Totalt antall sidevisninger

fredag 2. september 2016

Turblogg: Det er lov å bruke fjellvettet!

I dag vakna eg til nyheita om at utanlandske turgåarar måtte bergast ned frå den norske fjellheimen - igjen. No er det tid for å setje fokus på fjellvettreglane!


Oftast er det best å veclge turdag på godversdagar kor ein kan sjå heimover, slik som frå Hufatet i Tingvoll.

Eigentleg er eg ein stad mellom ganske og rimeleg godt fornøgd med talet på turar eg fekk gjort i sommar. Dei siste vekene var eg mesta på tur kontinuerleg, men det var fordi eg visste at når skulen kom i gang igjen, ville det bli minimalt med tid. No framover må eg fokusere på kvalitet i staden for kvantitet.

På desse turane har eg hatt god tid på å tenke på ymse, mellom anna fjellvettreglane. Det er ganske mykje fokus på desse reglane i forbinding med påskeutfarten. Eg trur det er viktig at dei blir snakka om på sommarstid og. Dei stadige nyheitene om bergingsaksjonar i fjellet kan tyde på akkurat det. Det er klart det er eit problem når det er så mange bergingsaksjonar ved populære Trolltunga på Vestlandet at dei som skal berge dei forkomne turistane, er heilt utslitne og dermed ikkje har kapasitet til å stille opp. (Oppsummering i denne artikkelen frå Bergensavisen)

Var glad for at eg hadde med meg regnklede på denne turen, men eg sakna lue og vottar faktisk.

Ein av turane eg hadde i sommar, var på ein skikkeleg gråversdag i Kristiansund. Ikkje så all verdens lang og ikkje så all verdens tung, men eg var ikkje kjend der eg gjekk, og det kom ei solid dose med regn mens eg gjekk. Då var eg glad eg hadde utrusta meg mot uvèr - sjølv om det var ein kort tur. Då skulle eg berre opp på rundt 350 meter, men endå viktigare er det sjølvsagt jo lenger opp i høgda ein skal. Ein av dei som driv med guiding inn til Trolltunga, fortel i nemnte avisartikkel at mangel på utstyr og rette klede og skotøy som er ein viktig grunn til at dei treng hjelp av Raudekrossen.

Ein ting eg har verdsatt ved å gå på alle turane eg har gjort, er at eg begynner å bli trygg på kva turar eg kan gjere åleine. Det gjeld sjølvsagt dei grøne turane, som er ganske lette og oftast høveleg korte. Men det gjeld og dei blå turane. Dei fleste av dei har eg gått åleine, fordi eg ikkje hadde nokon som ville eller kunne bli med, men og fordi det har gitt meg ei god kjensle å vite at dei turane fiksar eg. Det gir ei eiga fridomskjensle å kunne ta slike turar åleine.

Turen til Hufatet i Tingvoll er blå, og eg kunna gått han åleine, men å dele turgleda med fleire gir ei ekstra god kjensle :)
Ein viktig ting for at ein skal kunne gjere det, er å gå dei turane som er godt merka. Det er lett å tenke at det går som oftast bra, men å gå i ukjent terreng på dårleg merka sti, har ei viss fare med seg. Eg tenker til dømes på turen eg gjorde til Kjerkjeberget i Tingvoll - ikkje ein veldig lang tur, og oftast seier det seg sjølv kor ein skal, men eg var ikkje komfortabel med at turen var så dårleg merka. Og no skal det seiast, at det er stor forskjell på den erfaringa med turar eg hadde då eg gjekk den turen versus det eg har no. Erfaring, kunnskap og sjølvtillitt byggast godt på dei turane ein går.

Tenk å møte på denne informasjonen etter å ha gått ei lang li oppover utan vasstilgang! Bonus på veg mot Smisetnebba.

God tilrettelegging for turgåing på veg mot Breilia i Kristiansund.

Fjellvettreglane seier at ein ikkje skal gå åleine, og det er ein regel eg synes folk burde ta meir omsyn til. Sjølv om ein er ein erfaren turgåar, kan det skje uhell. Det å kome vekk i fjellet og ikkje bli funnen, er noko eg har tenkt mykje på - mellom anna fordi vi har opplevd det i familien.

Den regelen eg trur ganske mange gløymer, er om dei i det heile tatt er i stand til å ta dei turane dei legg ut på. Den aller største turgleda i sommar fekk eg på dei turane eg hadde som var både lange og bratte. Tenk å bestige Flånebba og Smisetnebba - begge på rundt 1150 - 1200 meter høge - og vite at eg gjorde det fordi eg hadde trent og hatt det som mål!
No skal rett vere rett: Om du vil nå ein topp som er litt krevande, men ikkje for krevande, så er det nettopp dei toppane ein bør gå til. Det er toppar som er lett tilgjengelege for nær sagt alle - men ein må ha motivasjon og lyst til å gjere det!

For ei godkjensle å ta ny personleg høgderekord: Smisetnebba 1187 meter høg! Tursesongen har vore vellykka!

Ingen kommentarer:

Etiketter