Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Tingvoll. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tingvoll. Vis alle innlegg

søndag 21. juni 2020

Turblogg: På historisk grunn i Tingvoll - Øygardsneset

Eg har tenkt lenge at eg skal skrive om Stikk ut-turen til Øygardsneset i Tingvoll, og sist veke kom endeleg det som gjorde det litt meir interessant å fortelje om. 



Med utstikt til ein annan Stikk ut-post, nemleg Kjerkjeberget.
Eg har gått fleire gongar den korte turen frå Tingvoll Gard til Øygardsneset, men har alltid snudd ved postkassa og ikkje syntes det var så mykje spennande å fortelje om. I forrige veke fekk eg gleda av å gå saman med fleire av elevane mine som opprinneleg frå Syria og Eritrea, og då vart det mange fine fotomotiv.
Turen bortover startar ved Tingvoll Gard, kor det er fine parkeringsforhold. 



Her er det berre å rusle til venstre for bommen og fortsette vidare.
Turen går på grusveg heilt bort til postkassa. Ved Tingvoll Gard går det ein liten flokk med sau som er av slaget grå trøndersau. Dei synes det er hyggeleg å bli helst på.


Meron helser på sauene.
Mariam ville og helse på dei fine sauene.
Den dagen vi gjekk, hadde allereie slåttonna komme i gang, og det låg mange rundballar både på denne marka, og som vi skal snart sjå, på andre marker/ åkrar.Det var godt å sjå at det snøfallet som var rundt 17.mai ikkje hadde noko å seie for veksten av graset - det verkar som at bøndene er godt i rute.


Når ein går utover den enkle, greie vegen, er det mykje å sjå på - om ein kikkar til både høgre og venstre. Fine blomsterenger, hestar og krøtter som går og beiter. Ein kan sjå på alle trea - og om hausten skal det visst og vere mogleg å leite etter sopp i skogen.



Det tar ikkje veldig lang tid å gå bort til postkassa; eg brukar omlag 45-50 minutt tur-retur frå Tingvoll vidaregåande. Når ein kjem fram, har ein tre val for resten av turen: Det eine er å snu og gå same vegen tilbake igjen. Det er den løysinga eg har gjort, og medfører ganske lite ekstra å fortelje om. Alternativ to er å ta av opp lia ved postkassa og fortsette turen som ein rundtur - slik du kan lese om i denne beskrivinga frå Morotur. I følgje dei som har gått turen, noko eg aldri har gjort, stig det ganske bratt oppover i starten, og etter ei stund kjem ein opp til riksveg 70, som ein følger vidare. Alternativ tre var det vi valde, nemleg å gå bortover åkeren og legge vegen ned mot sjøen.


Porten er open - det er berre å gå :)
På åkrane bortanfor postkassa låg det mange rundballar. Kva skjer når ein er på tur, det er fint ver og ein er i godt humør? Jau, ein må leike litt :)


Tøffe Julia testar balansen på rundballen.

Ablolom hoppa rett opp og speider utover - slik kanskje nokon før han ein gong i historia og gjorde.

Ok, då får eg vere fotomodell då :)
Men vi kunne ikkje bli verande med rundballane - vi måtte vidare. På åkeren skal ein då ta mot venstre og gå langs skogholtet og inn i skogen. Stien går då litt oppover og gjennom skogen, før det begynner å gå ned mot sjøen.
Øydegard har ei lang historie, og ein kan få litt innsikt i den om ein slår opp i boka som er laga om Tingvoll kyrkje - Tingvoll kyrkje - Gåta Gunnar gjorde. I følgje den boka er den eldste beskrivinga av plassen frå 1773. På åkeren rett bortanfor postkassa fann Gerhard Schøning to bautasteinar. I følgje han har det "Uden al Tvil have de været opreiste til Amindelses Tegn efter een eller fleere af Tingvolls ældste Beboere" (s. 61). Ein Bendixen som fôr der rundt hundre år seinare, refererer til at det har vore ein gravhaug der og at det skal ha vore fire steinar, ikkje to som Schøning skreiv. Forfattaren av artikkelen, Bjørn Ringstad, referer til desse steinane som "tingstad", "tingkrins" eller "domarringar", som var plasserte i ein spesiell formasjon. I følge Wikipedia vart dei lagt til opne og synlege plassar i landskapet, men og i tilknytting til gravplassar og gravhaugar.
Det finst ikkje restar etter dette igjen på Øygardsneset, men det finst bilde av dei frå rundt seksti år tilbake i tid. Dette bildet er avbilda i boka, og Hans Hyldbakk står og støttar seg på den siste resten av bautastein. Ringstad trur at det var fire større bautasteinar som stod i midten oppå ein liten haug. Det må og nemnast at det er gjort svært få funn som liknar dette i Møre og Romsdal, men at noko liknande finst på Bremsnes og Kvernes på Averøya, på Tornes i Hustadvika, på Setnes i Rauma og på Bolsøya i Molde.
Ringstad skriv (s. 63): "Den folkelige oppfatningen av Øygardsneset som en eldre tingplass kan gå tilbake til vikingtid eller tidlig middelalder. Trolig var det på dette tidspunktet at navnet Tingvoll ble knyttet til området". Han påpeiker og at steinsettinga ikkje treng å markere ein stad kor det blei halden ting, men det kan gjere det. "Det er også mulig at det ble holdt ting ute på Øygardsneset i eldre eller yngre jernalder, og at tingplassen senere ble flyttet til selve kirkestedet, kanskje i samband med religionsskiftet" (s. 70).

Oppe på toppen her var det Gerhard Schøning og B.E. Bendixen fann restane av steinkrinsen med bautasteinane.



Vi fann ein kjempefin plass kor vi damene kunne ha fotosession :)

Utover Sunndalsfjorden.

På veg ned mot sjøen.

Utsikt mot Reinsfjellet.

Utsikt mot Almvika og Bergem.
Så var vi endeleg framme nede på Øydegardsneset - det var ikkje så veldig langt å gå gjennom skogen - kanskje 10-15 minutt, ikkje spesielt bratt var det heller.
Nede ved sjøen er det mogleg å lage seg bål med medbrakt ved for å grille - men akkurat no vil eg fråråde det på det sterkaste på grunn av brannfara. Det er fint å sitte på berget der, slik vi gjorde for å nyte sola og skuledagen.


Her kan du lage bål når det ikkje er brannfare.

Sommaridyll :)

Utsikt innover mot Tingvollvågen.

Mariam og Rasha var gjerne fotomodellar i sola :)
Heilt til slutt - sjølvagt nokre bilde av båtar :) Før vi avslutta og tok same vegen tilbake igjen.





tirsdag 30. april 2019

Turblogg: Saglimana er verd eit besøk!

Tidleg sist haust fekk eg med meg elevane på ei vandring opp til Saglimana i Tingvoll. No er turen blitt Stikk ut, og her er mi historie! 


Det var første gongen for både meg og fleire av elevane, og grunnen til at vi skulle gjere denne turen, var at det skulle vere ei religionsfagleg utflukt. Oppe er det nemleg ei flott, utskoren treplate med motivet av og legenda om St. Kristoffer.



Turen startar i enden av Stølsvatnet på Tingvoll, på Saghøgda, omtrent der nyvegen startar. Der tar ein inn til venstre (om ein kjem frå Sunndal). Han heiter Hafellvegen. Køyr eit par - tre hundre meter og parker der.
Vi prøvde nemleg å starte lengre nede, og det var ikkje lurt, og vart derfor ein omveg for oss. Det er lett å finne skiltinga og stien oppover mot Saglimana. Her startar turen oppover lia. Heilt kurant og grei sti - noko myrlendt terreng.

Dette var der vi starta først, men der fann vi ikkje farbar sti så langt.
Myrlendt terreng - prøv å halde ytterkant der det er det.

Vi gjekk feil, og fekk ein omveg. Start derfor der turen startar på Hafellvegen.
Oppover lia er det fin og merka sti, mellom anna ein del slike merka stavar. Saglimana var nemleg stikk ut-tur for ein del år tilbake.


Eit lite stykke oppe i lia begynner ein å få fin utsikt over Stølsvatnet og Saghøgda.





Joggesko var ikkje heilt eigna for turen - bruk gore tex.
Etter å ha gått ei stund - litt vanskeleg å seie kor lang tid vi brukte, begynte skogen å opne seg, og vi skjønte at vi var snart framme.


Og ganske rett: Etter å ha forsert ein liten bakketopp, kjem ein fram til skiltet som seier at ein er framme på Saglimana på 423 m.o.h. Der er det ei turbok å skrive seg inn i.
Eg må ta litt atterhald, men eg trur postkassa til Stikk ut står ved statua. Om eg tar feil, vil eg gjerne ha tilbakemelding om det, så skal eg slette denne informasjonen.


Frå varden ser ein ned på det som er turmålet, nemleg treutskjæringa av St. Kristoffer.



Eit kort stopp for å nyte utsikta utover Tingvollfjorden før vi gjekk ned til turmålet.


Det er bildekunstnaren Ola Sagli som har laga denne utskjæringa, og den vart frakta opp til Saglimana i 1996. Han kjem frå garden under fjellet, og ville gi noko tilbake til heimstaden.
St Kristoffer var ein av fjorten helgenar ein tilkalla når ein var i naud. Han er vernehelgen for alle som er på reise, både til sjøs og på land. Derfor er det god grunn til å legge vegen til dette vakre treutsnittet. På statua finn ein legenda om denne helgenen, som heiter Christophoros på gresk.
Ved treutskjæringa er det godt med sitteplassar og fint å ta ein liten piknik før ein går ned att.






Litt mat må ein ha før ein tar dei 2 km ned att.


denne linken om turen på Stikk ut si side, står det forslag om å ta ein annan veg ned. Nokre av mine elevar prøvde å legge vegen rett ned lia, og det var ikkje ei rute som dei vil oppfordre andre å ta. Så mitt tips er: Ta den same vegen ned att som du gjekk opp.

Statua og sittepassane sett på avstand.






Etiketter