Totalt antall sidevisninger

mandag 6. august 2018

Turblogg: Eg gjer klart for topptur!

I førre veke brukte eg dagane og nettene til å gjere meg mentalt og fysisk klar for å gjennomføre nok ein topptur. Denne bloggen handlar om at ein amatør førebur seg :)


For ei stund sidan meldte eg meg på fellestur med nettgruppa Fjelltid til Snøheim med innlagt tur til Snøhetta. Sjølvsagt valfritt om ein ville ligge i telt eller ikkje, men eg tenkte det var greit å prøve seg på teltlivet.
"Du må trene på å ligge i telt før du drar", sa ei eg kjenner. Aj aj aj... Eg har mesta aldri lege i telt, trur det kan teljast på færre enn ti fingrar. Det var ikkje det eg lærde mest om heime, og det er heller ikkje det eg så langt har lært ungane mine. 

Tanken min bak desse skribleria er rett og slett "face your feares"! Ein må gå i møte det ein fryktar eller det ein ikkje kan med bratt nakke. "Det har eg aldri gjort før, så det får eg til", sa vel Pippi Langstrømpe. Eg kan berre konkurrere med meg sjølv, gjere meg sjølv bedre og gi meg sjølv nye opplevingar.
Sanninga var at det var nokre ganske store elefantar i hovudet mitt... Kva skulle eg ha med? Kor mykje greier eg å bere? Kva skal eg ete? Må eg ha med meg primus? Blir det for kaldt å ligge i teltet med soveposen min? Eg har ikkje liggeunderlag, kva gjer eg? Tenk om det blir uvér på fjellet - kva gjer eg?
Alle desse tankane og fleire til kverna og kverna i hovudet mens eg satt og såg "Monsen - minutt for minutt" for å psyke meg opp og for å få nokre tips. Hurra for Lars Monsen, seier eg. Eit vidunder i å motivere oss med lite kunnskap og trass alt lite turerfaring.
At eg skulle greie sjølve turen til Snøhetta, visste eg, for den treninga hadde eg gjort. Men korleis skulle altså teltlivet i to dagar gå??? Her var eg inne i eit ganske lufttomt og mørkt rom i mi kunnskapsbase - og det er derfor eg skriv dette. Vi er ikkje verdsmeistrar i det vi ikkje har kunnskap og erfaring om - og det er lov å innrømme det! Slik er det!
Så her kjem litt om det eg gjorde i forkant av fjellturen.

I og med at eg hadde bestemt meg for å ligge i telt ved Snøheim (på mesta 1500 meters høgd...), gjekk eg til innkjøp av eit superbillig telt på Coop Extra i sommar. 350 kr kosta det - og kva får du for 350 kr? Jau, eit knøttlite tomannstelt! Eg rekna ikkje på metersprisen på nylonet som var brukt for å lage det, for å seie det slik.

Så med tanken om at eg måtte trene på å ligge i telt, bestemte eg meg for å prøve teltlivet i Valsøyfjord i Halsa kommune då familien drog på utflukt til campingen og klatreparken Høyt og lavt. Dessutan ville jo og besøket i klatreparken vere god trening på "ting ein ikkje kan".
Derfor lagde eg nokre videoar som de kan hygge dokker med for å høyre kva eg tenkte om teltlivet og den slags i Valsøyfjord.



Første natta var det fint ver, men det blei kaldt. Eg mislikar enormt sterkt å fryse når eg skal sove, for då søv eg minimalt. Så neste natt hadde eg fått henta inn ein flanellpose til å ha inni soveposen.
Men den natta dukka det nemleg opp ei anna utfordring: Regn. Her kan du høyre kva eg meiner om den saka:


Og her skal eg fortelje noko: Teltet til 350 kr heldt regnet ute! Det var eg utruleg overraska over. Inne i flanellposen og soveposen vart det knallvarmt og klamt, men regnet kom ikkje inn i teltet! Så moralen er: Du skal ikkje skode hunden på håra! Eller: Du skal ikkje skode teltet på prislappen! Billig blir sjeldan bra, men det kan vere heilt ok.

Så var eg heilt klar for ein dag i klatreparken. Det var kjempegøy - både ungane og vi vaksne kosa oss med dei forskjellige løypene. Dei grønne løypene var kjempefine! Fin utfordring, og eg fann fort ut at zipline er gøy 😁 Men eg måtte prøve meg på den blå løypa og. 
Men i hengebrua som er på bildet under... der kom panikken 🙀. Eg kom meg over, men det var ikkje nubbesjans at eg skulle komme meg vidare. Så eg snudde, gjekk den samme gyngande vegen tilbake og klatra ned. 


Men som sagt er jo zipline gøy, så eg bestemte meg for å prøve lina som gjekk 250 meter tvers over campingplassen på slutten av dagen - siste "passasjer". Det var kjempegøy! Videoklippet er det som eg direktesendte på Facebook (takk, Facebook, for direktesendingsfunksjonen 😀 ).

   

Så kom eg heim onsdag kveld, og hadde dermed berre torsdagen til å gjere ferdig førebuingane til den verkelege turen. Enno var det litt i det blå om eg skulle gå eller busse til Snøheim fredagen. 
Før eg skulle dra til Dovre, hadde eg fått litt hjelp til lån av utstyr av ein privat "utlånssentral", og i det og gode tips om korleis ein skal overleve i høgfjellet ei kald sommarnatt. Tusen takk til Marit for lånet og tipsa!
Eit stykke utpå torsdagskvelden fekk eg napp på ein turforespurnad, og dermed vart plana å gå inn til Snøheim frå Grønnbakken ved E6. Då var det berre å hive seg rundt og gjere seg klar for ein rundt 17 km lang tur.
Fredag morgon gjorde eg meg klar til å dra. På denne videoen kan du sjå kor oppakka sekken var - truleg rundt 15 kilo (ok, eg veit at det ikkje er så mykje, men alle ryggar er ikkje like). Korleis det gjekk, skal eg fortelje i neste blogginnlegg.
PS! I videoen seier eg at eg skal til Snøhetta, men då meinte eg Snøheim - at eg skulle gå til Snøheim. Oppfølging av det kjem i neste innlegg.


Ingen kommentarer:

Etiketter