I haustferien i forrige veke rakk eg meg og opp i vakraste Innerdalen ein tur - hausten i Innerdalen er magi i verdsklasse! Sjå bildeserien frå turen, og gjer deg opp di eiga meining!
"Jeg er så glad jeg lever i en verden der det fins oktober"
(Lucy Maud Montgomery) <3
Det er få gjeremål som kan måle seg mot det å ta seg ein tur til Innerdalen. Arne Næss senior skal ha sagt at det er vakraste dal i Noreg per kubikkmeter - visstnok.
Eg har faktisk tenkt lenge på at eg skulle skrive noko meir om Innerdalen her på bloggen, men tenkte eg skulle kombinere det med å fortelje om ein tur der. Jau, det har eg for så vidt gjort - det kan du lese om i dette innlegget. Men iallfall vart det ikkje noko anna tur i rundt Innerdalen, men no tenker eg at dette innlegget gjer nytta!
Ein går i pakt med fjella og naturen oppover dei 3,5 - 4 km til Innerdalen. På bildet over ser ein Skarfjellet frå parkeringa i Nerdal. På bildet under ser ein Grasdalen med blant anna Dronningkrona og Kongskrona ein plass bak der. Til venstre for dalen ligg Tritindan. I fjor haust kunne eg hamna over til Grasdalen på turen eg fortalte om i dette blogginnlegget, men enn så lenge har eg altså ikkje vore i det området.
![]() |
"Så vakkert bladene eldes. Så fulle av lys og farge er deres siste dager"
(John Burroughs).
"Høsten går over jorden og alt er for lengst for sent og for tidlig"
(Erling Christie).
Etter å ha gå gått oppover og oppover i eit par-tre kilometer, kjem ein til eit punkt kor det å snu ikkje er eit alternativ. Ein grunn til det er den flotte utsikta ein blir møtt med. Ein annan grunn er at ein kan sette seg ned der og kvile, og den siste, men beste grunnen er at det begynner å gå slakt nedover den siste kilometeren bortover til Renndølsetra. Og når du har komme ned bakken, kjem du til Innerdalsvatnet. Rein idyll ventar :)
![]() |
Sjå korleis det blå feltet til venstre for Innerdalstårnet er speglvendt av fjellet. |
"Delige høst! Min sjel er viet til den, og hvis jeg var en fugl,
ville jeg fly over jorden på jakt etter kommende høster" (George Eliot).
![]() |
Kanskje vi rett og slett skal sette oss nytt mål for 2019, Anisa? Innerdalstårnet?! |
"Nu farer en høst over Herrens jord" (Knut Hamsun).
![]() |
"Høsten...Den svale, fine årstid da allting skifter farge og forgår"
(Knut Hamsun).
Det er høst. Sommeren er forbi, den forsvant like så hurtig
som den kom; akk hvor den gikk hurtig" (Knut Hamsun).
![]() |
Renndølsetra med Skarfjellet i bakgrunnen. Til venstre for Skarfjellet ser ein Trolla. |
Dette var jo fredagstur vi hadde, og det var utruleg mange andre og som la turen opp til den vakre dalen. Mange skulle tydeleg vis overnatte - anten i telt eller sikkert oppe på låven. Det var mildt og fint, så eg er sikker på at dei hadde ein kjempeflott tur!
![]() |
Fluo og Renndøla møtast til slutt i Innerdalsvatnet. |
![]() |
Innerdal Turisthytte er kledd i all sin vakraste haustpryd. |
![]() |
Innredalshytta som Kristiansund og Nordmøre Turistforening eig. |
Eg var så heldig å få gå turen saman med Anisa - det var ei stund sidan forrige tur, så det var riktig så triveleg. Vi er i gang å "planlegge" neste tursesong :) Då har eg eit stort lønnleg håp om å få med Anisa på overnattingstur til ei hytte.
![]() |
Ein lett turlunsj utanfor Renndølsetra før vi skulle gå ned att. Til sommaren blir det vaflar der <3 |
"Hausten er min.
Den sorgtunge bragda vert song i mitt sinn.
Han løyner ein sumar
i frø som fell.
Vonene våre vert blomar"
(Tor Jonsson).
![]() |
"Skogen finner jeg er skjønnest
i høstgeniets fantasi,
og ikke, når den står som grønnest"
(Bjørnstjerne Bjørnson)
![]() |
"Straks sommeren er endt, blir løvet tent" (Nils Collett Vogt). |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar