Totalt antall sidevisninger

onsdag 21. september 2016

Turblogg: Til det mytiske fjellet - Reinsfjellet

Det er noko spesielt med Reinsfjellet. Heilt sidan barndommen har det vore eit fjell eg har høyrt om og hatt eit distant forhold til gjennom dei signala som kom derifrå til tv-apparatet vårt på Hoemsetra.


På veg frå jobb mot det nær sagt mytiske fjellet - Reinsfjellet.
Frå Reinsfjellet var det direkteline til Vike, frå Vike og over vatnet gjekk det omformaroverføring til antenna på mørkloftet og ned til fjernsynet i stua. Slik fungerte det i mange år - heilt til flaumen tok saga kor omformaren vår stod plassert. Mulegheitene for å kunne sjå tv har rast vidare i kanonfart, og i dag mottar vi også på Hoemsetra signal frå ute ein plass i verdsrommet.

Reinsfjellet står der fortsatt og sender tv-signal ut til dei mange heimane i distriktet. Det omlag 1000 meter høge fjellet kan ein sjå frå store delar av Nordmøre. Fordi Reinsfjellet står på stikk ut-kartet, er det ganske mange som finn vegen opp til tv-mastene på toppen. Sannsynlegvis vel dei fleste å gå ein eller annan stig opp dit. Det er for eksempel muleg å gå ein rundtur med utgangspunkt Hoem ved Flemma.
Sist fredag var det endeleg dags for å ta dette mytiske fjellet i nærmare augesyn. Mi turvenninne og eg valte å gå den 5-6 km lange grusvegen opp. Eg gjekk i joggesko, og det vart hardt til beina etter kvart som vi kom opp i høgda. Prins vart og rastlaus.. Det var 17-18 grader, og han var tydeleg tørst. Eg hadde mesta for knapt med vatn til han, viste det seg.

På veg oppover lia møtte vi han her karen :)
Uansett kor eg er i verda - vis meg kortaste vegen heim!

Det går sakte oppover - utruleg kor mykje som blir interessant då... Men eg ser målet for turen :)

Prins blei både trøtt og tørst på tur oppover. Verdas beste turkamerat <3

Mykje fine fargar å sjå i fjellet om hausten.

Endeleg framme ved stikk ut-postkassa! Toppen av Reinsfjellet er 994 moh.
Eg forventa ikkje å finne dei ti bud innskreven på ei tretavle på toppen....
  Det heile betalte seg likevel med ei utruleg utsikt då eg kom opp på toppen! Det var litt disig ute i horisonten, så ein kan nok på ein god dag sjå lengre enn vi gjorde. Men kor mange mil avgarde kunne vi eigentleg sjå? Eg tippar at vi kunne ha sett til Smøla på ein god dag. Men vi såg til Kristiansund og Averøy ute i vest, til mine heimfjell ved Eikesdalsvatnet i sør, til fjella i Halsa og Surnadal i aust, og over til Aspøya og retninga mot Tustna i nord. Rett og slett eit fantastisk panorama!
Ikkje var det berre eit fantastisk panorama, men i retning Molde sendte sola sine fantastiske strålar i eit raudt skjer - noko som gjorde det mesta vanskeleg å sjå i andre retningar. For ei tiltrekningskraft!

Utsikt over mot Gyl, Bergem og over mot Halsa i bakgrunnen.

Prins og eg poserer med Krifastforbindelsen i bakgrunnen. Bergsøy ligg rett bak som bindeledd. Bak der ligg Averøy og Frei.

Utsikt mot Aspøya (t.v.) og Straumsnes-halvøya. Eit av fjella bak der er Fløystadfjellet, som eg var på dagen etter.

Ein gong var Reinsfjellet eit mytisk fjell eg knappast trudde fantes. No veit eg korleis det ser ut der.

Utsikt mot Tingvoll og Tingvoll-halvøya.
Vi begynte å gå nedover i rundt kl 19.30. Då var mørkret begynt å falle på, og vi hadde hatt heile Reinsfjellet for oss sjølve mens vi var på toppen. På nedovertur møtte vi ein mann med sykkel som var på veg opp - utan løkt på sykkelen og hjelm. Han sa ikkje noko om det, men kanskje ville han opp å beskue månen som vi to på nedovertur oppdaga då vi var komne nedom skoggrensa. Fullmåne og måneformørking! Då eg køyrde heimover mot Sunndalen, fekk eg skode månen i all si store prakt. Det var faktisk blitt laurdag før eg oppdaga at det hadde vore måneformørking. Det forklarte truleg korfor månen såg halv ut då vi oppdaga han på nedovertur.

No har eg altså bestege det nær sagt mytiske fjellet med det enormt store fjernsynssendarutstyret på. Reinsfjellet.
Neste gong trur eg likevel at eg tar naturvegen opp - oppover bratte stigar og skrenter. Det gler eg meg til!

Ein liten filmsnutt av kveldssola.

Då eg kom tilbake til Sunndal om kvelden, skein fullmånen så vakkert og skein opp Hov kyrkje. 

Ingen kommentarer:

Etiketter