Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Innerdalen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Innerdalen. Vis alle innlegg

søndag 22. oktober 2023

Turblogg: Ettermiddagstur til Innerdalen ein oktoberlaurdag

 Innerdalen er ein plass det er fint å gå uansett årstid - alltid lett tilgjengeleg. No er vinteren snart på tur å overta i den fine dalen, men hausten kjempar hardt for å vare lengre. Eg tok ein ettermiddagstur for å sjå kvelden senke seg.

Klokka er rundt fem laurdag ettermiddag når eg går frå parkeringsplassen i Nerdal. Det er ein "blåsbortdag", men ikkje på det verste. Men litt motvind blir det opp bakkane mot Innerdalen. Oppe i fjella bles det tydeleg ganske friskt, men etter talet på bilar på parkeringsplassen å døme, er ikkje det til hinder for å ta seg ein tur opp til "dalen over alle dalar" - eller verdas vakraste dal, som Innerdalen og er kjent som.


På elvene og bekkane er det på tur å fryse, men enno finst det friskt vatn ein kan sjå rennande og. 
Så kjem eg opp på den plassen kor "alle" tar dei første bilda innover mot dalen. Her opnar Innerdalen seg og stemninga i meg stig. Vêret er fint, men eg kjenner det er litt motvind. Uansett går dei siste kilometra inn til dalen mykje lettare enn dei første. 


Isen har prøvd å legge seg dei siste dagane og vekene, men vinden som kjem utover frå Storlidalen, det vil seie i frå søraust, ber bud om mildare dagar. Derfor kjenner eg og at det er vinden som gjer det hustrig, ikkje temperaturen - det er rundt 5 grader.

Nokre bilde frå Renndølsetra før mørket senker seg. Klokka er rundt seks på ettermiddagen, og på den halvtimen skjer det  mykje med dagslyset. Eg registrerer at det er lys i hovudhytta og at det står ein bil der.


Eg går vidare oppover til turisthytta, for stikk ut-posten ved hytta er ein viktig destinasjon på turen min. Det bles godt i rundt Innerdalstårnet, og til mi overrasking er det lys i hovudhytta. Når eg kjem heilt opp, ser eg ein kar - ein av turistforeininga sine trufaste dugnadsarbeidarar - halde på med det han likar aller best: å gjere dugnadsarbeid for turistforeininga. 

Oppe på gammelhytta kan det sjå ut som at det er nokon som brukar laurdagskvelden der. Det er kjekt at hytta er populær, men no er det snart vinter og hytta låsast av for sesongen. Då må ein bruke låven om ein vil overnatte.

Eg bestemmer meg for å vere snar - tar nokre bilde før eg vender nasen nedover igjen. I det eg startar å gå nedover, tar eg på meg refleksvesten (i tilfelle det er fleire bilar ute og køyrer), og ikkje lenge etter tar eg på hovudlykta (hauløkta). Vinden kjem i sterkare grad mens mørket fell på.

Når eg kastar blikket opp mot Innerdalstårnet og fjella som ligg innover i retning Giklingdalen/ Flatvaddalen, synes eg Trolla (i midten på bildet under) stikk seg fram på ein rett og slett trolsk måte - han står der strank som ein ryttar på ein hest mens Tritindan (til høgre) prøver å beskytte Innerdalen mot trollet (Trolla). 



Dette bildet er det siste eg tar på turen. Det ser triveleg ut å kunne vere på Renndølsetra ein slik oktoberkveld mens vinden ruskar friskt. Når eg går vidare treff eg folk som er på tur oppover, nokon har sekk på ryggen, nokon har ikkje. Ingen har lys på hovudet, men dei ser nok litt bedre enn det gjer, og dei er snart framme i dalen, så det er nok ingen problem.

Mens eg går nedover, høyrer eg vinden tar tak i trea og vinden tar godt tak oppe i fjella. Eg skal ned til bilen og finne vegen heim att til mi lune stue. 


søndag 15. november 2020

Turblogg : Familie- og turglede i Innerdalen

Etter ein lang og slitsom haust prega av sjukdom og dødsfall i familien, har det vore lite tid å vere berre vi fire i familien saman om å gjere noko. Derfor kom denne helga som manna frå himmelen med god tid til å vere saman. 

Like stor glede kvar gong å sjå desse omgjevnadane.
Med det vervarselet som var for helga, vart vi einige om å dra ut på tur. Sjølv om det sannsynleg vis ikkje var sol i Innerdalen, var det likevel mest fristande å dra dit. Det var berre å lage ei niste og få med godsaker og nær sagt kaste seg i bilen for å dra avgarde. Eg har ikkje vore i dalen så seint på hausten, men med rundt 10 grader og skikkeleg synnavind, var det lite som tyda på at det allereie er 15. november.
Ja, eg veit du har sett dei fleste motiva før, men det er noko rart med Innerdalen - det er akkurat som at eg ser alt for første gongen kvar gong eg er der. Gleda over å komme dit er like stor kvar gong.

Ikkje alle nypene har blitt tatt av frost enno.





Då vi kom til parkeringa i Nerdal, var det overraskande mange bilar der. På vegen opp, møtte vi somme som var på tur ned, men det var tydeleg vis mange som meinte Innerdalen var ein fin plass å bruke søndagen.
Etter å ha tatt bakkane oppover til Innerdalen omtrent utan pause, var det godt å komme fram til Renndølsetra. Der stod alle husa akkurat som før, og det viste seg at det var folk på setra. Det er jo fleire månadar sidan sesongen var ferdig og serveringa avslutta, men eigaren måtte sjå til husa, stenge av vatn og slike viktige føremål.




Som alltid, la vi matpausa til borda som står utanfor på Renndølsetra. Vi høyrde det var stemmer der, og vi såg nokre ungar som sprang litt att og fram. Plutseleg stod ho jenta framføre oss med eit brett med vaflar og spurde søtt "vil dokker ha vaflar?" Gjett og vi vart glade og overraska?! Ein seier ikkje nei til vaflar i Innerdalen... Då hadde ho kome på at ho skulle spørre oss og spurde dei vaksne om det var greit. Dette var verkeleg det som sette prikken over i-en - altså ramma inn Innerdalen i det som er ein viktig del av Innerdalen for meg - vaflar på Renndølsetra <3

Made my day! Vaflar servert ein haustdag på Renndølsetra <3
Eigar Eystein Opdøl var blid i godveret - alltid like triveleg å treffe :)
Etter stoppen på Renndølsetra høyrer det alltid med å gå vidare opp til Innerdalshytta. Denne gongen tok eg ein snartur oppom Renndøla for å fotografere den flotte elva. På høgresida av elva går ein innover Renndalen mot Storlidalen og på venstresida av elva går ein over mot Todalen.

Renndøla.
På Trolla og Skarfjellet (til høgre) hadde det komme eit lett dryss av snø.



Etter å ha "sjekka" at alt var greit oppe ved Innerdalshytta og observert at det var gjestar på turistforeiningshytta, var det tid for å gjere retur heimover. Det er vanskeleg å avslutte på annan måte enn slik vi avslutta stilane i "gamle dagar" på skolen: Og alle var einige om at det var ein fin tur <3 - også denne gongen vart det ein utruleg fin tur.




fredag 10. juli 2020

Turblogg: Kortreist lykke i Innerdalen


Er det ikkje rart? Kvar gong ein kjem til Innerdalen, er det som ein opplever det for første gong... Og for meg var det første gong i år.

Fin utsikt frå kvilesteinen oppe i bakkane. 



Ein ting er sikkert: ein drar ikkje til Innerdalen utan å spise vaflar på Renndølsetra!
"Det er ikkje feil å spise vaflar her," seier sonen, før han følgjer opp seg sjølv: "Dette er Noregs beste vaflar!"





Prins: "Du har eit halvt sekund på å ta ein sjølvie mens eg ser i kameraet..." 

Midtvegs mellom Renndølsetra og Innerdalshytta møtte vi ein flokk geiter. Eg blir alltid yr og glad når eg treffer geiter.





Innerdalshytta er Stikk ut-post i år, så ein viktig del av turen var å huke av den posten.


Nysnø i fjella rundt Innerdalen - iallfall på Trolla.



Enda eit lite halvsekund til å ta ein vellykka sjølvie... 


Innerdalshytta er med i avstemninga om å bli Turistforeiningas finaste hytte, og den avstemninga foregår på https://inspirasjon.ut.no
Gå dit med ein gong og stem fram den flotte hytta i den fine dalen!!! 


Renndølsetra. 




Etiketter