Totalt antall sidevisninger

mandag 25. mai 2020

Turblogg: Stikk ut-bonanza i Eikesdal, del 2: Mardalsfossen

Frå Slette gjekk stikk ut-ruta vår vidare til Mardalsfossen, Nord-Europas høgaste fossefall (655 m), som kan vere fin å besøke om våren og. Og det var første gong eg gjorde.



Dei to Stikk ut-turane i Eikesdal er ikkje berre fine og familievenlege turar: Det er og viktige turar for å minne om kampen om elverettigheitene som ein gong jaga gjennom dalen - storsamfunnet mot småsamfunnet, staten mot småbrukaren. Ikkje minst er det i år 50 år sidan den første miljøvernaksjonen i Noreg fann stad, nemleg demonstrasjonane mot Mardøla-utbygginga sommaren 1970. Eg kjenner meg veldig stolt over å seie at foreldra mine var med der - det er viktig å kjempe for det ein har kjært! Det er det viktigaste eg kan gi barna mine - retten til å kjempe med nebb og klør for det ein har kjært - det understrekar kor viktig ytringsfridomen er. Ikkje minst handlar det om retten til å eige og forvalte sine eigne ressursar - eigedomsretten som var nedfelt allereie i den franske grunnlova i 1789. Her er ein artikkel frå NRKs nettside frå 40-årsmarkeringa for ti år sidan, den gir ein del bakgrunnsinformasjon om det som hende.
Mens eg ventar på at eg skal komme meg opp i Sandgrovbotn og ta bilde av Mardalsfossen frå toppen, får eg nøye meg med desse bilda. Eg har fortalt fleire gonger om fossen på bloggen, men om eg skal framsnakke eitt av innlegga, synest eg denne teksten frå 2013 fortel det viktigaste - her fortel eg og mellom anna om utbygginga av fossen i 1970. Derfor seier eg ikkje så mykje meir om det her.
Sjølv om eg har vore opp til Mardalsfossen mange gongar (skal tru om eg har eit håp om at ungane mine skal kunne stien i blinde?), så har eg ikkje vore her på våren, så vidt eg kan hugse. Derfor vart på mange vis denne turen i eit nytt format - andre synsopplevingar enn om eg går sommarstid.
Så dette er kva eg opplevde på mi Kristi Himmelfart-vandring til Mardalsfossen :)



Viss du vil ha ein ekstra lang tur, parkerer du bilen på skuleplassen på den nedlagte skolen i Eikesdal, og sparer såleis samtidig 40 kr i bompengar. Sandgrovsletta Camping er på andre sida av vegen for skolen.
Inne i Mardalen må ein parkere og gjere seg klar for å gå den 1,7 km lange turen opp til fossen. Du kan lese om turen på Stikk uts nettside. Sjølvsagt er det ikkje same action og ikkje så spektakulært når det ikkje er vatn i fossen - den startar å renne 20. juni. Men sanneleg var det no spektakulært nok å vere der Kristi Himmelfartsdag, for det buldra godt i frå fonnene og elvene i området rundt fossen.

Prins var kjempelykkeleg for å få ein tur til :)
Skogane i Eikesdal er gjennom mange hundre år viden kjent for sine gedigne almetre (berre tenk på "Arne" som Bjørnson sat under ein alm i Utigard og skreiv i rundt 1860) og for hasselnøtter - elller "næt" som dei seier i Eikesdal (ok, eg burde vel seie det og, men er litt usikker på om eg gjer det...). Eg hugsar eg ein gong kom over ei bok frå krigens dagar, kor det stod fortalt om grisane i Eikesdal som var så feite fordi dei beita i hasselskogen og spiste mykje nøtter.
Når du er på tur oppover lia mot fossen, kan det vere kjekt å ta ein kikk på informasjonsplatene som ein finn eit par-tre av - slik som broder Terje gjer på bildet under. Viss du gjer det, kan du til dømes får vite at eikesdalingane begynte å fore grisene på "næt" allereie på 1700-talet, at Mardalsfossen har vore ein turistattraksjon sidan 1870-talet og at i 1892 bekosta Den Norske Turistforening bygging av ei steinkai i Mardalen som sørga for at turistar som kom med D/S Eikesdal kunne komme seg til fossen på ein meir lettvint måte. Og om "næta": I 1930-åra vart det selt 1700 kg nøtter på ein haust frå Vike-gardane. 




Treet fell over vegen som ein fin portal.


Fleire benkar å sitte på undervegs.
Dei siste somrane har det pleid å vere ein konsert på dette platået som er rett ved brua oppe i lia. I sommar kjem gruppa Isák med vokalisten Ella Marie Hætta som vann "Stjernekamp" i NRK for eit par år sidan. Fordi dei er såpass kjente som dei er og har visst eit solid lydanlegg, blir konserten nede på parkeringsplassen. For første gang skal joik ha større kraft enn krut i Mardalen! Og sjølvsagt er det verd å nemne at grunnen til at dei kjem, er fordi dei vil trekke band mellom Mardølaaksjonen og demonstrasjonane i Alta-Kautokeino-vassdraget eit lite tiår seinare. Utan Mardølaaksjonen er det ikkje sikkert det hadde blitt demonstrasjonar då Altavassdraget skulle byggast ut.
Desse folka som er med på bildet her (dei er spurde om det var greit), sit og venter på ein delegasjon som var like rundt hjørnet, mellom anna med stibyggaren Geir Vetti, som står for alle dei kjente trappene rundt om i landet - Midsundtrappene, i Tromsø, på Vega, i Mosjøen +++ (totalt 200 i talet). Det er eit stort ønske at det skal byggast trapp frå der stien sluttar og opp til fossen for å lette tilkomsten for den som vil ha seg ein dusj. Det hadde vore både flott og supert om det hadde blitt noko av! Dagen før var Vetti i Sunndal for å planlegge vidare Vinnutrappene - som kan bli eit enda større prosjekt enn Midsundtrappene.



Mardalsfossen ligg slik til at det er mesta ikkje sol i det heile der, berre litt i øvste fallet.


Fonnene gjekk ganske jamnt mens eg gjekk oppover.
I følgje denne teksten på eikesdal.no heiter dette området på bildet ovanfor Julgrøet, som viser til at det veks jul, eit slag kvann som var mykje i bruk i gamle dagar (på Hoemsetra har vi ein plass høgt oppunder fjellet som heiter Kvannrotsteinen av same grunn som det heiter Julgrøet).


Den skåra kor det ligg snø heiter Martinskåra, og ligg til høgre for Vestre Mardøla/ Ytste Mardøla, og der opp finst det ein sti som dei mest atletiske kan gå. Eg veit av nokre som har gått der, og det var visst ikkje av det enklaste ein gjer, både fordi det er vanskeleg å finne ein sti dit og fordi det er mykje stein å gli på. Men ein kjem seg rett opp i Mardalsbotn på 850 meters høgd, og kan då fortsette turen vidare utover mot Isfjorden i nordleg retning.



Dette vart eit vårleg besøk til Eikesdalens viktigaste turistattraksjon. Eg som har vakse opp med han, tenker ofte på korleis han var før han vart bygd ut - 3 m3 i sekundet rann det med vatn då. Mardalsfossen er enno viktig for å minne oss om at vi ikkje må gi oss over til styresmaktene og seie ja og ha, det er min bodskap når eg skriv dette no. Ein annan gong vil eg vise fram fine sommarbilete igjen av ein prangande og prektig foss :) <3

Ein liten sjølvie framfor fossen :)

fredag 22. mai 2020

Turblogg: Stikk ut-bonanza til Eikesdal, del 1 - Slette

Kristi Himmelfartsdag var absolutt ingen grunn for å sitte heime og sjå på godveret. Dagens turmål blei Eikesdal og dei flotte turmåla der :)


Sjølv om eg har vakse opp mesta heilt inne i Eikesdalen, har eg likevel ikkje lokalkunnskap om alle turane ein gå i bygda. Derfor er Stikk ut ei flott moglegheit for nye opplevingar. På turen til Eikesdal i går vart det både nytt og gammalt - men nytt på sitt vis - alt korleis ein ser det.
Det vart veldig mange bilder, og derfor blir det to bloggar frå Eikesdal, bygda som ligg lengst aust i den nye storkommunen Molde - tett inntil både Nordmøre og det nye storfylket Innlandet.

Vi køyrde rett opp til Finnset, den øvste garden i bygda. Du køyrer forbi begge dei to husa og finn parkeringa der vegen startar. Det er plass til omlag tre bilar, så det var akkurat nok til oss som velte den turen torsdag.
Her kan du lese meir om turen på Stikk uts side.



Frå Finnset går det slakt oppover, og ein får fin utsikt ned mot garden. Våren er komen øvst i dalen og, og sauane er slepte ut både på innmark og utmark. Derfor er det stor grunn til å minne om bandtvang på hundane. Ei anna viktig påminning er å lukke grindene etter seg.


Hugs bandtvang på hunden din! Sjølv den minste kan vere farleg for små lam. 

Hugs å lukke grindene du går gjennom!
Vegen opp til Slette er ein arbeidsveg for bonden. Derfor er det brei og fin traktorveg mesteparten av vegen, og ein passerer mykje gardsutstyr undervegs. Nedkappa tre også, slik som det broderen stoppa ved og målte opp til 1 meter i diameter.


Innover skogen er det mykje interessant å sjå på. Mange steinar å klatre på, tre å kikke på, steinar å kikke på... Med andre ord: For nysgjerrige ungar er dette ein flott og lett tur!
Mine barn stilte seg velvillig opp til fotografering :)


 Heile vegen går ein langs Aura. På andre sida av elva ser ein opp mot Aursjøvegen, som startar rett ved Finnset. Den opnar vonleg 1. juni som vanleg, men eg er neimen ikkje sikker i år.


Samtidig som oss starta det nokre andre med hund... = trekke hund...

Stort sett er vegen slett og lett, men det er ei stigning på 129 høgdemeter.
Like etter den brattaste bakken kjem ein til Hessura. Om namnet har samanheng med "mannhysingen" som jaga Per Nils i segnet om Per Nilse-spranget, er eg usikker på. Uansett skal det vere mykje å sjå på i og rundt ura for den som har tid og lyst til å utforske meir. 




Etter å ha gått eit stykke, kjem ein til Per Nilse-spranget. Dette er noko eg har høyrt om heilt frå skuledagane, men ikkje sett meg så mykje inn i historia. På denne sida hos eikesdal.no kan ein lese meir om segnet om Per Nils. Brukara som står der, er etter ei bru som var for å kunne utnytte jorda på andre sida av elva i gamle dagar.
Eg fann eit blogginnlegg av ein frå 2011 som gjekk innover på Stikk ut-tur der då, og då var det ei informasjonstavle ved Per Nilse-spranget som fortalte om namnet og historia. Den såg eg ikkje der på vår tur, men det kunne absolutt vore ei informasjonstavle ståande.







I løpet av dei siste åra har det gått steinras som har sendt ned store steinar frå fjellet ovom.

Terje er geolog, og har stor glede av å fortelje om steinen si historie.


Det fascinerande med turen er kor landskapet endrar seg undervegs. Eikesdalen er ein lang og smal dal, og innover frå Finnset smalnar han mykje. Men samtidig er det og mykje ope ved han, og Slette har namnet sitt fordi det er ei opa slette midt i den trange dalen. Området er omkransa av mange gamle almer, som er ein tresort det finst mykje av i bygda - jamfør Bjørnstjerne Bjørnson som sat under ein alm i Utigard og skreiv "Arne". 
Samtidig er det og god grunn for å minne om Aura og dei omkringsliggande elvane si historie. Det er eit mål at laksen skal gå heilt opp i Aura for å gyte, men etter dei store utbyggingane på 50- og 60-talet, vart elva mesta heilt tørr. Eg hugsar ho som knusktørr frå min oppvekst. For den som er interessert, kan ein ta ein kikk i denne rapporten frå Statkraft (2007) om temaet, som NINA har gjennomført.
På Slette er det ein flott gapahuk kor ein kan ta dagens lunsj. Det passa godt for oss som hadde reist og gått langt :) 
Postkassa finn du på veggen til venstre i gapahuken.

Her ser du postkassa heng inne i gapahuken.



Turgjengen: Meg, Aleksander, Terje og Ingvild :)
Frå Slette ser ein opp til det høgaste punktet på Aursjøvegen, nemleg Brønnhø. Der har ein ei fantastisk og spektakulær utsikt nedover Eikesdalen frå 1000 meters høgd. Absolutt verd eit stopp når ein køyrer Aursjøvegen (sjølv om det ikkje er merka som utsynspunkt - det står eit skilt om at ein er på Brønnhø).
Ein stor istapp ventar på å ramle ned eller tine - sikkert opp mot 15-20 meter høg i og med at eg kunne zoome han inn slik på bildet.


Livet som sau ved Slette er supert - nysgjerrige er dei og.
Når ein fortsett å gå innover dalen, kjem ein til Aurstaupet. Der er dalen trang, og eg trur og uframkommeleg. Ein gong var Aurstaupet ein prektig del av elva Aura, som var ei god fiskeelv som sørga for at det var eit rikhaldig fiskeliv i Eikesdalsvatnet. Då elvene vart utbygde, gjekk dette ut over talet på fisken og storleiken på han i både Eikesdalsvatnet og Litlevatnet, og derfor måtte fisken tilførast utanifrå som yngel for å kunne ha ein fiskebestand i vassdraget. Derfor er det klekkeri både i Eikesdal og Eresfjord kor smolten blir yngla og gjort klar for utsetting.

Prins lurte nok ein augenblink på om det var slektningar av han...


Dette er rett ved gapahuken på Slette.

Tid for å finne vegen nedover mot bygda att - ny Stikk ut-tur ventar :)


Firlingmammaen passar godt på flokken sin <3

lørdag 16. mai 2020

Heimlaga prim med heimbaka brød under!

Dagens viktige tips for å unngå kasting av mat: Ta vare på brunostrestane. Plutseleg har du ein delikat heimlaga prim å ta på skiva di :)


Du veit den følelsen når du kjem stressande heim frå arbeid, brøddeigen har venta på deg i nokre timar og på ei ganske kort stund har du og gått i gang med noko meir matlaging... Ungen er svolten på taco og mor har arbeid å gjere resten av kvelden... (det skulle jo trass alt vere finale i Idol!)
Det kan gå bra og det kan gå rett vest. Heldigvis gjekk dette veldig bra i går. I dag blir det matblogg frå Ingunns hand :)

Eg har samla brunost gjennom fleire år. I omtalar av heimlaga prim står det at osterestar må lagrast i boks med lokk i kjøleskåpen i staden for i plastpose for å unngå at dei blir mugla. Men eg tenker at det kjem an på kor lenge og kor mykje ein skal samle. Eg har samla og samla - ei god stund faktisk. Til slutt hadde eg ein kilo med brunostrestar i frysaren. Målretta samling gjennom lang tid :)
Men så er spørsmålet: Kva skal ein med desse restane? Og eigentleg er det ikkje så mange forslag, men det beste er uansett å koke det om til prim å ha på skiva. Eg fann ut at eg skulle prøve to forskjellige (mesta forskjellige) oppskrifter.
Det er to viktige forskjellar i desse oppskriftene: I den eine leggast brunosten i blaut i surmjølk før han kokast opp, mens den andre er brunost kokt opp i fløyte. Eg tenkte at med ein kilo brunost kan eg unne meg å teste ut.

Prim 1: surmjølkprim
Eg tok:
500 gram oppskoren brunost 
5 dl surmjølk (kan vere skumma surmjølk, så blir den ikkje så feit)
2 ts sukker

Hakk opp brunosten og legg i ei bolle. Slå over surmjølk, rør om og set på kjøkkenbenken i rundt 12 timar, så rekk han å begynne å løyse seg opp.
Slå blandinga i ein kaserolle. Kok opp og rør under koking slik at bitane smeltar i mjølka. Skru så ned varmen og la han småkoke i ein halvtime. Tilsett sukker før du tar kaserollen av plata og sett han i oppvaskkummen med kaldvatn. Rør i blandinga mens han avkjølast, slik at han ikkje klompar seg. Fordel i høvelege glas. Denne vart litt lysare i farga enn den neste typen.

Dette fiksa eg torsdag kveld før eg la meg.

Klar for koking i kaserolle.

Ferdig :)

Prim 2: fløyteprim
Eg tok: 
500 gram oppskoren brunost
1 boks fløyte (min har stått i frysaren, og det gjer ingen ting!)
1 raus ss maizenna
1 raus ss sukker
1 raus ts vaniljesukker

Bland alt i kaserollen, sett på plata og kok opp. Massen skal tjukne, og då er han klar til å bli tatt av plata og helt over i desse høvelege glassa. Eg trur denne metoden tok absolutt maks ein halvtime. Det er det verd, for smaken satt som eit skot med ein gong :)


Klart for koking.

Foran står kjelen med fløyteprimen og bak står surmjølkprimen.


TIPS: Eg kjøpte ei pakke med veldig høvelege glass på Europris til ein liten femtilapp. Dei er 2,5 dl store og ein kurant storleik. Ein veldig fin storleik om ein vil gi bort i gåve :)

Så var fløyteprimen ferdig.
Ingen ting er vel bedre enn ferskt brød med ferskt pålegg. I høve helga har eg og bakt ein liten haug brød - med lite gjær og langtidsheva over natta og litt til. Eg ser i ettertid at det hadde vore nok med 1 ts tørrgjær. Eg kan og legge til at eg skriv her den storleiken eg lagde deigen i, ikkje den opprinnelege oppskrifta.

Oppskrift til langtidsheva brød

480 gram havregryn
9,6 dl kaldt vann (til havregryn)
1,9 kg hvetemel (gjerne blanding grovt og fint mjøl) 
9 dl kaldt vann
1-2 ts tørrgjær
2 ts salt
1-2 ss linfrø
1-2 ss chiafrø

Legg havregryna i blaut i mixmasterbolla i kaldvatn, rør om og la det stå og godgjere seg i 20 minutt.
Bland oppi bolla resten av indgrediensane, men ta i vatnet litt og litt. Bruk miksmasteren til å kna deigen godt i eit kvarters tid (minst).
Ta deigen over i ei bolle med lokk. Her kan ein gjere to ting - avhengig av når du skal bake ut deigen: Anten: Sett på lokket og la deigen stå ute på benken i rundt 5-6 timar eller 10 - eller: Sett på lokket og sett deigen i kjøleskapet ein ti timars tid eller femten. Før du bakar han ut, lar du deigen stå i romtemperatur 60 minutt.
Ha mjøl utover benken og elt deigen forsiktig. Form brød - til meg vart det tre høveleg store og eit mindre - som du legg i brødformer. La brøda etterheve til dei har dobla storleiken, i omtrent 60-90 minutt.
Steik brøda på 180 grader i rundt 50 minutt - til du kan høyre hullyden i botn når du bankar i dei. La brøda avkjøle seg i ei god stund før du skjer i dei, for å få et saftigere brød.
I løpet av dagen er det nokre rundt i Sunndal som skal få gleda av å ta del i arbeidet mitt :) Eg gler meg til å gi bort til nokon som fortener ei hyggeleg oppmuntring til nasjonaldagen :) Hurra for 17. mai og det gode som bor i oss menneska! 

Etiketter