Totalt antall sidevisninger

tirsdag 17. august 2021

Turblogg: Del 2: Tankar om livsmeistring på returen langs Fjordruta frå Jøtulbu til Halsa

Mens den første dagen var overgitt i Stikk uts hender, vart returen frå Jøtulbu til Halsa prega av å spektakulær og flott utsikt. Men først må ein komme seg opp i høgda.

Dag to vakna Prins og eg opp klare for å ta returen tilbake til bilen i Halsa. For meg var det ein stor siger å greie å gjere turen på eigenhand - både å planlegge han godt nok til å vite at eg kunne gjere det og det å faktisk gjere det. Dette var ei skikkeleg oppleving av livsmeistring. Det er uhyre viktig for å kjenne at ein lever. Om ein ikkje opplever livsmeistring, trur eg det er er vanskeleg å vekse og utvikle seg som menneske.

Litt om hytta

Jutulbu er ei romsleg hytte med plass til mesta tjue å overnatte - inkludert flatsenger og hems. Hytta er tjue år gammal, og i følge avisartiklar eg fann på hytta, vart ho bygd i frå juli til oktober 2000! Eg er taus av undring om dugnadsinnsatsen til dei som gjorde det!
Mens eg snakkar om dugnadsinnsatsen, kan eg og nemne kor glad eg er for at eg fekk intervjue dei to 90-åringane  Arnfinn Unhjem og Hans Eivind OIsen i sommar oppe på Vollasetra. Unhjem kan vel nær sagt kallast hovudarkitekten bak Fjordruta. Han hadde arbeidet med å kontakte alle grunneigarar for å få tillating til å legge sti på eigendommen deira og han har hatt mykje av arbeidet med å gå opp ruta og merke ho. I tillegg var både han og Olsen blant dei ivrigaste snekkarane til å bygge opp hyttene langs Fjordruta, og i følge Olsen, bygde dugnadsgjengen ei hytte i året. Unhjem er æresmedlem i turistforeininga for innsatsen!

Avgang frå Jutulbu med retning Halsa


Kvelden før hadde eg kikke i eit hefte kor ulike turar stod skildra (det heftet finn du i denne lenka). Då eg vakna om morgonen, var det skodde, og det var litt nedtur, men eg visste vermeldinga sa at det ville bli bedring. Då vi var klare til å gå, hadde skodda letta såpass at eg kunne skifte til shortsen.
Men så var det kva veg eg skulle gå...Ein av turane som stod omtalt var via Skreåfjellet og Vassdalsheia. Det ville medføre, utan skodde, ei nydeleg panoramautsikt på mesteparten av turen, og det freista veldig. Men sjølv om mykje av skodda letta når eg skulle starte å gå, var det enno ikkje letta rundt Skreåfjellet.
Likevel starta eg å gå mot Settemsvarden kor eg var kvelden før. Frå der skulle eg gå bortover i retning Skreåfjellet. Men tåka var ikkje letta då eg kom fram til Settemsvarden, og sidan eg måtte ha telefonen i flymodus på grunn av lite batteri, og dermed mangla kart, droppa eg tanken... Og returnerte til hytta for å gå den tenkte vegen tilbake - den som står markert i kartet. 

Skreåfjellet ligg i tåke.

I motsett retning, mot Settemsdalen, var det klarna opp.

På gjensyn? Kanskje eg kjem att.

Ein tur bortom Settemsvarden - ein time ekstra tur...

Morgonstemning.

Vel, vel, då vart det same vegen i retur.
Til eg hadde kome meg ned mot Gammelsetra, hadde skyene letta over Skreåfjellet, men eg kjende eg ikkje var så gira på dei 350 høgdemetra opp. Om eg ikkje hadde gått den timesturen først, hadde eg kanskje gjort det. 
Harald Egil Folden har skrive i eigen blogg om tur til Skreåfjellet frå Bøfjorden

Her kunne eg gått over og opp lia til Skreåfjellet og vidare til Vassdalsheia.

Det var like nydeleg ved Skreåvatnet den dagen som då eg gjekk der dagen før.

Litt om stien sin standard

Eg skrytte øvst i teksten av det arbeidet KNT har gjort med å etablere Fjordruta. No har eg berre gått denne delen av turen, så eg har jo ikkje mykje erfaring av ruta. Men dei som har gjort og gjer merkearbeidet, fortener skryt for det dei gjer, for det er ganske mange kilometer som skal merkast.
Det som er langt verre, er at fordi det er få fjellturistar på dette området - det la eg mellom anna merke til med å sjå at det berre har vore rundt 60 overnattingsdøgn på Jutulbu, og alle går ikkje den ruta eg gjekk - så gror stiane dessverre fort igjen. 
Eit anna problem er at det ikkje finst beitedyr i traktane lengre - eg observerte omlag seks sauar, og det er ikkje mykje.
Desse to faktorane gjer at eg er oppriktig bekymra for stiane si framtid. Nokon plassar er det merka på bakken, men når det veks gras og blom langt over høgda på min eigen hund, er det ikkje lett å sjå den merkinga.
Dei påfølgande bilda handlar om akkurat det.





Utsikt på turen

Etter å ha gått til venstre i krysset der to stiar møttest i går (og kryss i taket: eg brukte 15-20 minutt kortare tid å gå returen enn turen dagen før!), begynte stigninga oppover lia. Eg hadde rett og slett ikkje peiling på kva som ville møte meg, så det var berre å gå på. Oppover lia bars det, og etter kvart skjønte eg at eg jo heldigvis ikkje skulle gå i skogen i all tida. Plutseleg begynte det nemleg å opne seg opp... Og då var det - med handa på hjartet - den finaste utsikta du kan tenke deg og ønske deg som openberra seg!
Dette var rett og slett verd slitet oppover lia. Der gjekk eg langs ein kant og passa på å ikkje ramle utom, men eg måtte berre nyte utsikta nedover mot Skålvikfjorden og over mot Tustnastabban (som eg har så lyst å gå!). Dette området heiter Middagsheia.

Vatnet er Megardsvatnet kor eg var dagen før.

Her kjenner eg meg utruleg tilfreds!!!

Midt i bildet ligg stikk ut-posten i Vassdalen eg også var til.


Men ei utsikt kan ikkje vare evig, veit du, så eg måtte berre gå vidare og vere tilfreds med å sjå deb utsikta. Det er langt att til eg er i mål, og på dette bildet har eg vel faktisk berre gått rundt 4-5 km av dei totalt 14 kilometra. Og endå har eg att både oppover- og nedoverbakkar.



Ganske bratt nedover her.

Diger stein - Håkkåsteinen på 500 moh.




Eg hadde ikkje før runda Håkkåsteinen og starta å gå litt nedover, før det viste seg at eg skulle gå bratt oppover att. Like nedanfor steinen ligg det eit lite tjern som er opphavet til Håkkåsteinelva.
Før vi skulle starte å gå opp bakken på bildet under, måtte vi rett og slett ha oss ei pause...Då vart turleiaren rett og slett litt lei. Heldigvis tar det berre fem minutt å finne att motet og dra seg oppover bakken :)



Ned dalen her er motsett side av Skreåfjellet og Vassdalsheia. I enden av dalen ligg grenda Dragset, som ligg noko lenger ut enn Bøfjorden.
Frå Håkkåsteinen gjekk vegen vidare opp til Flatfjellet.


Utsikt ned Dragsetdalen mot Dragset. Bølandet ligg på andre sida av fjorden.

Prins med Saksa/ Blåfjellet i bakgrunnen. 10 minutt seinare var vi i dalsøkket mellom Blåfjellet og Krekjefjellet. Sjå bildet under.



Prins lurte ein augenblink om vi skulle opp på Saksa/ Blåfjellet, men det skulle vi ikkje den dagen. Det er rundt 270 høgdemeter, men det hadde eg ikkje tid til og krefter til. Skal ein gå på den toppen - og eg er sikker på at det er ei fantastisk utsikt derifrå - bør ein starte frå Halsa i staden. Eller ein må ha bedre tid på returen enn det eg hadde.
I det eg går vidare, får eg den openberringa eg trong for å vite at turen har ein ende - eg såg fergene på fjorden. Og no ser eg at stien begynner å gå nedover.


Eit langt stykke synest eg stien går for mykje bortover mot Betna, og eg begynner å lure på om eg har parkert bilen på rett stad.


Heldigvis kom det eit skilt som viste vegen vidare på 400 moh.

Frå skaret midt i bildet kom eg gjennom og begynte å gå nedover.


Det er ikkje til å kome frå at eg vart mesta motlaus av å gå på desse myrene. Det verka som at eg gjekk kilometer etter kilometer - og ikkje ei molte var å sjå. Iallfall ikkje langs turiststien, og eg var jo ikkje femti meter til høgre eller venstre for stien. Men eg merka meg noko som vel ikkje er det vanlege ein sommardag, og det var at myrene var veldig tørre. Dei skulle vel ha hatt noko vatn i seg, og kanskje var det ikkje mykje molte heller på grunn av at det har vore så lang tørkeperiode i sommar.
Heldigvis fann eg anna bær langs stien. Mykje blåbær og krøkebær og etter kvart også bringebær. Det var næring og smak i kvart eit bær. For ei lykke å stappe i munnen.






Og endeleg etter langt og lenge - det vil seie presis seks timar etter at eg gjekk frå Jutulbu, såg eg endeleg vegen og såg bilen borte der eg parkerte han dagen før. Gjett om eg var glad!




Eg fulgde turiststien med unntak av dei plassane eg har prøvd å teikne med oransje.

Litt oppsummering av turen:

Eg er utruleg glad for at eg braut meg laus og gjennomførte turen! For å vere den første overnattingsturen eg tok åleine slik, var det ein høveleg tur å ta. Passe lang, passe bratt og med fine utfordringar.
Eg er utruleg glad for at Prins var med, for då var eg ikkje åleine. Han er og blir verdas beste turvenn, og han gir jarnet når han treng å gi jarnet!
Om eg skal gå der igjen? Mens eg gjekk nedover myrene, tenkte eg at det skal eg ikkje. Det får vere det same med Saksa. Men så trur eg kanskje at eg gjerne kjem til å finne vegen til Saksa likevel. Det er ein fin tur opp på 900 meters høgd.
Viss denne rapporten bidrar til at nokon kjenner på at ein må gjere noko for å kjenne på livsmeistring, er det skikkeleg supert. Du veit - der ein ikkje bevegar seg, blir det ikkje framgang. 
Og så må eg berre seie: Vi må ut og gå meir i skog og mark så ikkje landskapet gror att. Før vi anar ordet av det, er dei fine utsiktene borte. Det bekymrar meg oppriktig.
Takk for følget på denne turen og :)

I did it! Skikkeleg "well gone", Ingunn <3

lørdag 14. august 2021

Turblogg: Del 1: Frå Halsa på stikk ut-tur til Jøtulbu

Mesta plutseleg bestemte eg meg for å ta ein solotur saman med Prins til den første/ siste hytta langs Fjordruta. Det var mest for å utfordre meg sjølv og vise at eg får det til.

Her er turmålet - Jøtulbu! 
Onsdag morgon starta vi så tidleg som mogleg heimefrå. Litt hurtigkøyring gjorde at eg rakk ferga Rykkjem - Kvanne med eit naudskrik, sidan eg hadde eit ærend i Surnadal. Frå Surnadal gjekk vegen til Halsa, kor eg skulle starte turen. 
Planen var følgande: Eg skulle parkere der kor Fjordruta kjem ned frå fjellet i Halsa, det er eit par kilometer frå fergeleiet. Frå der skulle eg gå tilbake til der kor stikk ut-turen Svendshaugen startar. Så skulle sakte, men sikkert turen rusle vidare. 
Rett og slett tipp topp planlagt!
 

Eg parkerte på andre sida av vegen for dette huset som heiter Fjordgløtt. Dagen etter fann eg ut at det var eigentleg meininga at ein skulle parkere eit par hundre meter lengre inn, men heldigvis skjedde det ikkje noko.
Før eg startar å gå, må eg gå gjennom sekken og sjå om det er noko eg kan ta ut... Termosen med tevatnet måtte vike for ei ekstra flaske med vatn. Eg skulle alltids greie meg utan te på turen.
Så var det rett og slett berre å starte turen. Klokka var 11 presis, og det store spørsmålet var: Når tid ville eg komme fram til Jutulbu?

Der borte kjem stien ned kor turen min skal slutte neste dag.


Klar for tur - fjellskoa heng på sekken den første mila.

Utsikt over Halsafjorden mot Kanestraum i Tingvoll.
Så kom eg fram til der den første Stikk ut-turen starta i frå. Dette er ein grøn tur som går stort sett bortover ein skogsveg og som har nokre bakkar. Du kan lese om turen her.


På bildet kan det sjå ut som at Prins er grublande på kor vi skal gå, men stikk ut-turen gjekk til høgre, men når vi kjem nedover igjen frå turen, har eg funne ut at eg skal gå vidare på den skogsvegen som er til venstre i bildet. Med andre ord: Full kontroll.



Ein time etter at vi parkerte bilen, er vi framme på Svendshaugen som ligg ca 250 moh. Ein skikkeleg god start på turen vart krona med hyggeleg utsikt over Halsa.




Men - skal Prins og eg komme fram til Jutulbu, turisthytta som er målet for dagen, må vi gå. Vi har mange kilometer att - til den neste stikk ut-posten stipulerer eg avstanda gjennom skogen til rundt 5 km. Veldig lett å finne fram - eg hadde lest kartet grundig nok på førehand til å vite at det skulle gå bra å navigere seg bortover skogane i Halsa.


Den bommen var berre å passere. På andre sida var vegen vi skulle ta til høgre.
Kjært barn har mange namn, og det som på skiltet på bildet under kallast Vullumsdalen, heiter Volemsdalen på ut.no sitt kart. Fjellet dei kallar Saksa, heiter på kartet Blåfjellet, og er 902 moh. Stien som skiltet viser til, er ikkje innteikna i kartet, så eg veit ikkje kor lett det er å finne vegen oppover den vegen.


Etter å ha gått eit stykke langs grusvegen vi kom inn på, kjem ein til eit kryss med to stikk ut-skilt - i kvar si retning... Det skiltet til venstre går ned til Megardsvatnet Friluftsområde. Den stikk ut-turen kan du lese om i denne lenka. Eit veldig fint område med ein flott (men låst) gapahuk. Idyllisk å ta lunsjpausa der. Men kva var det eg oppdaga...Isj, eg hadde gløymt matboksen med ferdigsmurt niste (kaviar med egg) heime... Vel, vel, eg hadde med mat nok.


Det var så nydeleg ved friluftsområdet, at eg må ta bildet litt større!


Ein ting er sikkert: Skal ein gå langt på tur, må ein stelle godt med apostlanes hestar, for det er jo dei som tar deg framover. Heime fann eg tilfeldigvis eit minireiseapotek med noko plaster, det vart med i sekken. Men eg hadde tatt med noko anna plaster og - men kor i all verda var gnagsårplasteret??? Det fann eg att etter at eg kom heim. Det låg på stuebordet...
Iallfall: Her har vi komen til det punktet i turen kor eg veit at no må eg ta ein runde med fotstell. Fram med plasteret for å plastre diverse tær. Så langt har eg gått i goretexsko, men om ikkje lenge skal eg skifte til (dei dyre) fjellskoa, og då veit eg at det kan dukke opp litt slitasje.


Oppover dalen her går turen vidare.
Etter å ha gått vidare langs grusvegen oppover langs Megardsvatnet, kjem vi til eit kryss. Eg er jo på stikk ut-tur, og følger derfor skiltinga vidare den vegen. Inni meg veit eg at vegen mot høgre går mot den T-merka stien mot Jutulbu. No er spørsmålet om eg må gå tilbake hit for å fortsette turen mot Jutulbu eller om det går bra likevel... Bli med vidare, så får du vite!


Vi traskar vidare, og då kjem vi til eit skilt som viser vegen mot Ørnhamaren. Det er ein slags liten topp ovanfor der den neste stikk ut-posten ligg. Eg er jo nemleg ikkje ferdig med dagens stikk ut-jakt - langt der i frå!
Prins og eg tar vegen oppover og skal no gå langs Vassdalselva.



Nei, sjå der! Lykka sto meg bi - eg slapp å snu for å starte turen på nytt for å komme vidare til Jøtulbu. Turistforeininga er på mi side, og frå her er stien merka også med T-ar... Iallfall eit stykke på veg. Det kjem eg tilbake til.
Viss ein ser på kartet, går T-stien lengre oppe i lia. Den går oppe gjennom ein dal på andre sida av Ørnhamaren, mens stien opp til stikk ut-posten går langs Vassdalselva på andre sida av Ørnhamaren.




Det dukker opp skilt her og der, men ikkje alle er like informative.

Godt arbeid av KNT!
Når stigninga oppover startar, er litt ymse kvalitet på stien i tillegg til at det er bratt. Men vi drar oss oppover, Prins og eg, skritt for skritt. Og mesta ut av det blå, dukker det til og med opp utsikt.



Utsikt mot Megardsvatnet og Skålvikfjorden.
Presis ein time etter at vi gjekk frå Megardsvatnet Friluftsområde, var vi framme rundt to kilometer lengre framme i dalen ved stikk ut-posten Vassdalen, som du kan lese om i denne lenka. Endå ei nydeleg lita perle som fortener forstørra bilde.
I skrivande stund ser eg at det har vore berre 250 besøkande på denne posten, av dei 24 i august. Det er ikkje mange. Eg kan i grunnen forstå det, for kva skal ein ta seg til der? Når eg ser på stikk ut-omtalen, står det ingen ting informativt om turen. Korfor skal ein gjere turen? Kan ein fiske eller bade der? Bading går kanskje, men er litt usikker på om det er noko kjekt.
For meg som kunne ta posten på vegen innover mot Jøtulbu, var det jo rein bonus å få han med, men eg kjem jo aldri til å gå forbi der igjen.
Så derfor er det faktisk best å fortsette turen - eg har enno over fire kilometer att til eg er framme, og korleis skal ein eigentleg finne vegen til turiststien ein plass oppe i lia?




Så var det tid for å komme seg videre. Og her dukker det store spørsmålet opp: Kor går stien? Treff stien turiststien? Er stien merka? Med dei og nokre fleire spørsmål som eg prøvde å finne svar på ut.no sitt kart, la eg av garde.
Svar nr. 1: Herifrå og opp til turiststien oppe i lia er stien ikkje merka i det heile. Ein må berre håpe at ein finn fram bortover langs vatnet kor stien går.
Svar nr 2: Stien er delvis uframkommeleg enkelte plassar. Ein går på lykke og fromme og det er lett å miste stien - men for så vidt ingen krise om ein gjer det.
Svar nr. 3: Heile poenget er å komme seg oppover lia, for då vil ein treffe på stien. Men kor er det best å ta seg oppover lia...?



Fint i motsatt ende av vatnet og.
Eg tar altså stien innover langs vatnet, og i enden av vatnet klør eg meg i hovudet på kva veg eg skal ta. Eg ser ein sti som eg kan gå vidare, men den stien kan vere kva som helst. Kan vere eit hjortetrakk, kan vere stien som tar meg opp til turiststien eller kan gå kor som helst. Ergo: Eg bestemmer meg for å rett og slett gå rett oppover lia, for då veit eg at eg møter turiststien. Sliten og lei, men heldigvis er det mykje blåbær der å trappe inn i gapet...
Det fine med terrenget er at det er ganske opplagt kor ein skal hen - iallfall når ein har lest kartet på førehand. Det er ganske viktig å gjere! Det er ein del av førebuinga til turen. 


Her har eg kome opp til turiststien. Då kan eg fortsette turen :)
Etter at eg har starta å gå langs turiststien, treff eg på ein sti (er det ikkje likt seg?!), og eg er ganske sikker på at om eg hadde fulgt stien vidare frå enden av vatnet, hadde eg kome fram til dette krysset. Det er eit godt tips for den som eventuelt vil gå denne turen etter meg.


Her kunne eg nok ha komme ruslande inn på stien.

Innover myrene og dalen går turen vidare.
Etter å ha gått innover eit stykke, treff eg på eit skilt som viser dei to forskjellige vegane ein kan ta for å komme seg til Halsa. På dette skiltet visast vegen eg kom frå. På det neste bildet visast skiltet i den retninga eg skal ta neste dag.



Men Prins og eg skal vidare, og det første stykket går oppover ei ur med mykje steinar, blom, bringebær og slikt. Men vi stig sakte oppover. Vi går langs ein bekk som det står på kartet heiter Skreåbekken.
Og her kan eg seie noko viktig om vatn: For det første har det vore ein veldig tørr sommar, og det betyr at myrene er tørre (iallfall før regnet...) og mange bekkar er tørre. Det var rett og slett umogleg for meg å finne vatn på turen kor eg kunne fylle i flaska, så heldigvis hadde eg med meg over ein liter vatn å drikke. Det kom godt med på turen. 
Etter å ha gått i tjue minutt frå stikrysset, kom eg til enden av Skreåbekken, og der ser eg det er eit vatn og det ser veldig fint ut. Dette var ei skikkeleg flott overrasking :) Det var rett og slett usedvanleg vakkert ved Skreåvatnet (ligg 328 moh.)!



"Kan det verkeleg vere mogleg at det er så vakkert" - tenker Prins :)
Men om Skreåvatnet er vakkert, er eigentleg stien langs vatnet ikkje fullt så vakker. Mykje gras og blom, det gjekk litt opp og ned, over stokkar og steinar. Nokre plassar er vi heilt nede i vassflata. Eg kjenner eg er lei, og på turen har eg ikkje verken sett eller høyrt nokon sauer heller. Før i enden av Skreåvatnet. Der går det ein liten flokk på fem-seks sauer... Det er ikkje rart stien gror att. Det kjem eg meir tilbake til i del 2 om turen neste dag.



Etter å ha gått eit stykke og steget oppover i høgda eit stykke, kjem eg forbi nokre hytter. Det er sikkert eit fint område å ha hytte i, men eg er usikker på om det er folk i Halsa eller Bøfjorden som har hytte der. Området heiter Gammelsetra, så det har heilt sikkert vore setrer der i tidlegare tider.


Rundt halvtimen etter at eg hadde passert desse hyttene, hadde vi kome så høgt opp at vi fekk utsikt nedover dalen mot Skålvikfjorden. Og i same stunda, i motsett retning, fekk vi auge på Jutulbu. Då var snart ein lang dag på vandring slutt :)


Midt i bildet i solskinnet ligg Jutulbu og ventar på oss :)


Guri malla, så godt det var å kome fram til hytta - ganske nøyaktig sju timar etter at vi gjekk frå bilen. Det er ikkje heilt lett å vite kor lang denne etappen var, men eg gjettar på rundt 13-14 km (basert på kartet). Viss det stemmer, er eg veldig godt fornøgd med farta vår, trass alt.
Men hytta stod altså heilt åleine og venta på oss. Eg var både sliten og svolta, så straks vi kom på trappa av hytta, var det av med sekken og fram med maten. Tre stykk pizzasnurrar og ein boks Clausthaler hadde ganske raske bein å gå på. 
Etter å ha samla nye krefter, var Prins og eg klare for å finne den siste stikk ut-posten - vi var jo ikkje heilt ferdig med stikk ut-jakta :)
Frå Jutulbu er det tre vegar som er turiststimerka vidare, nemleg mot Halsa, mot Settemsdal og til Bøfjorden. Like ovanfor Bøfjorden ligg ein stikk ut-post eg ville besøke, så Prins og eg gav oss avgarde. Det tok ein halvtime å komme ned til Settemsvarden, som du kan lese om her.









Glade og fornøgde rusla vi tilbake til hytta for å starte førebuingane til neste dag - restitusjon og lese kart og slikt. I eit hefte i hytta fann eg nemleg info om andre vegar ein kunne ta frå hytta... Kunne eg gjere det neste dag?
Det får du vite i del 2 når den kjem :)

Takk for at du fulgte oss på denne delen av turen :)

 

Etiketter