Totalt antall sidevisninger

lørdag 28. juli 2018

Turblogg: Kveldsmat på Vettafjellet

Eg hadde tenkt ei stund på at det kunne vore fint å gå på Vettafjellet i Sunndal og sjå på solnedgangen. Med håp om å sjå måneformørking fredag 27. juli traska trufaste Prins og eg avgarde.


Eg fortalte om denne turen i dette blogginnlegget for eitt år sidan. I dette innlegget vil eg berre fokusere på turopplevinga.


Prins og eg starta frå parkeringa på Viklandet rundt kl. 19.30. Ut frå kor fort/ sakte eg gjekk i fjor, rekna eg med at eg skulle bruke opp mot tre timar opp. Det ville seie at eg skulle komme fram rundt kl 22.30. Det ville seie at eg burde kunne få med meg måneformørkinga.
Mens vi gjekk oppover, kraup sola attende frå Øra. Det var ein kokvarm dag, men det smarte med å velje denne turen, var at sola var gått ned. Det gjorde det mykje enklare å gå.



Her begynner vi å få litt høgde - men eit stykke att er det, for det er lengre enn det ser ut til.
Som nemnt var sola gått ned der stien opp til Vettafjellet går. Men i det eg nærmar meg toppen, ser eg solstrålane fortsatt som kviler på fjellet. Yes - eg rakk kveldssola!

I Øksendal var sola gått ned.
Stikk ut i kveldssol! Perfekt!

Heilt kurant utsikt for å nyte kveldsmaten.
Eg var faktisk ikkje aleine i fjellet denne kvelden, for då eg nærma meg toppen, vart eg tatt att av to damer som er mykje sprekare enn meg. Uansett kom eg meg opp på toppen på respektable 2 t 20 minutt. Det er tilfredsstillande! Men då hadde eg brukt opp alle kreftene på tur opp.
Eg fekk dei to damene å ta eit fint bilde av Prins og meg <3


Prins i solnedgang <3

Panoramautsikt.

Sola vart raudare og raudare i det ho nærma seg fjella i bakgrunnen.



I det klokka bikka 22.30, var det tid for å starte på nedoverturen att. Eg hadde hovudlykt i sekken, så det skulle gå heilt bra. Det var fortsatt varmt - rundt 20 grader denne kvelden. Men først nokre bilde til.


Sjølvie i solnedgang :)


Enno var det streif av sol på Sunndalsøra mens klokka nærma seg 23.
Men så var det denne månen... Eg veit ikkje kor han var... Det var mange som trudde ein kunne lett få auge på han, men det hadde med kva retning han stod i. Og sjølv på nesten 1000 meters høgd, var han ikkje å sjå.
Men uansett var det ei veldig fin oppleving å få kveldssola slik eg fekk ho i går kveld.
I det eg kom ned i skogen på veg ned, måtte eg fram med hovudlykta for å sjå stien. Eg var ganske sliten, og krekte meg ned siste delen til bilen. Denne kvelden "leverte" Vettafjellet!

Flånebba i kveldssol.

Takk for turen, Vettafjellet! Denne kvelden "leverte" du!

onsdag 25. juli 2018

Turblogg: Hælfjellet - Sunndals enklaste topptur!

I dag skal eg fortelje om det som vel må vere den lettaste toppturen i Sunndal, nemleg opp til Hælfjellet. Mindre enn 400 høgdemeter i flott terreng! Dette bør bli Stikk ut-tur neste år!


Litt i beit for ein grei tur å ta - og valet mellom ein litt lang tur og ein kortare topptur - hamna ungane og eg på tur til Hælfjellet.
Hælfjellet ligg i Grødalen som eit fyrtårn. Når du køyrer oppover frå Svisdal, har du fjellet på venstre hand. Fjellet er 1197 m høgt, og turen opp startar på omlag 800 moh.

Eit ganske dårleg skjermbilde av kartet, men starten går frå Hafsåshjellen.
Det er ganske greit å parkere der stien startar. Når du får masta på venstrehanda di, er det lommer å parkere i ved vegen.
Stien opp er ikkje merka, men den er heilt tydeleg heile vegen, og det er omtrent uråd å gå feil.


Du går vidare forbi masta på Hafsåsen. Hælfjellet ligg i bakgrunnen.
Stien oppover går opp gjennom lia. I sommer er det tørt og fint, og ein kan godt gå i joggesko. Eg tippar mange berre joggar fort opp og fort ned att. Eg er jo ikkje der da...
Ein skal ikkje så langt opp før utsikta betalar seg heller, og det er jo noko av det likaste med slike toppturar. Det skal vere ein premie for turen, og utsikt er ein bra premie :)


Utsikt innover Grødalen omtrent ved skogsbeltet.

Lett og fin sti oppover.
Det aller beste med turen var eigentleg at ein mesta plutseleg var framme. Eg brukte i mi fart rundt 1 t 15 minutt opp frå bilen.


Denne varden passerer vi på veg oppover.


Oppe på toppen er det to vardar. Dette var den første vi kom til, og er den som gir finast utsikt mot Gjøra, Jenstad og Lundlia. Her er det perfekt for å sitje ned og nyte utsikta og ein kopp kaffe. Eg vil faktisk seie at dette er nær sagt ei perfekt kaffeutsikt :)
Ikkje minst er det og ein fin varde å klive litt på.
Du kan lese om turar i Grødalen på Grødalen hytteeigarlags nettsider.


Med høgda på varden og Aleksanders høgd, vart plutseleg toppen over 1200 meter :)
Som nemnt er eg opptatt av utsikt - det å få utsyn og vidsyn. Frå varden på Hælfjellet kan ein og få eit nytt syn. Til dømes har eg ikkje vore innover Linndalen og lurt litt på korleis det ser ut. Men no ser eg jo den i det fjerne ovanfor Linndølfallet - som er ein av dei finaste fossane eg har sett.
Litt til høgre for Linndøla ser ein Middagshjellen. Det er det høgastliggande området i Sunndal som har dyrka mark. Der var eg i fjor, for det går traktorsafariturar opp dit frå Jenstad. Det kan du lese meir om på Visit Waterfalls nettsider.
Jenstad er den garden ein ser rett fram på andre sida. Garden er eit flott utgangspunkt for rundturen Jenstad - Åmotan - Lundlia - Jenstad. Den turen gjekk eg i juni, og fortalte om han i dette blogginnlegget. Det er verkeleg ein flott tur å ta! Lundlia er garden du ser rett under dyrkamarka på Middagshjellen. Det er ei opa glenne i skogen.
Garden som ligg nærmast i bildet er Svisdal. Du kan gå opp lia til Svisdal frå Åmotan.



Ved foten til Grødalen.
Svisdal og Jenstad er zooma inn. Ein ser bomvegen som smyg seg opp lia.
Jenstad og Linndøla. Bak Linndøla startar Linndalen.

Lundlia i framkant og Middagshjellen bak/ ovanfor.
Frå den første varden gjekk vi vidare til den andre varden, og den står bardunert fast. Det er der turboka ligg. Her har ein bedre utsikt innover Grødalen.



Her ser du turboka ligg - passeleg våt og trasig. Det skulle vore postkasse her.

Sjølvsagt signerte vi at vi hadde vore der.
Når eg får med meg ungane på slike turar, er jo håpet at dei skal bli meir turinteresserte på sikt - og bli meir sjølv-gåande ute i naturen. Men iallfall er eg veldig glad for at dei har med seg søsken-kjærleiken på tur :) Det gjer mammahjartet veldig glad rett og slett.






Eg lurer litt på kva fjell som er heilt i bakgrunnen på bildet under. Kan det vere Trolla, Hoåsnebba, og Såtbakkollen? Kjempekjekt om nokon legg at ein kommentar på bloggen her eller på Facebook om dette.
I framgrunnen ligg Storvatnet og Vangshaugen, som og er eit godt utgangspunkt for mange turar. Om ikkje anna kan ein og køyre seg ein sommartur til Vangshaugen og ete middag eller drikke kaffe på den fine, erverdige turistforeiningshytta.





På veg ned att fann vi ei bjørk som hadde perfekt plass til rumpa for ein kvil.
Sjelefred å gå på slike stiar.
Der oppe var vi, og det var verkeleg ein flott og enkel tur! Skal du bli toppturentusiast, kan du begynne her!

torsdag 19. juli 2018

Turblogg: Det var (Børset)kjerringa si det!

Tidlegare i sommar var eg så heldig å få ta turen til Børsetkjerringa på Ålvundeid i Sunndal saman med venninna mi, Anisa. Her kan du sjå korleis den turen er :)

Utsikt mot Ålvundeidet, Sunndalsfjorden (t.v.) og Ålvundfjorden (t.h.) sett frå Børsetkjerringa.
Vi starta om føremiddagen ein litt grå laurdags morgon. Skodda låg delvis ned i fjella, men det var lovnad frå meteorologane om at det skulle bli bedring.
Turen startar frå parkeringsplassen til Børsetlia Alpinanlegg på Ålvundeidet, det er på ca 200 moh. Første del av stien går oppover slalombakken. 
Du kan lese nokså greit om turen på Stikk uts nettside.


Etter å ha gått eit lite stykke oppover bakken, kjem ein til eit kryss kor ein har eit par val. Du kan fortsette å gå rett oppover slalombakken eller gå til høgre og følgje ei anna rute. Vi bestemte oss for å fortsette opp Børsetlia.



Mot toppen av slalombakken begynner ein å få god utsikt mot Ålvundeidet og Sunndalsfjorden.

Du veit du er på rett tur når du kjem til toppen av bakken.

Ingen tvil om at mitt gode turfølge, Anisa, er ved godt mot :)
På toppen av Børsetlia - dit brukte vi omtrent ein time presis - fortsett stien på ein typisk fjellsti. Då har vi allereie komme oss opp på rundt 540 moh. Det vil seie at i høgdemeter har vi allereie komme over halvvegs - men det tyngste ligg fortsatt foran oss.
La det vere sagt med ein gong: Henrik Børset har gjort eit utmerka oppmerkingsarbeid på heile turen. Du veit alltid kor du skal gå hen. Dette er ein tur den ikkje alt for fjellvante kan gå åleine (men det er som oftast kjekkare å ha selskap!).

Sjølvsagt tar du til høgre - du skal jo på Børsetkjerringa. 

Utsikt mot Reinsetvatnet og Ålvundjorden.

Opp der skal vi! Men følg raud merking, så går det bra!
Etter kvart som vi kjem høgare og høgare opp, betalar utsikta seg. Her har eg skrudd inn kameraet på telefonen på panorama.




Då vi skjønte at vi skulle ganske bratt oppover, fann vi ut at vi trengte lunch for å kunne orke å gå resten. Då kunne vi nyte utsikta mot Reinsetvatnet og Ålvundfjorden. Så var det berre å sale på seg sekken att og ta fatt på dei neste høgdemetera.



Heilt ok lunchutsikt :)
Utsikt mot Kjerringvatnet og Vassnebba (t.v.) og Viromkjerringa (t.h.).
Oppover i litt ulendt terreng går det! Men vi nærmar oss toppen!


Toppen av Børsetkjerringa er nådd! For å klargjere det litt: Dette er ved den første toppen, kor Stikk ut-kassa står. Går du vidare bakover, kjem du til den høgaste toppen på Børsetkjerringa, som er på 1009 moh. Staden kor Stikk ut-postkassa står, ligg på ca 960 meter. Det er berre å ta seg nokre minutt til å nyte utsikta og skrive seg inn i boka. 

Ja, Anisa, dette er bra :)

Varden kor Stikk ut-postkassa står.

Ganske bra utsikt, ja!

Første topptur saman var ein suksess!

Panoramautsikt frå Sunndalsfjorden til venstre til Ålvundfjorden til høgre.
På Stikk ut-sida står det tre alternativ for å kome seg ned att. Det eine alternativet er å gå same veg tilbake. Sidan stien opp er noko kronglete, bratt og delvis ulendt, er ikkje det den kjekkaste vegen å ta. Det står og eit forslag om å gå attover mot Litjråket, som er eit lite vatn. Frå der kan ein gå vidare til Kjerringvatnet og ned heile Børsetlia att. 
Vi fulgte pila mot høgre på dette bildet, og valgte dermed å ta rundturen som står innteikna på Stikk ut-sida.


Denne postkassa har eg jo sett på mange bilde, og no fekk eg endeleg svaret på kor ho står. I den kassa har Ulvungen IL ei turbok ein kan signere i. Stikk ut-skiltinga er meint for dei som kjem opp til toppen denne vegen. For oss var det tid for å ta ei ny matpause - ein blir ganske svolten når ein går slike turar.
Dessutan var det tydeleg at veret var på tur å letne. Hadde vi visst at det skulle letne så kraftig som det gjorde, hadde denne turen vore finare å ta lengre ut på ettermiddagen i solskin. 





Denne delen av turen ligg på 955 moh.


Så starta vi på turen nedover. Første delen av stien var ganske bra, og etter det vi trudde var eit par hundre høgdemeter, men som vel berre var maks 150 høgdemeter, kom vi til eit kjempeflott utkikspunkt. Her var det flott å ta ein stopp for å fotografere. Og som ein ser: Veret var verkeleg på tur å letne.
Frå dette punktet må ein sjå seg verkeleg godt for dei neste høgdemetera nedover. Det er nemleg lett å komme bort frå stien om ein er uoppmerksam, og då hamnar ein på ein plass kor det er veldig vanskeleg å komme seg vidare nedover. Så mi oppfordring er: FØLG DEN RAUDE MERKINGA NØYE! Og kjem du bort frå merkinga, er det best å gå tilbake den vegen du kom til du finn att den raude merkinga.



I dette området er det lett å miste dei raude merka. Ver oppmerksam!

Her ser ein området ein har tilbakelagt, og det er ulendt terreng.
Då vi hadde komme oss ned frå det vanskelege partiet, var vi komne til Kjerringlosjen, som ligg på 770 moh. Det var der vi fann ut at lengre oppe hadde vi ikkje gått 200 høgdemeter sjølv om det verka slik. 



Børsetsetra ligg øvst på eit område som tydelegvis ein gong vart dyrka.


Her ser ein ganske godt distansa ein har tilbakelagt.

Børsetsetra 470 moh.

Skilting frå Børsetsetra og vidare oppover lia.
Etter å ha gått eit stykke til på ein skogsveg, kom vi til ei skilting som viste vegen mot Børsetlia og parkeringa. For oss som hadde bilen der, var det praktisk å ta den vegen. Då fortsett du vidare gjennom skogen i retning slalombakken. Som ein ser på dei kommande bilda, dukkar det opp ein del skilt på vegen som viser kor du skal gå.








Gjennom skogen går det.

Etter ei stund kjem du ut i Børsetlia ved det skiltet du passerte på vegen oppover. Då veit du at turen er snart slutt! 

Då vi kom ned slutten av slalombakken, låg han bada i sol.

Yes, der oppe var vi! Ein flott tur var slutt!

Etiketter