Endeleg framme i Cardiff søndag kveld, og det var klart for to dagar å "gjere byen" på. Her er nokre glimt av det vi opplevde.
Cardiff Bay er vel verd eit besøk. |
På ein godversdag er det kjekt å ta seg ein tur langs hamneområdet i Cardiff. |
Cardiff Bay er verd eit besøk. Det er såpass langt frå sentrum, at det kan vere greit å ta bussen ned dit. Det er fleire butikkar i området og eit stort opplevingsområde. Vi var ikkje dit, men nemnast kan milleniumsenter, vannsportaktivitetar, Dr Who Experience, turistbåt, utstillingar og meire.
Det vi derimot gjorde nede i området der, var først å besøke Sjømannskyrkja (har ingen bilde derifrå). Der er det mellom anna ei utstilling knytt til forfattaren Roald Dahl, som var døypt i Den norske Sjømannskyrkja i 1917. Sidan det var godt ver, nytta vi høvet til å kjøpe oss ein leskande ingefærøl dei hadde i kafeen. Som den entusiastiske ingefærølprodusenten eg er, fekk eg nye idear som vart overført til eigen produksjon sist jul.
Så gjekk vi vidare, og då "hamna vi" inn på det walisiske senatet. Politikarane hadde sommarferie, så inne i bygget var det innspeling av ein spelefilm.
Her er salen, the Siambr (ei tydeleg avskaling av 'chamber'), kor folkeforsamlinga held til. Det er seksti politikarar som er innvalt for å gjere vedtak som er knytt til walisisk politikk. I følgje den walisiske folkeforsamlinga si nettside har dei fire hovudoppgåver: Dei skal representere det walisiske folket, lage lovar til landet, iverksette skattar som er vedtatt og ansvarleggjer den walisiske regjeringa. Saker dei kan fatte eigne vedtak om, gjeld innanfor alle dei forskjellige arbeidsfelta, men ikkje majoriteten av lovsaker og kriminalitet, utanlandssaker og ein del saker som handlar om velferd og sosial tryggleik.
I tillegg til folkeforsamlinga / parlamentet er det og ei regjering som har i oppgåve å iverksette dei vedtaka som parlamentet har gjort. På same måten som statsministeren i Noreg er leiar for den norske regjeringa, er førsteministeren i Wales leiar av den walisiske regjeringa og er utvelt av dronninga. Det er berre ein statsminister i United Kingdom, og derfor kallast den walisiske ministeren for førsteminister - First Minister of Wales.
Midt i golvet er det ein to meter vid glasskulptur som den internasjonalt kjente kunstnaren Alexander Beleschenko frå Swansea. Skulpturen heiter "Hjartet til/ av Wales", og har ei todelt forståing. På den eine sida skal den representere dei ideane som kjem ut frå folkeforsamlinga og på den andre sida det som kjem inn i rommet frå folket i Wales.
Ute i foajeen på bygget er det kunstutstillingar. Litt humoristisk fann vi igjen både eit portrett av Tom og eitt av meg. Eg syntes faktisk det likna på oss begge to...
Så er det tid for å sjå nærmare på noko av det ein kan sjå i sentrum. Det heilt store er jo Cardiff Castle, så den kjem i eit eige innlegg, men vi var og kikka på andre bygningar også, og det kjem her. Vi startar ved Cardiff City Hall.
Cardiff fekk bystatus i 1905. I 1906 opna City Hall. I bygninga er det mange ulike rom, både for konferansar og for større seremoniar. Vi droppa berre innom, og det var mykje opprydning som pågjekk, så vi fekk ikkje sett så mykje.
I trappene er det fleire statuar. |
Prinsesse Diana var prinsesse av Wales. Sjølvsagt var ho avbilda! |
Frå City Hall gjekk vegen vidare til naboen National Museum. Det er eit ganske stort museum med to store utstillingar - ei som viste Wales si historie frå "tidenes morgen" og ei stor kunstutstilling. Personleg synes eg nok det er meir interessant å sjå på ei historisk utstilling enn ei kunstutstilling. Det kan jo forresten leggast til at det er gratis inngang på museet, så om du er i byen med lite pengar, er jo det eit tips!
Det imponerer læraren Ingunn å sjå ein skuleklasse/ sommarkursklasse sitte i skuleuniformar ein tysdag og høyre om kunst... |
Glimt frå bybildet i Cardiff sentrum. |
Millenium Stadium ligg midt i sentrum, ganske tett til både jarnbanestasjonen og Cardiff Castle. Her er det plass til rundt 70-80 000 tilskodarar på konsertar og rugbykampar. Det var på denne stadion meisterligafinalen 2017 blei spelt.
Det var jo dette stadionet eg kom til byen for å sjå - riktig nok ikkje på dagtid.
Eg skulle jo på konsert med mine musikalske heltar Coldplay. Dei er alltid ei oppleving å sjå og høyre. Denne gongen var det to store minus... Eg hadde ikkje fått med meg når tid dei skulle gå på scena... (det sto på Instagram), noko som medførte store byks fire etasjar oppover trappene i stadion... - for som sant var: Vi fekk ikkje akkurat ein strålande plass på konserten. Vi kom altså 20-25 minutt for seint til konserten - men i ettertid har eg enno ikkje funne ut kva songar eg gjekk glipp av. Så då nytte eg dei rundt 90 minutta eg fekk med konsert (var heldigvis ikkje første konserten med dei).
Kunst i nærleiken av jarnbanestasjonen. |
I neste blogginnlegg blir du med ein rundtur på Cardiff Castle.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar