Totalt antall sidevisninger

onsdag 25. juli 2018

Turblogg: Hælfjellet - Sunndals enklaste topptur!

I dag skal eg fortelje om det som vel må vere den lettaste toppturen i Sunndal, nemleg opp til Hælfjellet. Mindre enn 400 høgdemeter i flott terreng! Dette bør bli Stikk ut-tur neste år!


Litt i beit for ein grei tur å ta - og valet mellom ein litt lang tur og ein kortare topptur - hamna ungane og eg på tur til Hælfjellet.
Hælfjellet ligg i Grødalen som eit fyrtårn. Når du køyrer oppover frå Svisdal, har du fjellet på venstre hand. Fjellet er 1197 m høgt, og turen opp startar på omlag 800 moh.

Eit ganske dårleg skjermbilde av kartet, men starten går frå Hafsåshjellen.
Det er ganske greit å parkere der stien startar. Når du får masta på venstrehanda di, er det lommer å parkere i ved vegen.
Stien opp er ikkje merka, men den er heilt tydeleg heile vegen, og det er omtrent uråd å gå feil.


Du går vidare forbi masta på Hafsåsen. Hælfjellet ligg i bakgrunnen.
Stien oppover går opp gjennom lia. I sommer er det tørt og fint, og ein kan godt gå i joggesko. Eg tippar mange berre joggar fort opp og fort ned att. Eg er jo ikkje der da...
Ein skal ikkje så langt opp før utsikta betalar seg heller, og det er jo noko av det likaste med slike toppturar. Det skal vere ein premie for turen, og utsikt er ein bra premie :)


Utsikt innover Grødalen omtrent ved skogsbeltet.

Lett og fin sti oppover.
Det aller beste med turen var eigentleg at ein mesta plutseleg var framme. Eg brukte i mi fart rundt 1 t 15 minutt opp frå bilen.


Denne varden passerer vi på veg oppover.


Oppe på toppen er det to vardar. Dette var den første vi kom til, og er den som gir finast utsikt mot Gjøra, Jenstad og Lundlia. Her er det perfekt for å sitje ned og nyte utsikta og ein kopp kaffe. Eg vil faktisk seie at dette er nær sagt ei perfekt kaffeutsikt :)
Ikkje minst er det og ein fin varde å klive litt på.
Du kan lese om turar i Grødalen på Grødalen hytteeigarlags nettsider.


Med høgda på varden og Aleksanders høgd, vart plutseleg toppen over 1200 meter :)
Som nemnt er eg opptatt av utsikt - det å få utsyn og vidsyn. Frå varden på Hælfjellet kan ein og få eit nytt syn. Til dømes har eg ikkje vore innover Linndalen og lurt litt på korleis det ser ut. Men no ser eg jo den i det fjerne ovanfor Linndølfallet - som er ein av dei finaste fossane eg har sett.
Litt til høgre for Linndøla ser ein Middagshjellen. Det er det høgastliggande området i Sunndal som har dyrka mark. Der var eg i fjor, for det går traktorsafariturar opp dit frå Jenstad. Det kan du lese meir om på Visit Waterfalls nettsider.
Jenstad er den garden ein ser rett fram på andre sida. Garden er eit flott utgangspunkt for rundturen Jenstad - Åmotan - Lundlia - Jenstad. Den turen gjekk eg i juni, og fortalte om han i dette blogginnlegget. Det er verkeleg ein flott tur å ta! Lundlia er garden du ser rett under dyrkamarka på Middagshjellen. Det er ei opa glenne i skogen.
Garden som ligg nærmast i bildet er Svisdal. Du kan gå opp lia til Svisdal frå Åmotan.



Ved foten til Grødalen.
Svisdal og Jenstad er zooma inn. Ein ser bomvegen som smyg seg opp lia.
Jenstad og Linndøla. Bak Linndøla startar Linndalen.

Lundlia i framkant og Middagshjellen bak/ ovanfor.
Frå den første varden gjekk vi vidare til den andre varden, og den står bardunert fast. Det er der turboka ligg. Her har ein bedre utsikt innover Grødalen.



Her ser du turboka ligg - passeleg våt og trasig. Det skulle vore postkasse her.

Sjølvsagt signerte vi at vi hadde vore der.
Når eg får med meg ungane på slike turar, er jo håpet at dei skal bli meir turinteresserte på sikt - og bli meir sjølv-gåande ute i naturen. Men iallfall er eg veldig glad for at dei har med seg søsken-kjærleiken på tur :) Det gjer mammahjartet veldig glad rett og slett.






Eg lurer litt på kva fjell som er heilt i bakgrunnen på bildet under. Kan det vere Trolla, Hoåsnebba, og Såtbakkollen? Kjempekjekt om nokon legg at ein kommentar på bloggen her eller på Facebook om dette.
I framgrunnen ligg Storvatnet og Vangshaugen, som og er eit godt utgangspunkt for mange turar. Om ikkje anna kan ein og køyre seg ein sommartur til Vangshaugen og ete middag eller drikke kaffe på den fine, erverdige turistforeiningshytta.





På veg ned att fann vi ei bjørk som hadde perfekt plass til rumpa for ein kvil.
Sjelefred å gå på slike stiar.
Der oppe var vi, og det var verkeleg ein flott og enkel tur! Skal du bli toppturentusiast, kan du begynne her!

2 kommentarer:

Monica M. sa...

Hei,

Det var ikke så enkelt å finne fram(dvs til der hvor masta som er avbildet står). Er den der fortsatt? Men så det var en fin sti like ved elva. Men hvor sånn nøyaktig står den masta og det lille huset? Er det i begynnelsen av veien el er det lengre opp?

Over til noe annet; hvordan var det å starte en blogg? Har lysgt å prøve selv. Har du ditt eget domene, webhotell og alt det andre man leser om når man googler og prøver å finne gode råd om det å begynne å blogge?


Mvh.
Monica M. B.

Lady Ingunn sa...

Hei!
Så vidt eg veit, skal masta vere der ja. Du ser ho på avstand når du kjem køyrande oppover frå Grødalen mot Hafsåsen. Like etter går vegen nedover mot Hafsåsen, så masta står der ein er på det høgaste på vegen, rett ved sidan av vegen.
Det er ganske greit å starte blogg :) Ein bør kikke litt rundt på det som finst på nettet for å sjå kva utsjånad/ layout og moglegheiter bloggane har. Eg synes den eg har er ok, men han er ikkje heilt super. Av og til får eg ikkje layouten til å fungere. Det som er greit med denne, er at han høyrer til i google-familien, og i all hovudsak er det lett å legge inn bilde. Av og til kan ein automatisk få tilgang til bilda på mobilen, men dessverre ikkje alltid.
Det er gratis å bruke denne, og det er ganske mange som er gratis. Om ein skal bli ein stor bloggar, lagar ein ofte eigne domene som ein må betale for, eks. Trines Matblogg. Eg har ikkje så veldig store ambisjonar :) , så derfor synes eg denne er grei.
Håpar det var svar på spørsmåla :)

Ingunn :)

Etiketter