Totalt antall sidevisninger

torsdag 4. august 2016

Duft av arabisk kjærleik

Heilt uforvarande hamna vi rett inn i eit bryllup med ei brud som kunne ha vore henta ut frå 1001 natt.
Pynta til bryllaupsfest.
I dag bestemte vi oss for å dra på asylmottaket på besøk. Dotter mi har gode venninner der frå Syria som ho ikkje hadde sett heile sommaren. Vi hadde steikt med ein stor skare med vaflar og laga ferskt bringebærsyltety som vi tok med oss som ein norsk gest.
Vi vart inviterte opp i leiligheita til den eine venninna, og før eg visste ordet av det, hadde mora diska opp med dei lekraste rettar av mat frå Syria. Uvant for oss nordboarar, men rikt på smak av krydder og grønsaker. Og ikkje minst var det fullt av gjestfridom.

Mens vi sat der, fekk vi vite det: Det skulle vere bryllaupsfest på huset litt seinare. Vi var jo ikkje kledd for fest, men vi var veldig nysgjerrige på å sjå meir av kulturen frå Midt-Austen. Ein bryllaupsfest kor alle var velkomne.
Jentene vi besøkte, pynta seg, og i selskap med berre kvinner, forsvann og hijaben. Eg har sjølvsagt ikkje noko med det, for eg vil at kvar og ein sjølv skal få bestemme om ein skal gå med hijab. Men eg kan ikkje fri meg frå å tenke at dei var endå vakrare og endå edlare dei som kom fram utan kledet rundt ansiktet.
Damene samla seg i kvinnerommet på mottaket - totalt ein 20-30 damer og ungar. Arabisk populærmusikk vart spelt, og det var dans, klapping, latter og heiarop som berre arabarar kan gjere det.

Så kom bruda! 19 år gammal - vakker som om ho var henta rett ut frå 1001 natt. Ho smilte og mottok gratulasjonar frå alle damene og dansa til ære for gjestane. Etter ei lita stund var det tydeleg lyd frå ute i gangen, klapping og heiing. Brudgommen var på veg. Jentene skunda seg å få på seg hijaben, og brudgommen kom inn i rommet til klapping og hoiing frå gjestane. Bruda var lykkeleg for å sjå mannen sin, og han var lykkeleg for å sjå den vakre kona si.

Frå ei av dei som snakka godt norsk, fekk eg vite at dei var blitt islamsk gift av ein iman på huset. Dagen før hadde dei vore til byfogden i Molde og gifta seg der. Dei skal bu i Molde.
Med karane som heldt til i naborommet, var det vel rundt femti gjestar på bryllaupsfesten, vil eg tru. Brudeparet er frå Syrias hovudstad Damaskus, og hadde festen vore der, ville det vore nokre hundre gjestar til. I selskapet ville det vore, slik som på mottaket i kveld, ei enkel servering. På mottaket vart det servert kjeks og juice, men det kunne og vore berre frukt. Bryllaupsgåvene til paret blir overrekte neste dag, når gjestane går på besøk til brudeparet.
Det var lov å ta bilder av brura og brudgommen, men brura hadde ikkje hijab på seg, og derfor var det ikkje lov å publisere bildet. Før brudeparet drog, fekk ho på seg ei slags bryllupskyse/ brudehijab. Med seg fekk paret godord frå gjestane om gode dagar og snarleg gjensyn.


Det heile var over etter rundt ein times tid. For oss nordboarar var dette likevel eksotisk og spennande å vere med på :) For ei glede og stemning dei viste. Dei fleste var syrarar, men det var og irakarar, kurdarar og somaliarar til stades og.


For brudeparet gjekk ferda til Molde. Der skal bruda starte sitt liv som gift kone.
For meg vart det eit tankekors å vere til stades med så mange asylsøkarar. Nokon av dei vil ikkje få vere her - nokon vil bli utsendt.
Då eg kom heim, var "Allsang på Grensen" på TV2 i gang. Eg kom rett inn i Wenche Myhre sin meir enn 30 år gamle slager "Vi lever". Den passa godt til dei fine menneska eg møtte i dag:

Noen mister alt de har, noen mister mor og far De lever Morgendagen er en venn, det finns alltid håp for dem Som lever For livet skal vi slåss, så lenge det går blod igjennom oss.

Ingen kommentarer:

Etiketter