Totalt antall sidevisninger

lørdag 7. august 2021

Turblogg: Frå Brandstad til Vike, del 2: Frå Reinsvassbu til Vike

Måndag kveld la vi oss tidleg i kvar vår seng i hytta. Det var vanskeleg å sove - både på grunn av soveposen, lite vindu, framand seng og framand stad. Tysdag venta ein ny og fin turdag på oss.
Vindauget på rommet vårt låg ned mot Reinsvatnet, og om natta høyrte eg vinden, men så stilna han av. På temperaturen i rommet kjente eg at det var fin temperatur ute og. Då klokka ringde om morgonen, var det berre å komme seg opp, få i oss mat og pakke sekker. Aleks hadde sagt at avgang skulle vere kl. 10, så det var berre å hive seg i rundt.
Det skotske paret var allereie oppe. Dei snakka om å dra vidare mot Geiranger, og eg passa på å anbefale dei å køyre ned Eikesdalen og stoppe både på Aursjøhytta, Aurstaupet og Mardalsfossen. Det verka som at dei kanskje bestemte seg for å køyre den vegen.
Etter at vi rydda, vaska opp og kosta hytta, kunne vi gå. Eg meinte på turen til Vike kunne ta fem timar. Heilt ut til Reinsvassbu har eg nok vore berre ein gong tidlegare, og det må ha vore då ungdomsskolen gjekk tur til Vikebotn hausten 1984. Då gjekk vi nok heilt til Reinsvassbu, men vi låg på Vike-hytta, den kjem eg tilbake til. Iallfall var det i september, og då vi vakna om morgonen, hadde det snødd. Eg kjem meir tilbake til den turen.
Frå tidlegare turar hugsa eg Vikebotn som ein lang, vakker og paddeflat dal. Eg gledde meg veldig til turen utover.
Tannpuss må ein gjere før avgang. Reinstinden i bakgrunnen.

Sjå så nydeleg natur som ligg føre oss. Det var akkurat slik eg hugsa det. Veret er nydeleg - vi er i shorts og kortarma, for vinden har vi i ryggen når vi skal gå utover Vikebotn.
Frå Reinsvassbu er det tre stadar å gå: Brandstad i Øksendal, kor vi kom frå, Vike ved Eikesdalsvatnet, kor vi skal til, og til parkeringsplassen ved Reinsvatnet. Frå Reinsvatnet kan ein gå anten til Aursjøen eller til Raubergshytta. 

Glimt frå hytta

I denne lenka kan du lese meir om Reinsvassbu. Det står i omtalen at det er ti sengeplassar, men eg såg berre seks sengeplassar og mogleg å ligge ein til to i brisken på kjøkkenet.
Hytta er utruleg fin, lun og koseleg innandørs. Bilda som ligg på ut.no, er litt gamle, for dei har gjort diverse oppgraderingar med vifte på kjøkkenet og lys i heile hytta som ikkje kjem fram på bilda.
Det var så varmt ute at det ikkje var naudsynt å fyre i omnen, det heldt lenge å bruke gass. Nemnast må og det framifrå varelageret i hylla i gangen. Ein kan leve både godt og lenge på hytta med det lageret.
Reinsvatnet
Kjempeklare til å gå utover Vikebotn og klokka er rett før 10.
Vikebotn ligg og ventar på oss :) Der skodar vi rett inn i nye Molde kommune.

På veg utover Vikebotn

Vi hadde ikkje gått lenge då eg plutseleg oppdaga eit kjent fjell borte i horisonten. Det var min kjære Breifonntind. Men eg såg og Gjuratind. Då tenkte eg på Ivar Aasen som skreiv "Dei gamle fjell i synigom er alltid eins å sjå...".
Reinsvassbu skimtast rett ved vasskanten. I bakgrunnen ser ein Holbuhaugan og Litltågkollen.


Vi hadde vel gått i rundt 40-45 minutt når vi treff ei dame som er på veg mot Reinsvassbu. Eg blir overraska med tanke på at klokka enno ikkje er 11, men ho seier at ho låg i bilen på Vike og starta turen tidleg. Ho på si side er overraska når ho høyrer at hytta ho skal til er berre 45 minutt unna.

Sjå kor utruleg flatt det er utover heile botnen! 

Kilometer på kilometer skulle vi gå på flat mark utover Vikebotn. Det var akkurat slik eg hugsa det frå dei turane eg hadde til fjells i barndommen. For når familien drog til fjells då eg var unge, var det anten til Vikebotn eller opp i Hoemdalen. Altså ikkje veldig vidreist. Eg var faktisk tenåring første gongen eg var til Aursjøen... Det er jo mesta flaut å seie når ein vaks opp der eg vaks opp, men eg var jo ikkje dit eg ikkje blei tatt med - for å seie det slik.
Og når vi kjem utover botn, ser eg at til dømes Slotthøa (på bildet under) også ser ut slik eg hugsa fjellet frå mange tiår tilbake. Men på ein eller annan plass skjer det noko - om ikkje uventa, så iallfall uønska... - vinden snur nemleg, og det betyr at vi får motvind utover botn. Det gjer ikkje så mykje, men det blir litt kjølegare.


Omtrent midtvegs mellom Reinsvassbu og Vike ligg dei to hyttene til dei på Vike. På kartet står det at det området heiter Kolstadstølen. Rett ved den eine ligg det eit lite vatn, og fjellet i bakgrunnen heiter Såtatinden (bildet under).
Der hyttene ligg begynner fjella å få flotte formasjonar - liksom meir villskap i dei. I bakgrunnen på bildet under ser ein at det går ein botn inn til venstre, og det er Glupen. Viss eg ikkje tar mykje feil, har eg kome ned der ein gong eg i tenåra gjekk turen Vikesetra - Fagerbotn - Vikebotn - Vike - på dagstur. Det var litt av ein marsj, og dessverre har eg ikkje mange bilde frå den turen, men det var to damer (ja, dei var jo berre i 20-åra då) som ville ha med meg på turen. Hadde dei ikkje gjort det, hadde eg vel berre så knappast vore til Fagerbotn i det heile. Og iallfall: Vi gjekk over Midtfonntind (høgderekord!) og då ganske truleg (lite anna som kunne vore aktuelt når ein ser kartet) ned Glupen til Vikebotn. Akkurat no når eg skriv det, kjende eg at eg blei skikkeleg imponert over tenårings-Ingunn :)
Mens eg mimrar... Jau, eg har vore eit par gonger på overnatting i denne Vike-hytta. Den eine gongen var vi på klasseturen som eg allereie har nemnt på. Læraren låg ute i telt og vi fem eller seks elevane låg inne. Då vi vakna om morgonen, hadde det snødd! Og det var jo berre september.
På bildet under her er det eit spisst fjell, og det har eg funne ut må vere det som på kartet ligg mellom Fagerbotn og Vikebotn, men det står ikkje med noko namn på kartet, men er 1602 meter høgt.
I tillegg ser ein noko anna interessant på bildet: Ute i høgre kant ser ein akkurat at Breifonntind stikk over. Det er siste gongen vi ser fjella som ligg rett over vatnet før vi er på nedovertur, for som ein ser så vidt på bildet - no gjer dalen ein sving, og vi får fjella utover mot Øverås i synsranden.
Eg trur det er Reinstinden (1706 moh.) som ligg i bakgrunnen her.
Mange fine blomster å sjå på turen. Men kva heiter dei?
Midtfonntindan og Glupen.
Mens vi går utover botnen, dukkar det nye fjell fram frå horisonten. Det var ikkje lett å dra kjensel på dei mens vi gjekk, men då vi kom ut i enden av botnen, vart det langt lettare å sjå at det var fjell som ligg lenger ut på vestsida av Eikesdalsvatnet.
På turen tar eg meg mange gonger i å sakne sauane i landskapet. Eg nemnde det i del 1, men eg nemner det her og. Konsekvensane av at sauane er borte, vil visast i løpet av få år. Då trur eg det vil bli eit vanskelegare arbeid for turistforeininga å greie å halde mange av stiane opne og tilgjengelege.
Tilbakeblikk den vegen vi kom i frå.
På bildet over dukkar det plutseleg fram ein pik, men eg greier ikkje bli einig med meg sjølv i om det er Breitelnebba eller Vikesoksa. Akkurat her var det naturleg å ta ein rask stopp for å drikke vatn rett frå elva - rett og slett 100% ferskvare :)
Fjella i horisonten kjem stadig nærmare, og det gjer brua over Vikeelva og. På grunn av lite regn i fjellet i sommar, er elva veldig lita, men brua er kjekk å ha. Som det visast på eit bilde under her, er denne brua frå 2012. 


Ikkje lenge etter brua kjem vi fram på kanten. Då er vi ved enden av Vikebotn og skal snart starte på den bratte nedoverturen mot Vike og Eikesdalsvatnet. Eg har ikkje gått Vikelia på 25 år, men hugsar at ho er bratt og spesielt ekkel og vanskeleg øvst i starten av nedfarta.

På veg ned Vikelia

Så er vi framme ved eit slags "point of no return". Det blir jo for dumt å snu og gå den lange vegen tilbake igjen fordi vi ikkje tør å gå ned Vikelia.
Kva hugsar eg eigentleg om lia i frå sist eg gjekk? Det vil seie rundt 26 år tilbake i tid... Då var det dagstur opp og ned. Eg hugsar vi skulle lage bål og ha det hyggeleg, og så hadde vi vel gløymt fyrstikker og litt slikt... Jaja. Det står ikkje bålbrenning på turen denne dagen.
La oss ta nokre bilde og så startar vi på den berykta Vikelia... 
Her kastar Vikeelva seg utom kanten.
Då eg gjekk ned lia for 26 år sidan, meinar eg å hugse at det var berre kjetting øvst oppi ura som ein går seg rett uti i det du går over kanten frå Vikebotn til Vikelia.
Heldigvis - og eg kan ikkje skrive under stort nok på kor glad eg er for at Molde og Romsdal Turistforeining har gjort så mykje bra arbeid her!!! - har det blitt mykje lengre strekning med både tau og kjetting, så det var lettare å føle seg trygg. Men eg følte meg ikkje trygg, altså... Eg hadde ansvar for meg sjølv og ungen min... Skikkeleg livredd er vel eigentleg sanninga...
Eg må berre vise kor bratt det er der øvst oppi.
Sanneleg greide eg å kjøle meg ned såpass at eg kunne ha gleda av å sjå på blomster. Om det var då vi satt der eller kanskje mens vi gjekk litt høgare oppi, så seier eg til Aleks at eg absolutt skulle hatt litt å drikke. "Kanskje du skulle tatt deg ein tur borti elva med koppen...", kjem det syrleg tørt frå sonen. "Ja, og så skal eg slurpe vatnet i meg og seie at det er ferskvare", sa eg og så flirte iallfall eg av vitsa vår. 
Nei, du er ikkje borti Vikeelva på nedoverturen. Det nærmaste ein kjem, er der ein kjem ned på vegen.
Yes, det går likare no! Det er altså heilt sikkert! Vi har kome ned i skogen, stien begynner å bli trygg og handterbar, og eg kostar altså på meg ein sjølvie. Ja, og så er det jo dei fine fjella i bakgrunnen. Bak meg ser ein Blikkskåra, Blikkskårbreen og Sjøvdøla.
Og forsyne meg dukka det opp ei postkasse på stortolla oppe i lia. I postkassa låg det ikkje færre enn to bøker å skrive seg inn i, så det gjorde eg sjølvsagt - i begge to! Det kan bli lenge til neste gong min signatur skrivast inn der.
Her ser ein at vi har tilbakelagt ganske mykje av lia allereie. Kanskje borti halvparten. Frå vi starta på toppen og til vi kjem ned til Vike, er det rundt 800 høgdemeter, og dei er ikkje av det venlege slaget. Det er ganske effektive høgdemeter vi legg bak oss nedover lia.
Men sjå kor vakker utsikt ein får på veg ned lia :)
Eg kjenner meg så enormt stolt over den turen Aleks legg bak seg. Han har vore så positiv og eit så triveleg turfølge heile vegen. Forrige gong han gjekk så langt, var det Fale - Innerdalen, den var på rundt 16 km. No gjekk han 16 km første dagen og 11 km med den bratte Vikelia inkludert den andre dagen. Ein solid ny pers av guten :) Sekk må han sjølvsagt bære, men den var ikkje alt for tung. Vi var heldige som ikkje trong så mykje klede med oss (dessuten hadde han lagt att regnkleda hos bestemor...). Men heldigvis vart det altså ikkje regn på turen.
No er vi komen så langt ned i lia at eg må fortelle ei gammal, men veldig spesiell historie som skjedde i akkurat dette området ved desse grantrea. Eg publiserte den første gongen i den eksklusive avisa Eikesdalingen som kom ut i fem nummer i 1984-85. 
Som eg fortalde tidlegare i denne teksten, var vi på skoletur opp til Vike-familien si hytte i Vikebotn hausten 1984. Då eg kom heilt utslitt ned til Vike igjen, oppdaga eg til min store irritasjon at klokka hadde ramla av handa utan at eg la merke til det. Eg måtte berre konstatere at den var mista for godt.
Nokre dagar seinare skulle naboen på Vike, han Håkon, gå seg ein tur opp i Vikebotn, og han starta tidleg om morgonen, for han var jo ein aldrande mann i 70-åra. 
Litt oppe i lia måtte han ha seg ein pust i bakken, og mens han satt der på ein stubbe, høyrer han noko som pip. Han trur det er ei mus, og han ser seg rundt for å sjå om han ser musa. Der på bakken ser han at klokka mi ligg og pip fordi den var innstilt på vekking i rundt klokka 7.30 om morgonen! Den ringte i tretti sekund, og akkurat då satt Håkon der.
Så fekk eg altså att klokka mi ved eit lykketreff!
Og der får eg endeleg auge på Hoemsetra. Skogen begynner å tette seg meir til, og mesta heilt nede begynner vi å høyre lyden av bilar på vegen. Sant og seie var det ein litt god lyd. Stien kjem ned ved sidan av der Vike har hytter oppe i bakken, og der velte vi å ta beina fatt ned vegen i staden for resten av stien ned.
I det vi kjem fram til Vike, har vi brukt rundt seks timar - det er berre ein time meir enn eg rekna med vi skulle bruke, så det var ikkje så ille :)
Her kjem stien ned ved sidan av vegen og rett ved sidan av Vikeelva.

For å ta ei lita oppsummering av dag 2 på turen. Kva lærte eg av den? 
- Turen, dvs Vikebotn var akkurat så fin som eg hugsa han.
- Vikelia var akkurat så bratt som eg hugsa ho.
- Kjem eg til å gå der igjen? Tja, nei, ja... ikkje godt å seie.
- Er eg glad for at eg tok turen? Ja, så absolutt! Dette har eg tenkt på lenge, og eg er så glad og fornøgd med meg sjølv at eg greide å sette turen ut i livet! 

Og heldige som vi var: Vikefamilien var heime og vi vart inviterte på ein både god og triveleg middag. Det var ei utruleg fin avslutning på ein lang og fin tur. 
Då seier eg som eg gjerne gjer: Well gone, Ingunn!!!

3 kommentarer:

Mazzie07 sa...

Gulsildre heter planten

Viggo Finset sa...

Fin turskildring Ingunn, du er flink til å skriva! Artigt å lesa for meg og som var med på den sagnomsuste skuleturen oppi Vikebotnen - det må ha vore hausten 1984 - gode minner! :-)

Anonym sa...

Er det fordi ein har slutta med sau på Vike at det er sauelaust her no? Denne lia huksar eg frå barndommen som lia over alle lier - vi gjekk henne ein vakker solrik dag midtsommars og opplevinga sit godt enda. Skal tru om dataspelverda kan tilby tilsvarande minne?

Etiketter