Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten TV2. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten TV2. Vis alle innlegg

søndag 4. september 2016

Redda av kjendisen...

Ein einsam gutt på 11 år ved eit stort bord. Ingen ville sitje saman med han fordi han er autist. Historia er ikkje særskilt, men fekk eit lykkeleg utfall.



TV2 fortalte denne veka historia om den einsame guten som fekk selskap av fotballstjerna ved lunsjbordet på skulen. Ei fotballstjerne som såg den einskilde guten gjennom mengda av alle andre.
Eit enormt lykketreff for guten, ei historie det står respekt av og til å følge etter av for oss andre.

Eg har opplevd noko lignande sjølv, og eg kjenner fortsatt på takksamheit for han som redda meg ut av situasjonen.
Det var juletrefest på bedehuset i bygda. Jenta mi var 2 eller 3 år gammal, så vi hadde budd berre 1-2 år i bygda, og kjente fortsatt mesta ingen her. Ho gjekk ikkje i barnehage, men hos dagmamma, så det var ikkje så lett å bli kjent med folk. Då vi kom inn i salen på bedehuset, gjekk eg derfor bort til dei få eg kjente og spurte om det var ledig. Nei, det var ingen som hadde ledig plass. Skuffinga mi var sjølvsagt stor, men eg gøymde den inni meg, og gjekk og sette meg der det var ledig - på eit bord åleine, dottera mi og eg.


Sannsynlegvis hadde vi nok vorte sitjande der aleine heile festen om det ikkje var for at det var ein person som var ute i absolutt siste liten - presten. Han skulle halde andakten til forsamlinga, men var lovleg seint ute. Derfor gjorde han det samme som dei aller fleste ville gjort - sette seg ned ved det første og beste bordet han såg det var ledig plass på. Det var mitt bord. Det var heilt tilfeldig, kan eg tenke, men det var mitt bord. For eit lykketreff! Presten var både morosam og lett å prate med, og festen gjekk som ein draum for oss då vi fekk så bra selskap ved bordet.

Denne historia er eigentleg ein parantes, Eg tvilar på at presten hugsar denne historia meir enn 10 år etter. Men for meg vart det ei historie å minnes med takksamheit.
Moralen i begge desse historiene er kanskje openbare: Ver venleg mot framande menneske, ver open for at dei og kan vere verd å gi av di tid til, ikkje fordøm menneske du ikkje kjenner. Ein framand er ein venn du ikkje kjenner.


mandag 1. juli 2013

Nok ein rutinesvikt hos AMK ved Molde sjukehus



I januar i år forulykka ein mann i ei paragliderulykke i Ålvundfjord i Sunndal. I ettertid har det vist seg at rutinesvikt og kommunikasjonssvikt ved AMK på Molde Sjukehus og mellom skadestad, Molde sjukehus og St. Olav i Trondheim var ei vesentleg årsak til at mannen ikkje fekk den medisinske behandlinga han trengte i tide, og soleis døydde av skadane.                                      

Dette kom fram i eit lengre innslag på TV2-nyheitene 22.juni, kor enka fekk høyre lydopptak av samtalar mellom bergingsgruppa på skadestaden og AMK ved Molde sjukehus og mellom AMK i Molde og Trondheim. Slik eg oppfatta det, tok langt på veg Molde sjukehus sterk sjølvkritikk, og ville bruke erfaringane til å betre system og rutinar.                                                                        
Sist fredag (28.juni) sat eg på avkøyrsla ved Trollveggen i Rauma, då det kom eit redningshelikopter flygande, og alle teikn tyda på at det skulle utførast ein bergingsaksjon. Då helikopteret for avgarde med ein bergingsmann hengande under, tenkte eg det var greitt å finne ut kva som foregjekk, og ringte derfor NRK Møre og Romsdal og tipsa. Dei ville gjerne ha bilde av saka, og medan vi teksta att og fram - og både ambulanse og brannbil kom til staden - fekk eg vite per sms at verken AMK eller politiet visste av denne bergingsaksjonen!                                                                    
Helikopteret kom etter kvart attende til staden med ei dame hengande under saman med bergingsmannen, og på distriktssendinga ti minutt seinare, fekk eg vite at ho hadde brote foten. Men altså utan at verken AMK ved Molde sjukehus eller politiet er orientert om saka!                        
Dette var seks dagar etter at Molde sjukehus lova å skjerpe rutinane i nyheitene på TV2! No lurer eg på kor skjerpa dei faktisk er!                                                                                                            
Kva slags rutinar har dei viss dei ikkje veit kor dei er dei som skal berge oss når vi er i fare?! Var det eit spel for galleriet det innslaget på TV2? Skal vi kanskje ikkje føle oss så trygge likevel? Må faktisk fleire liv gå tapt før rutinane har komme på plass?                                                                            
Og dessutan: Viss ikkje dei som sit ved det overordna ansvaret for borgarane si sikkerheit veit kva slags bergingsaksjonar som foregår, korleis skal eg då kunne stole på at skattepengane mine blir brukt på ein rettvis måte? I utgangspunktet kostar ikkje eit beinbrot så mykje meir enn rundt 5000 kroner med røntgen og gipsing. Kva då når denne skada har kosta det tidobbelte allereie før røntgenbiletet er tatt! Då veit ikkje eg om eg kan stole på at helseregionen skjøttar min skjerv av eit skattebidrag på ein handterleg og fornuftig måte! Eg vonar at politikarar og media grip fatt i denne saka, for her verkar det som at det er meir å finne ut av. Eg har vanskeleg for å tru at fredagens episode var eit enkelttilfelle ved AMK!    
                                                                                                                
Mest av alt vonar eg likevel at dette var eit sokalla arbeidsuhell hos dei som er sett til å handtere vår daglege helsesikkerheit når det er minutt og sekund som tels! Når uhellet er ute forventar eg at Molde sjukehus har profesjonelle rutinar på å yte profesjonell hjelp på skadestaden og på veg til sjukehuset !

Etiketter