Totalt antall sidevisninger

fredag 22. mai 2020

Turblogg: Stikk ut-bonanza til Eikesdal, del 1 - Slette

Kristi Himmelfartsdag var absolutt ingen grunn for å sitte heime og sjå på godveret. Dagens turmål blei Eikesdal og dei flotte turmåla der :)


Sjølv om eg har vakse opp mesta heilt inne i Eikesdalen, har eg likevel ikkje lokalkunnskap om alle turane ein gå i bygda. Derfor er Stikk ut ei flott moglegheit for nye opplevingar. På turen til Eikesdal i går vart det både nytt og gammalt - men nytt på sitt vis - alt korleis ein ser det.
Det vart veldig mange bilder, og derfor blir det to bloggar frå Eikesdal, bygda som ligg lengst aust i den nye storkommunen Molde - tett inntil både Nordmøre og det nye storfylket Innlandet.

Vi køyrde rett opp til Finnset, den øvste garden i bygda. Du køyrer forbi begge dei to husa og finn parkeringa der vegen startar. Det er plass til omlag tre bilar, så det var akkurat nok til oss som velte den turen torsdag.
Her kan du lese meir om turen på Stikk uts side.



Frå Finnset går det slakt oppover, og ein får fin utsikt ned mot garden. Våren er komen øvst i dalen og, og sauane er slepte ut både på innmark og utmark. Derfor er det stor grunn til å minne om bandtvang på hundane. Ei anna viktig påminning er å lukke grindene etter seg.


Hugs bandtvang på hunden din! Sjølv den minste kan vere farleg for små lam. 

Hugs å lukke grindene du går gjennom!
Vegen opp til Slette er ein arbeidsveg for bonden. Derfor er det brei og fin traktorveg mesteparten av vegen, og ein passerer mykje gardsutstyr undervegs. Nedkappa tre også, slik som det broderen stoppa ved og målte opp til 1 meter i diameter.


Innover skogen er det mykje interessant å sjå på. Mange steinar å klatre på, tre å kikke på, steinar å kikke på... Med andre ord: For nysgjerrige ungar er dette ein flott og lett tur!
Mine barn stilte seg velvillig opp til fotografering :)


 Heile vegen går ein langs Aura. På andre sida av elva ser ein opp mot Aursjøvegen, som startar rett ved Finnset. Den opnar vonleg 1. juni som vanleg, men eg er neimen ikkje sikker i år.


Samtidig som oss starta det nokre andre med hund... = trekke hund...

Stort sett er vegen slett og lett, men det er ei stigning på 129 høgdemeter.
Like etter den brattaste bakken kjem ein til Hessura. Om namnet har samanheng med "mannhysingen" som jaga Per Nils i segnet om Per Nilse-spranget, er eg usikker på. Uansett skal det vere mykje å sjå på i og rundt ura for den som har tid og lyst til å utforske meir. 




Etter å ha gått eit stykke, kjem ein til Per Nilse-spranget. Dette er noko eg har høyrt om heilt frå skuledagane, men ikkje sett meg så mykje inn i historia. På denne sida hos eikesdal.no kan ein lese meir om segnet om Per Nils. Brukara som står der, er etter ei bru som var for å kunne utnytte jorda på andre sida av elva i gamle dagar.
Eg fann eit blogginnlegg av ein frå 2011 som gjekk innover på Stikk ut-tur der då, og då var det ei informasjonstavle ved Per Nilse-spranget som fortalte om namnet og historia. Den såg eg ikkje der på vår tur, men det kunne absolutt vore ei informasjonstavle ståande.







I løpet av dei siste åra har det gått steinras som har sendt ned store steinar frå fjellet ovom.

Terje er geolog, og har stor glede av å fortelje om steinen si historie.


Det fascinerande med turen er kor landskapet endrar seg undervegs. Eikesdalen er ein lang og smal dal, og innover frå Finnset smalnar han mykje. Men samtidig er det og mykje ope ved han, og Slette har namnet sitt fordi det er ei opa slette midt i den trange dalen. Området er omkransa av mange gamle almer, som er ein tresort det finst mykje av i bygda - jamfør Bjørnstjerne Bjørnson som sat under ein alm i Utigard og skreiv "Arne". 
Samtidig er det og god grunn for å minne om Aura og dei omkringsliggande elvane si historie. Det er eit mål at laksen skal gå heilt opp i Aura for å gyte, men etter dei store utbyggingane på 50- og 60-talet, vart elva mesta heilt tørr. Eg hugsar ho som knusktørr frå min oppvekst. For den som er interessert, kan ein ta ein kikk i denne rapporten frå Statkraft (2007) om temaet, som NINA har gjennomført.
På Slette er det ein flott gapahuk kor ein kan ta dagens lunsj. Det passa godt for oss som hadde reist og gått langt :) 
Postkassa finn du på veggen til venstre i gapahuken.

Her ser du postkassa heng inne i gapahuken.



Turgjengen: Meg, Aleksander, Terje og Ingvild :)
Frå Slette ser ein opp til det høgaste punktet på Aursjøvegen, nemleg Brønnhø. Der har ein ei fantastisk og spektakulær utsikt nedover Eikesdalen frå 1000 meters høgd. Absolutt verd eit stopp når ein køyrer Aursjøvegen (sjølv om det ikkje er merka som utsynspunkt - det står eit skilt om at ein er på Brønnhø).
Ein stor istapp ventar på å ramle ned eller tine - sikkert opp mot 15-20 meter høg i og med at eg kunne zoome han inn slik på bildet.


Livet som sau ved Slette er supert - nysgjerrige er dei og.
Når ein fortsett å gå innover dalen, kjem ein til Aurstaupet. Der er dalen trang, og eg trur og uframkommeleg. Ein gong var Aurstaupet ein prektig del av elva Aura, som var ei god fiskeelv som sørga for at det var eit rikhaldig fiskeliv i Eikesdalsvatnet. Då elvene vart utbygde, gjekk dette ut over talet på fisken og storleiken på han i både Eikesdalsvatnet og Litlevatnet, og derfor måtte fisken tilførast utanifrå som yngel for å kunne ha ein fiskebestand i vassdraget. Derfor er det klekkeri både i Eikesdal og Eresfjord kor smolten blir yngla og gjort klar for utsetting.

Prins lurte nok ein augenblink på om det var slektningar av han...


Dette er rett ved gapahuken på Slette.

Tid for å finne vegen nedover mot bygda att - ny Stikk ut-tur ventar :)


Firlingmammaen passar godt på flokken sin <3

Ingen kommentarer:

Etiketter