Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Sunndalsøra. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sunndalsøra. Vis alle innlegg

lørdag 2. mai 2020

Turblogg: Sykla i gang stikk ut-sesongen

Når det vart litt vanskeleg å gå i gang stikk ut-sesongen, var det berre ei råd: Å trø i gang det heile.


Her på parkeringa til HOvslykkja kyrkjegard kan ein starte stikk ut-turen i Fagerhaugane.
La det vere sagt med ein gong: Eg er ikkje fornøgd med at det ikkje er nokon Stikk ut-postar mellom Sunndalsøra og Gjøra, men når eg ikkje får gjort noko med det, må eg finne på noko anna.
Eigentleg skulle junior og eg dra ut på Ålvundeidet og teste oss på skogsvegen opp til Reinsetvatnet. Men klokka tikka og gjekk, og vi kom oss ikkje av garde. Då lot eg han ta ansvar for hundelufting, så bestemte eg meg for å ta sykkelen fatt. I dag vart det ein skikkeleg sykkel-stikk ut!

Startklar heimefrå.
Bygda eg bur i, Grøa, ligg ein fin sykkeltur frå Sunndalsøra. Det er mesta 10 km frå meg og ned til sentrum. I år ligg tre postar samla i rundt sentrum, alle tre kan ein nå med sykkel eller ta det som ein trilletur om ein har små barn.
Eg sette meg på sykkelen og starta nedover på gang- og sykkelvegen som går frå Grøa og ned til sentrum. Det er under to veker sidan eg starta sykkelsesongen, men no har eg begynt å bekymre meg om at eg ikkje har god nok helse til å komme meg på dei brattaste og lengste fjellturane i sommar. Lysta og lengselen etter å kome til fjells er så sterk, men eg må gjere eit stykke arbeid for å trene meg opp att etter beinbrotet i fjor sommar og skada eg fekk i vinter. I tillegg slit eg med nevropatiske seinskader i beina etter kreftbehandlinga, og det gir ein del smerter, særleg når eg går lange, tunge turar. Heldigvis har eg gjort ei super oppdaging no når eg har begynt å sykle: Nevropatiske smerter er som dugg for sola når eg syklar :) Herved er tipset gitt til alle som slit med dei same smertene som eg.
Den første postkassa eg skulle oppsøke, er på Fagerhaugan. Den turen kan du lese omtalt her, og er ny av året. Det området ligg i friluftsområdet mellom skole- og idrettsanlegga på Sande og Holten. På nettsida står det foreslått to stadar å parkere. Den første ser du på bildet under her. Der ligg parkeringa til Fagerhaugan Idrettspark, og herifrå tar ein vegen oppover mot lysløypa som ligg rett under fjellet.


På veg opp mot lysløypa kan du passere denne bunkersen frå krigens dagar.
Frå eg kjem opp på lysløypa, er det berre nokre hundre meter bort til postkassa. Den ligg rett bak fotballbanen Rotvoll. Ikkje noko prektig turmål, akkurat, men i det minste praktisk og lett tilgjengeleg.

Posten sett bakfra mot fotballbanen.
Herifrå kan du gå anten til høgre mot Sande eller til venstre mot Hovslykkja kyrkjegard.
På nettsida ser eg at det allereie er 73 registrerte innsjekkingar på denne posten første dagen, så den blir nok populær, vil eg tru.
Frå posten i Fagerhaugane gjekk sykkelturen vidare nedover mot sjøen gjennom kyrkjegarden. Først stoppa eg foran den flotte engelen som Ola Stavseng har laga på Hovslykkja kyrkjegard. Foran porten til kyrkjegarden er det parkering kor ein kan starte turen.

Ved porten til Hovslykkja kyrkjegard når ein kjem frå Fagerhaugane.

Det er vel verd å ta ein kort stopp ved den flotte engelen på kyrkjegarden.
Så var det å sette seg på sete for å komme seg vidare nedover mot sjøen. Først innom der den neste turen startar. I omtalen om turen til Fjordparken står det at ein kan parkere på plassen foran Europris og starte turen her ved dette vegskiltet.


1. mai er sjølvsagt flaggdag.
Turen ned til Fjordparken går ned gjennom sentrum mot sjøen, men nede ved Best-stasjonen tar ein av mot høgre og går baksida nedover vidare mot sjøen. Heilt nede på Hydrokaia ligg Fjordparken. I fjor prøvde dei å anlegge badeplass, men det var ikkje spesielt eigna. Plassen kor bilane stoppar der, kallast Litj-Harry'n. Då tunnellen stod ferdig var det snakk om at det ikkje skulle vere mogleg å køyre ned til sjøen der, og det vart ramaskrik. Skulle politikarane ta bort Litj-Harry'n frå sunndalingane? Etter underskriftskampanje vart det ei einigheit, og sluttproduktet er ein fin plass kor ein kan dra og sjå på båtane som legg til på Hydro, nyte fjella og sjølufta. Ein kort og grei tur på asfalt, veleigna for sykling og trilling, frå sentrum.

Stikk ut-posten i Fjordparken.

Fine muligheter for å sette seg ned i Fjordparken. Fine plener for å ha piknik er det og.

Denne steinformasjonen kjenner eg ikkje historia til, men er fin for ungar å klatre på.
 Frå Fjordparken gjekk sykkelturen vidare opp til sentrum og over brua som vi er veldig stolte av. Den har formasjon etter den brua som var der før, og har ein link til Sunndals gamle anleggshistorie, frå då det var togbane ned i frå fjellet til sjøen.
Det var utruleg spennande å følge med byggeprossen og ikkje minst flytteprosessen av brua for nokre år sidan. Centimeter for centimeter vart ho flytta på plass. Verkeleg god ingeniørkunst.


Like over brua må ein legge vegen til høgre. Rett ved krysset er Sunndal Jeger og Fisk sitt anlegg. Der startar den neste turen, nemlig bortover til Småbåthamna, eller Håsøran som turen heiter. Også her er det mogleg å sette seg ned, men eg er usikker på om det er lov å fyre opp grillen der.

Her startar turen til Småbåthamna, den siste posten eg skal besøke.


Langs elva og sjøen slynger grusvegen seg bortover mot Småbåthamna. Du kan lese meir om turen her. Eg får auge på eit par stokkender som svømmer fredeleg. Eg tenker eg skal vere stille og prøve å ta eit fint bilde av dei. Men eg var ikkje stille nok, og dei rakk sjølvsagt å flyge. Ser du dei på bilda?



I småbåthamna finn du rekka med naust som er velkjend frå mange bilde. Eg har vore fleire gonger og tatt bilde av dei sjølv. Du finn nokre døme på det på instagramkontoen min, budeiaingunn.
I dag var det ingen ting spesielt sjarmerande med dei eller sjøen. Men når sjøen ligg spegelblank er det veldig fint :)


På dette bygget er postkassa festa. Dei held på å snekre noko utanfor, ser ut som veranda. Fint å sette seg ned her.
Då har eg gjort ferdig alle dei tre postane på Sunndalsøra, og eg kan legge vegen heimover. Eg syklar over fylkesvegen og forbi Tredal skole. Litt lengre bort i Tredalsvegen legg eg vegen oppover dalen mot Hovin. På Håsen stoppar eg ein kort augenblink og helsar på hestane før eg syklar vidare.


Like ovanfor Hovin, som er midtvegs mellom Tredal og Grøa, står ei gammal, litt sliten løe bygd opp av stein. Eg kikkar på ho, tar eit par bilde og syklar heim. Tre postar på min sykkel-stikk ut og rundt 25 km sykla er ein heilt grei start :)



søndag 26. april 2020

Endeleg tid for å gå i kyrkja igjen

Den koronatilstanden er ikkje så bra - han set ein stoppar for veldig mykje. Mellom anna gudstenestene. Men no kan du gå i kyrkja i Hov kyrkje på Sunndalsøra.

Endeleg kunne eg dra på gudsteneste igjen.
Sidan 12. mars har samfunnet vore mesta ute av drift. Det er ikkje mykje ein kan ha gjort i alle desse vekene etterpå - vekke var døgnrytma kor eg slo opp rundt kl 05.30 for å komme meg avgarde heimanifrå kl. 06.30 til jobb. Vekke var og alle fritidsaktivitetane - alle møta eg skal på. Og gudstenenestene eg prøver å dra til så ofte som mogleg.
Så kom organisten Ingebjørg Charlotte i Hov kyrkje på den geniale ideen om at kanskje ein kan ha gudstenester kor ein melder seg på. I samråd med smittevernlegen i kommunen vart det einigheit om at ein kan ha gudstenester med 25 menneske i kyrkjerommet - inkludert dei tilsette.
Først gjekk tilbodet til dei som kjem fast til kyrkja - ein fin handfull aldrande som ikkje er så bevandra i internettverda. Eg fann ut før helga at det skulle vere fint å gå i kyrkja igjen.

Alt er klart for den som vil komme i kyrkja.
Det er rart med det med å gå i kyrkja, trua på Gud og alt det her store som er vanskeleg å sette ord på. Etter å ha stått som medlem i Baptistsamfunnet sidan eg meldte overgang dit som 20-åring, gjekk eg tilbake til Den Norske Kyrkja då jenta mi skulle konfirmere seg for tre år sidan. Då hadde eg hatt eit avstandsforhold til alle gudshus ganske lenge. Gjekk omtrent ein gong i året, og det var på allehelgensdag første søndag i november for å minnast han som var borte.
Litt ironisk nok fekk eg ein telefon ein gong om eg ville stille til val på soknerådsvalet. Då måtte eg berre seie at det ikkje var aktuelt sidan eg ikkje var medlem. Men at det kunne vere aktuelt om eg meldte meg inn att.
Så kom tida for at dotter mi skulle starte konfirmasjonsførebuingane. Det første var at ho måtte melde seg inn i Den Norske Kyrkje for å kunne bli konfirmert. Då ho vart døypt i Kristiansund som baby, vart ho nemleg automatisk medlem der eg var medlem. Då bestemte eg meg for at det var dags for å melde overgang - eg synes det er ein fin verdi at heile familien står samla same plassen.
Når ein konfirmerer seg, må ein i kyrkja på ein del gudstenester, og jenta trong ein sjåfør. Nokre gudstenester vart det på oss, og eg kjende det gjorde godt for heile meg.

Så stoppa det opp då konfirmasjonen var ferdig, og eg var tilbake i det same sporet som før. Då det nærma seg tida for å sette i hop liste til soknerådsvalet, tilbydde eg mitt namn på lista. Av alle ting kom eg rett inn i soknerådet, og eg var ønska som ny leiar.
Men kva skulle eg gjere med det nye vervet og i det vervet?
Eg velte det mest nærliggande: Å begynne å gå oftare i kyrkja. Vise interesse for den organisasjonen eg er leiar for. Putte pengar i kollektskåla og gå til nattverd. Så enkelt og så vanskeleg.

Derfor var det ganske uhøveleg med stenginga av samfunnet, for eg kom ut av den gode søndagsrytma mi.
Men endeleg vart det tid for gudsteneste att. Og det er vel sjeldan ein kan seie at kyrkja er fullsett - men etter gjeldande standard var ho det. Av 25 menneske som var veldig glade for at vi endeleg kan møtast att i gudstenestefellesskap - med antibacdynka never og i god avstand til den ved sidan av. For å synge salmar, høyre bibeltekstane lest og høyre på preika.
I tala minte soknepresten om tidlegare epidemiar og pandemiar som har herja verda. Ein av dei var spanskesjuka, som tok fleire menneskeliv enn 1. og 2. verdskrig til saman. Presten ba oss hugse at også dei før oss hadde hatt tøffe tider. Det fekk meg til å tenke på at bestefar Franz hadde hatt to søstre, Inga og Anna, som begge døydde av spanskesjuka i rundt 1920. Vi visste ikkje av dei før eg begynte med slektsforskning og då fann namna deira og dødsårsaken i folketellingane og kyrkjebøkene.
Å avrunde gudstenesta med kyrkjekaffe i midtgangen med god plass mellom kvar av oss, var det som gjorde gudstenesteturen min til ei kinderegg. Det tredje elementet var nemleg sykkelturen til og frå kyrkja. Det er mesta 10 km kvar veg, og det var rett og slett vidunderleg å starte dagen med ein slik frisk sykkeltur.
Mens eg satt der i benkerada, tenkte eg at det var rett og slett ei stor glede å få komme tilbake til kyrkja igjen - ei så stor glede at eg ville fortelle om det her.

Så velsigna godt med Ingebjørg Charlotte og Helge Storset som tar ansvar for kyrkjefolket sitt.

På vegen heim måtte eg legge vegen om Hovslykkja kyrkjegard, kor du finn denne engelen.

mandag 11. juni 2018

Turblogg: Til å miste pusten av

I det forrige innlegget fortalte eg om turen til Vinnu. Kor mykje kulare er det ikkje å sjå fossen ovanfrå?! Bli med meg på tur :)




Forrige laurdag gjorde eg noko skikkeleg kult - eg angrar verkeleg ikkje: For 400 kr fekk eg sitte i eit toseters mikrofly og sjå Sunndal frå lufta! Det var verkeleg til å miste pusten av!

Straks klar for avgang!
Bakgrunnen for turen var at Sunndal Flyklubb feira sitt 50-årsjubileum, og eg var der som journalist. Rett og slett tok lysta overhand, og eg berre måtte ha ein flytur i godveret.
Kaptein på turen var Jan Hafsås, ein mann med 140 timar i lufta og er eigar av sitt eige fly. Flyet hans er av same typen som brukast når ein skal ut i villmarka i Alaska, og det er berre tre slike i Noreg. Flyet veig rundt 350 kg og er eit to-seters.
Turen starta nedover mot Sunndalsøra og eit lite stykke utover fjorden før det gjekk over fjella mot Øksendalen og oppover dalen.
Eg lar bilda tale og skriv på nokre tekstar under.

Klar for avgang - på tur å lette.

Utsikt mot Trollamassivet.

Vinnu og Vinnubreen. Bakerst ligg Kongskrona og Vinnufjellet.



Vinnu.

Vinnu og området ein må gå når ein skal på Furunebba.

Furunebba og Vinnubreen.

Furunebba, Kongskrona og Dronningkrona.

Sunndalsøra sett frå lufta.

Sunndalsøra og Tredal.

Sunndalsøra sett utover mot Opdøl.
Tredalssida.
Hydro. Men sjå der: Eit basseng! Det har eg aldri lagt merke til før... Kva brukast det til?
Sunndalsøra - sett oppover dalen.

Sett frå sida. Flyet flyg over området ved Vikskaret og Vikfjellet.

Sett utover Sunndalsfjorden mot Flåøya, Opdøl og Ålvundeid.

Utover Sunndalsfjorden og Viklandet.

Grøvelnebba og Sandvikdalen.
Flåøya, Flånebba og Opdøl.
Litjdalen - og langt der framme ligg Dalavatnet.
Litjdalen og Dalavatnet sett på litt nærmare hald.
Hårstadnebba.

Eg har tenkt lenge på at eg vil gå opp på Litjkalken. No har eg iallfall sett korleis platået oppå ser ut.

Litjkalken.

Hareimdalen og elva Hareima.
Grødalen lever verkeleg opp til namnet! Ein sjeldan grøderik dal.
Plutseleg kom eit fly dragande med eit seglfly etter seg.
Vinnu flyplass sett frå sida. Riksveg 70 lenger ned i bildet.

Utsikt oppover forbi Hoås.
Utsikt nedover dalen. Hovuddelen av Grøa på venstresida av elva.


Utsikt ned mot riksveg 70 og Sunndalpotets store hall.

Nedre del av Grøa.
Artig å sjå huset mitt frå lufta :)
Huset mitt og resten av Jøntelhaugen sett framanifrå.
Landing på Vinnu:

Takk for følget - håpar du hadde ein like fin tur som eg hadde :)

Etiketter