Totalt antall sidevisninger

torsdag 9. mai 2013

Historia om eit vennskap

Av og til utgjer eit møte med eit anna menneske ein vesentleg skilnad i livet. Møtet med Jonathan vart eit slikt møte.

Det var september 1985 - ein månad før eg skulle fylle 14. Det var mamma sin bursdag, men ho var ikkje der. Eg har ofte sagt, iallfall tenkt, at 1985 og 1986 er to av dei viktigaste åra i livet mitt, dei åra eg møtte mange menneske som har vore med og forme meg som menneske, og som faktisk er blant mine beste vener fortsatt!

Eg skulle heim frå skulen på same måten som alle andre dagar. Ferga var skulevegen min, og av og til hadde eg selskap og av og til hadde eg ingen selskap ombord. Denne dagen hadde eg selskap av tre karar, og sidan det var berre oss, tenkte eg at eg kunne jo prate med dei (eg var i god flyt etter å ha blitt venn med nokre tyske gutar om sommaren).
Det var to karar frå Israel pluss Jonathan. Høgreist, blond, triveleg, medisinstudent, 21 år gammal - frå Australia! Før eg gjekk av ferga, hadde vi utveksla adresser, og vorte einige om å skrive brev! Tenk at han ville skrive brev med den "litje skitungen" frå inni øydemarka på hi sida av kloden!!!
At den adresseutvekslinga skulle bli til eit venskap uten ende, kunne eg ikkje sett for meg den septemberdagen i 1985.

Åra gjekk, og Jonathan og eg skreiv brev til kvarandre slik i ny og ne! Han studerte medisin, og eg hamna på vidaregåande i Molde. Men så kom det ikkje brev frå Jonathan lenger... Eg veit ikkje om eg tenkte så mykje over det... iallfall ikkje anna enn at eg syntes det var leit, for eg sette utruleg stor pris på brevvenskapet vårt!

Ein eller anna kveld i 1999 i Tromsø.
Mykje vatn har definitivt rent i elvene sidan eg gjekk ut frå Molde vidaregåande ni år tidlegare. Akkurat der og då trur eg ikkje eg såg for meg anna plass å bu enn i Tromsø. Så ringte telefonen. Ei dame frå Austlandet som hadde vore i Australia og farta. Og ho hadde med helsing heim til meg! Ho hadde vore på sightseeingtur med helikopter i området ved Ayers Rock. Sidan dei var siste passasjerane den dagen, begynte dei å prate med piloten. Det kom fram i praten at dei var frå Noreg. "Åh, eg hadde ein brevven i Noreg som heita Ingunn Karijord, kan du prøve å finne ho?" utbraut han!
Det var "min" Jonathan som hadde droppa medisinen til fordel for helikopterkøyring. Og han hadde ikkje gløymt meg! Han hadde berre mista adressa mi. No var det nok ein gong min tur å få adressa hans. Så eg skreiv brev. Etter ei lang stund kom det brev attende. Gul konvolutt hugsar eg, skal tru kor den vart av?! Så fekk eg historia om Jonathan - det vart litt slik "take it or leave it", og eg valde å ta den med. At Jonathan er homofil kunne då ikkje øydeleggje venskapet vårt!

Det vart ikkje så mange brev, men vi visste at den andre var "still alive" og korleis livet til den andre slik omtrentleg såg ut. Vi var innom chatten, og eg prøvde å overtyde han om kor godt "sheep-in-cabbage" er!

Så vart eg sjuk, og Jonathan trøysta per sms og kryssa fingrane saman med meg. Og ringte meg gjorde han og. Då kjende eg at eg vart litt friskare berre av det!
I fjor vinter hadde vi begynt å skype! Tenk å sjå han medan eg tala med han! Glede! Fekk helse på sambuaren hans og hunden hans!

Så slo lynet ned i heimen min - Runar døydde. På den andre sida av kloden sat trofaste Jonathan og støtta og oppmuntra meg og brukte timar på skype saman med meg. I november kom den finaste forseinka bursdagsgåva eg kunne få: Jonathan og Todd hadde tinga seg ferietur til Europa! Og det finaste av alt: Eg skulle få den første veka deira!!!
No er kofferten pakka, og eg er klar for å legge vegen sørover. Helgetur i Oslo før flyet tar meg og Ingvild til København! Der står Jonathan og Todd og ventar på oss! Så skal vi endeleg helse på kvarandre igjen for første gong på mesta 28 år! Er det rart eg gler meg?!
Tysdag skal vi på Eurovision Song Contest i Malmø, og onsdag skal dei vere med meg heim. Sjølvsagt skal eg tak dei med dit kor Jonathan og eg møttes: På Eikesdalsvatnet! 

Nokre gonger gjer berre møtet med eit anna menneske eit heilt uutsletteleg inntrykk! Møtet med Jonathan var slik! Venskap har ingen landegrenser - det er iallfall heilt sikkert!

Kva visste vel eg om livet då Jonathan knipsa dette bildet av meg i 1985?!



Ingen kommentarer:

Etiketter