Totalt antall sidevisninger

fredag 21. mai 2021

Turblogg: For ein start på pinsa! Topptur til Torsknuken


Stikk ut-sesongen er i gang, og min vesle turvenn, Prins, og eg har hatt oss sesongens første topptur. Turen gjekk til Torsknuken, 664 meter over havet, og ligg rett ved Meisingset i Tingvoll.


For å komme til startpunktet på turen, må ein køyre av på Meisingset. Det står skilta mot Rotås, og frå krysset på riksveg 70, må ein køyre nokre kilometer mot Rotås. Oppi ein bakke, ser ein gard som har eit stort skilt på veggen (Mekonomen). Der heiter Skar, og Havdalsvegen, kor ein skal ta av, startar der. Den skal ein køyre oppover eit par-tre kilometer. Rett etter at ein kjem til demninga av Hafstadvatnet, kjem desse skilta, og der er det romsleg parkering. 
Turen startar i slakk bakke oppover langs ein traktorveg som går heilt opp til den første setra, Skarsetra.


Ein skal ikkje så langt opp i lia, før ein får god utsikt.


Ein benk kan vere fint å ta ein pause på.

"Skal vi gå vidare, eller...?"

Endeleg framme oppe ved Skarsetra, er det full vår der - skikkeleg idyllisk. Eg brukte 40 minutter å gå fra parkeringa til Skarsetra. Det er same tida som eg brukar til Kongelhjellan på Fale, men det føltes nok litt lengre til Skarsetra, fordi det var brattare ein del av vegen.
Skarsetra var berre delmål 1, så det var berre å komme seg vidare.





Frå Skarsetra er det ikkje langt opp til den neste setra, som er Hanemsetra. No var det endå tidleg i sommarsesongen eller seint på våren, så derfor har ikkje sauane og alle lamma inntatt skogane her ennå. Det er nok ikkje mange veker til dei dukkar opp.
Sjekk det nydelege lange gjerdet som omkransar Hanemsetra! Det fascinerte meg, og er mange, mange timars arbeid for veldig, veldig mange år sidan.


Viss du studerer bildet nøye, vil du sjå muren gå tvers over bildet - fleire hundre meter lang.





"La oss komme oss vidare!"



"Ok, fem sekunds fotoshoot - ver snar, eg kjedar meg allereie...!"

Frå Hanemsetra var det berre å traske vidare, endå var det eit stykke opp til toppen. Stien hadde vore ganske tørr og fin så langt, men frå setra vart det blautare, og særleg jo høgare opp vi kom, vart det litt meir myrlendt, vått terreng.

Det kjekkaste etter å ha slite meg oppover lia, er når vi stig over skoggrensa og kjem opp i fjellterrenget -  og så erkjenner at no er det ikkje langt att til turmålet vårt :) 

Det nestkjekkaste er å studere alle fjella i rundt og prøve å komme på kva namn kvart enkelt fjell har. Det var lett å kjenne att Flånebba og Smisetnebba. Eit lite stykke lengre inn frå parkeringa, startar stien opp mot Smisetnebba og mot Hufatet - alle desse tre toppane, inkludert Flånebba, er stikk ut-postar. 


Hufatet er rett fram på venstre side. I bakgrunnen ligg Trolltind, Åbitstind og Blåfjellet.

Kjenn på følelsen: Mesta framme - der oppe er den første toppen ein når til. Torsknuken er litt lengre borte.


Må  nyte utsikta litt :)


Utsikt over mot Eidsøra og utover Langfjorden fra Eidsvåg. Fjella ute i enden av fjorden, er så vidt eg veit, fjella som ligg     
 på høgre sida av Skorgedalen i Vestnes når du køyrer mot Sunnmøre.

Så fekk eg endeleg auge på varden på Torsknuken, og når eg kikkar på klokka, var det ingen "højdare" på tid - 1 t 45 minutt. Men desto større glede over å komme fram. Det er sjeldan eg seier "halleluja", men då måtte eg ta eit lite eitt :) Den første toppen denne sesongen. Etter å ha hatt litt for mykje å stri med i fjor, kjennest det godt ut å få beina til å lystre både oppover og nedover.
Torsknuken er, som eg skreiv, 664 meter over havet, og det er ein kjempefin tur som både små og store vil like.
Eg prøvde å småjogge ned, men med nokre minner om uhell på tur, gjekk det saktare. Så rett under tre timar blei sluttida nede ved bilen. Men det var det verd - det vart ein kjempefin start på pinsa - rett og slett!




Utsikt utover Ålvundfjorden og Stangvikfjorden og over mot Trongfjorden. Det høgaste fjellet på høgresida er Hjelmen i
Heim kommune, og på venstresida ser ein over mot Tustnafjella.

Utsikt ned mot Meisinset.

Nyvegen på rv 70 frå Meisingset mot Tingvoll.


Ingen kommentarer:

Etiketter