Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Syria. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Syria. Vis alle innlegg

søndag 2. oktober 2016

Frå Sunndal med kjærleik



Eg kysser dei rituelt tre gonger i det vi skal gå, og tenker at dei tre gongene må bety tru, håp og kjærleik. Det er oppbrotstemning på mottaket, og det er siste gong på lenge vi får møte våre syriske venner.

Hjartevenninnene Ingvild, Fatima 1 og Fatima 2 <3

Det begynte då dei to jentene - begge heitande Fatima - hamna i klassa til Ingvild, dotter mi, i vinter. Når det kjem to jenter som knappast kan norsk inn i klassen på ganske kort tid, er det viktig å jobbe med å inkludere dei, integrere dei og lære dei norsk. Ingvild tok på seg den jobben på strak arm, og jentene vart kalla ganske enkelt Fatima 1 og 2.
Etter kvart vart ho invitert med heim til dei på mottaket, og oppsummeringa eg fekk då ho kom heim, handla om kor mett ho var av all maten ho hadde fått.
Så vart Aleksander og eg og invitert til dei, og sjølvsagt var eg spent.

Når eg går opp trappene på asylmottaket på Sunndalsøra, kjenner eg på ei indre trist stemning. Veggar som har sett sine beste dagar, varmomnar som heng på skakke, vindu i gangen som ikkje er tett. Det er ikkje mykje som motiverer til trivsel for bebuarane der. Inne i leiligheita ser det ikkje så mykje betre ut - store rør som går gjennom rommet oppunder taket, ei lampe som har ramla ut av holet i taket. Kanskje er det eg som legg mest merke til det. Kanskje er asylsøkarane faktisk meir glad for friheita enn for slike småting.
Og la det vere sagt med ein gong: Eg klandrar ikkje kommunen for dette, for kommunen har ingen ting med bygget å gjere, sjølv om mottaket er eit offentleg mottak. Eg klandrar heller ikkje Staten, for det er ikkje dei som eig bygget, sjølv om mottaket er eit statleg foretak. Men eg klandrar huseigar som slettes ikkje bryr seg.

På mottaket har vi blitt kjent med dei to familiane Alnasan og Al Kurdi. Alnasan-familien består av mor og far og deira fire nydelege born. Fatima er eldst, no 9.klassing, så er dei som perler på ei snor dei tre som går på barneskulen. Dei to gutane, Omer og Mohammed, er i Aleksander sin alder. Dei bur i ei høveleg stor to-roms leiligheit på mottaket. Dei fire ungane har kvar sine senger på stua, mor og far har eige soverom. Det er rart å tenke på at dei forlot ein middelklasseheim med svømmebasseng i Aleppo då dei rømte frå heimlandet. Kontrasten til dei 50-60 kvadratmetra dei har på mottaket er stor,
Al Kurdi-familien består av mor og far og dottera Fatima. Dei bur i ei lita eitt roms leiligheit, der Fatima må dele rom med foreldra.
I desse små husværa skal liva deira leves. Her skal ein lage mat og ete, vere sosial og sove. Det var det dei fekk tildelt då dei kom til mottaket på Sunndalsøra etter å ha vore i eit akuttmottak ein eller annan plass i landet.

Middag med syrisk mat hos familien Alnasan.
Eg er interessert i språk, og det arabiske ordet for gjestfriheit er "karam". Ein finn att ordet i fleire språk, og det kan ha fleire betydingar. På arabisk kan det til dømes bety 'nobel natur', i punjabi noko som er storarta, og i koreansk betyr det 'sjenerøs' (Kjelde: Spørsmål/svar-side). Eg trur og at det er utgangspunkt for ord som 'karisma' og 'charity' (veldedigheit), fordi det er og eit anna ord for arabisk 'veldedigheit', nemleg 'kharya'. Det arabiske ordet for 'vennskap' er 'alssadaqa'. Også dette ordet betyr det same som det engelske 'charity', altså veldedigheit. Eg trur og at ordet 'kjærleik' kjem ut av akkurat dei same arabiske omgrepa. Også det religiøse omgrepet 'karma' kjem av det same. Karma forutset ei handling, og for meg handlar både kjærleik, omtanke og gjestfriheit om å gi omgrepet ei handling, fylle det med innhald.
Alle desse omgrepa dekker godt den følelsen eg har følt saman med desse vakre syriske vennene. Det er få plassar eg møter så mykje gjestfriheit som hos desse som har nesten ingen pengar. Dei kan nesten ingen ting norsk, og eg trur dei må ha hatt ein enorm kulturkollisjon då dei kom til Noreg.
Likevel er det alltid store, varme smil, mykje mat og ei stor rausheit eg har møtt på desse besøka hos Alnasan-familien.
Her kan du lese om då vi opplevde bryllup på arabisk på mottaket i sommar.

I dag var det suppe, ris og bulgur på menyen :)

Ingvild saman med Fatima 2 og Ghoufran, søster til Fatima 1.


Meg saman med Kamar, mor til Fatima 2.
Men no er både Alnasan og Al Kurdi på flyttefot. Syrarar får innvilga opphald i Noreg av myndigheitene, og no begynner mange av familiane å få tildelt kommune å flytte til. På tysdag flytter Al Kurdi til Rørvik på kysten av Nord Trøndelag, og truleg neste helg drar Alnasan til Oslo. Vi er einige om å prøve å halde kontakten, og no har vi to familiar på kvar sin kant av landet vi kan dra på besøk til. Eg er spesielt spent på Al Kurdi som blir einaste syriske familien i vesle Rørvik. Eg håpar bygdebefolkninga tar godt imot vennene mine, og at Fatima får gode venner på skulen. Herved er oppmodinga gitt til dei som bur i Rørvik! Overgangen blir nok mindre for Fatima og familien som skal til Oslo. Der vil dei treffe mange syrarar, og vonleg får dei og norske venner der.

Neste gong eg møter familiane Alnasan og Al Kurdi, både trur og håpar at dei har blitt flinkare i norsk, slik at vi kan lettare snakke saman. Og her var eg freista til å seie som alle muslimar gjer: insj allah! - Om Gud vil! Og det trur eg Han vil :) Eg er iallfall utruleg glad for at eg fekk møte desse fine menneska med hjarte utanpå kroppen, og eg ønsker dei alt godt på vegen ut i Noreg. Eg vonar dei blir tatt godt i mot, finn seg godt til rette, lærer seg norsk, får norske venner og at dei blir gode samfunnsborgarar.

Ei lita gåve til gode venninner å ta med når dei flytter frå asylmottaket i Sunndal.

torsdag 4. august 2016

Duft av arabisk kjærleik

Heilt uforvarande hamna vi rett inn i eit bryllup med ei brud som kunne ha vore henta ut frå 1001 natt.
Pynta til bryllaupsfest.
I dag bestemte vi oss for å dra på asylmottaket på besøk. Dotter mi har gode venninner der frå Syria som ho ikkje hadde sett heile sommaren. Vi hadde steikt med ein stor skare med vaflar og laga ferskt bringebærsyltety som vi tok med oss som ein norsk gest.
Vi vart inviterte opp i leiligheita til den eine venninna, og før eg visste ordet av det, hadde mora diska opp med dei lekraste rettar av mat frå Syria. Uvant for oss nordboarar, men rikt på smak av krydder og grønsaker. Og ikkje minst var det fullt av gjestfridom.

Mens vi sat der, fekk vi vite det: Det skulle vere bryllaupsfest på huset litt seinare. Vi var jo ikkje kledd for fest, men vi var veldig nysgjerrige på å sjå meir av kulturen frå Midt-Austen. Ein bryllaupsfest kor alle var velkomne.
Jentene vi besøkte, pynta seg, og i selskap med berre kvinner, forsvann og hijaben. Eg har sjølvsagt ikkje noko med det, for eg vil at kvar og ein sjølv skal få bestemme om ein skal gå med hijab. Men eg kan ikkje fri meg frå å tenke at dei var endå vakrare og endå edlare dei som kom fram utan kledet rundt ansiktet.
Damene samla seg i kvinnerommet på mottaket - totalt ein 20-30 damer og ungar. Arabisk populærmusikk vart spelt, og det var dans, klapping, latter og heiarop som berre arabarar kan gjere det.

Så kom bruda! 19 år gammal - vakker som om ho var henta rett ut frå 1001 natt. Ho smilte og mottok gratulasjonar frå alle damene og dansa til ære for gjestane. Etter ei lita stund var det tydeleg lyd frå ute i gangen, klapping og heiing. Brudgommen var på veg. Jentene skunda seg å få på seg hijaben, og brudgommen kom inn i rommet til klapping og hoiing frå gjestane. Bruda var lykkeleg for å sjå mannen sin, og han var lykkeleg for å sjå den vakre kona si.

Frå ei av dei som snakka godt norsk, fekk eg vite at dei var blitt islamsk gift av ein iman på huset. Dagen før hadde dei vore til byfogden i Molde og gifta seg der. Dei skal bu i Molde.
Med karane som heldt til i naborommet, var det vel rundt femti gjestar på bryllaupsfesten, vil eg tru. Brudeparet er frå Syrias hovudstad Damaskus, og hadde festen vore der, ville det vore nokre hundre gjestar til. I selskapet ville det vore, slik som på mottaket i kveld, ei enkel servering. På mottaket vart det servert kjeks og juice, men det kunne og vore berre frukt. Bryllaupsgåvene til paret blir overrekte neste dag, når gjestane går på besøk til brudeparet.
Det var lov å ta bilder av brura og brudgommen, men brura hadde ikkje hijab på seg, og derfor var det ikkje lov å publisere bildet. Før brudeparet drog, fekk ho på seg ei slags bryllupskyse/ brudehijab. Med seg fekk paret godord frå gjestane om gode dagar og snarleg gjensyn.


Det heile var over etter rundt ein times tid. For oss nordboarar var dette likevel eksotisk og spennande å vere med på :) For ei glede og stemning dei viste. Dei fleste var syrarar, men det var og irakarar, kurdarar og somaliarar til stades og.


For brudeparet gjekk ferda til Molde. Der skal bruda starte sitt liv som gift kone.
For meg vart det eit tankekors å vere til stades med så mange asylsøkarar. Nokon av dei vil ikkje få vere her - nokon vil bli utsendt.
Då eg kom heim, var "Allsang på Grensen" på TV2 i gang. Eg kom rett inn i Wenche Myhre sin meir enn 30 år gamle slager "Vi lever". Den passa godt til dei fine menneska eg møtte i dag:

Noen mister alt de har, noen mister mor og far De lever Morgendagen er en venn, det finns alltid håp for dem Som lever For livet skal vi slåss, så lenge det går blod igjennom oss.

Etiketter