Totalt antall sidevisninger

fredag 2. september 2016

Auf Wiedersehen - Time to say good bye :)

I dag skal eg krype saaakte ut av skapet - naboskapet! Siste sommargjest har no lukka døra og sagt "takk for i sommar, vi sjåast neste år". Og eg seier "Auf Wiedersehen".

Siste måltid og triveleg lag for denne gong. Neste gong vi møtast, har Georg fylt 60 år. Han treng ein kopp med motiv frå Sunndalsøra, som den sunndalsvennen han er.
Vi satt tre saman og drakk kaffe på verandaen min ein sommardag i slutten av juni - Rainer, Georg og meg. Praten gjekk livleg på tysk om den omfattande oppussinga dei to nye naboane mine var i gong med - både innvendig og utvendig. "Eg har eit rom eg skal pusse opp eg og," sukka eg litt tungt (det har nemleg stått der i eit år i påvente av tid). Det er då orda fell kor eg kjenner eg må sette meg rettare i ryggen og lytte endå litt betre. "Du kan jo spørre naboane dine om hjelp, eg er sikker på at dei hjelper deg," sa ein av dei. "Eg trur kanskje nabane mine har nok arbeid med sitt hus," svarte eg. "Eg er sikker på at naboane dine vil hjelpe deg," sa han igjen. For å gjere ei lang historie kort, la desse to karane, som eigentleg held til nede i ein by nordvest i Tyskland, golvet på det rommet som stod der. I all mi takksamheit lovte eg dei nysteikte brød kvar veke resten av sommaren.

Den største gleda eg kan ha, det er å gjere naboen glad :)

Eigentleg var det ikkje der det starta. Det starta då eg oppdaga nokre veker tidlegare at eg hadde fått nye naboar og at dei var tyske. To karar som skal ha huset som "laksevilla" - dei elskar å fiske i Driva.
Der og då skjønte eg at dette kunne vere noko som både dei og eg kunne dra vekslar på. For min del handlar det nok mest om at det er utruleg hyggeleg å vere sosial med dei - eller bytte brød mot vin, som eg seier med litt humor.
Med glede kan eg minnast den fine turen eg hadde saman med Georgs gjestar, Monika og Helene, til Innerdalen - då eg eigentleg var trøytt og ville sove på verandaen. Men turen blei utruleg triveleg, og eg fekk introdusert dei for sunndalsgraut til vaflane vi spiste på Innerdalshytta.

Kaffe og vaflar med sunndalsgraut mens vi skodar på Innerdalstårnet - ein fantastisk ettermiddag :)

På veg nedover att frå Innerdalshytta saman med Helene og Monika.
Men no er dørene lukka, fiskesesongen er avslutta, iallfall for deira sin del, og eg må vente heilt til neste sommar på dei artige samtalane på mitt gestalta tysk over ein kopp kaffe om dagen eller vin om kvelden, å kunne få herlege smaksprøvar av laks (eg har aldri spist så mange gonger laks på ein sommar som i år) og vonleg kanskje tilbod om å gjere eit anna arbeid på huset.
Eg sitt og lurer på kor mange måtar det er å seie "takk for i sommar, vi sjåast att neste sommar - om ikkje før"...
Eg kan seie det som Kirsti Sparboe: "En sommer er over, men vi skal ses igjen til neste år..." - men det verkar litt tamt og kjedeleg. Så derfor seier eg det heller som De Lillos:

Når du en gang kommer
neste sommer,
skal jeg atter være her,
og vi skal synge gamle sanger
om igjen.
Når du en gang kommer
neste sommer,
skal vi atter drikke vin,
og vi skal snakke sammen
om de samme gamle ting.

Omtanke for både folk og dyr: Fiskeinnmaten til venstre til hunden (men han likte det ikkje) og til høgre heilt, heilt fersk laks til oss.


Ingen kommentarer:

Etiketter