Totalt antall sidevisninger

lørdag 5. juni 2021

Slektshistorie: Bestefar Franz og Studio 1 og 2


Eg har tenkt ei stund på å skrive ned Hoemsetras gardshistorie. Dessverre er det slik at ein kjem på det for seint og kjem i gang for seint. Kanskje er heile prosjektet for seint no, og det er i så fall synd. Generasjonane etter oss treng å få kjennskap til gardshistoria. Eg rakk å ta opptak av pappa som fortalte om bestefar Franz sine lydstudio. Desse har eg skrive ned her og nedst i teksten kjem fortellinga om då vi skulle finne Studio 2 i pinsa 2020.

Fortalt av Arild Karijord og tilrettelagt av meg.

Studio 1

Det første prosjektet til far kalte han for Studio 1. Dette var før bror Knut forulykka i 1952, så truleg i rundt 1950. Far bygde ei hytte mesta heilt inne på Fløta, og det han trong av materiale, rodde han innover. Hytta var bygd av 2 tom 4 tom og hadde fleire vindauge, og der inne hadde han seng, bord og stol og vedomn. Sidan det var så nært, kunne han gå innover dit mesta året rundt, det var berre veret som bestemte. Når det var fonnfare, kunne han ikkje gå innover, men det var dit han gjekk for å dikte, og det var visst der han sat og skreiv «Seperatorvisa». Ein gong kom han heim og spurte nabo Otto Meringdal om han ville høyre eit lite utdrag, og då hadde Otto humra og sagt at han var inne på noko der. Han kjente nok att naboen i sangen.

Så ramla hytta av fonngufsen, og det var berre å samle saman restane. Spettet stod inne i hytta, men den fann han att ståande i Fløtelva. Materialen var ikkje brukande. Fløtelvfonna kom over skogen med eit voldsomt trøkk.

Studio 2

Etter det kom han på at han skulle bygge i Haudukteia. Han var fleire gonger og såg seg om, og på turane hadde han med feller som han skulle fange rev og røyskatt i. Det var 10 kr/skinnet å få for røyskatten og 150 kr/ skinnet for reven, så det var viktig attåtinntekt. Ute i Eresfjord heldt far på med feller for å få mårskinn, og prisen for dei var 1000 kr per skinn, dei har funne restar etter dette oppunder nokre heller ved Goksøyra.

I Haudukteia var det ein veldig fin oreskog som hadde høveleg storleik. Han sagde ned og borka av frå tømmeret og bora og slo trekile gjennom. Slik vart hytta sett opp i Haudukteia. Storleiken på ho var rundt 2x2 m eller kanskje 3x2 m, og hadde vindauge både nedover mot vatnet og sørover mot Eikesdal.

Veret bestemte kor ofte han kunne dra dit, for han måtte ro. Kanskje han tok med seg gitarmaterial som han heldt på med i tillegg til å skrive. Franz bygde gitarar som han selde, og fekk ein gong tredjepremie på Romsdalsmartnan i Molde i konkurranse om å lage likaste gitaren. Det var tidleg på 1950-talet, kanskje i rundt 1954. Marit Finset vart premiert for likaste primet eller søsten.

«Mitt barndomsfjell» var ei av dei siste visene han skreiv, det kan eg og hugse, den var skriven på 1950-talet. Ein mai månad kor Seterelva var veldig stor.


 Blåtur til Haudukteia på jakt etter Studio 2 

For nokre år sidan sa nabo Siri at ho skulle invitere meg med på ein blåtur, og ut frå tipsa ho gav, var det ikkje vanskeleg å gjette seg til at turen skulle gå til Studio 2 i Haudukteia. Eller kanskje heller: ekspedisjon for å sjå om vi greide å finne vegen til det som vi visste var restane etter den gamle hytta til bestefar.
Det vart bestemt at vi skulle dra innover på denne ekspedisjonen i pinsa 2020, og nabo Arne, far til Siri, skulle vere skysskar. Veret var fint og vi var eit flott turlag :)
Haudukteia ligg nokre kilometer oppover vatnet (her vil folk flest seie innover vatnet mot Eikesdal, men vi ved vatnet er ikkje heilt som folk flest).


Naboane Siri og Bjørg.

Her er Haudukteia og elva/ fossen Rangåna. Ein plass oppe i skogen ligg hytta til bestefar.

Vi la til båten der det var mest praktisk - det vil seie mest tilsynelatande praktisk - å legge til land. I gamle dagar, då eg var unge, var det der mamma gjekk på land for å plukke bringebær, og det var og utgangspunktet for den lange lenka vi sette der på grunn av at det er langgrunt.
Vel, no er det vill vest i det området, og vi måtte smyge oss over og under tre og diverse for å kome oss opp og fram.

Tett, tett skog...

Ulendt terreng.

Tante Karin (t.v.) og nabo Bjørg er til alt overmål fadrar på meg, så dei hadde eit triveleg gjensyn.

Det er berre å prøve å komme seg oppover...


Eit flott turfølge, der Aslak var minstemann med fem-seks år då. Han syntest det var ein grei tur.

Etter å ha gått i bratt oppoverbakke eit godt stykke, vi skulle jo opp på rundt 300 meters høgd, fann vi endeleg ein bratt stein som liknar mest på ei kyrkje. Dit var det vi skulle, for under der låg restane etter bestefar si hytte.
Eg er ikkje heilt sikker på om hytta var bygd under denne steinen eller om steinen kom og slo hytta til pinneved på eitt eller anna tidspunkt.


Mesta uråd å sjå vatnet frå denne plassen.

Stor glede i turfølget då vi fann steinen. Det var berre Siri som hadde vore der tidlegare, så ho hugsa heldigvis vegen rett frå forrige gong. Då hadde ho ein "på lykke og fromme"-tur for å sjå om ho kunne finne hytta.
Etter at bestefar døydde i 1968, er det nok ingen som har oppsøkt hytta i det heile. Eg har berre høyrt fortalt om ho, men det var liksom aldri snakk om at vi skulle dra oppover og sjå...
Under steinen måtte vi ha pause i godveret og sjølvsagt var det tid for sjølvie.
På bildet under er heile turfølget: Naboane Siri, Anne, Aslak og Bjørg, broder Terje, tante Karin (som var på besøk då) og meg.



Det store spørsmålet var jo om det låg att noko etter hytta der under steinen, og det fann vi. Heile to ringar som hadde vore på vedovnen i hytta låg der og venta på oss. Dei tok vi med oss heim til Hoemsetra som eit merkeleg minne om bestefar.

Slike ringar frå vedovnen kan til dømes brukast som ramme...



Så var det tid for å finne vegen ned att, og sant og seie, så var det ikkje lett å vite kor ein ville ende opp hen i denne kraterskogen. Det er ikkje heilt tilfeldig kor ein burde ende opp heller, for om ein kom femti eller hundre meter feil, var det ikkje sikkert ein kunne komme seg heilt ned til vasskanten og bli tatt ombord i båten.



Vi fann ei glipe på turen kor vi kunne sjå over til Seterelva.

Aslak var ein kar som la merke til mykje på turen. Her er det ei larve eller noko slikt han har funne og peikar på.


Forunderleg tur: Litt over og litt under tre som låg der... Mesta som når ein vever eller stopper strømper...

Endeleg nede att ved båten. Tor Arne og Arne er skysskarar med Marit som selskapsdame :)

Ikkje lett å navigere båten trygt mellom steinane her.




Eg må rett og slett avslutte turfortellinga som ein god, gammal stil: Og alle var einige om at det var ein fin tur :)

Ingen kommentarer:

Etiketter