Totalt antall sidevisninger

søndag 27. august 2023

Turblogg: Så vart det ein slik dag i dag... Ettermiddagstur til Aursjøen (bildebonanza)

 I dag var ein slik dag ein ikkje kunne sitte heime og gjere ingen ting... Den første planen, snartur til Hoemsetra, gjekk ut som plan allereie i går. Plan B, topptur, kjente eg at eg ikkje hadde krefter til etter ei lang veke. Men kva skulle vere plan C?

Eg mangla ein plan C, og då blei gode råd dyre etter kvart som klokka gjekk. I plan C var det berre eg sjølv. På ein heilt alminneleg laurdag skulle eg ønske nokon spurte "Ingunn, skal vi...". Men det var ingen som sa det denne gongen heller.

Så då bråbestemte eg meg for å køyre til Aursjøen ein tur - det skulle vel vere ope på Aursjøhytta så eg kunne drikke kaffi der? Kanskje kunne eg teste ut stien mot Naustbukta og kanskje kunne eg finne bær.

Tja, det er mykje kanskje i ei slik filosofering. Men eg drog avgarde og første stopp var ved brua over elva ved Hallarvasslia. Men kva heiter elva og fossen? Heiter den Litldalselva? Heiter den Hallarvassfossen og Hallarvasselva? Ja, det er ikkje godt å seie!

Fossen var iallfall sterk og frodig, og eg fekk auge på han allereie nede ved Dalavatnet. Langt framme der såg ein noko kvitt og frådande nedover berget.

Inne i dalen ser ein fossen kvit og frådande.

Første stopp er altså her på brua akkurat der elva endrar karakter frå ei litt meir forsagt reise frå Hallarvatnet til å gjere seg klar til å kaste seg utfor berget - ikkje i heilt fritt fall, men iallfall i eit flott fossefall langs bergveggen.

Her kastar fossen seg utfor på veg ned langs Hallarvasslia.



Dette er eit kjent motiv for den som har køyrt Aursjøvegen.

Like ved brua er det merka sti til ei jettegryte.
Så gjekk turen vidare, og det viste seg at det var ei naturleg årsak til at fossen var så sterk og frodig. Det var nemleg overløp frå Holbuvatnet. Eg måtte ta dette i nærmare augesyn! Er det vanleg at det er overløp her? 




Berre ein liten sjølvie ved dammen... Og det var litt hustrig vind.



Frå Holbua gjekk turen vidare til Aursjøen. Der viste det seg at eg kunne droppe innom eit par hytter på besøk - og slike moglegheiter lar eg sjølvsagt aldri gå frå meg.
Då det viste seg at gutungen var på tur ut døra heime, fekk eg plutseleg meir tid til turen. Og eg hadde jo ikkje gløymt at eg skulle sjå på overløpet på Aursjøen.
Då eg gjekk mot jettegryta tidlegare på turen, traff eg ei triveleg dame. Ho kunne fortelle at ho hadde spist middag på Aursjøhytta forrige helg, og då hadde styraren sagt at det var siste dag hytta var opa. Det var veldig trasig at han stengte ei veke tidlegare enn planlagt, men no har det dessverre vore to somrar med dårleg omsetning. I fjor var det både dårleg vér og delvis stengt på Eikesdalsvegen. I sommar har det vore omtrent samanhengande dårleg vér. Dei som driv turisthytter er ganske avhengig at véret er på deira side for å få god drift.
Eg håpar verkeleg at Aursjøhytta opnar igjen neste sommar! 

Sist gong det var overløp på Aursjøen, var i fjor sommar, men då tidleg i juli. Då var det på grunn av stor snøsmelting i fjella i kombinasjon med mykje regn. Akkurat no har Aursjøen eit svært prektig overløp - og det skuldast altså... regn (eg er så lei regn!). Og det er lite som tyder på at det er ferdig snart, for meir regn er i vente.
Men akkurat då eg var der denne laurdagen, var det ei svært så hyggeleg og gjestmild ettermiddagssol.


Dette bildet har eg kalt "Sjølvportrett - lita kvinne i stor natur"...



Her begynner Aura å renne. H U R R A det er levande vatn i Aura!

Alt dette er ein del av den store Aurakraftutbygginga for snart sytti år sidan. Det førte til at Aura, som var ei flott lakseelv som rann gjennom Eikesdal, blei regulert - og med det tørrlagt. Reguleringane i Eikesdalsfjella - både Takrenna, Aura og Mardalsfossen - førte til at mykje av den store, fine laksen og auren forsvann frå både elva og Eikesdalsvatnet. 
Aursjøen er ei samanføying av Aursjøen, Grynningen og Gautsjøen, og ligg i grenseland av Molde, Sunndal og Lesja kommuner. Når dammen er heilt full, slik som no, er han 30 km lang og 561 millionar m3 (kubikkmeter) vatn. Høgaste regulerte vasstand er 856 meter.
Vatnet frå Aursjøen bringast vidare til Osbuvatnet og Holbuvatnet. Med andre ord: I dag var det overløp i begge endar av Aura kraftverk. Det er noko som heiter "gråt ikkje over spelt mjølk", og det trur eg Aura Kraftverk tenker... Det er mykje, mykje elektrisitet som renn over kanten av Aursjøen no.
















Så var det tid for å reise heimover. Det var lite diesel på tanken, så det gjaldt å komme meg mest mogleg rasjonelt og rasjonert nedover til Sunndalsøra att. I kvar minste helling rulla bilen i fri...

Men: Eg oppdaga noko veldig spesielt då eg kom tilbake til Holbuvatnet og demninga der: Det var plutseleg ikkje overløp lengre. Det var knusk tørt! Veldig spesielt altså - i og med at det var mykje overløp då eg køyrte oppover.

Ikkje minst gjorde jo dette opplevinga av overløpet endå meir spesiell. Men kan det vere at Aura Kraftverk regulerer når tid det skal vere overløp? Er det eigentleg ikkje styrt av for mykje vatn i dammen? Eg må jo gruble litt på dette i og med at først så var det overløp, og så var det plutseleg ikkje overløp...

Så eg stoppa og tok bilde av den flotte fossen i storsvingen, altså nokre hundre meter rett ned i line frå brua kor eg tok bilde tidlegare. Når ein køyrer bil, er det nokre store svingar i mellom desse to punkta.

Eg var veldig fornøgd med bilturen eg gjorde i dag. Nokon gonger er det bra å hoppe frå det planlagte til det impulsive. Når ikkje forma var tipptopp for ein lang tur i oppoverbakke, var det desto bedre å dra på oppdagingsferd. Eg er tilfreds med oppdagingane eg gjorde i dag :) 






Ikkje mykje vatn i Sandvatnet akkurat no.

Etiketter