Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Gjevillvasshytta. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gjevillvasshytta. Vis alle innlegg

søndag 20. januar 2019

Turblogg: No er skisesongen begynt!

                     På tide å børste støv av bloggen - skisesongen er i gong! 


Litt ungdommeleg initiativ gjorde at vi kom oss ut i skiløypa i dag. Mens junior ikkje higa så sterkt etter skitur, var vi på damesida litt meir interesserte.
For første gong på veldig lenge, kjentest det ut som at det var eg som var eigar av tida mi - det var ikkje noko lærararbeid som hasta eller avisarbeid som skulle gjerast - og det kjentest veldig befriande.
Det var eg som bestemte kor vi skulle, og sidan vi aldri hadde vore i Storlidalen i Oppdal før, vart det dagens turmål. Ein viktig grunn til det, var at det skulle vere sol der... Jaja, så feil kan ein ta - sola har ikkje kome attende der enno i år... Så viss det er sola du leitar etter - ikkje dra til Storlidalen i januar...


Vi parkerte ved Storli gard (det kostar 50 kr - kan vippsast eller betalast kontant), for der startar skiløypa innover dalen i retning Tovatna. Først slakt og fint, men etter kvart litt meir oppoverbakkar. Det hadde kome ganske mykje snø i Storlidalen siste dagane, og i går (laurdag) vart det trakka opp spor i den sentrale delen av dalen og innover til Tovatna. Ser på Facebook no at dei har trakka ganske mykje spor i rundt dalen i dag. Om du vil halde deg orientert, kan du like sida til Storli gard.


På yr.no stod det at temperaturen skulle vere rundt -10 grader i dag... Etter kvart som vi nærma oss Storlidalen, kraup målaren lenger og lenger ned på bilen vår. -18 grader stod det då vi kom fram til parkeringa der...Og vi hadde ikkje tenkt tanken at det kunne bli så kaldt.
Det var berre å starte opp og gå for å halde varmen.


Dette er jo stien som Turistforeininga driftar sommarstid, og på skiltet visast vegen mot Kårvatn øvst i Todalen og til Innerdalen i Sunndal. Storlidalen er jo super fordi det er mange moglegheiter for lange, gode turar i Trollheimen - anten du vil fortsette mot Gjevilvasshytta, Innerdalen eller Todalen.
Turen inn til trimposten ved Tovatna, tippar eg (basert på kartlesing) er rundt 5 km. Det er to vegar ein kan gå, så vi tok den øvste innover og motsatt tilbake igjen. Tida vi brukte, er vel ikkje all verda å skryte av, men vi er enkle fotfolk på tur med smørefrie, treige ski. Forresten må eg nemne at Aleks har nye ski denne veka - felleski, må vite. Mor er i gang med å finne ut korleis ein kan ha best mogleg utbytte av skia...
Inne ved snuplassen ordna vi oss litt plass så vi kunne sette oss og ete nista. Det skal godt gjerast i -18 å ete utan vottar... Og stakkars hunden hutra av frost.






Det var rett og slett ikkje vanskeleg å trivast i slikt vakkert landskap. Eg satsar på at vi drar fleire turar dit i vinter. Storli gard er nemleg open med kaffiservering på søndagane. Det kan vere ein fin måte å avslutte turen på.
Blant anna på grunn av eit fall eg hadde, vart iallfall eg isepine kald, og då vi kom til bilen, var det varme i setet det einaste eg lengta etter.
Det gjorde godt i både kropp og sjel å kome seg ut og gå på ski. Hovudet har vore nedsylta i alt for tunge tankar den siste månaden, og det gjorde så godt å komme meg ut og tenke på noko heilt anna og kjenne at den friske lufta gjorde meg godt.
Overgangen frå jul til det nye året er generelt sett ei ganske dårleg tid for meg - det skjer det same kvart år, og eg sig ned i ei dryg form for sjølvmedliding. Når eg endeleg ser at det har blitt lysare dagar og at sola er på tur å komme, blir det meste bedre. No driv eg nedtelling til sola kjem på huset mitt 4. februar :) Det er rart kor mykje sola og lyset har å seie for eiga oppleving av seg sjølv.
Så om du slit med mange tunge tankar og spinn i eige gørr - då er mi oppfordring at du må komme deg ut og kjenne frisk luft i nasen. Det gir ei ubetaleg sjelebot <3


søndag 19. februar 2017

Turblogg: Om du berre skal gå ein skitur...

... så bør du gjere den turen eg gjorde: Laurdagskveld med fullmåne og rundt 10 kuldegrader. Gnistrande skiføre og mange folk i løypa. 


Det var lys både innomdørs og utomdørs på Gjevillvasshytta då vi kom fram om kvelden.
I januar inviterte turistforeiningshytta i Gjevillvassdalen i Oppdal til fullmånetur, og eg tenkte det hadde vore artig å bli med på. Det høvde seg ikkje slik då, men då eg fann ut at neste fullmånetur skulle vere ein laurdagskveld, tenkte eg at det måtte eg absolutt få til. Og som tenkt, så gjort!
Eg hadde alliert meg med turvenninna mi, Anne Grete, som eg var på fleire fine turar i lag med sist haust. Ho er atskillig meir skivant enn eg.

Vi starta avgårde laurdags ettermiddag frå Sunndal, og då vi kom på parkeringa i Osen i rundt kl. 19 i den enden av vatnet som er nærast Oppdal, viste gradstokken i bilen -15 grader. Det var allereie mange bilar på parkeringa, og ut frå kor mange som tok oss att i skiløypa, kom det endå fleire bilar etter kvart.
Vegen innover til Gjevillvasshytta er slakk og lett å gå. På skiltet stod det 8,8 km i Osen, men på eit anna skilt seinare, stod det 9,5 km, så ein plass mellom 8,8 og 9,5 km er det.

Avstandsskiltet som står i Osen.
Litt seinare fann vi dette skiltet, så det er ikkje heilt lett å bli klok på kor langt det er i frå Osen til Gjevillvasshytta.

"Ta langrennsskia, du kan jo mesta stake innover heile vegen," sa ein kollega av meg... Hei, vent litt. Her må vi bryte ned informasjonen litt...
For det første: Langrennsskia. Det la eg ganske fort merke til på turen innover til Gjevillvasshytta: Det er ganske mykje av farta som kjem av bra utstyr... og det var ganske mange som hadde betre gli enn meg. Faktisk har eg inntrykk av at absolutt alle hadde betre gli enn meg... Fordi eg har smørefrie ski, og på ein gnistrande vinterkveld glir ikkje dei spesielt fort.
For det andre: Stake heile vegen. Vel har eg mesta heilt nye stavar, men stake 9 km? Nei, så sterke musklar i armane har eg ikkje, og særleg ikkje når skia ikkje glir så lett heller.
For det tredje: Korleis står det eigentleg til med skiforma mi? For når alt kjem til alt, hadde eg faktisk aldri gått så langt på ein skitur før... Men det er ganske mykje som kan gjerast med sta vilje!

Så vi staka og kava oss altså innover, og sjølv om det var ganske mange som tok oss att og for forbi, hadde iallfall eg ein suveren tur. Då vi kom fram til hytta i mellom kl. 20.30 og 21 ein gong, var eg mektig sliten, men gledde meg over varmt hus og nydeleg måneskinn. Månen skein over over på høgresida vår då vi gjekk innover, og då måtte vi bruke hovudlykta.
På Gjevillvasshytta var det mykje folk og godt traktement. Eg fann ut eg trong toddy innanbords, og etter å ha gått den lange turen i rundt 10 kuldegrader, var det godt å få varma meg på toddy. No var faktisk desse kuldegradane mesta umerkelege.

Litt å styrke meg  på før returen tilbake.

Så kjekt å endeleg komme meg innover til Gjevillvasshytta for første gong.

Eg hadde nemleg kledd på meg nokre lag ull. To lag under buksa og eit lag + fleece under dunjakka. Etter å ha gått meg varm, måtte eg ta av meg fleecejakka, så då heldt ullskjorta og dunjakka i lange banar resten av kvelden.

Då vi tok laust på heimveg litt utpå kvelden, var det ikkje nødvendig å tenne på hovudlykta - månen tok seg av den jobben absolutt - kva skal eg seie: strålande :) Det flaug eit fly over himmelen, og månen lyste opp flystripa, som vi såg seig avgarde i stor fart.

Tenk å kunne sjå flystripa segle bortetter himmelen :)

Eg veit eg ikkje hadde noko stor fart iallfall - vi brukte rundt 1 1/2 time kvar veg. Men eg hadde ei utruleg flott naturoppleving! Og eg hadde ein utruleg fin trimtur. Nokon vil kanskje seie at prisane på hytta er stive - 30 kr for bakverk og 35 kr for drikke. Men pengane går til ein ideell organisasjon, altså Turistforeininga, og det å ha skispora oppkøyrte inn til hytta, er ei stor glede for alle som nyttar seg av dei. Då vi gjekk innover, var det vel truleg 2-300 andre menneske - eldre og yngre - som gjorde det same. Alle som gjekk denne turen, fekk ein god porsjon folkehelse - og ei like fin oppleving som eg fekk.

Kva lærte eg så av turen?
For det første: Legg ikkje ut på langtur utan trening! Eg var heldigvis i stand til å gå desse to mila på ski, vel å merke med ei pause i mellom, men eg kjende det røynde hardt på.
For det andre: Sekken eg klaga mi naud over i haust, har ikkje blitt noko likare i løpet av vinteren. Hugs det til neste dagstur! På tide å få kjøpt seg ein skikkeleg dagstursekk.
For det tredje: Viss eg skal gå på fleire slike litt lange turar, vil det bli utruleg trådt å fortsette å gå på dei smørefrie skia mine... Då må eg bli meir kvalitetsbevisst med utstyret enn eg har vore tidlegare.
For det fjerde: For eit utruleg flott område som er tilgjengeleg i ganske umiddelbar nærleik - eg hadde aldri vore i Gjevillvassdalen før, men dit skal eg sanneleg tilbake, og då skal ungane og vere med og gå innover til hytta.

Langt borte der ligg Osen, kor vi parkerte, men vi har fortsatt nokre kilometer å gå i endelaust måneskinn.


Etiketter