifasttunnellen, låg Freikollen og Lågfjellet og spegla seg i sjøen. Denne veka fekk eg prøvd meg på tindebestigning i Kristiansund.


Eg hadde ikkje vore på Freikollen før, men hadde bestemt meg for at eg skulle ta tre stikk ut-mål denne dagen. I og med at eg ikkje er lommekjent på Frei, gjorde eg slik det stod "innskriven i boka", det vil seie på turskildringa på Stikk ut-sida om turen til Larsbua og Lågfjellet. Derfor parkerte eg på parkeringsplassen ved den nedlagte trevarefabrikken på Frei og gjekk lystig oppover på veg mot nye Stikk ut-eventyr.


Her ved Vollabakken startar turen, og då er det berre å leggje avgarde oppover bakken slakt mot venstre. Sjølv om det nok ikkje verkar slik når ein les turskildringane på nettet, er det veldig godt skilta.

Opp her, og snart kjem du til ein skogsveg.

Ingen tvil om kor ein skal: Følg skiltinga mot Larsbu og Lågfjellet. Det raude Stikk ut-skiltet viser veg.

Her er det berre å følgje skiltinga vidare.
Starten på turen mot Larsbua er stort sett flat. Men etter ei stund tar det til å stige opp gjennom skogen. Turen opp til denne turposten er på 2 km og tar ein halvtime å gå (i mi fart) frå parkeringa på Flatsetsund.


Så kom eg mesta litt plutseleg fram til det første turmålet den dagen, nemleg Larsbu. Eg hadde sett nokre bilder derifrå på Stikk ut si facebookside. Men likevel var det ei gledeleg overrasking å kome fram til denne idylliske plassen med kjempefin utsikt mot Gjemnessundbrua, Stikk ut-posten Ikornneset (som du kan lese om i dette blogginnlegget) og til Eide og Averøy.


Eit triveleg lite krypinn med sitteplassar.
Larsbu var eit verkeleg triveleg lite krypinn oppe på 150 m.o.h.. Mange sitteplassar i den vesle bua, og i den eine benken ligg det litt ved til å lage bål utanfor. Til og med puter å sitte på, heng det der.
Så har naturleg nok initiativtakaren fått si rettmessige omtale. Denne vesle bua er eit godt døme på korleis ein mann sin ide kan gi glede til mange i ein større samanheng. Denne posten er Stikk ut-post for første gong i år, og på nettsida til turposten står det at over 3000 turar har blitt registrert her så langt denne sesongen.


Ein liten lunsj tok eg meg tid til.

                    Så kjem det ein del bilde av utsikta.

Utrygt for regn, men det kom ikkje til Frei.

Kanskje på veg til Hydro Sunndal?

Reinsfjellet er rett til høgre for grantoppen Bergsøya foran Reinsfjellet.

Flatsetsundet.
Nei, det kjem ikkje noko aktivt ut av å bli sittande på Larsbua. Skal ein nå seg opp til Lågfjellet, må ein komme seg avgarde. Og rett bortanfor Larsbu står det skilting oppover lia. Og enno har eg rundt 2,5 km å gå, og eg skal rundt 300 høgdemeter oppover.
Det fine med å gå 300 høgdemeter på 2,5 km, er at ein mesta ikkje merkar at ein går oppover. Ein og anna bratte bakken, men mest slakke kurvar.


Ikkje lenge etter at eg hadde starta på den første kneika etter Larsbu, kom det eit stykke kor det er festa tau. Eg hadde stavane, så eg brukte berre tauet dann og vann. Men her kopla eg inn ein av dei viktige reglane eg har på tur: Ikkje tenk på nedatturen mens eg er på oppovertur. No visste eg jo ikkje heilt om eg skulle gå der eller ein annan stad nedatt, men om så var... då gjaldt det å ikkje tenke på det.
Det tenkte eg forresten når eg gjekk over dei blaute myrpartia og. Eg greidde heldigvis å halde meg tørr på beina - mellom anna takka vere at eg hadde på ullsokkar. Mens eg gjekk der oppover og irriterte meg for at det var langt og vått, vurderte eg verkeleg å snu. Var irritert på meg sjølv for at eg hadde velt ein dårleg strategi for å få mange postar på ein tur. Men så tok eg heldigvis fram moroturappen på telefonen, og på kartet såg eg at eg var i gang med det siste partiet.


Ein plass på turen med fin utsikt.




Veldig god skilting på turen.




Der oppe er Lågheia, men eg er lei... 

Der er Freikollen, og eg tenker at den toppen rekk eg nok ikkje den dagen...:/
Det var ikkje mange folk å møte i det heile på starten av turen. Ja, ja, då har eg skogen for meg sjølv tenkte eg. Plutseleg dukka det opp ein hund - litt større enn Prins, som ikkje fekk vere med meg denne gongen. Han heitte Happy, og vart veldig glad for å helse på meg :) Artig - han er litt større enn Prins, og var godt kledd med heildekkande jakke for å ikkje bli møkkete. Eg tenker på kva Prins hadde sagt om han fekk ei slik ei... - nei, eg veit svaret!
Rett bak Happy kom eigaren, som viste seg å vere Mr. Freikollen himself - Steinar Brunsvik. Han har vore opp på Freikollen omtrent kvar dag i 25 år... slå den...! Steinar og eg var forresten kollegaer då eg arbeidde i Tidens Krav for nokon og tjue år sidan (vel å merke som abonnementsselgar og ikkje journalist). Steinar skal vere guide for dei som blir med Sunndal kommune på Stikk ut-cruise 2. oktober. Han er sjef for facebooksida Freikollens venner, og eg lot meg derfor avbilde til den sida :)
Heldigvis kunne han berolige meg med at eg snart var framme på Lågfjellet. Og at det i hans fart er 30 minutt (i motsatt retning) mellom Lågfjellet og Freikollen.



Mens Steinar og eg stod og snakka, fekk eg auge på tre ørner oppe i lufta.
Omtrent der eg tok dette bildet, møtte eg ein kan som kunne fortelje meg at eg ville ganske snart sjå varden. Gleda i meg steig!

Hausten på sitt vakraste <3
Og så ser eg endeleg målet der framme. Der står varden på Lågheia - og korleis ser utsikta ut? Og no er eg svolten!


Der kjem Averøya fram bak varden.

Alle teikn tyder på at det er ei flott utsikt!

Yuhu! Endeleg framme - 2,5 time etter at eg starta frå parkeringa.
                Her kjem ein del bilde av utsikta. Og først og fremst: Retninga HEIM!

Sjå dei fine fjella i Sunndal og Nesset bak til høgre for Reinsfjellet :)
 Kvar gong eg erkjenner kor kort veg det er over til Averøya, kjenner eg at eg blir veldig irritert for at det vart bygd tunnell i staden for bru over sundet. Det er verkeleg synd å seie at det var den sunne fornufta som fekk rå! Heller var det ikkje naturverninteressene som fekk rå... Og når eg attpå til får høyre at folk som har vore med å lage tunnellen frå Kristiansund til Averøya sjølv ikkje køyrer tunnellen... då kan ein sanneleg lure! Nei, akkurat det skjønnar eg fortsatt ikkje!

Ytste del av Møst og med Amundøya.

Averøya. 

Atlanterhavsvegen i det fjerne.
Bergsøysundbrua med fine fjell langt baki, blant dei Ryssdalsnebba og Skjorta.
 Sjå her - no skal du få vite kva toppar eg ser frå Lågfjellet. Heldigvis finst det folk som er flinke på stadnamn, og eg fekk god hjelp av Birgit Liabø til å namne desse.

1: Skjorta, 2. Fløtatinden, 3. Vikesaksa, 4. Sjøvdøla, 5. Gjuratinden,  6. Kjøvskartinden





Panoramabilde. Midt i bildet er Mekknoken på Averøya.


Mens eg åt nista på Lågfjellet, kom det eit par forbi. Eg begynte etter kvart å skjønne at eg var kjerringa mot straumen... Dei fleste går opp på Freikollen først, så over til Lågfjellet og ned. Ja, ja... Dei sa at det kunne vere rundt 45 minutt over til Freikollen. Eg begynte å få tidsnød, for eg burde vere i byen til rundt kl. 16, men skitt au. Når ville neste sjanse til å bestige Freikollen bli? Her gjaldt det å komme seg avgarde!

Der borte er Freikollen. 
Det er ikkje merka sti Frå Lågfjellet og over mot Freikollen, men ein finn lett stien og ser tydeleg kor ein skal hen. Så det er altså ikkje problem å vere ukjent for å ta seg fram.
Først må ein nedover eit lite stykke i eit dalsøkk. Så må ein oppover.



Hausten i fjellet <3


Opp her skal ein!
 Ein eller annan gong i år har Norodd arrangert bakkeløpet Freikollen opp. Det er 3,2 km langt, og starta tydeleg vis nede på Storbakken. Eg veit no ikkje kva slags trøyst dette skiltet er... 700 meter i oppoverbakke er ikkje 700 meter bortover...


Steinate veg oppover.
Omlag 300 meter nedanfor toppen av Freikollen skjedde eit slags "point of no return" - iallfall "point to an other return" :)
Eg såg at det kom ei dame i god fart oppover bak meg. Ho hadde høgare fart enn meg, og tok meg sjølvsagt att. "Ja, du går no fortare du enn meg", sa eg til ho. Nja... Ho kunne fortelle at det var rundt 300 meter att til toppen, og eg fekk henge meg på ho - bruke ho som los. Og då gjekk resten av turen mykje lettare :) Det er noko anna å vere litt to i staden for ein, tenker eg! Så då skravla vi oss oppover dei tre hundre siste metra, og det viste seg artig nok at ho er svigermor til ein  tidlegare kollega av meg. Det vart jo rett kjekt :) Men no var eg så heldig at eg fekk gå saman med ho ned att og. Men først må vi nyte det å vere på Freikollen litt. Sjekk utsikta :)

Der er toppen! Yes!



Frei, Bolgvatnet, Rensvik og Nordlandet.

Måtte koste på meg ein sjølvie på toppen :)

Nokon hadde både tid og krefter til romantikk på toppen <3

Jepp! Det tredje stikk ut-målet den dagen - og nydeleg utsikt mot ein by eg er glad i :)

Dei gamle fjell i synigom er alltid eins å sjå <3 - vis meg kortaste vegen heim :)

Flytebrua mellom Bergsøya og Aspøya. Fjella i bakgrunnen høyrer til Surnadal.
Utsikt mot Averøya.
Etter ei kort pause på toppen, var det tid for å komme seg nedover. No var historia slik at eg hadde jo bilen min på Flatsetsund, og eg grudde meg for å ha den lange vegen å gå for å komme ned dit - her snakkar vi om fem-seks kilometer. Alternativet var å slå følge med Ildrid, som denne dama heiter, ned til Storbakken - som var vesentleg kortare - berre 3,2 km. Her skjønnar vel alle lesarar kva mitt val av rute vart...:)
Eg inviterte meg frimodig med som følge til Ildri - ho lovte at vi skulle vere nede ved bilen hennar på rundt timen - som var myyykje raskare enn om eg skulle gått den andre vegen aleine. Her hadde eg verkeleg, verkeleg tur! Det er berre eitt å seie! Det var ei styring at ho dukka opp der :)
Vi måtte gå ned den bratte skråninga til det dalføret kor eg starta å gå opp frå Lågfjellet. Men i staden for å gå mot Lågfjellet, tok vi andre vegen, bortover forbi det vesle tjernet. Her var det heilt kurant sti nedover heile vegen, og praten gjekk lett med turfølget mitt.
Det viste seg nemleg at Ildrid hadde hatt mange barndoms somrar i Eresfjord - attpå til på garden kor røtene frå min oldefar er. Og når ein då kan fortelje at den turinteresserte dama med mange turar i Sunndal i beina, hadde vore lærar i det yrkesaktive livet før pensjonisttilveret, skjønnar ein at vi hadde mykje å prate om. Turen ned gjekk med andre ord som ein leik!



Her startar turen øvst på Storbakken, men han er ikkje skilta herfrå. Det er berre noko alle veit.
Stien frå Storbakken startar rett ved sidan av byggefeltet, og alle lokale veit sjølvsagt av denne vegen. Det tyda talet bilar som var parkert der på. Men på grunn av dei ukurante parkeringstilhøva kan ikkje denne stien bli omtalt som stikk ut-rute. Så herved er oppfordringa gitt: Vi framande må nok berre halde fast ved å bruke parkeringa ved Flatsetsund - så er no iallfall ikkje vi tilreisande til bry for dei som bur i byggefeltet.
Då vi kom ned til Ildrids bil, køyrte ho meg ned dei to kilometra til min eigen bil, og det var eg veldig glad for. Eg var både sliten i beina og litt drygt seint ute til middagsavtalen med dotter mi.
Eg seier tusen takk for triveleg følge med deg, Ildrid! Og som eg sa: Turen vart mykje bedre når eg fekk følge :)

Stilig bil med namnet på døra hadde ho Ildrid og :) 

Etiketter