Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Oslo. Vis alle innlegg

mandag 3. september 2018

Og så over til noko heilt anna: Oslo!

I helga har eg vore på ei kjempetriveleg venninnehelg i Oslo - og premiere på "Skal vi danse" med påfølgande premierefest. 


Dei hadde vel rett dei som stussa på at venninna mi, Tone, og eg skulle på premiere på "Skal vi danse" i helga. Men det er no slik: Nokre invitasjonar er veldig vanskelege å seie nei til :)
Slik er det når ein har kjentfolk med som konkurrerer i programmet, og det har Tone. Og dei som konkurrerer, treng sjølvsagt fans og heiagjeng.
Det er vel verken hemmeleg eller overraskande at eg synes det er artig å omgå folk er meir kjende enn meg sjølv. Derfor var eg ikkje vanskeleg å be på invitasjonen om å bli med på oslohelg med hotellovernatting.

Ivos heiagjeng klare for "Skal vi danse": Einar, Tone, eg, Ingunn og Anne Therese.
Antrekket for kvelden var pent, og det er no ikkje lett å vite kva som er pent eller pent nok... Men det blei orden på kleda til både Tone og meg, og ho rakk å lakke neglane og. Så var det berre å stille opp i Nydalen Studios og vente på at vi skulle få sleppe inn.
Grunnen til at Tone var invitert, var at han som er danselærar for kickbokser Thea Næss, Ivo, er kjæraste med sonen hennar. 
Rett skal vere rett - for meg er mange av dei som er med i konkurransen, b-kjendisar. Eg bryr meg verkeleg null og nada og kven som er vinnarar av "Paradise Hotel" og "Farmen". Litt meir interessant med målaren i "Tid for hjem". Minst like interessant for meg var Marianne Krogness, gode, gamle Sandra Salamander fra Pelle Parafins Bøljeband.
Sjølvsagt var det gøy å sjå Morten Hegseth fra VGTV.  Han hadde med seg makkar Vegard Harm, men plutseleg var han borte, og ikkje såg eg/ vi noko meir av han. Morten Hegseth hadde det mest glorate antrekket i heile programmet, men "Skal vi danse" må jo vere glam og stæsj, og alt kler den smukke, så då var no det greit!                                                                                                                                                                                                                                                                             
Sofie Elise i lys topp og rosa skjørt.
"Tid for hjem"-Morten til venstre og Morten Hegseth til høgre.

Det flotte danseparet med kvar sin makkar.
Som vonleg ganske mange såg på TV2 laurdag kveld, var det Thea og Ivo som fekk best poengsum av dommarane. Og rett skal vere rett: Dei var best og fortente det utruleg mykje.
Hvis du vil sjå dansen deira laurdag, kan du gå inn på denne linken.


Etter premiera som var vist på tv, var det klart for premierefest på hotellet kor vi budde. Ok, nokre ord om hotellet...
Vi fekk rom i femte etasje, og då vi kom opp der, kjente vi at det lukta veldig nytt golvteppe - og det er jo kjekt at det luktar nytt og reint der ein ferdast. Jau, teppet var ei veke gammalt berre.
Men det viste seg at dei hadde "litt" problemar med sikringa på den fløya kor vi låg. For oss betydde det at vi knappast hadde lys på badet heile helga - ikkje ein gong formaninga "bli lys" reagerte den på...! Og vi kom oss heller ikkje inn på rommet med nøkkelkortet... og måtte ha ledsagar med opp kvar gong for å låse opp døra med nøkkel...
Ja, så var no det nemnt, men eg nemnte ikkje kva hotell det var. Samma det - ligg i Nydalen - ganske rett ved Nydalen Studios.
Nei, la oss heller sjå på korleis det var med premierefesten! Tone og eg syntest det var kjempeartig å posere foran "Skal vi danse"-veggen. Eller artig... Men iallfall det ein vel berre må gjere...


Så fortel historia:
Folk rynka altså på nasen og auga då Tone sa ho skulle dit, og endå meir då dei høyrte at eg skulle vere med.
Då skal Tone ha sagt følgande om meg (viser berre kor godt ho kjenner meg!): "Du veit, Ingunn er ei slik ei som kan ta tak i Dorthe Skappel og seie "Hei, Dorthe, skal vi ta ein selfie...!"

Det var endå godt eg ikkje visste om dette, men før eg fortsett, er det på si plass med ein liten uhøgtideleg konkurranse. Dessverre ingen premiar (då bloggen min ikkje er sponsa av nokon), men eg lovar ei artig historie i neste blogginnlegg for den som svarar.
Spørsmålet du skal gjette ja eller nei på er følgande:
Har eg deltatt i Melodi Grand Prix?

Så var det altså følgande som skjedde laurdag kveld:
På veg ut etter programmet, kom vi på at vi måtte ta bilde der. Mens vi står der, seier eg: "Vi skulle hatt med oss ein kjendis. Eg kan jo gripe tak i den første kjendisen som går forbi...".
Den første som kom susande forbi, var Aune Sand, men han for litt fort, så eg vart litt perpleks (trur han hadde med barnevogna og). Rett bak han kom kona, Marianne Auli, og broren Vebjørn - som eg synest er ein dyktig kunstnar! Då "bryt" eg ut av meg: "Vebjørn Sand, kan du tenke deg å stille opp på bilde med oss?" Og det hadde han tid til i 30 sekund! Og det vart jo eit ganske triveleg bilde, om eg skal seie mi ærlege meining!
Og det siste eg såg av Aune Sand, var at han forsvann ut hotelldøra med ei barnevogn full av ting... Livet som småbarnsfar rundt 50! Han er jo utruleg morosam fyr, og vi treng fargeklattar som Aune Sand! Eg heiar litt ekstra på han!
Historia om kva Tone hadde sagt om meg, fekk eg vite neste dag, og ho skulle dra på jobb og seie "Kva var det eg sa?!"


Men no var det no ein gong Thea Næss og danselærar Ivo som vart best i sendinga. Og då var det veldig artig at dansedommar Tore, også kjent frå "Sofa" på NRK, satt ganske lenge ved bordet vårt. Han andre Sofa-karen, Adam, var med i følget hans, men då eg hadde tenkt å ta bilde av oss, var han forsvunnen. Tenk så bra bilde med tittelen "No har dei endeleg kome seg ut av sofaen..." Jaja, neste gong! Det var iallfall hyggeleg å treffe han - Tore altså. Og for den som måtte lure: Han kan å danse!
Eg håpar alle som les bloggen her, vil bruke minst alle dei tre gratisstemmene ein har på tv2.no og stemme på Thea og Ivo, så får dei vere med i sendingane heilt fram til finalen 17. november. Eg skal melde frå om eg skulle til formodning hamne på finalen og.
Den som følger med, får se!

Dansedommar Tore Petterson og meg :)

søndag 1. desember 2013

HALLOOO... Internett... Er det ope sundag?

Eg innrømmer det ganske so enkelt: Overskrifta er laga for å skape merksemd - for overskrifta har eigentleg ingen ting å gjere med deg eg skal skrive om! Men eg vonar du vil lese vidare! Dette handlar om OSL<3VE!




For å forklare overskrifta først: Eg var på helgetur i Oslo no i helga, og i går kveld, laurdag, var eg på forestilling med tidlegare teatersjef på Den Nationale Scene i Bergen, Bjarte Hjelmeland. Det var ei fantastisk artig forestilling! "Gud, kor gøy" den var! Overskrifta var noko han sa i ein av dei mange sketsjane i forestillinga.

Nokre timar før forestillinga var eg på kurs på KrF-kontoret. Vi snakka mellom anna om det å ha respekt for kvarandre. I bland pleier eg å raljere litt med det "Med all respekt å melde"-uttrykket, spesielt på facebook. Men kva betyr det eigentleg å ha respekt for kvarandre. Då kom det så klokt frå ein av dei andre deltakarane: Respekt betyr heilt direkte "å sjå ein gong til". Det vart ein tankevekkar for dei fleste av oss som var der. Viss eg skal ha respekt for andre, treng eg rett og slett å stoppe opp og sjå etter ein gong til!

Eg tok med meg dette ut i desemberettermiddagen på travle Karl Johan. Eg gjekk og sulla og lurte på kva eg skulle kjøpe medan eg venta på ein kompis eg skulle treffe. Eg hadde akkurat tenkt nokre tankar om kva jula er for meg. Eg ønskjer meg ikkje mange gåver, men vonar dei to vekene med ferie kan fyllast med triveleg samvere med mennesker eg sett pris på og er glad i. Viss eg får til det, har jula mi vore meiningsfylt!
Då kom ein ung kar gåande, og han spurte om eg ville kjøpe boka hans - juleboka til =Oslo. Eg stoppa og prata med han, fekk han til å fortelje kva som var i boka, og han nemnte i ei bisetning noko om frå då han gjekk på stoff. "Gjer du det enno?" spurte eg. Nei, no hadde han komen i gang med  behandling. Han var berre 22 år gamal. Eg fortalte han kva eg akkurat hadde gått og tenkt på, og han hadde sine tankar om det. Så kjøpte eg boka av han, ga han ein tohundrelapp for den, ønskte han ei god førjulstid, og gjekk vidare - for å finne bursdagsgåver, julegåver og kalendergåver eg skulle kjøpe. For ein langt høgare pris enn 200 kroner!
Hadde ikkje han på kurset sagt det han sa, er det aldri sikkert eg hadde stoppa og prata med ungguten, men eg tenkte at han fortente mi respekt! Han går og sel bladet =Oslo, og no juleboka deira, dag etter dag uavhengig av vèr. Han gjer eit ærleg arbeide!

Eg er glad for at det blei meiningsfylt for meg å stoppe og prate med han. 22 år - det er for ungt å øydeleggje livet sitt! Eg er glad for at han får hjelp til å bli rusfri! Det er mange som skulle fått den hjelpa! Rusomsorgen har vorte for byråkratisert, og ofte er det berre tilbod gjennom offentleg behandling rusmisbrukarar får - det resulterer i at dei må stå lengre tid i kø for å komme inn på den aktuelle institusjonen. Det er ein uverdig situasjon for den som vil kome seg ut av rusmisbruket sitt!
Eg vonar den nye regjeringa - med KrF som aktiv pådrivar - vil arbeide for at rusmisbrukarane skal få kome fortare inn på avrusning enn det som er tilfelle no, og at privat behandling skal vere like respektert og anerkjent som den offentlege!

Og MED ALL RESPEKT Å MELDE: Den respekta fortener dei verkeleg!

Etiketter