Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten kongeleg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kongeleg. Vis alle innlegg

mandag 19. august 2013

Då er familien Karijord i drift igjen!

I dag har det vore skulestart for tre blad Karijord! Alle tre er med dette i drift igjen - med ei kjensle av vemod for ho mor sjøl...


I dag flagga vi for både Aleksander og kronprinsessa!

På spørsmål om vi skulle hengje ut flagget i dag, svara skuleguten Aleksander "veit ikkje". Han er ikkje så van med at flagget hengjast ut for å feire han. I dag var det dobbel grunn for flagging: Kronprinsesse Mette-Marit fylte 40 år :)

I dag var det ein spent Aleksander som for avgarde til første skuledag - 1799 obligatoriske skuledagar står att + truleg 540 dagar i vidaregåande skule! 2340 skuledagar før han er i hamn med vidaregåande utdanning høyrest drygt ut...

Aleksander veit heldigvis ikkje kor mange skuledagar som ligg foran han!
For mor var det og eit snev av vemod å bringe han til første skuledag. Eg veit ikkje om han tenkte på det sjølv, men det var ein dag kor eg kjente det var ein som mangla i lag med oss. Gjennom dagen har eg komme over fleire songar på radioen som understrekte dette saknet. Det starta tidleg med at eg høyrte "How Am I Supposed to Live Without You" med Michael Bolton. Før eg hadde fortalt all verda at Runar var død, la eg ut link til denne songen på facebookveggen hans. Då enno var det ikkje mange som visste han var borte, men eg visste eg ville sakne han.
På veg til arbeid høyrte eg ein song som passa utruleg godt i dag, og som eg derfor legg med link til her - Cat Stevens udødelege "Father and Son". Med ein skilnad... Runar vart ikkje gammal... Men det kjentes som at det var ei helsing til guten som i dag tok fatt på mange år med skulegange.

Cat Stevens - Father and Son

Og eg kjente han smilte ned til oss i dag - og han tørka stolt ei tåre bort frå augekroken - glad for at heile familien er i drift att!

torsdag 25. juli 2013

It's a boy! God Save the Queen!

Måndag 22.juli kom den lille prinsen av Cambridge til verda! Heile det britiske samveldet jublar - og det gjer eg og!

Eg må berre legge ut ei lita sak som minner om mi store kongelege interesse! Måndag ettermiddag kom den britiske arveprinsen til verda - eit svært venta barn! Ikkje berre for foreldra - prins William og hertuginne Kate, men og for oss som er royale i hjartet!
Eg kjem ikkje til å snurre ei glasskule over hovudet på guten for å sjå korleis livet hans blir, men 22.juli er ein dag som dessverre har negativt forteikn her i Noreg. Tenk om han heller hadde vorte fødd dagen før... Det hadde vorte ein heilmaks rojal dag i Europa! Då hadde han vorte fødd midt i Timbuktus konsert på Skaugumfestivalen som markerte vår eigen kronprins Haakon sin 40-årsdag, som var dagen før! Og i tillegg ville han då vorte fødd den same dagen som kong Albert av Belgia overlot kongetrona til sonen Philippe!
Det hadde altså vore dagen sin det å bli fødd på! Men no vart det ikkje slik, og ut av det kan eg berre tenkje meg at denne guten på det store slottet vil bli ein sta fyr som går sine eigne vegar - akkurat som bestefar sin! Men det er altså heilt vill gjetting frå mi side...!!!

To dagar gammal, og vel heimkommen frå sjukhuset (i parantes kan eg nemne at eg FAKTISK har vore utanfor St. Mary's Hospital i Paddington i London, men at det var i september 2004!), vart det kjent at namnet på guten blir George Alexander Louis.
Eg kan vel ikkje vere meir fornøgd med namnet! Etter å ha bomma noko kraftig på prinsesse Estelle av Sverige sitt namn, tenkte eg at det ville vere enklare å gjette på baby Cambridge sitt namn! Og alle venene mine på Facebook er mine sanningsvitne på at eg eit døgn i forvegen skreiv at han ville bli å heite George til fornamn, og at eg vona dei ville putte inn Alexander i namnerekka! I mitt stille tenkte eg og at Louis - som jo er prins William sitt sistenamn (William Arthur Philip Louis) - og måtte vere eit greit namn å ha med!
Med andre ord: 100 % klaff! Det var for gale at eg ikkje hadde lagt inn namnerekka på ein eller annan oddsspeling! Det hadde vorte gevinsten sin det!

Og medan eg altså er inne på desse kongelege fødslane! Dagens bilete er henta frå kongesamlinga mi! Slik markerte eg at prins William var fødd den gang då i 1982 (21.juni om nokon lurte)! Sirleg utklippa og innlima i Diana-boka mi! Og det var ein langt viktigare fødsel enn den som hadde gått føre seg berre 11 dagar tidlegare i Sverige! Men no er begge desse royale 1982-borna vel gifte, og vi får håpe at både dei, ektefellar og etterslekta deira blir å skape mykje glede i åra som kjem!

God dokumentasjon av at prins William vart fødd i 1982! Eg kjøpte forresten det svenske DAM for å få mange bileter frå barnedåpen!!!

Så vakkert livet på Kensington Palace såg ut då desse bileta vart tatt...

onsdag 30. januar 2013

Om å abdisere - overlate trona!

På måndag kom meldinga om at dronning Beatrix overlet den hollandske trona til sonen, kronprins Willem-Alexander. I Nederland er det tradisjon for slikt, eg kan enno minnes då kronprinsesse Beatrix overtok trona etter si mor, dronning Juliana, i 1980. Wikipedia fortel at etter denne hendinga 30.april 1980, blir dagen feira i heile Nederland som Koniginnedag. Eg trur det blir veldig spesielt i år å overlate trona til ein konge på denne Dronningdagen! Og vonar seremonien blir sendt på NRK - eg sitt klar!

Naturleg nok kjem det mange påstandar frå andre plassar i Europa kor det er folk som vil at kongen eller dronninga abdiserer snarast. Frå England kom Daily Mail fort med ein større artikkel kor dei ynskjer at prins Charles skal seie frå seg sin arverett til trona når Dronning Elizabeth II døyr, slik at prins William og hertuginne Kate kan bli konge og dronning. Argumentet er mellom anna at viss dronninga lever i endå 10 år til, vil Charles vere 74 år når han overtek som regent! Ja, det blir nok kanskje ikkje det ein tenker på som fornying av det britiske kongehuset, nei...
I går, tysdag, var Carl Erik Grimstad, tidligare tilsett på slottet, ute i nyheitene og krevde Kong Harald sin avgang. No er det på tide at kronprins Haakon får overta, hevda han!

Det er det eg har plukka opp i nyheitene så langt. Årleg kjem det krav frå ymse svenskar om at Kong Carl Gustav må abdisere, så kan den flotte kronprinsesse Victoria bli dronning. Det kjem nok garantert ei eller anna slags tabbe frå svenskekongen i år og, så då veit vi kva Se og Hør vil skrive om...
Pussig nok er det sjeldan ein høyrer tilsvarande frå Danmark... Men no har dronning Margrethe blitt så sjukeleg og dårleg til beins - truleg røykefota - så no synes eg ho må overlate trona til den ranke kronprins Frederik!
Det samme ser vi i Spania... Dei siste åra har det vore mykje skriveri om Kong Juan Carlos og noko utruskapsaffærer han var innblanda i - var det ikkje ein unge og innblanda i det? Få han til å abdisere snarast, seier no eg!
Og så var det han her Albert av Belgia då... Kong Harald sitt eige søskenborn... Gamle mannen - langt over 70...
Og han Albert i Monaco - sei meg, blir det ikkje ungar der snart? Og prinsesse Caroline sin eldste son, Andrea, venter eit uektefødt born med kjærasten, og sida dei ikkje rekk å gifte seg før den kjem, blir ikkje den arving... Og Albert sine uektefødde born i USA er jo heller ikkje arvingar...
Er det mange fleire monarki igjen i Europa å skrive om då? Det er så mange flotte tronarvingar som står parat til å overta etter foreldra sine - kanskje ein bare skulle foreina seg i ein felles norm for alle monarkar: Abdiser ved fylte 70! Men ikkje Kong Harald då - for han vil vi ha til han tek sitt siste andedrag!

Etiketter