Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Runar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Runar. Vis alle innlegg

søndag 27. november 2016

Krybba frå han far

Eg kjende eg vart stressa over ikkje å finne julekrybba vår der ho pleier å vere lagra. Heldigvis fann eg ho, og når krybba er pynta, senker førjulsfreda seg over heimen.




Du har heilt sikkert ein ting du ville gjere alt du kan for å berge om huset ditt brenn. For oss er det julekrybba. Ho har si heilt spesielle historie, og julehøgtida er ikkje den same utan krybba.

Eg trur det må ha vore første jula vi hadde i nyhuset - i 2009. Runar hadde lyst å gi ungane ei heilt spesiell gåve, men under fordekking av at ho var trylla fram. Det var ein gimmick han hadde med frå gammelhuset. Der hadde vi eit særskilt epletre som trylla fram godteri - og Ingvild trudde glatt på far sin. For oss vaksne gav det mykje humor at ho kunne tru det.

Eg oppfatta aldri Runar som særskilt kristen, men likevel var det viktig for han å lage denne krybba til ungane. Han hadde materiale igjen etter husbygginga, snekra i hop krybba, og fryda seg over sitt hemmelege prosjekt. Halm vart skaffa fram, bomull kjøpt inn, og inventaret vart bestilt frå ein nettbutikk. Spenninga var om det rakk fram til adventstida starta, og det gjorde det.
Så tok vi med oss krybba som ein sjølvsagt del av julepynten - fortsatt fordekt som noko pappaen hadde trylla fram. Ungane elska pappaen sine tryllehistorier.

Så døydde pappaen, og då vi tok fram krybba den første jula, for fire år sidan, såg eg på ho med andre auge. Då eg vendte på ho, la eg merke til at han hadde lagt inn teksta på ein julesang på baksida - det hadde eg ikkje lagt merke til før.

På baksida står teksta til julesongen "I stallen, i krybben".

Så braut eg Runar sitt trylleformular - og tårene trilla då eg fortalte at det var pappa som hadde laga krybba til familien sin. Eg trur ungane vart veldig overraska, men for meg var det fint å seie at det ikkje var via magisk trylling ho kom til oss, men av rein kjærleik.
For meg er julekrybba ei kjærleiksgåve som eg aldri kan få igjen. Og sjølv om ho kosta mesta ingen ting å lage, er ho det aller mest dyrebare vi har.

Så senka førjulsfreda seg over stua då krybba var ordna til.

fredag 27. desember 2013

"Verdas verste jul!"

"Mamma, er det ingen som likar meg?" spør seksåringen meg når julekvelden med gåveopninga er avslutta.

Skuffinga var stor - julegåvene hans fekk plass i ein høveleg stor gåvepose frå KappAhl, og kjensla av å vere kveldens tapar, var ikkje god hos den fortsatt vesle guten min.

Han sa det allereie då han opna augene om morgonen juleaftan: "Verdas verste jul!" Og det var ikkje talet på gåver som var i tankane hans. Eg minnes vel ikkje ordrett korleis han sa det, men noko slikt som "kvifor måtte sjukdommen ta bestevenen min?" Han sa det fleire gonger gjennom dagen - "verdas verste jul!" - og saknet etter bestevenen pappa var enormt!



Eg begynte å merke det dei siste dagane før jul sjølv og. Dette med at jula er ei familiehøgtid - at ein skal vere saman med dei ein er glad i. Når ein ikkje kan vere saman med den ein er mest glad i, blir sorga og saknet mykje større.
Eg merkte det på musikken eg sette på cd-spelaren. Mesta umedvitent er det Jan Werner Danielsen som hamnar på spelaren når saknet blir stort. Jan Werner døydde så alt for ung, og når eg høyrer han syngje, saknar eg han og! Han var ein framifrå liveartist og songar!



Eg trudde eg hadde gjort førebuingane til jula så godt at høgtida skulle gå greitt. Men eg greidde ikkje å arbeide så fort og rasjonelt som eg tenkte. Alt gjekk så mykje treigare enn eg trudde, så då vi måtte reise avgarde juleaftan ettermiddag for å rekke julefeiringa hos foreldra mine, var det fortsatt både skittent og rotete hos oss. "Ja, ja, eg tek det att 4.juledag," tenkte eg, og så reiste eg.
Eg trur eg gjekk på ein smell denne jula! Det er sikkert andre og som har gjort samme erfaringane som eg. Den første gongen ein gjennomgår høgtidene utan den som er borte, er det forventa at det kan vere vondt og tungt. Saknet og sorga merkast godt. Eg trudde jul nr. 2 skulle gå betre. Eg trudde førebuingane mine skulle dekke over saknet etter Runar. Berre eg laga nok god mat som kunne spisast saman med mine aller næraste, berre eg vaska og rydda og hengte opp nye gardiner på nyvaska vindauge, så ville vel jula gå bra. Men jo saktare eg fekk gjort arbeidsoppgåvene som stod att, jo meir frustrert, skuffa og sint vart eg. Kroppen sa frå på sin måte.

Sorg og sakn tar ikkje juleferie - det tar aller minst juleferie! I kvardagens kjas og mas om skule, lekser, måltid og fritidsaktivitetar er det ofte ikkje tid og rom for å sakne. Men når høgtida legg seg over landet, og det er mange feriedagar utan program, blir det plutseleg tid til å kjenne etter.
Ein romjulsdag for eit par år sidan skreiv eg ein nokså provoserande, men og veldig frustrerande, status på facebook om dei statusane som fortalte om trivelege, familiære og venskaplege juleselskap - kor det var så mykje folk at veggane mest revna...
Eg fryktar dei statusane fortsatt. Kanskje mest fordi eg ikkje har så mange å ha slike juleselskap saman med. Familien min er liten, og det merkast spesielt i høgtida. Og det merkast endå meir når ein er borte.
Fortsatt kjenner eg meg både skuffa og sint over han som var innom oss på besøk i haust, og som meir enn ymta om at det var på tide å rydde vekk bilete og minner etter Runar. Eg kunne jo lage eit minnerom, sa han. Eg vart vel først og framst provosert på at nokon berre kom inn i min heim og fortalde korleis eg skulle ha det. "Du må komme deg vidare, det er ei tid for alt!" Eg vart mesta provosert til å ta fram fleire ting som kunne minne oss om Runar!
Nei, sorg og sakn tar ikkje ferie - det er då det kjennest mest tungt!


Aleks tok med seg "verdas verste jul"-tanken gjennom dagen. Julenissen var innom for å prøve å spreie glede. "Det er bestefar," sa han med ein gong nissen kom opp trappa til stua. Da han hadde lagt seg, sukka han tungt: "Det var det eg sa - verdas verste jul. Og julenissen var bestefar. Eg som håpa at det skulle komme ein retteleg julenisse!" Og eg tenkte i mitt stille at det var vel ikkje dagen for å ta frå guten nisseillusjonen...
Tredje juledag, då butikkane opna att, for vi avgarde og brukte litt av pengane han hadde fått til jul. Eit par leiker frå leikebutikken fann vegen ned i Aleks sin pose, og guten reiste glad heim. Verken pengar eller ting erstattar saknet etter faren, men for ei lita stund kan det lindre smerta og gjere jula litt betre!



tirsdag 5. november 2013

Elskede, eg ser deg

Elskede, eg ser deg
Når du sørgjer og saknar
Eg høyrer deg
Når du med røysta di
lar fortvilinga 
komme fram i dagen
med ditt sarte rop
Og når eg kysser kinnet ditt,
kjenner eg smaken 
av dine salte tårer
Eg kan berre
ta i rundt deg
og stryke deg over 
det unge, mjuke kinnet ditt
Elskede - morshjartet mitt
føler sorgen og saknet ditt
- og det blir mitt eige.





fredag 11. oktober 2013

Stjernedans, himmelsang

Det er ikkje så ofte at ein tekst kjem til meg med ei slik kraft at han krev å bli nedskriven. Denne teksten har arbeidd i meg medan stjernene har leika seg på himmelen over Grøa i haust, og så fekk eg endeleg mot til å arbeide han ned på papiret.




Eg stod og såg ut over stjerneskin

leita i universet etter stjernen din
Undra meg kor du er
og spurde kva du gjer
Då blinka ei stjerne
- hei, eg er her!

Eg følte at du såg meg
Kjende du forsto
du kviskra at du visste,
og vart glad for at eg lo.

Stjernedans, himmelsang
eit liv utan deg vart livets gang
Himmelsang, stjernedans
- Universet må vidare utan stans.

På Karlsvognas sete der fann eg deg
- Ein bane rundt jorda er no din veg
Når Karlsvogna blinkar,
veit eg du ser
Vi tørka bort tårer
og du smilte til meg.

Eg såg at du vinka
og vart glad då du lo
Mellom himmel og jord
vi byggjer ei bro.

Måneglans, solgangsbris
- å miste deg er kjærleikens pris
Solgangsbris, måneglans
- Universet må vidare utan stans.

onsdag 25. september 2013

Når bileta fortel ei historie

Eg har tenkt ein del på desse motsetningspara som fins i språket. Svart og kvit. Liv og død. Kjærleik og hat.

I blant er eg innom ulike kyrkjegardar. Eg ser på steinane og tenker på dei som ligg der som eg ein gong kjente. Frå tid til anna blar eg i fotoalbum eg har liggjande. Ser på bilete av slektningar, venner, bygdefolk - alle har dei felles at dei ikkje er her lenger. Og eg ser på Runar si dødsannonse, som fortsatt heng på kjøleskapdøra, og tenker at det er ikkje bare han som er borte - i løpet av ni månader døydde både han, mormor hans og stefar hans. Ein periode var det så mykje død og sorg i livet mitt, at eg visste mesta ikkje kor eg skulle gjer av verken sorga eller meg sjølv.

Det er rart å sitje å sjå i album slik og minnes menneske som har betydd noko særskilt for meg. Bileta fortel historier om noko som vi hadde felles - eit møte der og da, ein tur, ein artig episode, ei trist hending. Bileta fortel så mykje, og når menneska i bileta er borte, får dei ny betyding.

Familiebiletet av oss fire på veggen her heime er eit slikt bilete. Aleksander var nyfødd. Runar hadde tinga frisørtime til meg på veg heim frå sjukhuset. I tillegg hadde han tinga time hos fotografen. "Det er fullt!" fekk han beskjed om. Det var trass alt første veka i desember. "Jammen no har eg fått ein son, og eg skal reise til Hammerfest på arbeid onsdag, og eg vil gjerne få vist han fram på eit familiebilete til jul, så det her må du ha tid til," argumenterte Runar. Og fekk det slik han ville!
Ein liten familie på fire smiler glad mot fotografen. Gleda over den vesle guten, berre seks dagar gammal, i armane er stor. Vi hadde litt dårleg råd i den tida, så det vart berre ei halvstor forstørring. Det fekk plass lengst borte i stua.
Då Runar var borte, kjente eg behov for å få biletet større. Og nærare. No heng det i sine fulle 40x50 cm rett ved sofaen - ingen som kjem inn i stua, kan unngå å sjå det. Ingen kan unngå å sjå den stolte faren som held rundt familien sin.


Desse motsetningspara er ikkje som høgre og venstre i politikken. Dei er nærare som så. Eit snart 42 år gammalt liv har lært meg at hatet ligg tett inntil kjærleiken, svart ligg tett inntil kvitt, og at døden ligg tett inntil livet. Og sorgen og gleda vandrar saman. Ein augenblink med sorg og vemod glir over i noko anna å gle seg over.

I dag har Runar og eg sju års bryllaupsdag. I kveld sette eg roser i vasen på grava og tente lys for han. Det var veldig spesielt. Det var første gong eg tente lys i den kolba som står på steinen hans. Det kjentes meiningsfylt å tenne lys for han og det livet som var.
Samstundes kjente eg på det gode: Eg har lov å gå vidare! Livet har noko anna til meg som eg finn like rundt neste sving.

Da er vi rette ektefolk - 24.september 2007 i Sjømannskirka på Mallorca.

"Vi har gifta oss!" erklærte Ingvild!































Dei fem siste bileta var tatt av ein fotograf i Palmanova. Det var ei heilt enkel vigsle kor vi lova å elske og ære kvarandre til døden skulle skilje oss. Etterpå gjekk vi på stranda og bada!

24.september 2013.

mandag 19. august 2013

Då er familien Karijord i drift igjen!

I dag har det vore skulestart for tre blad Karijord! Alle tre er med dette i drift igjen - med ei kjensle av vemod for ho mor sjøl...


I dag flagga vi for både Aleksander og kronprinsessa!

På spørsmål om vi skulle hengje ut flagget i dag, svara skuleguten Aleksander "veit ikkje". Han er ikkje så van med at flagget hengjast ut for å feire han. I dag var det dobbel grunn for flagging: Kronprinsesse Mette-Marit fylte 40 år :)

I dag var det ein spent Aleksander som for avgarde til første skuledag - 1799 obligatoriske skuledagar står att + truleg 540 dagar i vidaregåande skule! 2340 skuledagar før han er i hamn med vidaregåande utdanning høyrest drygt ut...

Aleksander veit heldigvis ikkje kor mange skuledagar som ligg foran han!
For mor var det og eit snev av vemod å bringe han til første skuledag. Eg veit ikkje om han tenkte på det sjølv, men det var ein dag kor eg kjente det var ein som mangla i lag med oss. Gjennom dagen har eg komme over fleire songar på radioen som understrekte dette saknet. Det starta tidleg med at eg høyrte "How Am I Supposed to Live Without You" med Michael Bolton. Før eg hadde fortalt all verda at Runar var død, la eg ut link til denne songen på facebookveggen hans. Då enno var det ikkje mange som visste han var borte, men eg visste eg ville sakne han.
På veg til arbeid høyrte eg ein song som passa utruleg godt i dag, og som eg derfor legg med link til her - Cat Stevens udødelege "Father and Son". Med ein skilnad... Runar vart ikkje gammal... Men det kjentes som at det var ei helsing til guten som i dag tok fatt på mange år med skulegange.

Cat Stevens - Father and Son

Og eg kjente han smilte ned til oss i dag - og han tørka stolt ei tåre bort frå augekroken - glad for at heile familien er i drift att!

torsdag 9. mai 2013

Historia om eit vennskap

Av og til utgjer eit møte med eit anna menneske ein vesentleg skilnad i livet. Møtet med Jonathan vart eit slikt møte.

Det var september 1985 - ein månad før eg skulle fylle 14. Det var mamma sin bursdag, men ho var ikkje der. Eg har ofte sagt, iallfall tenkt, at 1985 og 1986 er to av dei viktigaste åra i livet mitt, dei åra eg møtte mange menneske som har vore med og forme meg som menneske, og som faktisk er blant mine beste vener fortsatt!

Eg skulle heim frå skulen på same måten som alle andre dagar. Ferga var skulevegen min, og av og til hadde eg selskap og av og til hadde eg ingen selskap ombord. Denne dagen hadde eg selskap av tre karar, og sidan det var berre oss, tenkte eg at eg kunne jo prate med dei (eg var i god flyt etter å ha blitt venn med nokre tyske gutar om sommaren).
Det var to karar frå Israel pluss Jonathan. Høgreist, blond, triveleg, medisinstudent, 21 år gammal - frå Australia! Før eg gjekk av ferga, hadde vi utveksla adresser, og vorte einige om å skrive brev! Tenk at han ville skrive brev med den "litje skitungen" frå inni øydemarka på hi sida av kloden!!!
At den adresseutvekslinga skulle bli til eit venskap uten ende, kunne eg ikkje sett for meg den septemberdagen i 1985.

Åra gjekk, og Jonathan og eg skreiv brev til kvarandre slik i ny og ne! Han studerte medisin, og eg hamna på vidaregåande i Molde. Men så kom det ikkje brev frå Jonathan lenger... Eg veit ikkje om eg tenkte så mykje over det... iallfall ikkje anna enn at eg syntes det var leit, for eg sette utruleg stor pris på brevvenskapet vårt!

Ein eller anna kveld i 1999 i Tromsø.
Mykje vatn har definitivt rent i elvene sidan eg gjekk ut frå Molde vidaregåande ni år tidlegare. Akkurat der og då trur eg ikkje eg såg for meg anna plass å bu enn i Tromsø. Så ringte telefonen. Ei dame frå Austlandet som hadde vore i Australia og farta. Og ho hadde med helsing heim til meg! Ho hadde vore på sightseeingtur med helikopter i området ved Ayers Rock. Sidan dei var siste passasjerane den dagen, begynte dei å prate med piloten. Det kom fram i praten at dei var frå Noreg. "Åh, eg hadde ein brevven i Noreg som heita Ingunn Karijord, kan du prøve å finne ho?" utbraut han!
Det var "min" Jonathan som hadde droppa medisinen til fordel for helikopterkøyring. Og han hadde ikkje gløymt meg! Han hadde berre mista adressa mi. No var det nok ein gong min tur å få adressa hans. Så eg skreiv brev. Etter ei lang stund kom det brev attende. Gul konvolutt hugsar eg, skal tru kor den vart av?! Så fekk eg historia om Jonathan - det vart litt slik "take it or leave it", og eg valde å ta den med. At Jonathan er homofil kunne då ikkje øydeleggje venskapet vårt!

Det vart ikkje så mange brev, men vi visste at den andre var "still alive" og korleis livet til den andre slik omtrentleg såg ut. Vi var innom chatten, og eg prøvde å overtyde han om kor godt "sheep-in-cabbage" er!

Så vart eg sjuk, og Jonathan trøysta per sms og kryssa fingrane saman med meg. Og ringte meg gjorde han og. Då kjende eg at eg vart litt friskare berre av det!
I fjor vinter hadde vi begynt å skype! Tenk å sjå han medan eg tala med han! Glede! Fekk helse på sambuaren hans og hunden hans!

Så slo lynet ned i heimen min - Runar døydde. På den andre sida av kloden sat trofaste Jonathan og støtta og oppmuntra meg og brukte timar på skype saman med meg. I november kom den finaste forseinka bursdagsgåva eg kunne få: Jonathan og Todd hadde tinga seg ferietur til Europa! Og det finaste av alt: Eg skulle få den første veka deira!!!
No er kofferten pakka, og eg er klar for å legge vegen sørover. Helgetur i Oslo før flyet tar meg og Ingvild til København! Der står Jonathan og Todd og ventar på oss! Så skal vi endeleg helse på kvarandre igjen for første gong på mesta 28 år! Er det rart eg gler meg?!
Tysdag skal vi på Eurovision Song Contest i Malmø, og onsdag skal dei vere med meg heim. Sjølvsagt skal eg tak dei med dit kor Jonathan og eg møttes: På Eikesdalsvatnet! 

Nokre gonger gjer berre møtet med eit anna menneske eit heilt uutsletteleg inntrykk! Møtet med Jonathan var slik! Venskap har ingen landegrenser - det er iallfall heilt sikkert!

Kva visste vel eg om livet då Jonathan knipsa dette bildet av meg i 1985?!



tirsdag 23. april 2013

Eitt langt år...

Gullfaks C 22.april 2012 om kvelden:

Medan du sto saman med ein kollega og spela biljard, det artigaste du visste, kom du i prat med plattformsjefen, som akkurat passerte dykk. Du hadde fortalt kor du gledde deg på å reise heim neste dag! Du snakka om fossen som hadde begynt å renne, om sola som gjekk over Stoplan, og kor du gledde deg på å oppleve våren og sjå sola skinne på snødekte fjell.




På skypesamtalen med meg snakka vi om ferieplanar, om trekutting, om vitsa du hadde slått til formannen din om overtidstimane du trengte for å ha litt pengar til deg sjølv. Du var så glad i stemmen, og du viste meg på skjermen korleis utsikta var frå vindauget ditt - sola skein på dei andre plattformene i rundt.

"I'll find my way - through night and day . Cause I know I just can't stay - Here in Heaven".




Grøa, 23.april 2013.

Kjæraste Runar!

No er vi her! Eg valde meg ikkje april, og det gjorde vel ikkje du heller. Det var døden som valte for oss, og no er det eitt år i dag sidan døden greip inn i liva våre, eitt år sidan tjuven tok det mest dyrebare vi hadde. Døden kom ikkje stille som ein venn, men som den mest grusomme tjuv nattestid.
Eitt år, Runar, utan deg!
Eitt år kor vi har sakna deg noko så grusomt. Eitt år kor det har vore så alt for stille i huset. Eitt år - det er ikkje så lenge, men det kjennes litt lenge ut. Det er tungt å sakne eit menneske så inderleg så lenge!

"I must be strong, and carry on, cause I know I don't belong - Here in Heaven".

Det var ikkje du som kom heim frå plattforma. Du kom ikkje den måndagen. Du kom nokre dagar seinare - i ei kiste frå Bergen. Det var ikkje du, det var kroppen din - men den likna på deg. Men det var ikkje liv i deg, det var ikkje lyd i deg, det var ikkje verken sinne eller glede i deg der du låg. Men eg kjende smerta di og det du hadde på nokre få minutt vore gjennom då åtaket og døden herja gjennom kroppen din.

"Beyond the door, there's peace I'm sure. And I know there'll be no more - Tears in Heaven!"




Så sitt vi her i huset du bygde til familien din! Det vart så alt for god plass her etter at du fòr. Vi lever vidare i huset, men det er ein som manglar - plassen din står tom - ved bordet og i senga. Kinorommet ditt ser heilt kaosaktig ut når du ikkje er der og held orden. Fuglane du var så glad i fekk ikkje mat i vinter - det vart ikkje med meg. Men no skal iallfall trea bli kutta. Det tok eit år, men no blir det. Det tok eit år, men det skal bli fin stein på grava di og.
Det har tatt eitt år av våre liv å sakne deg - du høyrer fortsatt saman med oss.

"Den korte tiden som vi fikk sammen med Runar etterlot han så sterke inntrykk at vi alle ble dypt berørt av hans plutselige bortgang. Vi kommer alle til å savne dine herlige og treffende kommentarer som du alltid hadde. Det var ikke mange kjedelige stunder med deg!"
 - Skreve av arbeidskollegaane hans på plattforma.

"Æ savne dæ no, og det vi itj sku få, men minnan vi tar med oss, ska vi ta godt vare på!"




                                     
                                        Cause I know I don't belong - Here in Heaven!

Du var så bekymra for meg om at eg ikkje skulle ha nokon å vere saman med. Det har gått på eit vis, Runar. Men det aller tyngste var vel ikkje det at du plutseleg var borte frå oss - det lærer vi oss å leve med. Det aller tyngste var den øyredøvande stillheita etterpå - då mesta ingen ringte på døra! Då mesta ingen ringte på telefonen! Då det ikkje var nokon der til å bry seg. Det var tyngre enn noko anna!

No er vi her, Runar. Vi - ungane og eg - minnes deg for den du var for oss - for alt det fine vi hadde saman - kjærleiken gøymer ikkje på det onde! No skal du kvile, men minna om deg lever vidare!
Takk, kjærasten min <3

Din Ingunn <3




fredag 19. april 2013

Eg kjenner det er april...

Det har vorte lite skriving i vekene etter påske. Eg kjenner det er april, eg kjenner sjølve hoveddagen kjem snart, og om eg vil eller ikkje, så er det det kroppen fokuserer på. 23.april - tysdag - eit år sidan Runar døydde.

Eg hadde eigentleg ikkje tenkt å nemne det her før dagen er der over helga, men det er vanskeleg å la vere - dessverre! Så derfor har hovudet vore nokså tomt i det siste - det skjer liksom ingen ting. Vi kjem oss ikkje lenger enn rett vest for solar pleksus, kan ein på sett og vis seie. Når det var godversdagar, så kom vi oss likevel ikkje lenger enn til trappa. Kor er motivasjonen og tiltakslysta på å gjere noko gøyalt ute saman med ungane... Eg meiner ikkje å klage - men eg skulle verkeleg ønske at nokon ringte eller kom og døra og sa at no drar vi ut og finn på noko... Eg har ønska det mange gonger, men er det meininga eg skal rope det ut for at det skal skje? Som han sa Tommy til Tigeren i ein gammal tegneseriesnutt: KAN IKKJE NOKON KOMME OG OPPMUNTRE MEG!!!

Sidan påske har eg brukt ein del tid på å planlegge og førebu gravsteinen til Runar. Viss nokon trur at det tek eit kvarter å planlegge ein gravstein, så er det berre å tru om att... Jauda, eg høyrer frå der oppe at det vel tek berre eit kvarter... Han meinte det tok berre eit par dagar å lage til bryllaupsfesten vår og... Han skjønte jo at han tok feil, då, så vi humra litt over det.
Ingvild har og fått vere med og bestemme gravsteinen. Det blei ho som bestemte kva for ein vi skulle ta, og så var vi nokså einige om korleis dekoren, eller ornamentet, som det heiter, skulle sjå ut. Runar var så utruleg glad i fuglane i hagen (eg burde skjemtes over kor dårleg eg har tatt vare på dei i vinter...), så fuglar blir det på steinen og! For meg gir dei ein vakker symbolikk.
Eg vonar eg får setje på steinen 3.mai, men med den tela som er i jorda fortsatt, så er det vel ikkje sikkert at det går.

Til trass for at eg har denne ettårsdagen like rundt hjørnet, så har eg uendeleg mykje meir å sjå fram til. I går, i dag og i morgon har eg mamma og pappa her som hjelper meg med våronna! Det vaskast, ryddast, kastast! Eg er kjempeglad for å få rydda "rundt nova" her! Det er til utruleg stor hjelp for meg. Sjølv om eg prøver å gjere ein del her heime sjølv, synes eg mesta eg fortsatt har eit paralysert liv! Ein dag kan eg seie at "ja, ja, eg tala iallfall på skype i to timar, og så lagde eg middag".  Uansett: Eg har tatt sjansen på å vaske og leggje bort vinterkleda! Nokon seier det kjem meir snø, men pappa seier at vinterskoa kan setjast på mørkeloftet no! Så då gjer eg det! Og priser våren som kom i år og! Det er eg sanneleg glad for!!!

lørdag 23. mars 2013

Siste månad i det første året...


Eg kan godt late som at det ikkje er noko spesielt med dagen i dag - laurdag 23.mars - laurdag føre palmesundag. Eg kan godt late som det, men veit jo at det ikkje er slik...

I dag begynner eg på den siste månaden i det første året utan Runar. Eit trist, men av og til godt, tungt, men av og til lett, tomt, men av og til fullt, annleis, men av og til normalt, år er snart til ende. Eg har snart komen fram til dagen som endra alt - ei slags kopernikansk vending som var heilt uråd å forutsjå.
Dagen som gjorde at eg måtte ta nye grep, og setje ut ein ny kurs for meg sjølv og ungane.
I dag er det elleve månader sidan Runar døydde plutseleg frå oss - han kom ikkje heim frå plattforma slik vi snakka om og gledde oss på kvelden før. Elleve lange månader, men likevel så fort dei har gått!
Palmehelga i fjor var bror min på besøk og skulle hjelpe oss med å setje inn ein skyvedørsgarderobe på soverommet vårt. Etter ein del att og fram vart vi ikkje ferdige, så då vi hadde sendt ungane med bussen til Eidsvåg tysdagen, skunda vi oss å bli ferdige! Vi var så nøgde med resultatet!
Så for eg på påskeferietur - Runar skulle arbeide med førebuinga til fagprøven i juni før han skulle fare på plattformarbeid. Då ungane og eg var komen til familien hans på Sunnmøre, var han allereie komen til morfaren sin i byen - morfar trengte litt omsorg etter at ei svigerinne døydde den dagen. Det var slik Runar var - likte å vise familien omtanke når det var tunge dagar.

Påskedag møttes vi att heile familien! Middag hos familien min i Eidsvåg før eg skulle køyre med han til flyplassen i Molde! Sundag 8.april var siste gongen eg rørte ved han - ein rask klem og nuss då vi sa ha det. I bilen utover fekk eg grei beskjed om å halde meg unna hans del av garderobeskåpen... Frå no av skulle han ha all kontroll på å ta inn og ut av skåpen... Då eg kom heim om kvelden, skunda eg meg opp for å sjå kva han hadde gjort. Jauda, han hadde merka alle kurvane med gaffatape - lyse og mørke klede, sokkar, underty... og sidan det ikkje vart plass til dongeribuksene, hengte han dei opp på kleshengarar...! Eg skunda meg å sende ein sms til han på hotellet i Bergen og skrytte av ordenen! "Hyggelig at du likte det!" kom det kjapt i retur. Det var den siste tekstmeldinga eg fekk frå han. Og skåpen står fortsatt omlag slik det var då han for. Kleda som låg i bagen som kom heim saman med han er vaska og lagt på plass.

Det er desse historiene eg skal arbeide meg gjennom i den månaden eg startar på i dag - minnene om påska i fjor, samtalane på skype eller telefon vi hadde medan Runar var på plattforma Gullfaks C, og særskilt minnene om den siste samtalen. Og ikkje minst minnene som kollegaene hans på plattforma hadde om han. Då blir det nokså uverkeleg at presten ringte på døra drøye 13 timar seinare. Måndag 23.april rundt kl. 11.

Grava hans var fortsatt nedsnødd - kransen frå jul var pinnfrossen. No kan vi tru at Runar gler seg over påskebuketten han fekk på grava i dag! Eg vonar gulfarga bringer med seg varme som kan smelte frosten, slik at vi kan få vår snart - det er så tungt å besøke ei kald og forfrossen grav utan stein. Berre det blir vår, skal det bli litt betre. Det er eg sikker på!

Etiketter