Totalt antall sidevisninger

torsdag 29. juli 2021

Turblogg: Frå Brandstad til Vike, del 1: Til Reinsvassbu

Eit plutseleg behov for å komme meg til fjells og ein gut som ikkje kunne nekte å bli med... Slik kom det til at vi stakk på to dagars tur inn i fjellheimen. Turen gjekk frå Brandstad i Øksendal til Vike ved Eikesdalsvatnet - 28 km frå start til mål.


Seint søndag kveld bestemte vi oss for å stikke avgarde, og Aleks fekk velje mellom to turar - anten Vangshaugen - Raubergshytta eller Brandstad - Vike. Den siste turen har eg sagt i fleire år at vi skulle ta, og har vore like skuffa kvar gong turen gjekk i vasken. Det var ikkje derfor Aleksander velte denne turen, men vi bestemte oss for å gå dei rundt 28 kilometra frå Brandstad via Reinsvassbu til Vike. Eg trudde eg stilte godt førebudd, men det viste seg at eg ikkje var. Meir om det seinare.
Vi gjekk inn på denne sida på ut.no og bestille overnatting til oss - berre 400 kr vart det fordi eg er medlem.
Måndag morgon stod eg opp og førebudde det vi skulle ha med oss og pakka sekkane. Vermeldinga var strålande, men klok av skade tok eg med regnklede, buff og hanskar.


Avgang vart frå Brandstad, som ligg heilt inst i Øksendalen, kl 12 sharp. Herifrå er det to turar ein kan velje å gå som er merka av turistforeininga, nemleg frå Brandstadbu til Øverås og frå Brandstad til Reinsvatnet og Reinsvassbu. Det spesielle med både Brandstadbu og Reinsvassbu er at det er Molde og Romsdal Turistoforeining som eig hyttene, men begge ligg i Sunndal kommune - akkurat det er jo litt pussig.
Som du ser på bildet, er det 16 km fram til turmålet vårt kor vi skal overnatte, nemleg Reinsvassbu, som ligg ved Reinsvatnet, ikkje langt frå Aursjøvegen. Det har eg estimert til sju timar. Vi får sjå korleis det går.
Veret er strålande sol og temperaturen i bilen viser rundt 27 grader. 


Dei første 3,5 km frå Brandstad går på grusveg opp til setra Jønnstad. Det er fleire år sidan eg var der sist, det vil seie då det var stikk ut-post der, så kanskje fire år. Iallfall går Mosbøens kyr lykkelege rundt setra og sørgar for å halde kulturlandskapet i orden.
Undervegs opp mot Jønnstad stoppar vi og fyller opp flaskane med vatn. Har vi nok vatn? Har vi tilgang på vatn undervegs?



På Jønnstad startar turen på rett. Her er bildet tatt oppover dalen kor vi skal gå i dei kommande timane. Langt inne i dalen der skal vi forsvinne over åsen mot venstre.


Slik - klar, ferdig - ut i skogen og opp i høgda skal vi gå. Frå Jønnstad på 350 moh tar vi kursen oppover i høgda. Men kor høgt skal vi eigentleg? Utan kart og utan nettdekning - veit du eigentleg det, Ingunn??



Eit stykke opp i lia begynner vi å få god utsikt ned mot Jønnstad. Men ikkje på dette bildet. Her ser ein bedre kor stien går oppover lia frå Brandstad mot Øverås ved Eikesdalsvatnet. Den går opp mot venstre i bildet, opp mot Brandstadskaret. Kansdalen, kor den tragiske skiulykka skjedde, kor fire unge menn omkom i påska 2014, er den botn som ligg midt i bildet.


På ein slik tur kor ein ikkje treng å snakke heile tida, får ein god tid til å tenke på kor viktige desse T-ane ute i naturen er. Det ligg mykje arbeid bak einkvar merka turiststi. Eg tar meg i å tenke at T står og for TRYGG. Eg kjenner meg trygg der langs turistmerka stiar.


Elva Usma, som renn stille gjennom Øksendalen, startar ikkje her, men her får ho mykje av krafta på vegen ned mot osen i Øksendalen. Ser ein på kartet, ser ein at elva startar langt inne i fjellheimen - i ein botn på omlag 1100 meters høgd mellom Reinstind og eit par tindar som ikkje har namn på kartet på ut.no. Her, på rundt 700 meters høgd, seier vi "ha det" til Usma - og startar dei bratte bakkane oppover imot fjellet. Klokka er rundt 14.20, og vi har brukt ganske nøyaktig ein time frå Jønnstad.


Lykka mi er stor når eg finn blåbær oppover lia. Det er eit godt tilskot til å få både litt god næring i kroppen og litt syrlig erstatning for vatnet.



Klokka er 14.45 - vi har gått i 1,5 time frå Brandstad...
På truleg rundt 750 meters høgd kjem vi til ein stor varde, og når vi ser han nedanifrå, trur vi at vi er på tur å passere over, men når vi kjem til varden, viser det seg at vi skal endå høgare opp før vi passerer eit slags høgaste punkt. Men det er to timar sidan vi gjekk frå Jønnstad, eg er svolten, det begynner å minke på vatnet, vi kjenner ein mild bris og det er lettare skyer som dekker for sola... Kor langt har vi eigentleg gått? Kan vi allereie ha gått halvvegs?



Endå eit stykke lenger oppe begynner det å virke som at vi er kommet inn i sjølve fjellheimen. Der blir vi møtt av eit skilt om at det er landskapsvernområde og at vi må oppføre oss skikkeleg...


Her legg vi fjella rundt Brandstad bak oss, og foran oss ligg vegen vidare mot Reinsvassbu. Vi undrar oss stadig på kor langt vi har gått, når tid kjem vi fram - og junioren planlegg morgondagen om korleis den skal vere. Mor minner junior på at vi må vere her vi er i turen - vi må sørge for å komme oss godt fram til Reinsvassbu for å kunne starte på morgondagen.


Mange fine blomster fekk vi og sjå på turen. Fine fargar og det er god grunn for å tenke på den kampen dei har for å leve oppe i høgda i kulde og varme, i sol og regn, stilla og storm.



Å ha tilgang på knapt med væske i fjellheimen er ikkje mykje kjekt, og tilgangen på denne strekninga er veldig knapp. Eg er villig til omtrent å svelge mesta korleis som helst av det knappe vi ser av små kulpar... Det er nemleg svært tørt i fjellheimen, og det var ikkje mange store elver vi såg på vår veg - eg trur faktisk eg tok bilde av dei fleste.

Klokka er 16.45 og vi har endeleg matpause og fyller lunka vatn i flaskene.
Heldigvis finn vi friskt rennande vatn ein halvtimes tid seinare, og det lunka vatnet byttast med noko bedre. I følge kartet heiter det Moldbakkan i området her. Men her blir eg litt undrande på korleis landskapet ser ut... Vi er på veg inn mot ein botn - er vi ikkje ferdig å klive høgdemeter? Vi er på rundt 900 meters høgd, men kor skal vi gå inst i botnen her? Hm, her har turplanlegginga, dvs kartlesinga, ikkje vore god nok.... Her er vi altså i det punktet i turen kor Aleks lurer på om vi eigentleg er på rett veg... Ja, det er jo berre ei strekning her, så vi er det.


Innover botnen går stien, og det viser seg at vi skal klive høgdemeter opp i eit område som eg trur heiter Kleiva. Ein gong var vel dette ferdselsåra for øksendalingar som skulle ha sauane på sommarbeite ved Øksendalstjønnin. I følge kartet er det nok ikkje meir enn eit hundre høgdemeter vi skal opp, men det går over ei ur.


Utsikt bakover frå der vi kom i frå.

Ein sjølvi - Aleks er eit hestehovud føre meg - minst. Lett som han er i kroppen...
Stien går oppover ura mot venstre og så bortover. Akkurat dette partiet var som ein miniutgåve av stien opp ura og den smale stien når ein går frå Hareimdalen på veg mot Litlekalkinn.




Ferskvare rett frå bekken :)

Litt meir utsikt tilbake den vegen vi har gått.
Oppe i skaret dukka plutseleg dette falerte skiltet opp... Sidan det - som sagt - er stien mellom Brandstad og Reinsvanet vi er på, visste vi at vi var på rett veg.


Viss eg har lest kartet rett (i ettertid) gjekk turstien over mot høgre her tidlegare, og vart dermed kortare og meir direkte mot Reinsvassbu. Men det var då og ikkje no, for på grunn av kva som er reinsdyra si ferdselsåre, kan ikkje menneska gå der... Ja, eg synest faktisk det er litt merkeleg, for kor mange menneske snakkar vi om per dag... Men ok, eg har jo ikkje med meg kart, og kan dermed ikkje snike snarvegen mot Reinsvassbu... (men kanskje ein annan gong...) - Og ærleg talt: Kan eg bli tatt i miljøkriminalitet om eg gjer det? Folk har det jo nemleg med å gå over alt - ingen grenser...


Klokka har bikka 18 og vi undrast enno på kor langt vi har att. Då vi starta klokka 12 frå Brandstad, tenkte eg at vi skulle vere framme rundt kl 19 - og det er ikkje mykje som tyder på at vi er på langt nær framme... Vi har jo ikkje passert Øksendalstjønnin... Dette ser med andre ord ikkje heilt bra ut. Men heilt ærleg: Mammaen var råstolt av guten. Det begynner å bli nokre år sidan vi gjekk turen frå Fale til Innerdalen (den må du gjerne lese om her) - nærmare bestemt i 2018. Sidan det har han ikkje vore på ein slik lang tur.



Kleivhøa er 1490 meter høg.
Her er det nødvendig å ta inn eit kart. Den raude streken viser kor vi gjekk, og den gamle stien gjekk på venstresida av tjønnene, og gjorde derfor vegen kortare og meir direkte mot Reinsvassbu. Men med oss går ned utover dalen langs tjønnene, og ein plass der skremte vi opp fire ryper. Eg var sjølvsagt ikkje var på dei, og plutseleg flaug dei berre opp så eg skvatt.

 

Endeleg opnar landskapet seg og vi ser nedover både mot Kleivtjønna, Øksendalstjønnin og like ned til Reinsvatnet - eller "havet", som Aleks kalte det :) Der borte er altså målet for kvelden, men det er tydeleg at det er langt att... og klokka er snart 18.30. Jaja, sola skin, temperaturen er mange og tjue, sommarkvelden er enno lys og lang og vi går i shorts, slik at vi får bruna leggane :)


Ergo: No må vi ha nok ein sjølvi :)

"Er vi snart framme?" Litt kvile må ein ha for å komme seg heilt fram.
Klokka er snart 20, men no er vi veldig nære Reinsvatnet. Det er stor grunn til å tru at vi kan møte på eit skilt som fortel at vi skal ta til høgre snart :)


Der borti ligg Reinsvassbu :)


Ganske rett: Her er skiltet som seier at vi skal ta til høgre nedover. Men hytta er på andre sida av vatnet, så det er eit godt stykke att å gå - og klokka går...


Eit lite stykke er det merka berre med vardar til ein treff hovudstien.

Ei bru er både fin og trygg å gå over.
Det er trygt å gå over bruer. Då var det verre litt lengre borte der kor eg skulle hoppe over ein liten bekk i mellom to steinar. Sliten etter mange timar på tur og eigentleg med alt for lite mat og drikke i kroppen, feilberekna eg totalt... Aleks hoppa over så lett som berre det - men det gjorde ikkje mora. Så eg datt i steinen så det song, og det vart sår på kneet, men ikkje verre enn at eg kunne fortsette. Problemet var at eg stivna totalt, så det siste stykket gjekk vel eigentleg i ruslefart...

Sauhytta var den første av tre hytter vi kom til då vi nærma oss turisthytta. Namnet er nok ei fin levning frå då det var sauar som skulle gjetast i tidlegare tider. Og rett skal vere rett: Eg tar meg i å sakne det å sjå sauar i fjellheimen. Ikkje ein sau er å sjå eller høyre. Det er ei begynnande katastrofe for landskapet.



Endeleg ser eg hytta - Reinsvassbu - rett foran meg. Det er ni timar sidan vi starta frå Brandstad, og eg er heilt utkøyrt. Men heldigvis ikkje så utpeisa som eg har vore etter somme andre turar. 
Inne på hytta var det eit par frå Skottland som hadde vore ein dag allereie, men som skulle dra neste dag, dei og, men då berre til parkeringa ved Reinsvatnet.

Så kva resonnerte eg meg fram til på denne lange etappen? 
1. At 16 km er ikkje like i tid og avstand over alt. Korleis terrenget er, har mykje/ alt å seie!
2. Start for all del turen tidlegare på dagen! Vi skulle ha starta kl 10 frå Brandstad, så var det litt likare å gå.
3. Om eg skal gjere den distansen igjen? Hm... Usikker. Då eg la meg mett og god etter å ha spist eit par feite grillpølser, tenkte eg bestemt nei. 

Meir om hytta og turen vidare kjem i neste episode. Der skal du få bli med turen utover Vikebotn - den utruleg fine Vikebotn :)

Kveld ved Reinsvassbu.

Ingen kommentarer:

Etiketter