Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Geitådalen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Geitådalen. Vis alle innlegg

søndag 15. april 2018

Turblogg: På T-merka tur i Sunndalsfjella

I blant er det fint å ha eit mål for turen. I går vart turen det viktigaste målet i godveret. (Sjølv om eg kunne tenkt meg å gå lengre...)



Eg var veldig i tvil om kor eg skulle fare, tenkte mellom anna på Storlidalen, sidan eg aldri har vore der. Til slutt enda eg opp med å gå innover Geitådalen, som ligg øvst i Sunndalen. Eigentleg hadde eg lyst å prøve å gå heilt til Råstu (1613 moh.), men det vart alt for langt til meg i dag.

Det er denne turen ein går om ein skal til Rauberghytta i frå Sunndal. Anna alternativ er fra Torbudalen. Parkeringa heiter Skålvollen, og ligg mellom Hafsåsen og Røymoen. Her står det greit skilta at vegen til Rauberghytta startar derifrå. Ikkje langt i frå ligg Røymoen, som vel er høgast liggande garden i Sunndal. Frå den kanten høyrte eg motorsaga gjekk - og det er nok tid for vedhogsten no!

Vegen innover frå Skålvollen startar i litt oppoverbakke. Skålvollen ligg på rundt 650 meters høgd, og på dei kilometra eg gjekk, fekk eg ei høgdestigning på rundt 200 meter.
Det er vår i skogen no! Det merka eg somme plassar kor det var blitt mindre snø, dei våte partia eg måtte passere over - og alle fuglane som sang.

Mens eg gjekk innover, mintes eg forrige gang eg gjekk denne dalen. Det var for 2 1/2 år sidan, og eg var på saueleiting. Då gjekk vi innover frå Skålvollen til Falesetra, og utover gjekk vi på andre sida av elva og endte opp på Hallan, parkeringa når ein skal til Grøvudalen. Då gjekk eg nærmare 30 kilometer, men undervegs trudde eg mesta at eg hadde gått meg vill.

Grøvualen (t.v.) og Geitådalen (t.h.) sett på litt avstand.

Utsikt mot Hælfjellet og Djupdalen, som er bindeleddet mot Lundlia.

Då vi var på saueleiting, gjekk vi over den knausen foran her. Der går dalen inn mot Grøvudalen.

Bakover mot Hælfjellet og Djupdalen.
Dette dalføret er veldig spesielt. Eg er mesta ikkje sikker på kor mange dalar det er, men fem-seks iallfall. Eg gjekk Geitådalen, og rett ved sidan av er Grøvudalen. Bak Hafsåsen ligg Grødalen. Så ligg dei på rekke og rad Djupdalen, Reppdalen, Skirådalen og Linndalen. Det er flate delta som ein gong vart filt ned av isen. Både gjennom Grøvudalen og Linndalen går det turiststiar som tek deg like til Snøhetta. Det er eit hav av moglegheiter for den som har tid og lyst å gå i eit ganske tilgjengeleg terreng.                                                                                                                       

Eg starta litt forsiktig i ulltrøye og fleecejakke.
Litt av det ein kan sjå innover på vegen (forutan skog...). Dette er restar etter ei svunnen tid.




Eg gjekk på fjellskia i dag med heildekkande feller. Det kjennast veldig drygt å dra skia for å få dei til å gå framover. Frå Skålvollen er det snøscootertrase på grunn av at det er løype over til Torbudalen for at påsketuristar der kan få frakta over ting. Då eg gjekk innover, var eg den første som sikkert hadde gått der på fleire dagar. Til trass for at det nok hadde vore mildt i det område sist natt og, var det høveleg hardt å gå på. Men ski med fellar er ski med fellar...
Eg hadde forresten høyrt med ei at det var fleire som skulle gå innover. Alltid greit å vite at ein ikkje er heilt åleine. Eg gjekk for så vidt og såg etter dei mens eg gjekk. Og akkurat då eg kom inn til den første setra, Hafsåssetra, høyrte eg lyden av nokon som snakka. Det viste seg å vere dei to som skulle innover til Rauberghytta. Dei skulle gå lengre før dei skulle ete, mens eg var meir enn klar for å få mat i kroppen.

Endeleg kom Hafsåssetra fram i synet.

Hafsåssetra og Holsetra. Falesetra ligg inst i dalen - rett ved fjellet som stikk opp i det fjerne, Koppungen.

Denne vesle, gamle seterbua stod og venta på at eg endå ein gong skulle prøve benken utanfor.

Mat må ein ha. I bakgunnen ser ein dei to som skulle til Rauberghytta.
Det var rein idyll å sitje inntil seterveggen og lytte til livet på 900 meters høgde i Sunndalsfjella. Det var ganske varmt, godt over 10 grader, mykje sol, snøsmelting frå taket. I skogen høyrte eg ein orrhane som var i gang med å sjekke ut damemarknaden, og oppe i frå fjellet kom ei lita fonn buldrande.
Mens eg sat der, bestemte eg meg for at eg ikkje orka gå heilt inn til Falesetra. Det var fleire grunnar, men eigentleg trur eg ingen av dei var bra nok. Så eg blei sittande å sole meg der ei stund, før eg bestemte meg for å snu og starte på tilbakevegen. Det er rart kor mykje raskare tilbakevegen er enn vegen til. Eg hadde ikkje gått så langt på tilbakevegen då eg møtte eit par og ein hund. Dei skulle ikkje lengre enn til setra for å snu.

Då eg gjekk innover dalen, passerte eg ein stubbe som passa godt å kvile på. Eg tok bilde av den, og tenkte at teksten til bildet skulle vere, at det hadde vorte eit finare bilde om det var nokon som sat på stubben. Iallfall testa eg ut den på veg heimatt. Satt der vel og lenge og nytte sola.
Då eg kom til bilen, åt eg resten av nista, og på temperaturvisaren stod det eit tosifra tal.

Eg kom meg altså ikkje så langt, men eg fekk turen og eg fekk nytt godveret! Det er også noko - sjølv om eg var aleine. Og ikkje minst fekk eg "boosta" turlysta for kommande fottursesong! Det er veldig viktig. No begynner stikk ut-sesongen snart, og eg gler meg sjølvsagt. Ikkje minst håpar eg å ha tid og kreftar til å gjere nokre lengre fjellturar i år - det sa eg vel i fjor og, men no er eg litt meir klar for det. Håpar nokon vil bli med meg - det er i grunnen berre å ta kontakt, så kanskje det kan ordne seg med ein triveleg tur :)

Bildet hadde blitt finare om nokon satt på stubben og kvilte.

Sjå der, ja, litt likare vart det i kortarma! Slite og streve er vel og bra, men av og til må ein slappe av.


onsdag 16. september 2015

Ein dag på sauesanking :)



Mange kallar sauesankinga for haustens vakraste eventyr – og kanskje er det nettopp det. Eg fekk vere med på ein lang dags marsj med mykje slit og ei fin turoppleving.

Eg inviterte meg med på sauesanking saman med familien Sande og Hjellmo. Totalt er vi fire menn og to kvinner som startar ut frå Skålvollen, som ligg mellom Hafsåsen og Røymoen øvst i Sunndalen. Dette er Hjellmo-gardens hovudsankardag, og spenninga ligg i kor mange sau ein kan greie å få med seg. Ruta går innover gammalt seterlandskap i Geitådalen, same ruta ein går om ein skal til Raudberghytta frå Skålvollen. I påska går snøskutertrafikken til Torbudalen denne vegen.

Eit lite stykke innover peikar Alf Jonny Sande på kva som er dagens rute. Vi skal inn til Falesetra, og der skal vi dele oss opp og gå i forskjellige retningar. Før vi kjem til Falesetra, tar vi oss ei lita matpause på Trøasetra, som ligg litt lenger ut. Der har vi selskap av ein stor flokk med krøtter – dei er nok litt usikre på kva slags inntrengjarar som vil ta plassen deira. Vi lar krøtter vere krøtter, og går inn til Falesetra.
Veret denne laurdagen var overskya, litt vind, men ok temperatur. Undervegs er det ikkje fritt for at ein tenker på korleis det kunne vore. Ikkje alle septemberdagar som er like tørre og fine som denne. 

På Falesetra deler vi oss opp. Dei andre går oppover lia mellom Koppungen og Råstu. To av dei andre får i oppgåve å ta dyra i det området rundt Koppungen og ned inst i Geitådalen. Frå oppe på Koppungen har dei god oversikt over dyra i Geitådalen.
Underteikna skal gå innover Geitådalen og få med dei dyra. Alf Jonny har GPS på sauebjøllene, og ein til to gonger for dag får han inn melding om kor det står dyr. Om morgonen har han tatt utskrift av kartet, og det viser at det skal vere nokre dyr ein plass i Geitådalen. Og ganske riktig: Inst i dalen på andre sida av elva står det ein fem-seks dyr. Eg tar for gitt at det er eg som må hente dei sauene, og prøver å gå barfot over elva. Den er for kald og stri til at eg gjer det. Kva då med sauene??? "Saved by superdeal" heiter det. For der kjem han som har gått rundt Koppungen vandrande lenger oppe, og eg får signalisert til han at eg er nede ved elva. Etter litt gestikulering, får eg vite at dei sauene ikkje er mitt ansvar, Eg pustar letta ut.

Når vi driv sauene nedover dalen, er vi på motsett sida av elva enn då vi gjekk oppover. Sauene eg skal jage og eg er ikkje på samme sida av elva, så etter å ha vassa/ sprunge over elva for n'te gang, ramlar eg over ende og blir blaut. Heldigvis har eg med tørr bukse i sekken, men når eg har skifta, er dei to andre eg for saman med, komen så langt føre, at eg mistar dei ut av syne. Det viser seg at dei andre blir bekymra for at eg har gått meg vill... og det er knapt med telefonforbinding der i fjellheimen... Eg går og tenker på om eg er på rett plass, og då eg finn nokre sauar i skogen, skjønnar eg at det ikkje har gått nokon andre der. Men på tur nedover dalen, går etter kvart ljomet av sauebjøller, og eg høyrer stemmene til dei andre.

Eg blir utruleg sliten i beina på denne turen, men dei verker ikkje riktig like mykje som sist helg. Alf Jonny er kjempesnill og låner meg gåstavane sine. Det går sakte dei siste kilometra, men det hjelper godt på å få auge på Hallen, som er parkeringsplassen når ein skal gå innover til Grøvudalen.
Vi skal kome att på familien Hjellmo si seter like innanfor Hallen. Der ventar gardkjerringa sjølv med rykande varm sodd til oss seks sauesankarane. Før mørket sig på, får vi jaga dyra frå setra til innhegninga på Hallen. Rundt 60 dyr har vi greidd å få med oss på ein tur som vara i rundt 11 timar, og bonden sjølv er godt nøgd med innsatsen til «gjestearbeidarane». Vi kan fornøgd dra heim etter ein lang dag. For gardsfolket på Hjellmo fortsett arbeidsdagen neste dag med å få heim husdyra.
På mobiltelefonen min står det at eg har gått ca 30 kilometer, og eg trur ikkje det skal vere veldig langt unna! Ein lang dag i fjellet, men utruleg fin dag, er over!

Ildri og Bob vart kjempevenner på turen :)

Falesetra.

Falesetra i Geitådalen er ein del av gammalt seterlandskap.

No begynner fjellet å kle seg i haustfargar.

Det var jo sausanking vi var på. Border collien Bob var kjekk å ha med.

Ytst i Geitådalen kan ein og møte på denne sorten.


Geitåa renn gjennom heile Geitådalen. Ikkje alle plassar det var så lett å krysse ho.


Turen går mot slutten, og vi kjem ned til fleire levningar etter gammal seterdrift.
"No ser vi enden," seier Alf Jonny i det vi får auge på Hallen parkering.
Men først skal vi inn på setra til familien og spise suppe.

Fine blomster i fjellet, men eg er ikkje sikker på kva dette er. Kan nokon hjelpe?





Etiketter