Totalt antall sidevisninger

onsdag 30. juni 2021

Turblogg: Denne turen gjer eg gjerne igjen og igjen... I eit rike av fossar

Denne vakre turen har eg fortalt om tidlegare, men turen rundt alle fossane øvst i Sunndal er så vakker, at eg berre må fortelle igjen (og eg gjer det sikkert igjen!)!

(NB! Åtvaring: Når ein er på ein superfin venninnetur, blir det kanskje litt mange sjølviar og slikt....)



Eg kjenner meg veldig heldig som får vere turselskap med Anisa. Vi har gjort fleire turar saman som eg har fortalt om tidlegare, og tida går fort når vi er på tur saman.                                                                  Ho hadde aldri vore i Åmotan og gått turen rundt fossane øvst i Sunndal, og no var det endeleg tid for å gjere turen. Gjett om eg gledde meg! Dette ville vere ein tur ho ville like.
Så vi køyrde avgarde til Jenstad, ein av fjellgardane i Sunndal, parkerte der og gjorde oss klare for å starte oppover lia. Før eg drog heimefrå, tok eg i optimismens namn på meg shorts... Då eg parkerte på Jenstad, stod temperaturen i bilen på 8 grader... Langbuksa og ullgenseren var på før vi starta å gå. 

På vandring frå Jenstad til Linndalsfallet

Det er to alternativ for å gå denne turen. Alternativ 1, det vil seie det vi ikkje velte, er ned til Åmotan og opp lia til Lundlia, før ein så går vegen og stien vidare. Alternativ 2, det vil seie det vi gjorde, er stien oppover lia rett frå Jenstad og opp til Mælan, kor ein møter bilvegen på 765 moh.
Ein kan køyre innover i fjellet, men det synes eg er ein ganske lite sjarmerande måte å gjere det på. På parkeringsplassen på Jenstad set ein frå seg bilen, betalar 30 lykkelege kroner via kortbetaling eller vipps, takkar for seg og går. Stien startar faktisk rett ved sidan av parkeringa. Der kan ein starte rett opp lia. Vi fulgte vegen opp til bommen før vi tok stien fatt.
Det er fantastisk godt skilta! Dette skiltet står ved sidan av bommen, og vårt første stopp er Linndalsfallet. Desse 1,3 km brukte vi omlag 45 minutt på. Null stress - berre kos :)


Prins er altså så utruleg glad for å vere på tur med oss - sjølv som den einaste hanen i korga. Det er ein ting eg er verkeleg oppsett på, og det er bandplikta! Prins er alltid festa i magereima på sekken slik at eg har kontroll på han. Eg har sett på Facebook at nokon snakkar om bandplikta for å beskytte fuglane, og det er eg einig i, men i ganske mange av dei skogane eg går i, finst det sau (geiter og krøtter), og ein hund SKAL ALDRI springe rundt utan band. (NB! Min hund har ein fristad, og det er på feriestaden vår. Utanom det har han i praksis ingen fristadar!)


Vakre Linndalsfallet

Denne turen er ikkje ein topptur - den kan knappast kallast fjelltur, for ein stig ikkje over skoggrensa. Men det er i høgste grad ein opplevingstur. Opplevingane står i kø, og det er desse opplevingane som kallar fram den genuine turgleda hos meg.
Den første flotte opplevinga ein får når ein går stien opp frå Jenstad, er møtet med Linndalsfallet. Det er eit fantastisk flott fossefall som fødast ut av elva Linndøla som kjem frå inst i Dindalen og renn gjennom Lindalen.
Frå bomstasjonen ovanfor Jenstad er det 1,3 km, og i mitt tempo er det 45 minutt dit.









På vandring gjennom skogen

Så var det tid for å gå vidare. Vi kunne ikkje bli verande ved Linndalsfallet :) Stien går slakt opp gjennom lia, og vi er så vidt borti vegen. Vi følgjer stien vidare til vi kjem att på vegen oppe på Mælan på 765 meter over havet - som eigentleg er turens høgaste punkt. Eg skriv eigentleg, fordi vi skal ei sløyfe opp til Gammelsetra, og den ligg på 807 m.o.h. i følgje ut.nos kart.

Vi tar i retning Gammelsetra langs vegen, og litt lengre nede i lia ser vi den flotte brua over Linndøla - som mange nok har sett på bilde på t.d. Instagram.






Gammelsetra turisthytte

Gammelsetra er eit nydeleg setertun, og du kan lese meir om setra i denne lenka. Eg har skrive om besøk på setra tidlegare, og vil absolutt oppfordre til å ta den ekstra kilometeren frå stien for å nyte nista på det store langbordet utanfor hytta. 

Det var imidlertid ein ting eg merka meg: Det står på lenka frå ut.no at hytta er opa, men då vi var der, var alt låst, så mest truleg må ein ha DNT-nøkkel i tillegg til å ha booka inn på rom der.

Men det fine med Gammelsetra er at det er eit langt bord utanfor hytta ein kan ta matpausa ved. Utanfor gjerdet spring det sauar - derfor er det viktig å hugse å lukke porten etter seg!

Frå Gammelsetra er det fleire ruter - over fjellet til Gjøra, innover Linndalen eller den vegen vi skal gå tilbake igjen for å komme på stien.

dette blogginnlegget kan du lese meir om å ha Gammelsetra som utgangspunkt for tur :)








Brua over Linndøla

Når du finn tilbake på stien etter å ha besøkt Gammelsetra, kjem du ned til den flotte brua over Linndøla. Den er verkeleg prektig.
På andre sida av brua, kan ein gå litt oppover mot lia for å komme inn på vegen eller ein kan ta stien vidare. Eg har aldri gått langs vegen der, men når ein gjer det, kjem ein til krysset kor ein tar av mot Middagshjellan (der har eg vore med på traktorsafari ein gong). Frå Middagshjellan kan ein gå innover Skirådalen dei mesta 15 km til Loennechenbua, som er den høgast liggande hytta i KNTs rutenett og det er også den minste. 

Tilbake til vår tur, tok vi stien vidare i retning Lundlia. Etter kvart kjem ein inn på vegen igjen, skjønt veg og veg...Slettes ingen autostrada, men ein veldig koseleg skogsveg. 









Lundlia - på raskt besøk hos Keiko og Helge Dragseth

Så kom vi endeleg fram til Lundlia - langt på ettermiddag. Eg hadde tidlegare på dagen sjekka om Keiko og Helge var heime, og det var dei.

Vi tok ei ny nistepause der og ein triveleg prat før det var tid for å starte på turen ned Lundlibakken. Endå hadde vi ei oppleving til å få med oss, nemleg Svøufallet. Men først måtte vi helse på sauane og ikkje minst ekteparet på garden.

Det må nemnast at turiststien ikkje går rett gjennom tunet deira, men på nedsida av garden, langs den flotte steingarden. Med min eigen oppvekst på ein aude gard langt frå folk, er det nok ikkje uventa at eg kjenner meg mesta i slekt med ekteparet der.

På Lundlia har dei om vinteren berre tilgang på å ta seg fram med snøscooter. Utpå våren ein gong, tiner vegen fram og dei kan flytte bilen frå parkeringa på Jenstad og heim til Lundlia.





Midt i Lundlibakken ligg det restar etter det vesle bruket som låg der på slutten av 1800-talet. Ole Johnsen Lundli, som vart fødd der i 1873, før familien flytta nærmare Gjøra, vart til slutt senator i South Dakota. Det er ganske utruleg at ein kan kome frå vesle Gjøra og bli ein amerikansk delstats viktigaste mann.



Åmotan

Då vi starta turen frå Jenstad om føremiddagen, kunne vi høyre fossesus lenge. Det var ei blanding av lyden av Svøu og av Reppfallet, som startar inne i Reppdalen. Meir om den fossen til slutt.

Synet av Svøu har vi på fleire plassar på heile turen rundt, men når vi kjem ned Lundlibakken, nærmar vi oss steg for steg den flotte fossen. Den som køyrer opp mot Grødalen, passerer toppen av fallet i den skarpe svingen og kan sjå på fossen på nært hald der. Eg synest at det å komme ned mot fossen og komme tett på han der, er meir mektig.

Anisa var for første gong i Åmotan, og etter gliset å døme, blir det ikkje den siste.





Der elva Grøvu gjer ein sving, ligg brua som går over til stien mot Svisdal.



Nyter dei siste restane av ettermiddagssol ved Svøu.


Tilbake på Jenstad

Oppe på bakkekanten ovanfor Åmotan, er vi tilbake på Jenstad. Svøu ligg i ryggen på oss og husa på Jenstad ligg foran oss. På høgre handa kjem den siste fossen fram, nemleg Reppa. Det er den elva ein går over like før vi kom til Lundlia.
På denne rundturen i fossane sitt rike, har vi sett eller gått forbi fire fossar og elver. Like nedanfor kanten på Jenstad møtast Reppa og Linndøla, før dei nokre hundre meter lenger ned treff Grøvu og Svøu. Åmotan betyr "der elvane møtast", og det er verkeleg eit unikt elvemøte rett nedanfor Jenstad. Apropos elvemøte: eg har enno ikkje gløymd at eg ikkje visste kva Åmot betydde på ei geografiprøve i barneskolen... Men då hadde eg aldri vore øvst i Sunndal og sett det i praksis. Har du sett det, gløymer du det ikkje.




Reppfallet

Fleire blogginnlegg om denne turen:

2 kommentarer:

Elisabeth sa...

Fine bilder og fin beskrivelse! Kor lang er denne turen ril saman? Og kor lang tid skal ein rekne? Takker for svar 🤗🤗🤗

Lady Ingunn sa...

Hei Elisabeth! Takk for skryten :) Turen er rundt 9 km om ein legg inn den sløyfa til Gammelsetra. Det er vanskeleg å snakke om tid, for eg prøvar å ikkje ha det travelt, og eg likar å kose meg på turen. Derfor kan eg seie med godt samvit 5 timar, men om du går fort, kan du jo gjere det på tre-fire timar. Men dette er absolutt ein opplevingstur ein ikkje må ha det travelt med å bli ferdig med.

Etiketter