Totalt antall sidevisninger

fredag 9. september 2016

Turblogg: DENNE turen MÅ du gå!





Eg hadde ikkje stege over tregrensa før eg skjønte at DETTE er turen med stor T! Og den gir eg terningkast 6!

I dag har eg gått til Strengen i Surnadal. Eigentleg hadde eg tenkt å gå til Nordviksula i Surnadal, men ombestemte meg i siste liten. Det fjellet er over 1300 meter, og eg var litt skeptisk på å gjere den turen aleine. Derfor vart det Strengen på 890 meter, ein tur som har blå merking.
Og for å seie det med ein gong: Eg vart slettes ikkje skuffa i dag! Dette er ein tur eg vil skryte uhemma av. 

Eg starta frå parkeringa til turen - den som står omtalt på stikk ut-sida, like ved skistadion på Kvanne. I omtalen står det at det er mange vegar til Strengen, og då eg kom opp på toppen, fann eg ut at det var omtrent fire vegar å komme seg dit. Frå parkeringa ved skistadion er det to vegar opp, ein på omlag 3 km og ein på 4 km. Den kortaste er noko brattare enn den lengste. Eg velte løypa på 4 km.
I følgje kartet ligg skoggrensa opp til omlag 350 meter, og akkurat der ligg det ei hytte med fantastisk utsikt. Lengda opp til hytta kan samanliknast med omlag 2 x lengda til Kongelhjellan i Sunndal, og med omlag same brattleik. Frå hytta og opp vart det litt brattare, men ikkje mykje. Eg brukte ein time opp til hytta, og med matpause brukte eg vel rundt 1 1/2 time resten av vegen. Ekstra hyggeleg var det å fortsatt kunne finne blåbær :)


"Er det her vi skal gå?"
Her er tregrensa, og benken ved hytta er ein grei plass å ta ein liten kvil før ein fortsett oppover eller nedover.
Her er eg på tur å legge tregrensa bak meg, og då kjem utsikta fram og :)

Der oppe kan ein skimte målet.

Utsikt mot Todalen.

Det er fleire rutetrasear ein kan følgje.

"Herleg med tur!!!"

Plutseleg kom Tustnastabban mykje nærare enn dei gjorde då eg gjekk til Hufatet.
Denne turen er ein av dei likaste eg har gått nokon gong, og kjem nok på mi 3 på topp-liste over stikk ut-turar eg har gått i år. Her er nokre grunnar til det:

* Merkinga og stikvaliteten
Denne turen er eit prakteksemplar blant alle turar i merking. Oppover heile vegen finn ein blå merking, og i tillegg er det skilt som viser kor ein skal - og kor ein kan hamne hen. Eit stykke oppi treff ein til dømes på eit skilt om sti ned til Stangvik, og det er og skilting til Røen. På toppen finn ein og skilting til Surnadal, men den turen er ein del lengre.
Så var det stikvaliteten! Det var omtrent tørt då eg gjekk, og ein kunne eigentleg gått i joggesko om ein vil det. Nokre stader var det litt gjørmate, men ikkje verre enn at ein greide godt å gå rundt eller forbi det.
På toppen av Strengen er det endå fleire traséval.

Stikk ut-målet Strengen ovanfor Kvanne i Surnadal. Eit perfekt turmål!
 * Familievennleg
I og med at eg velte den lengste stien på skistadion, var det ikkje ein veldig bratt tur. Eg vil seie at for å havne opp på mesta 900 meter, så var det ein utruleg lite bratt tur. Ungar kan nok trenge litt hjelp like før ein når toppen, men ut over det er det ein tur ungar kan greie utan problem. Einaste som kunne vore for å skape litt betre familieramme på toppen, er benk å sitje å spise på. 

Heilt greit å spise lunsjen på 890 meters høgd i dag :)

Prins lurte på om vi skulle ta brattaste vegen ned, men det skulle vi ikkje.

Fjellet rett fram er Knyken, som og er stikk ut-mål.

Eit av dei to fjella til venstre for Todalsfjorden er Sula som eg eigentleg hadde tenkt å besøke. Det blir ein annan dag.

Kor eg enn er i verda - vis meg kortaste vegen heim :)
Einaste eg kjem på som trekk ned inntrykket litt, er at ein må ganske langt opp før ein kjem til første skikkelege vannpost. Det er for øvrig noko det burde vere opplyst om i turinformasjonen til alle turane på stikk ut. Å vite når ein treff på vatn er ein ganske viktig ting å¨vite om på førehand (jamfør det eg skreiv om turen til Smisetnebba).
Eg er kjempenøgd med turen i dag, og vil berre seie: Har du ikkje vore på Strengen ennå, så skund deg av garde! Det var turen sin det !

PS! Utruleg kva som dukkar opp i hovudet når ein går slik på tur...I dag var det denne gamle visa som dukka opp :)

Hu hei! kor er det vel friskt og lett
uppå fjellet!
her leikar vinden i kåte sprett
uppå fjellet!
og foten dansar, og augat lær,
og hjartat kveikjande hugnad fær
uppå fjellet!


I dalen starvar du tung og heit,
kom på fjellet!
kor fint her er, inkje nokon veit,
her på fjellet!
dit auga flyg yver nut og tind,
det er som flyg det i himlen inn
uppå fjellet!
(Kristofer Janson)
Verdas beste turkamerat - Prins <3

Ingen kommentarer:

Etiketter