Totalt antall sidevisninger

onsdag 16. september 2015

Ein dag på sauesanking :)



Mange kallar sauesankinga for haustens vakraste eventyr – og kanskje er det nettopp det. Eg fekk vere med på ein lang dags marsj med mykje slit og ei fin turoppleving.

Eg inviterte meg med på sauesanking saman med familien Sande og Hjellmo. Totalt er vi fire menn og to kvinner som startar ut frå Skålvollen, som ligg mellom Hafsåsen og Røymoen øvst i Sunndalen. Dette er Hjellmo-gardens hovudsankardag, og spenninga ligg i kor mange sau ein kan greie å få med seg. Ruta går innover gammalt seterlandskap i Geitådalen, same ruta ein går om ein skal til Raudberghytta frå Skålvollen. I påska går snøskutertrafikken til Torbudalen denne vegen.

Eit lite stykke innover peikar Alf Jonny Sande på kva som er dagens rute. Vi skal inn til Falesetra, og der skal vi dele oss opp og gå i forskjellige retningar. Før vi kjem til Falesetra, tar vi oss ei lita matpause på Trøasetra, som ligg litt lenger ut. Der har vi selskap av ein stor flokk med krøtter – dei er nok litt usikre på kva slags inntrengjarar som vil ta plassen deira. Vi lar krøtter vere krøtter, og går inn til Falesetra.
Veret denne laurdagen var overskya, litt vind, men ok temperatur. Undervegs er det ikkje fritt for at ein tenker på korleis det kunne vore. Ikkje alle septemberdagar som er like tørre og fine som denne. 

På Falesetra deler vi oss opp. Dei andre går oppover lia mellom Koppungen og Råstu. To av dei andre får i oppgåve å ta dyra i det området rundt Koppungen og ned inst i Geitådalen. Frå oppe på Koppungen har dei god oversikt over dyra i Geitådalen.
Underteikna skal gå innover Geitådalen og få med dei dyra. Alf Jonny har GPS på sauebjøllene, og ein til to gonger for dag får han inn melding om kor det står dyr. Om morgonen har han tatt utskrift av kartet, og det viser at det skal vere nokre dyr ein plass i Geitådalen. Og ganske riktig: Inst i dalen på andre sida av elva står det ein fem-seks dyr. Eg tar for gitt at det er eg som må hente dei sauene, og prøver å gå barfot over elva. Den er for kald og stri til at eg gjer det. Kva då med sauene??? "Saved by superdeal" heiter det. For der kjem han som har gått rundt Koppungen vandrande lenger oppe, og eg får signalisert til han at eg er nede ved elva. Etter litt gestikulering, får eg vite at dei sauene ikkje er mitt ansvar, Eg pustar letta ut.

Når vi driv sauene nedover dalen, er vi på motsett sida av elva enn då vi gjekk oppover. Sauene eg skal jage og eg er ikkje på samme sida av elva, så etter å ha vassa/ sprunge over elva for n'te gang, ramlar eg over ende og blir blaut. Heldigvis har eg med tørr bukse i sekken, men når eg har skifta, er dei to andre eg for saman med, komen så langt føre, at eg mistar dei ut av syne. Det viser seg at dei andre blir bekymra for at eg har gått meg vill... og det er knapt med telefonforbinding der i fjellheimen... Eg går og tenker på om eg er på rett plass, og då eg finn nokre sauar i skogen, skjønnar eg at det ikkje har gått nokon andre der. Men på tur nedover dalen, går etter kvart ljomet av sauebjøller, og eg høyrer stemmene til dei andre.

Eg blir utruleg sliten i beina på denne turen, men dei verker ikkje riktig like mykje som sist helg. Alf Jonny er kjempesnill og låner meg gåstavane sine. Det går sakte dei siste kilometra, men det hjelper godt på å få auge på Hallen, som er parkeringsplassen når ein skal gå innover til Grøvudalen.
Vi skal kome att på familien Hjellmo si seter like innanfor Hallen. Der ventar gardkjerringa sjølv med rykande varm sodd til oss seks sauesankarane. Før mørket sig på, får vi jaga dyra frå setra til innhegninga på Hallen. Rundt 60 dyr har vi greidd å få med oss på ein tur som vara i rundt 11 timar, og bonden sjølv er godt nøgd med innsatsen til «gjestearbeidarane». Vi kan fornøgd dra heim etter ein lang dag. For gardsfolket på Hjellmo fortsett arbeidsdagen neste dag med å få heim husdyra.
På mobiltelefonen min står det at eg har gått ca 30 kilometer, og eg trur ikkje det skal vere veldig langt unna! Ein lang dag i fjellet, men utruleg fin dag, er over!

Ildri og Bob vart kjempevenner på turen :)

Falesetra.

Falesetra i Geitådalen er ein del av gammalt seterlandskap.

No begynner fjellet å kle seg i haustfargar.

Det var jo sausanking vi var på. Border collien Bob var kjekk å ha med.

Ytst i Geitådalen kan ein og møte på denne sorten.


Geitåa renn gjennom heile Geitådalen. Ikkje alle plassar det var så lett å krysse ho.


Turen går mot slutten, og vi kjem ned til fleire levningar etter gammal seterdrift.
"No ser vi enden," seier Alf Jonny i det vi får auge på Hallen parkering.
Men først skal vi inn på setra til familien og spise suppe.

Fine blomster i fjellet, men eg er ikkje sikker på kva dette er. Kan nokon hjelpe?





Ingen kommentarer:

Etiketter