Totalt antall sidevisninger

mandag 9. juli 2018

Turblogg: Eit kinderegg ved sjøen

På veg til møte i Molde i frå jobb på Tingvoll, blei lysta på ein stikk ut-tur for stor, og det endte med at eg fann ei perle - eit kinderegg - ved sjøen i Gjemnes.


Stort sett er det blåe og raude turar eg fortel om, men denne gongen vil eg fortelje om ein kjempefin og grønn tur. Han er tilgjengeleg for dei aller fleste.  Kart og litt meir informasjon finn du på Stikk uts nettside.
Eg trong nemleg å finne ein tur som var kort og lett tilgjengeleg, og då fann eg ut at eg skulle stoppe på den posten som heiter Ikorneset, som er ubetydelege 1,3 km - tur - retur!
Første skiltet eg kom til, varsla om at det kunne vere geiter der. Dette er Oskar Hovde Berntsens geiter. Han er mannen og oppfinnaren bak Nofence, som er eit inngjerdingssystem utan gjerde. Dette kan du lese meir om på nettsida til firmaet. Endeleg ser det ut til at dette kan bli godkjent av Mattilsynet. Men dessverre var ikkje geitene der.


Området ved Ikornneset er av gammal historisk verdi. Funn på området tyder på at det har bodd folk der for ganske lenge sidan. Truleg før kristen tid har det vore busett folk på dette neset som ligg strategisk plassert midt mellom Romsdal og Nordmøre. Kanskje var det ikkje så viktig om det var nettopp Romsdal eller Nordmøre så langt tilbake - amtinndeling kom først nokre hundre år seinare.


Plakatane på Ikornneset viser korleis folket der budde og levde for tusen år tilbake i tid, og dei viser korleis et kan ha sett ut på dette neset. 


Sjølvsagt var fiske ein viktig del av næringsgrunnlaget langt tilbake i tid.


Turen frå parkeringsplassen like ved det nedlagte meieriet på Gjemnes er kort, kort ned til brygga. Ganske fort kjem ein til kinderegg del 1: Båt- og bademoglegheiter: Kom hit på ein varm dag og hopp i sjøen. 
I følgje informasjon eg fann om staden, skal det og vere krabber i sjøen, så ein kan jo prøve seg på krabbefangst og.
Som ein ser på bildet, er ikkje Gjemnessundbrua over til Bergsøya langt unna.
Kinderegg nummer 2 har eg dessverre ikkje bilde av, men det er bålpanne og sitteplassar like ved bryggeområdet. Så derfor: Ikkje gløym å ta med mat når du drar dit - ikkje gløym god tid heller!






Stien bortover til der stikk ut-postkassa er, går gjennom litt skog og lyng. Og her er vi ved kinderegg nummer 3: Kjem du i juli/ august vil du garantert finne både bringebær og blåbær. Ta med vaniljesaus og det du treng for å ha ei herleg dessertstund!



Undervegs passerer ein og gravfeltet med dei ti gravene ein meiner skal vere der. Dette utdraget er saksa frå Nordmøre Museums nettside

"Dei to største gravrøysene har ein imponerande storleik med eit tverrmål på omlag 15 meter og ei høgd på 2 meter. Det er usikkert kor gamle gravrøysene er, men ting kan tyde på at dei stammar frå eldre jarnalder og mest sannsynleg frå perioden år 0 til ca. 600 e.Kr."


Vegen mot postkassa er lagt opp som ein informativ kultursti. Men det er og ein fantastisk skog å gå gjennom. Høge bartrær, små bruer og tydeleg merking tar deg bortover mot det ytste neset.


Ein liten benk å kvile på.



Fjorden som går forbi Ikornneset, er Kvernesfjorden, og rett over fjorden har ein utsikt over til gamle Kvernes Stavkyrkje. Det viser noko om korfor dette området har vore sentralt i skapinga av historia i ytre del av Nordmøre. Det er jo ikkje langt til Aspøya herifrå, kor Aspaætta hadde sin arnestad.

Stikk ut-postkassa.
Det er med andre ord ganske mange gode grunnar for å legge turen innom dette vesle neset neste gong du passerer området. Her er det noko å finne for både store og små! God tur :)






Ingen kommentarer:

Etiketter