Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Snøhetta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Snøhetta. Vis alle innlegg

onsdag 15. august 2018

Turblogg: Så var det dette teltlivet då...

Før eg drar vidare på neste tur, må eg dvele litt ved teltlivet og slikt....


I dette blogginnlegget, som handlar om korleis eg gjorde meg klar for den store turen til Snøheim og Snøhetta, etterlot eg eit spørsmål om korleis det gjekk med teltplanane ved Snøheim...
Fredag kveld mesta bøtta det ned med regn. Eg visste av erfaring at regnet ville halde seg ute frå teltet, men orka eg jobben med å sette det opp - det var mørkt og hustrigt. Og alle andre hadde fått opp sine telt... 
Eg både spurte ikkje berre ein, men to gonger om det var ledig sengeplass inne på Snøheim... Og det var det... Men til slutt bestemte eg meg for å halde fast ved bestemminga: Eg skulle ligge i telt på mesta 1500 meters høgd!
Så var det berre å gi seg i gang/ kamp med teltet, og rett skal vere rett: Det var mange - iallfall nokre - som meldte seg til hjelp. Så teltet kom opp. I Fjelltids teltcamp ved Snøheim Turisthytte hadde nok eg garantert det billigaste og enklaste teltet.

Eit lite utsnitt av teltleiren til Fjelltid søndag morgon.
Eg spela inn ein liten video fredag kveld, der eg snakka om nokre tankar rundt det å ligge i telt.


Eg kledde på meg eit sett superundertøy og rekna med at det skulle halde gjennom natta. Det som vart resultatet av den første natta i telt, var at det var veldig kaldt - til trass for at eg hadde eit godt liggeunderlag og ein utapåtrekkspose utanpå soveposen. Etter eit nødvendig ærend ute langt utpå natta, fekk eg endeleg eit par tima med skikkeleg sømn. Dermed var ikkje opptakta til snøhettaturen den beste.

Neste natt måtte eg vere bedre førebudd, og eg rekna med eg var stuptrøytt etter turen. Utanfor teltet satt ein gjeng av dei eg hadde week-enden saman med og skråla. I rundt kl. 22 låg skodda enno øvst i toppen av Snøhetta, men ein times tid seinare hadde den pakka inn Snøheim og omgjevingane rundt. Det vart ei påminning om kor upåliteleg veret er i høgda. Her er ein video kor eg snakkar litt om det.


Ikkje minst nemner eg i videoen kor mykje klede eg har på meg... Sanninga er at det vart veldig kaldt om natta - temperaturen var nok lågare enn førstenatta, men heldigvis kom ikkje kulingen som var meldt.

I og med at eg sov skrekkeleg dårleg om natta, higa eg etter å kome meg heim. Vi var nokre som drog avgarde med første bussen i 9-tida. Ei av dei andre hadde lyst på Viewpoint Snøhetta, så drog vi dit.
Det som var interessant med turen opp til den spesielle utkiksposten, var at det låg med jamne mellomrom plater i bakken som fortalte om kor ein var i historia og kva som skjedde då. Så vidt eg veit, er det foreininga Bevar Dovre mellom istidene som har vore initiativtakarar til dette for å gi ei kultur- og naturhistorisk tilnærming.





Kva meiner eigentleg Ingunn om telting og slikt friluftsliv?


Heilt til slutt nokre tankar om det å utvikle friluftslivinteressa ytterlegare.
Eg hadde fire netter i telt den veka. Som eg seier i videoen her: Eg blir nok aldri nokon stor teltentusiast, og trur nok eg vil halde meg heller til å gå frå hytte til hytte. 
Det er ganske lett å skulde på at eg ikkje har lært noko om teltlivets gleder heime med mamma og pappa. Vi snakkar enno om den gongen mamma og pappa skulle sette opp telt på ein campingplass i Loen i 1978... Det var ikkje spesielt vellukka. Dei fekk det opp til slutt, men det var på ein heilt annan plass enn den campingplassen, for å seie det slik.
Nei, eg kan ikkje berre skulde på dei. Men hittil har eg vel knappast kjent på interessa om å dra ut på telttur. Eg håpar eg hamnar dit, og eg håpar eg orkar å ta den bærejobben det er å få telt, utstyr og mat til fjells.

Og eg veit at det er mange naturopplevingar eg går glipp av når eg droppar teltet, men det får stå si prøve.
Ein viktig grunn til at eg veit at det ikkje vil bli så mykje av det, er fordi eg ser sjølv at eg har begrensa bærekapasitet. Det var ei erfaring eg gjorde meg på denne turen. Viss eg går saktare, kan eg nok greie å bære 15 kg, men det er eigentleg for tungt for meg viss turen er lang og/ eller tung. Det er eigentleg ei dryg innrømming å kome med, men eg veit og at det arbeidet som krevst for å styrke ryggen, det vil seie mykje styrketrening,.... eg er ikkje der... eg trur ikkje eg maktar...

Viss du som les dette, lurer på om Fjelltid kan vere eit nettsamfunn for deg, bør du absolutt melde deg inn på denne linken og sjekke det ut nærmare.
Mine eigne erfaringar med å vere på tur med Fjelltid som arrangør, er veldig positive. Som eg nemnte sist, burde alle ha ein gledesgut å gå saman med på tur. Som eg skreiv, veik han mesta ikkje frå mi side, for eg skulle opp - alle som ville til topps, skulle få kome seg til topps, og der var turleiarane påkopla for å motivere og hjelpe til. Eg synest det var ei utruleg god turoppleving. 
Eg må ta ei lita episode heilt på slutten av turen vår. Klokka var bikka 18, og vi var ikkje nede enno, og middagen var kl. 18.30. "Så kjekt at vi kjem fram rett til middagen", sa gledesguten Jarle. "Vel, eg kunne no gjerne tenkt meg ein halvtimes beinstrekk først", var min tørre kommentar tilbake. "Men eg prøvde berre å vere positiv og sjå det gode i det", kom det muntert tilbake frå Jarle :)

Viss du og treng ei slik god turoppleving, er mi klare oppfordring å melde deg inn (det er gratis), og hiv deg med på tur. Eg tvilar på at du vil angre :) Fjelltid er ein gjeng turglade menneske som ønsker at endå fleire skal bli turinteresserte!

søndag 12. august 2018

Turblogg: Så var det dags for Snøhetta!

Helga 2.-4. august var eg på helgetur til Snøheim med nettsamfunnet Fjelltid. Laurdag var det dags for tur til Snøhetta. Eg tenker fortsatt på "Ingen grenser"-gjengen som gjekk dit.


La det vere sagt med ein gong: Eg har utruleg stor respekt for den turen "Ingen grenser"-gjengen gjorde frå svenskegrensa til Snøhetta. Der gjekk lamme, kortvokste, blinde, døve med meir oppover den steinate ura, og det var berre avslutninga på turen! I ettertid kan eg seie eg bøyer meg i støvet for dei!

Laurdag 3. august: Klart for tur til Snøhetta. Då eg vakna ikkje heilt utkvilt etter ei kald og delvis sømnlaus natt i teltet, var det berre å krype ut og tenke positive tankar. Eg skulle til Snøhetta! Det har vore eit mål i fleire år - eigentleg sidan eg såg "Ingen grenser" på TV. Viss dei funksjonshemma deltakarane greidde å kome seg opp på toppen, måtte no eg og greie det!
Eg laga niste og tok med dei mest nødvendige tinga: Regnklede, stilongs, tjukk og tynn fleecejakke, mat, drikke og kamera. Kan ikkje gå på topptur utan skikkeleg kamera! 
Eg hadde aldri vore så høgt i fjellet før, så det var ikkje heilt godt å vite kva som var nødvendig og ikkje. Veret skiftar fort, heiter det, men det betyr vel begge vegar - både bedre og dårlegare?!
Det var ganske bra med sol og ein heilt ok temperatur då Fjelltid-gjengen starta turen kl. 9. Eg gjekk berre i ulltrøye og turbukse (vel å merke den varmaste), men mange gjekk i t-skjorte og litt lang shorts.

Det låg til rette for ein fin tur opp til Noregs høgaste fjell utanfor Jotunheimen.

Tidleg morgon og klar for tur! 

Snøheim som utgangspunkt gir eit vell av turmoglegheiter!
Så var vi startklare frå Snøheim. Her var det berre å finne ein høveleg plass i gjengen for å ha nokon å gå saman med. Mi mistru var om nokon gjekk så sakte som eg veit eg går.
På den nedste delen av stien går ein forbi restane etter gamle Reinheim fjellhytte. Seinare vart ho bygd opp att eit godt stykke nærmare Kongsvoll. Ein må og over ei elv. Og NB! NB! Det er der du må fylle opp vassreservoaret for turen! Det er ganske mange steinar lagt ut i elva for å komme seg over, men ein må likevel passe seg så ein ikkje plumpar uti eller blir våt.


Etter eit lite stykke til kjem ein til ei eller anna slags hytte. Her venta dei raskaste på oss saktaste, og det var fotografering av gjengen.
For å seie litt om Fjelltid: Det er sosialt nettsamfunn som har eksistert i fleire år, først under namnet Fjelldate, før det endra namnet til Fjelltid. I førsten var nok meininga at ein skulle finne nokon å ha ein date i fjellet med eller ein date med fjellet, men som Fjelltid har det vorte ein arena på nettet å møte andre fjellinteresserte. Så har det blitt stadig fleire turar administratorane arrangerer. I starten var det mest Rondane, Valdres og Hardangervidda. Så var nok eg ein av dei som klaga og sa det måtte komme turar litt lengre nord og, og no trur eg dette var den tredje turen dei hadde til Dovre. For meg var det første tur saman med Fjelltid. Det er ein god ting å møte andre som og likar å gå i fjellet. Gjengen som var samla denne helga var i alderen frå 20-åra til 60-åra.


Så starta sjølve stigninga. Frå Snøheim til Snøhetta er det omlag 800 høgdemeter og heile vegen går på stein, stein og atter stein! Det er veldig godt merka med både sommarrute og vinterrute (truleg mange som går på ski frå Reinheim). På bildet under ser ein både litt av merkinga og stien frå Snøheim.


Etter kvart vart vi ei firergruppe som gjekk bakerst og danna baktropp - nokon må ta den rolla og! Og vi heldt følge heile vegen både opp og ned! Jarle veik knappast ein tomme frå meg, og det var utruleg trygt og godt - eg er slettes ikkje vant til ei slik steinvandring. Og etter kvart vart ikkje veret det beste heller. Jarle kallar seg for hyggeleg skuld for "gledesgutt", og eg tenker alle burde ha fornøyinga med å gå tur saman med ein gledesgut! Turen blir så utruleg mykje trivelegare og lettare å gå.
Og dessutan var han utruleg snill. Eigentleg var ikkje sekken for tung, eg skulle greidd å komme meg opp med alt eg hadde pakka, men når han spør om eg treng litt sherpahjelp, seier eg ikkje nei.


Oppover og oppover bar det, og det var tungt til beina. Eg hadde velt dei største/ kraftigaste skoa frå Salomon denne helga, og dei vart delvis glatt då det begynte å regne. Eigentleg var dei nok litt tunge og gå i og, så dei andre turskoa mine hadde nok vore vel så bra på denne turen. 
Fortsatt var det blå himmel, litt sol og t-skjortetemperatur.


Ser du pipa som stikk opp frå fjellet midt i bildet? Det er toppen. Med andre ord - fortsatt eit godt stykke att. Viktig å ha godt med energiprodukt i sekken. Eg hadde med noko slags energisjokolade og eple (og for lite vatn...), og eple i tursekken er mitt beste tips. Det gir både energi og væske. Eg hadde delt opp epla i biter, slik at eg porsjonerte dei ut over heile turen. Boksen med nøtter eg skulle ha, låg att i teltet...


Snøhetta er ved foten inn i Sunndalsfjella. Åmotdalshytta ligg i Dovre kommune, men er eigd av Kristiansund og Nordmøre Turistforening. Først var plana mi å gå frå Jenstad til Snøheim via Loennechenbua og Åmotdalshytta saman med ein annan som skulle på weekenden, men det vart droppa, og eg er nok litt glad for det. Ein treng ikkje gå over Snøhetta for å gå frå Åmotdalshytta til Snøheim, men dei fleste gjer nok det. Det hadde blitt to dagsetappar på rundt 20 km kvar, og det er jo eit stykke...



Turen begynner å gi utsikt. Usikker på kor høgt dette er, men kanskje 1700 meters høgd.
For kvart skritt vi tar, begynner toppen å nærme seg. Det fine med turen er at kvart skritt gir nye høgdemeter, så ein kjem forholdsvis fort oppover i høgda. Og høgda på pipa som ein ser meir og meir av, er ein god målestokk på at ein nærmar seg.


Så kom eg endeleg fram til Snøhetta! Eg greide det. Men akkurat då var eg mest opptatt av å få i meg mat - ete lunchen med utsikt! Vi fekk ete maten vår i fred og ro, men ein av dei som kom opp ei stund før oss, fekk plutseleg selskap av ei svolta lita mus...
Her er videoen eg laga til direktesending på Facebook for å fortelje at eg var komen opp. Meld frå kor du går - både på lange og korte turar :D PS! Farga på lua var ikkje tilfeldig!


Så var det berre å gi seg i gang med fotograferinga! Og eg er jo ikkje flink på verken retningar eller stadsnamn. Men om eg ikkje tar mykje feil, skal ein kunne skimte Reinheim i det fjerne her.


Vesttoppen og Midttoppen.

Ein av dei andre hadde med hunden Theo, og han fall eg pladask for :)




Her går stien vidare til Midttoppen og Vesttoppen.
Ja, eg greide å komme meg opp - det var drygt, men bra!
Herleg utsikt, men eg skulle kome fram tidlegare. På ryggen foran beina går stien vidare mot Åmotdalshytta.





Nedover ryggen går stien vidare mot Åmotdalshytta. Det er vel og ein sti på andre sida av det bortaste vatnet ein ser.


Noko av det aller tyngste og drygaste med turen, var at veret skifta ganske ofte, og dermed måtte eg på og av med regnbuksa (og då + skoa). Elingane varte som oftast ikkje lenge, men eg var ikkje interessert i å bli våt. Det at det stadig kom regn, gjorde at steinane vart våte, og ein måtte passe ekstra på for ikkje å gli og ramle.
Veret skiftar fort i fjellheimen, men vi vart heldigvis ikkje overmanna av skodde.
Apropos det: Eg las ein artikkel på nett nettopp om ein av "Ingen grenser"-deltakarane som vart overmanna av uver på veg ned frå Snøhetta, og då måtte han og Lars Monsen overnatte i telt mens stormen rasa utanfor. Det er eg glad eg slapp å oppleve.
Eg har stor respekt for det "Ingen grenser"-gjengen fekk til. Kanskje vi ikkje er ofte nok takksame for det å vere funksjonsfriske og ha to bein som tar oss (mesta) dit vi vil?


Nytt livsmotto: "Det spelar inga rolle kor sakte du går, så lenge du ikkje stoppar" - Konfucius :)

tirsdag 7. august 2018

Turblogg: På veg mot Dovres tak!

Fredag morgon: Startklar for å reise til Dovre og gå innover fjellet. Her er nokre inntrykk frå turen.



Han eg skulle gå saman med, ville vi skulle starte på Grønbakken (ein stad eg ikkje ante fantes...). Som ein ser på kartet, er det ei lita mil sør for Kongsvoll. Tanken var at det var kortare å gå derifrå enn frå Kongsvoll. Frå Kongsvoll via Reinheim er turen ca 20 km. Frå Grønbakken ville turen bli 16-17 km. Som ein ser på kartet, er det ei stipla line som viser at ein kan krysse over det skaret (eller kva eg skal kalle det) i direkte line mot Snøheim. For å seie det med ein gong: Stipla line betyr i beste fall nokre vardar. Det kjem eg tilbake til.



Fredag formiddag starta vi frå Grønbakken med retning Snøheim. Det er merka sti frå Grønbakken til Reinheim, så dei første kilometra fulgte vi den stien innover. Då vi starta var det ganske bra med sol mellom skyane. 


Med den største oppakninga eg nokon gong har hatt, var eg startklar. Det var i høgaste grad første gong eg var ute og vandra med telt på ryggen. Vi tippa vekta på sekken til 15 kg - om det var rett, veit eg ikkje, men lettare var det iallfall ikkje.
Vi hadde ikkje gått så veldig langt då eg kjente tyngda av sekken. Reimene gnog mot skuldrane og det gjekk ikkje fort med meg sjølv om det var eit lett terreng.

Driva ved Grønbakken.
Driva kryssa vi då vi starta, men så var vi på veg bort frå elva som bind saman Dovre, Oppdal og Sunndal kommunar. Litt seinare kom vi opp på sida av elva som vel heiter Stropla. Bildet under er tatt der vi hadde første matpause. Det var fortsatt ganske ok vér, men når ein såg i den retninga vi skulle gå (neste bilde), var det svarte skyar som truga. Ville det kome regn eller ikkje? Eg hyra meg i regnklede, og det var ganske smart, for det begynte å både regne og blåse.
Mogleg makkaren min syntest det gjekk for sakte, for før vi gjekk spurte han om eg ville at han tok nokre kilo av mi bagasje... Det var ikkje det som var meininga, men det letna veldig for meg, og gjorde resten av turen meir behageleg.



Noko av det spennande på turen var å følge med kva dyreskit og dyrespor vi såg. I følge makkaren min måtte dette vere ferske moskusspor, og vi hadde og sett det som vel var ganske fersk moskusskit. Skulle tru om det var moskusar ute og luska på vår rute?



Og ganske riktig: Då vi hadde gått eit stykke, spurte turmakkaren min om eg hadde med kikkert. Det hadde eg ikkje, men eg hadde eit bra kamera med. Det kunne fungere som kikkert ganske bra, og då vart et mogleg å zoome inn moskusen vi såg. Eg måtte sette meg ned og zoome skikkeleg. Dette var bra - vi var på betryggande 3-400 meters hald (tippar eg).



Det viste seg at det var mor og ein kalv. Sjølv om eg hadde sett moskus ein gong tidlegare på betydeleg nærmare avstand, synest eg dette var ei større naturoppleving. Her såg eg moskusen på sin eigen heimebane.


På bildet under her kan ein sjå kor stien kjem over eidet til venstre frå Kongsvoll med retning Reinheim. Her er vi fortsatt på stien som går på denne sida av elva i retning Reinheim.


Turkompanjongen min hadde med kart og kompass, og fann ut kor vi skulle skifte retning mot Snøheim. Noko meir opp i høgda skulle vi, og det kom jamnt med regn på turen. Eg stolte på han som hadde kunnskapen, men vi gjekk stilaus. Det er ganske slitsomt, for det var mykje reinsmose, og det er mesta som å gå på myr - sug kreftene for annan kvart skritt.


På 1400 meters høgd.
Plutseleg kom vi over eit kort stykke med varding, men det var ikkje så langt at ein kunne stikke kursen vidare. Det var heller ikkje sti, så det var berre å satse på at kursen var rett.


Sakte flytta vi oss kilometer for kilometer. Vi fekk auge på to karar som var ute og gjekk, men vi fortsette vår kurs. Turmakkaren min meinte dei kanskje valte kortaste vegen til vegen mot Snøheim. Eg var heilt av i mine bein, og var berre glad om dekket under føtene kunne bli fastare enn det var. Det kjentes som at eg sjangla meg bort til den vegen - men gjett om det var kjærkomment å komme fram til han?! Litt omveg, for det vart to kilometer å gå bort til Snøheim turisthytte.
Tommel opp for innsatsen min, eg var kjempesliten, og håpte at eg akkurat rakk middagen - neida, neste bordsetting var ein time seinare... Men eg var framme etter å ha gått truleg ca 17 km over ganske mange timar.
Det store spørsmålet var så: ville eg feige ut og hyre meg inn på eit rom på hytta, eller ville eg ligge i teltet mitt i teltleiren??? Status: Det var regn og hustrigt.
Den som følger på, får sjå!



mandag 6. august 2018

Turblogg: Eg gjer klart for topptur!

I førre veke brukte eg dagane og nettene til å gjere meg mentalt og fysisk klar for å gjennomføre nok ein topptur. Denne bloggen handlar om at ein amatør førebur seg :)


For ei stund sidan meldte eg meg på fellestur med nettgruppa Fjelltid til Snøheim med innlagt tur til Snøhetta. Sjølvsagt valfritt om ein ville ligge i telt eller ikkje, men eg tenkte det var greit å prøve seg på teltlivet.
"Du må trene på å ligge i telt før du drar", sa ei eg kjenner. Aj aj aj... Eg har mesta aldri lege i telt, trur det kan teljast på færre enn ti fingrar. Det var ikkje det eg lærde mest om heime, og det er heller ikkje det eg så langt har lært ungane mine. 

Tanken min bak desse skribleria er rett og slett "face your feares"! Ein må gå i møte det ein fryktar eller det ein ikkje kan med bratt nakke. "Det har eg aldri gjort før, så det får eg til", sa vel Pippi Langstrømpe. Eg kan berre konkurrere med meg sjølv, gjere meg sjølv bedre og gi meg sjølv nye opplevingar.
Sanninga var at det var nokre ganske store elefantar i hovudet mitt... Kva skulle eg ha med? Kor mykje greier eg å bere? Kva skal eg ete? Må eg ha med meg primus? Blir det for kaldt å ligge i teltet med soveposen min? Eg har ikkje liggeunderlag, kva gjer eg? Tenk om det blir uvér på fjellet - kva gjer eg?
Alle desse tankane og fleire til kverna og kverna i hovudet mens eg satt og såg "Monsen - minutt for minutt" for å psyke meg opp og for å få nokre tips. Hurra for Lars Monsen, seier eg. Eit vidunder i å motivere oss med lite kunnskap og trass alt lite turerfaring.
At eg skulle greie sjølve turen til Snøhetta, visste eg, for den treninga hadde eg gjort. Men korleis skulle altså teltlivet i to dagar gå??? Her var eg inne i eit ganske lufttomt og mørkt rom i mi kunnskapsbase - og det er derfor eg skriv dette. Vi er ikkje verdsmeistrar i det vi ikkje har kunnskap og erfaring om - og det er lov å innrømme det! Slik er det!
Så her kjem litt om det eg gjorde i forkant av fjellturen.

I og med at eg hadde bestemt meg for å ligge i telt ved Snøheim (på mesta 1500 meters høgd...), gjekk eg til innkjøp av eit superbillig telt på Coop Extra i sommar. 350 kr kosta det - og kva får du for 350 kr? Jau, eit knøttlite tomannstelt! Eg rekna ikkje på metersprisen på nylonet som var brukt for å lage det, for å seie det slik.

Så med tanken om at eg måtte trene på å ligge i telt, bestemte eg meg for å prøve teltlivet i Valsøyfjord i Halsa kommune då familien drog på utflukt til campingen og klatreparken Høyt og lavt. Dessutan ville jo og besøket i klatreparken vere god trening på "ting ein ikkje kan".
Derfor lagde eg nokre videoar som de kan hygge dokker med for å høyre kva eg tenkte om teltlivet og den slags i Valsøyfjord.



Første natta var det fint ver, men det blei kaldt. Eg mislikar enormt sterkt å fryse når eg skal sove, for då søv eg minimalt. Så neste natt hadde eg fått henta inn ein flanellpose til å ha inni soveposen.
Men den natta dukka det nemleg opp ei anna utfordring: Regn. Her kan du høyre kva eg meiner om den saka:


Og her skal eg fortelje noko: Teltet til 350 kr heldt regnet ute! Det var eg utruleg overraska over. Inne i flanellposen og soveposen vart det knallvarmt og klamt, men regnet kom ikkje inn i teltet! Så moralen er: Du skal ikkje skode hunden på håra! Eller: Du skal ikkje skode teltet på prislappen! Billig blir sjeldan bra, men det kan vere heilt ok.

Så var eg heilt klar for ein dag i klatreparken. Det var kjempegøy - både ungane og vi vaksne kosa oss med dei forskjellige løypene. Dei grønne løypene var kjempefine! Fin utfordring, og eg fann fort ut at zipline er gøy 😁 Men eg måtte prøve meg på den blå løypa og. 
Men i hengebrua som er på bildet under... der kom panikken 🙀. Eg kom meg over, men det var ikkje nubbesjans at eg skulle komme meg vidare. Så eg snudde, gjekk den samme gyngande vegen tilbake og klatra ned. 


Men som sagt er jo zipline gøy, så eg bestemte meg for å prøve lina som gjekk 250 meter tvers over campingplassen på slutten av dagen - siste "passasjer". Det var kjempegøy! Videoklippet er det som eg direktesendte på Facebook (takk, Facebook, for direktesendingsfunksjonen 😀 ).

   

Så kom eg heim onsdag kveld, og hadde dermed berre torsdagen til å gjere ferdig førebuingane til den verkelege turen. Enno var det litt i det blå om eg skulle gå eller busse til Snøheim fredagen. 
Før eg skulle dra til Dovre, hadde eg fått litt hjelp til lån av utstyr av ein privat "utlånssentral", og i det og gode tips om korleis ein skal overleve i høgfjellet ei kald sommarnatt. Tusen takk til Marit for lånet og tipsa!
Eit stykke utpå torsdagskvelden fekk eg napp på ein turforespurnad, og dermed vart plana å gå inn til Snøheim frå Grønnbakken ved E6. Då var det berre å hive seg rundt og gjere seg klar for ein rundt 17 km lang tur.
Fredag morgon gjorde eg meg klar til å dra. På denne videoen kan du sjå kor oppakka sekken var - truleg rundt 15 kilo (ok, eg veit at det ikkje er så mykje, men alle ryggar er ikkje like). Korleis det gjekk, skal eg fortelje i neste blogginnlegg.
PS! I videoen seier eg at eg skal til Snøhetta, men då meinte eg Snøheim - at eg skulle gå til Snøheim. Oppfølging av det kjem i neste innlegg.


Etiketter