Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Cardiff Castle. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Cardiff Castle. Vis alle innlegg

fredag 30. mars 2018

Ver din eigen turoperatør – med Google på laget

Dei britiske øyar er eit lettvint land å ta seg rundt i med buss, tog og båt. Med Google på laget, kan ein lett vere sin eigen turoperatør. Her kjem nokre tips til korleis du gjer det.

Frå sentrum av Dublin.

Christ Church Cathedral vart bygd i 1030, og har mange fellestrekk med Nidarosdomen.

Berre nokre dagar før eg var på Dublin Castle, var den canadiske statsministeren på besøk i denne salen.
Reisefølget mitt og eg valde å starte turen i Dublin. For å finne interessante attraksjonar, gjekk eg inn på Google Map. For meg som er både historie- og religionsinteressert, var det fleire bygg som vekte interesse. Problemet er sjølvsagt å ha tid nok til det ein vil sjå og oppleve.
Frå Dublin la eg vegen inn i landet på veg mot Wales. På kartet viste det seg å vere fleire moglegheiter for ferje over sjøen til naboen. Vi booka oss inn på ei av ferjene som gjekk frå hamnebyen Rosslare.
Med hjelp av Google Map begynte eg å lage reiseruta mi. Inne i kartet er det nemleg mogleg å sjå bilde som vanlege folk har lagt ut frå der dei har vore. Slik fann eg ut at byen Kilkenny, eit stykke sør for Dublin, ville vere interessant. Korleis komme meg dit? Med å google om det gjekk buss eller tog, vart buss det mest effektive.
Og Kilkenny skuffa ikkje. Allereie då eg kom med bussen inn i byen, såg eg at det var ein utruleg vakker by. Den eine smale gata etter den andre, mange spennande butikkar, gatene var omfamna av blomster som forskjønna det heile. For ein idyll ved elva Nore. Eg skulle likevel bruke mest tid på det dei kallar «Medieval Mile» - middelaldermila i byen. Byen er full av historie som går heilt tilbake til tidleg middelalder på 1100-talet, med Kilkenny Castle i sentrum for det heile.


Kilkenny er ein av dei vakraste byane eg har vore i, der han omkransar elva Nore.
Nokre timar i Kilkenny er for lite, men eg måtte vidare i retning Wales, kor det og er fleire interessante festningar å sjå på. Cardiff Castle ligg i sentrum av millionbyen, og det er ikkje langt frå børs til katedral, der han ligg ved sidan av store Millenium Stadium.


På det store kartet er det innteikna kor det ein gong var festningar - castles - i Wales. Dette er i Pembroke i Sørvest-Wales.

Børs og katedral - Cardiff Castle og Principalipy Stadium, kor Coldplay hadde konsert.
Frå Cardiff gjekk turen opp til Nord-Wales med tog. Siste dagen skulle eg besøke verdsarvbyen Conwy, som er omslutta med festning og murar, og nabobyen Llandudno med sine attraksjonar. Det var strålande sol, og eg prioriterte derfor å vere mest i Llandudno, som ligg ved bukta som vender mot Liverpool. Der er det eit lite fjell, Great Orme, som er eit populært turmål. Eg tok den nostalgiske, saktegåande togbanen oppover. Frå toppen ser ein fleire mil utover havet og innover landet. Plana var å ta returen ned til byen med den luftige taubana, men nokre pund for lite i kontantar sette ein stoppar for det heile. Moralen er å ha nok kontantar tilgjengeleg. Eg må tilbake til Llandudno ein annan sommardag og dra med taubanen.
Great Orme Tramway i Llandudno har brakt folk til fjells i over hundre år.

Slik skulle eigentleg ferieturen avsluttast. Taubanen skal opplevast når eg returnerer til Llandudno ein annan gong.

mandag 26. mars 2018

Reiseblogg: Cardiff Castle - ei reise i tid

Aldri før har eg besøkt ein stad kor eg ser for meg historia så klart som på Cardiff Castle. Kor var riddarane som skulle vokte festningsportane? Dei fann eg berre i eigen fantasi :)

Inngangsporten til Cardiff Castle på kveldstid. Men kor var riddarane som skulle vakte festningsportane?
Eg følte meg mesta sett tilbake nokre hundre år då eg såg denne slottsfasada.


Ein tur gjennom Cardiff Castle er så absolutt ei reise i tid. 
I begynninga var romarane der - det er ganske lenge sida. Dei trur dei kom ein gong på 40-talet e. Kr. Det var mens Romarriket - Imperium Romanum - var i sterk ekspansjon. Rundt eit hundre år seinare var det på sitt største - omlag 6 500 000 kvadratkilometer. Dei kom seg så langt nord som til York i England - det er eit anna drøymemål for meg.
Forskarar trur at det romerske fortet blei etablert på slutten av 50-talet e. Kr. Strategisk plassert i nærleiken av havet, vart havet både eit forsvar og ei kjelde til auka kommunikasjon. På den måten vart Cardiff ein base for sjøfart.

Forskarar trur og at det vart totalt bygd fire fort/ festningar i ulike storleikar, men alle hadde ei kvadratisk form som romarane føretrekte. Mens dei tre første var bygd av tømmer, vart det fjerde bygd av stein ein gong på 300-talet. Fortet var tungt vakta, for på denne tida var Imperium Romanum under sterkte åtak.
Då det romerske imperiet rakna, vart landet ei samling av fleire små kongedøme, og i denne tida begynte den walisiske identiteten å ta form.

Fortet si romerske fortid var noko som var heilt ukjent fram til 1888, då eigaren av det som var blitt til slott, ville bygge eit nytt tårn til slottet sitt. Gjennom utgravingar fann dei restar av romersk steinverk. Det førte til at lorden la vekk sine opprinnelege planar fordi han ville rekonstruere det som ein gong hadde vore. Frå 1897 vart veggane på austeggen av slottet gradvis oppbygd etter slik det orginalt var. 

Det var desse veggane som vart rekonstruert tilbake til det originale romerske.
I 1066 vart vikingtida avvikla då normannarane marsjerte inn i Sør-England og yppa opp til det som blei slaget ved Hastings. Etter å ha tilkjempa seg søraust-Wales bestemte normannarkongen Wilhelm seg for å bygge ei festning i Cardiff i 1081. I dei kommane tretti åra vart mange av dei gamle walisiske kongedøma nedsabla.
I bygginga av den nye festninga vart veggane etter det fjerde romerske fortet brukt. Festninga vart utvida med indre og ytre område som var delt av ein stor steinvegg. I den indre delen av festninga vart det bygd opp ein kunstig bakke som skulle brukast til å forsvare seg på eit høgt punkt, men i le. Denne bakken kjem eg tilbake til. 

Takmaleria i vinterrøykerommet. Teikningane er inspirerte av middelalderkunst,
men er frå slutten av 1860-talet.
I slottsdelen får ein eit inntrykk av korleis livet på slottet var.  Livet som slott var vanskeleg, for det var mange motstandarar og fiendar. Til dømes vart byen ødelagt i 1404, også slottet.  I tiåra etterpå vart slottet sett i stand. 
Den andre jarlen begynte å bruke mykje tid på slottet, og gjennom 1570-talet sette han i stand alle romma i tillegg til å bygge eit nytt tårn på sørveggen.Mot slutten av 1500-talet vart det fylt opp med dyre møblement, silke og dyre tapetar. Alt for å markere kor velståande dei var.
Livet i festninga i den seine middelalderen og i Tudor-epoka handla like mykje om komfort og velvere som å forsvare seg. Som ein ser på denne bildeskildringa på bildet under, var eting og drikking - dei store måltida - ein svært viktig del av det som føregjekk. Ofte kom dei finaste pålegga på bordet i desse selskapa. På gardane i nærleiken fekk dei skaffa kjøt, smør, egg og ost, mens dei i elva og ute i sjøen fekk skaffa fisk.
Eigarane av slottet i denne epoka var Lord og Lady Pembroke, som var viktige brikker i Tudor-dynastiet og blant dronning Elizabeths favorittar.


Den første marki av Bute kom inn i Cardiff Castle gjennom giftemål. Dette skjedde i 1766, og familien gjekk straks i gang med å forvandle slottet. I 1776 vart den første markien utropt som Baron Cardiff av Cardiff Castle. Marki er ein adeleg tittel som  blir oversett til 'marki' på norsk, og ligg mellom jarlen og hertugen i rang. Bute-slekta var visstnok blant dei rikaste i verda.
Eit omfattande overhalingsarbeid vart altså igangsett på 1760-1770-talet. Likevel var det den tredje markien, John Patrick Crichton-Stuart, berre 18 år gammal, sitt møte med den tjue år eldre arkitekten William Burges i Cardiff i 1865, som viste seg å utgjere den store forskjellen på slottet. Burges og ei rekke lokale historikarar fekk i oppgåve å omforme Cardiff Castle til å bli ein nygotisk draum med utgangspunkt i slottet sin fleire hundre år lange historie.
Burges oppmuntra markien til å gjere ei reise mot den nære Austen. Saman ville markien og Burges søke nye idear gjennom det dei såg i Roma og i Midt-Austen. Deira samarbeid resulterte i eit kunstnarleg nybrottsarbeid - veggmaleri, steina glass, skulpturar, takmaleri med meir.

I slottet er det to forskjellige røykerom  nemleg eit vinterrøykerom og eit sommarrøykerom. Sommarrøykerommet ligg i tårnet av klokketårnet. Denne peisen finn ein i vinterrøykerommet, og den vart utforma av arkitekt Burges på 1870-1880-talet. For han var det eit mål at veggane skulle snakke og fortelje ei historie.


Lorden fekk etter kvart fire born, og han spesialdesigna eit eige opphaldsrom/ leikerom til borna, kor dei var på dagtid - Day Nursery. Føremiddagane vart brukt i dette rommet. Rommet er eit av arkitekten mest nnnnn På veggane er det maleri av eventyr, både kjente og ukjente, og blant dei Askepott.


Bankettsalen er det største rommet på slottet, og det ligg i den eldste delen av bygget, som kan daterast tilbake til 1400-talet. Dette rommet ville arkitekt Burges skulle vere eit stort underhaldningsrom for Lord Bute. Heile rommet er utforma med middelalderen som tema. Måleria på veggane og på peisen fortel historier frå slottet i middelalderen. Ideen til veggmåleria var henta frå middelalderkyrkjer og -slott. I middelalderkyrkjer var det svært vanleg å måle bibelfortellingar på veggane.


Motivet under viser korleis Robert frå Normandie, eldste sonen til William Erobraren, vart heldt som fange av sin nevø, Robert, konsulen på slottet. Her sit konsul Robert på hesteryggen og hans fange blir vansmekta bak søylene nedst til venstre i bildet.


Banketthallen frå motsett kant.
Slottet har og eit eige Bute Tower i toppen på den eine enden. I denne delen av slottet hadde Bute sitt soverom og i tillegg var det ein takhage. Ironisk nok hadde han opprinneleg ope tak, og som omvisaren sa: Veret i Wales kunne jo vere hipp som happ sommarstid, så det var ikkje så eigna til å ha ope tak. Derfor vart det med tida sett eit gjennomsiktleg plasttak (!) over.
Rommet har mange referansar til klassisk litteratur, og bildet under er eit godt døme på det med sin greske inskripsjon.
Lorden var både ein sterkt katolsk religiøs mann og ein som var svært interessert i astrologi og horoskop. I denne takhagen står det ein skulptur av Madonna og hennar barn av den italienske skulptøren Ceccardo Fucigna, som hadde eit nært samarbeid med Burges.
I soverommet sitt hadde Bute bibelske tema, og over peisen (på bildet under) var det ein bronsefigur av evangelisten Johannes som dominerte. Ut over det var det og fleire religiøse ikonografi i rommet.





Peisen i det vesle spiserommet.


Lord John, den andre marki av Bute. For han var Cardiff Castle ein feriestad.
Lord Bute var ein intelligent og belest mann - og svært litteraturinteressert. Han hadde fleire bustadar, og i alle slotta var det bibliotek.
Biblioteket i slottet er storslått! Det er eit bibliotek i ordet sin rette forstand. Idéen bak rommet var at det skulle sjå ut som eit bibliotek frå middelalderen. Alle bøkene Lord Bute samla, vart plasserte i Burges spesialteikna bokhyller i rommet. Opprinneleg var dette store rommet to rom - ein storsal og eit mellomrom/ gjennomgangsrom. Burge slo saman dei to romma, senka taket noko og tilpassa det slik Lord Bute ville bruke det. Pultane, borda og bokhyllene er originale til rommet - sjølvsagt designa av arkitekt Burges. Dei tre store lysekronene gir rommet eit eige særpreg. Det gjer og tapeten og utskjeringane for vindauga, som har tydelege røter i Midt-Austen.



Figurane her representerer dei gamle språka - gammalgresk, assyrisk og arameisk.

Dyreveggen - the Animal Wall - langs slottsveggen vart designa av arkitekt Burges for den tredje marquess  av Bute, og er mykje fotografert. På grunn av at arkitekten døydde, måtte arbeidet vidareførast av hans lærling, Frame. Av den grunn vart ikkje utforminga av dyra påbegynt før på slutten av 1880-talet. Det var og han som fekk ansvar for å leie utgravingane av dei romerske veggane.
Opprinneleg var denne veggen, som bestod av åtte eller ni dyr (kjeldene - ei bok om slottet og nettsida til slottet - er litt ueinige), på framsida av slottet. Den var ferdig i 1892, og med slottet så sentralt plassert i byen, er det lett å tenke at det var ein populær attraksjon. Løva hadde jobben med å vakte inngangen.
Den tredje markien døydde i 1900, og då var det sonen hans som arva tittelen og blei den fjerde markien. Han arva slottet og vidareførte det arbeidet far hans hadde starta opp.

Etter første verdskrig auka biltrafikken, og det gjorde at gatene måtte byggast breiare og det vart fleire gater. Derfor vart det bestemt at veggen skulle flyttast mot vest, og i tillegg kom det seks nye dyr til.









På same måten som festninga i Pembroke (som eg fortalte om i dette innlegget, er det eit indre fort eller ei indre kjerne kor festninga sin herre og hans folk held til. Dette indre fortet er 12-kanta, og er laga av blå kalkstein. Denne delen av festninga er rekna som den finaste i Wales.
Desse indre kjernene var sjølvsagt under strengt vakthald, slik at det derfor var den tryggaste staden å vere.
Opprinneleg var denne delen av festninga ein del større. Ein stor hall som var innanfor det ytre skjellet, var øydelagt i borgarkrigen på 1640-talet, og ytterlegare øydeleggingar skjedde på 1780-talet. Mot slutten av 1700-talet var det indre fortet ein ruin.



Mesta 50 trappetrinn tar deg opp til denne ytterborga.


Hei, hei, vinkar Tom til meg frå mesta øvst i tårnet.

Sett frå toppen av tårnet - i bakgrunnen ruvar klokketårnet og Principality Stadium.

Slik ser slottet ut i dag etter at Bute-familien har sett det i stand. Sjølv pleide dei å vere der berre nokre veker kvart år.


Klokketårnet fortener ekstra omtale - og dessverre var eg ikkje klar over at ein kunne få ekstra omvising der - men berre på helg. Frå sin post, kan tårnet få med seg det meste som skjer i sentrum av byen. Det er for øvrig 46 meter høgt.
Tårnet står på det sørvestre hjørnet og vart bygd av arkitekt Burges i 1869-74. Opprinninga til tårnet var at det skulle vere Lord Butes ungkarsrede (!). Då lorden gifta seg i 1872, gjekk Burges over til å sette i stand resten av slottet.

I 1947 overrakte den femte markien slottet i gåve til Cardiff by.



Dette ekornet fekk eg auge på i parken ved sida av slottet.
Kjelder: Cardiff Castles offisielle side
              Wikipedia om Cardiff Castle
              Heftet "The essential Cardiff Castle (2014)

mandag 19. februar 2018

Reiseblogg: Ein tur rundt i byen - i Cardiff

Endeleg framme i Cardiff søndag kveld, og det var klart for to dagar å "gjere byen" på. Her er nokre glimt av det vi opplevde.

Cardiff Bay er vel verd eit besøk. 
På ein godversdag er det kjekt å ta seg ein tur langs hamneområdet i Cardiff. 


Cardiff Bay er verd eit besøk. Det er såpass langt frå sentrum, at det kan vere greit å ta bussen ned dit. Det er fleire butikkar i området og eit stort opplevingsområde. Vi var ikkje dit, men nemnast kan milleniumsenter, vannsportaktivitetar, Dr Who Experience, turistbåt, utstillingar og meire.
Det vi derimot gjorde nede i området der, var først å besøke Sjømannskyrkja (har ingen bilde derifrå). Der er det mellom anna ei utstilling knytt til forfattaren Roald Dahl, som var døypt i Den norske Sjømannskyrkja i 1917. Sidan det var godt ver, nytta vi høvet til å kjøpe oss ein leskande ingefærøl dei hadde i kafeen. Som den entusiastiske ingefærølprodusenten eg er, fekk eg nye idear som vart overført til eigen produksjon sist jul.
Så gjekk vi vidare, og då "hamna vi" inn på det walisiske senatet. Politikarane hadde sommarferie, så inne i bygget var det innspeling av ein spelefilm. 

Wales er tospråkleg - engelsk og walisisk - og derfor er det skilta på begge språk.

Som det samfunnsmennesket eg er, måtte eg bort i resepsjonen og få informasjon om korleis det walisiske senatet fungerer. Desse to kunne fortelle mykje, men sidan vi måtte vere veldig stille på grunn av filminnspelinga og at det snart var stengetid, vart det knapt med tid.
Wales er ein eigen sjølvstendig del av Storbritannia. Viss landet ønsker sjølvstende, kan det bli det. Sjølv om dei har begrensa myndigheit delegert frå det britiske parlamentet, kan dei vedta eit sett reglar som gjeld berre for sitt land.
Senatet opna så seint som i 2006. Nasjonalforsamlinga vart etablert gjennom eit vedtak fatta i 1997, og første valet til den nye forsamlinga var gjennomført i 1999. Fram til 2007 var det berre Nationa Assembly, men då vart det vedtatt at det skulle delast i to, med ei folkeforsamling og ei regjering.


Her er salen, the Siambr (ei tydeleg avskaling av 'chamber'), kor folkeforsamlinga held til. Det er seksti politikarar som er innvalt for å gjere vedtak som er knytt til walisisk politikk. I følgje den walisiske folkeforsamlinga si nettside har dei fire hovudoppgåver: Dei skal representere det walisiske folket, lage lovar til landet, iverksette skattar som er vedtatt og ansvarleggjer den walisiske regjeringa. Saker dei kan fatte eigne vedtak om, gjeld innanfor alle dei forskjellige arbeidsfelta, men ikkje majoriteten av lovsaker og kriminalitet, utanlandssaker og ein del saker som handlar om velferd og sosial tryggleik.
I tillegg til folkeforsamlinga / parlamentet er det og ei regjering som har i oppgåve å iverksette dei vedtaka som parlamentet har gjort. På same måten som statsministeren i Noreg er leiar for den norske regjeringa, er førsteministeren i Wales leiar av den walisiske regjeringa og er utvelt av dronninga. Det er berre ein statsminister i United Kingdom, og derfor kallast den walisiske ministeren for førsteminister - First Minister of Wales. 
Midt i golvet er det ein to meter vid glasskulptur som den internasjonalt kjente kunstnaren Alexander Beleschenko frå Swansea. Skulpturen heiter "Hjartet til/ av Wales", og har ei todelt forståing. På den eine sida skal den representere dei ideane som kjem ut frå folkeforsamlinga og på den andre sida det som kjem inn i rommet frå folket i Wales.


Ute i foajeen på bygget er det kunstutstillingar. Litt humoristisk fann vi igjen både eit portrett av Tom og eitt av meg. Eg syntes faktisk det likna på oss begge to...



Så er det tid for å sjå nærmare på noko av det ein kan sjå i sentrum. Det heilt store er jo Cardiff Castle, så den kjem i eit eige innlegg, men vi var og kikka på andre bygningar også, og det kjem her. Vi startar ved Cardiff City Hall.

Cardiff fekk bystatus i 1905. I 1906 opna City Hall. I bygninga er det mange ulike rom, både for konferansar og for større seremoniar. Vi droppa berre innom, og det var mykje opprydning som pågjekk, så vi fekk ikkje sett så mykje.





I trappene er det fleire statuar.


Prinsesse Diana var prinsesse av Wales. Sjølvsagt var ho avbilda!
Frå City Hall gjekk vegen vidare til naboen National Museum. Det er eit ganske stort museum med to store utstillingar - ei som viste Wales si historie frå "tidenes morgen" og ei stor kunstutstilling. Personleg synes eg nok det er meir interessant å sjå på ei historisk utstilling enn ei kunstutstilling. Det kan jo forresten leggast til at det er gratis inngang på museet, så om du er i byen med lite pengar, er jo det eit tips!








Det imponerer læraren Ingunn å sjå ein skuleklasse/ sommarkursklasse sitte i skuleuniformar ein tysdag og høyre om kunst...
St John the Baptist City Parish Church ligg midt i sentrum av Cardiff. Berre Cardiff Castle er eldre enn denne kyrkja i byen, og ho vart bygd på 1300-talet. Av ein eller annan grunn kom eg ikkje på å gå inn og sjå i kyrkja, men ho var veldig flott å sjå til utanifrå, og låg lett tilgjengeleg i bybildet.



Glimt frå bybildet i Cardiff sentrum.
Millenium Stadium ligg midt i sentrum, ganske tett til både jarnbanestasjonen og Cardiff Castle. Her er det plass til rundt 70-80 000 tilskodarar på konsertar og rugbykampar. Det var på denne stadion meisterligafinalen 2017 blei spelt. 
Det var jo dette stadionet eg kom til byen for å sjå - riktig nok ikkje på dagtid.






Eg skulle jo på konsert med mine musikalske heltar Coldplay. Dei er alltid ei oppleving å sjå og høyre. Denne gongen var det to store minus... Eg hadde ikkje fått med meg når tid dei skulle gå på scena... (det sto på Instagram), noko som medførte store byks fire etasjar oppover trappene i stadion... - for som sant var: Vi fekk ikkje akkurat ein strålande plass på konserten. Vi kom altså 20-25 minutt for seint til konserten - men i ettertid har eg enno ikkje funne ut kva songar eg gjekk glipp av. Så då nytte eg dei rundt 90 minutta eg fekk med konsert (var heldigvis ikkje første konserten med dei).





Kunst i nærleiken av jarnbanestasjonen.
Tidleg onsdag morgon starta eg avgarde på siste dagen av ferieturen. Cardiff var ein heilt kurant by å besøke. Lett å ta seg fram i, ganske oversiktleg og mange hyggelege menneske. Veret var veldig variert, men det må ein rekne med.
I neste blogginnlegg blir du med ein rundtur på Cardiff Castle.





Etiketter