Totalt antall sidevisninger

mandag 1. juli 2013

Nok ein rutinesvikt hos AMK ved Molde sjukehus



I januar i år forulykka ein mann i ei paragliderulykke i Ålvundfjord i Sunndal. I ettertid har det vist seg at rutinesvikt og kommunikasjonssvikt ved AMK på Molde Sjukehus og mellom skadestad, Molde sjukehus og St. Olav i Trondheim var ei vesentleg årsak til at mannen ikkje fekk den medisinske behandlinga han trengte i tide, og soleis døydde av skadane.                                      

Dette kom fram i eit lengre innslag på TV2-nyheitene 22.juni, kor enka fekk høyre lydopptak av samtalar mellom bergingsgruppa på skadestaden og AMK ved Molde sjukehus og mellom AMK i Molde og Trondheim. Slik eg oppfatta det, tok langt på veg Molde sjukehus sterk sjølvkritikk, og ville bruke erfaringane til å betre system og rutinar.                                                                        
Sist fredag (28.juni) sat eg på avkøyrsla ved Trollveggen i Rauma, då det kom eit redningshelikopter flygande, og alle teikn tyda på at det skulle utførast ein bergingsaksjon. Då helikopteret for avgarde med ein bergingsmann hengande under, tenkte eg det var greitt å finne ut kva som foregjekk, og ringte derfor NRK Møre og Romsdal og tipsa. Dei ville gjerne ha bilde av saka, og medan vi teksta att og fram - og både ambulanse og brannbil kom til staden - fekk eg vite per sms at verken AMK eller politiet visste av denne bergingsaksjonen!                                                                    
Helikopteret kom etter kvart attende til staden med ei dame hengande under saman med bergingsmannen, og på distriktssendinga ti minutt seinare, fekk eg vite at ho hadde brote foten. Men altså utan at verken AMK ved Molde sjukehus eller politiet er orientert om saka!                        
Dette var seks dagar etter at Molde sjukehus lova å skjerpe rutinane i nyheitene på TV2! No lurer eg på kor skjerpa dei faktisk er!                                                                                                            
Kva slags rutinar har dei viss dei ikkje veit kor dei er dei som skal berge oss når vi er i fare?! Var det eit spel for galleriet det innslaget på TV2? Skal vi kanskje ikkje føle oss så trygge likevel? Må faktisk fleire liv gå tapt før rutinane har komme på plass?                                                                            
Og dessutan: Viss ikkje dei som sit ved det overordna ansvaret for borgarane si sikkerheit veit kva slags bergingsaksjonar som foregår, korleis skal eg då kunne stole på at skattepengane mine blir brukt på ein rettvis måte? I utgangspunktet kostar ikkje eit beinbrot så mykje meir enn rundt 5000 kroner med røntgen og gipsing. Kva då når denne skada har kosta det tidobbelte allereie før røntgenbiletet er tatt! Då veit ikkje eg om eg kan stole på at helseregionen skjøttar min skjerv av eit skattebidrag på ein handterleg og fornuftig måte! Eg vonar at politikarar og media grip fatt i denne saka, for her verkar det som at det er meir å finne ut av. Eg har vanskeleg for å tru at fredagens episode var eit enkelttilfelle ved AMK!    
                                                                                                                
Mest av alt vonar eg likevel at dette var eit sokalla arbeidsuhell hos dei som er sett til å handtere vår daglege helsesikkerheit når det er minutt og sekund som tels! Når uhellet er ute forventar eg at Molde sjukehus har profesjonelle rutinar på å yte profesjonell hjelp på skadestaden og på veg til sjukehuset !

Ingen kommentarer:

Etiketter