Totalt antall sidevisninger

søndag 21. juni 2020

Turblogg: På historisk grunn i Tingvoll - Øygardsneset

Eg har tenkt lenge at eg skal skrive om Stikk ut-turen til Øygardsneset i Tingvoll, og sist veke kom endeleg det som gjorde det litt meir interessant å fortelje om. 



Med utstikt til ein annan Stikk ut-post, nemleg Kjerkjeberget.
Eg har gått fleire gongar den korte turen frå Tingvoll Gard til Øygardsneset, men har alltid snudd ved postkassa og ikkje syntes det var så mykje spennande å fortelje om. I forrige veke fekk eg gleda av å gå saman med fleire av elevane mine som opprinneleg frå Syria og Eritrea, og då vart det mange fine fotomotiv.
Turen bortover startar ved Tingvoll Gard, kor det er fine parkeringsforhold. 



Her er det berre å rusle til venstre for bommen og fortsette vidare.
Turen går på grusveg heilt bort til postkassa. Ved Tingvoll Gard går det ein liten flokk med sau som er av slaget grå trøndersau. Dei synes det er hyggeleg å bli helst på.


Meron helser på sauene.
Mariam ville og helse på dei fine sauene.
Den dagen vi gjekk, hadde allereie slåttonna komme i gang, og det låg mange rundballar både på denne marka, og som vi skal snart sjå, på andre marker/ åkrar.Det var godt å sjå at det snøfallet som var rundt 17.mai ikkje hadde noko å seie for veksten av graset - det verkar som at bøndene er godt i rute.


Når ein går utover den enkle, greie vegen, er det mykje å sjå på - om ein kikkar til både høgre og venstre. Fine blomsterenger, hestar og krøtter som går og beiter. Ein kan sjå på alle trea - og om hausten skal det visst og vere mogleg å leite etter sopp i skogen.



Det tar ikkje veldig lang tid å gå bort til postkassa; eg brukar omlag 45-50 minutt tur-retur frå Tingvoll vidaregåande. Når ein kjem fram, har ein tre val for resten av turen: Det eine er å snu og gå same vegen tilbake igjen. Det er den løysinga eg har gjort, og medfører ganske lite ekstra å fortelje om. Alternativ to er å ta av opp lia ved postkassa og fortsette turen som ein rundtur - slik du kan lese om i denne beskrivinga frå Morotur. I følgje dei som har gått turen, noko eg aldri har gjort, stig det ganske bratt oppover i starten, og etter ei stund kjem ein opp til riksveg 70, som ein følger vidare. Alternativ tre var det vi valde, nemleg å gå bortover åkeren og legge vegen ned mot sjøen.


Porten er open - det er berre å gå :)
På åkrane bortanfor postkassa låg det mange rundballar. Kva skjer når ein er på tur, det er fint ver og ein er i godt humør? Jau, ein må leike litt :)


Tøffe Julia testar balansen på rundballen.

Ablolom hoppa rett opp og speider utover - slik kanskje nokon før han ein gong i historia og gjorde.

Ok, då får eg vere fotomodell då :)
Men vi kunne ikkje bli verande med rundballane - vi måtte vidare. På åkeren skal ein då ta mot venstre og gå langs skogholtet og inn i skogen. Stien går då litt oppover og gjennom skogen, før det begynner å gå ned mot sjøen.
Øydegard har ei lang historie, og ein kan få litt innsikt i den om ein slår opp i boka som er laga om Tingvoll kyrkje - Tingvoll kyrkje - Gåta Gunnar gjorde. I følgje den boka er den eldste beskrivinga av plassen frå 1773. På åkeren rett bortanfor postkassa fann Gerhard Schøning to bautasteinar. I følgje han har det "Uden al Tvil have de været opreiste til Amindelses Tegn efter een eller fleere af Tingvolls ældste Beboere" (s. 61). Ein Bendixen som fôr der rundt hundre år seinare, refererer til at det har vore ein gravhaug der og at det skal ha vore fire steinar, ikkje to som Schøning skreiv. Forfattaren av artikkelen, Bjørn Ringstad, referer til desse steinane som "tingstad", "tingkrins" eller "domarringar", som var plasserte i ein spesiell formasjon. I følge Wikipedia vart dei lagt til opne og synlege plassar i landskapet, men og i tilknytting til gravplassar og gravhaugar.
Det finst ikkje restar etter dette igjen på Øygardsneset, men det finst bilde av dei frå rundt seksti år tilbake i tid. Dette bildet er avbilda i boka, og Hans Hyldbakk står og støttar seg på den siste resten av bautastein. Ringstad trur at det var fire større bautasteinar som stod i midten oppå ein liten haug. Det må og nemnast at det er gjort svært få funn som liknar dette i Møre og Romsdal, men at noko liknande finst på Bremsnes og Kvernes på Averøya, på Tornes i Hustadvika, på Setnes i Rauma og på Bolsøya i Molde.
Ringstad skriv (s. 63): "Den folkelige oppfatningen av Øygardsneset som en eldre tingplass kan gå tilbake til vikingtid eller tidlig middelalder. Trolig var det på dette tidspunktet at navnet Tingvoll ble knyttet til området". Han påpeiker og at steinsettinga ikkje treng å markere ein stad kor det blei halden ting, men det kan gjere det. "Det er også mulig at det ble holdt ting ute på Øygardsneset i eldre eller yngre jernalder, og at tingplassen senere ble flyttet til selve kirkestedet, kanskje i samband med religionsskiftet" (s. 70).

Oppe på toppen her var det Gerhard Schøning og B.E. Bendixen fann restane av steinkrinsen med bautasteinane.



Vi fann ein kjempefin plass kor vi damene kunne ha fotosession :)

Utover Sunndalsfjorden.

På veg ned mot sjøen.

Utsikt mot Reinsfjellet.

Utsikt mot Almvika og Bergem.
Så var vi endeleg framme nede på Øydegardsneset - det var ikkje så veldig langt å gå gjennom skogen - kanskje 10-15 minutt, ikkje spesielt bratt var det heller.
Nede ved sjøen er det mogleg å lage seg bål med medbrakt ved for å grille - men akkurat no vil eg fråråde det på det sterkaste på grunn av brannfara. Det er fint å sitte på berget der, slik vi gjorde for å nyte sola og skuledagen.


Her kan du lage bål når det ikkje er brannfare.

Sommaridyll :)

Utsikt innover mot Tingvollvågen.

Mariam og Rasha var gjerne fotomodellar i sola :)
Heilt til slutt - sjølvagt nokre bilde av båtar :) Før vi avslutta og tok same vegen tilbake igjen.





mandag 15. juni 2020

Turblogg: Ved perla på kysten - Stavneset fyr

Om det er kystens perle eller ei perle på kysten, trur eg blir hipp som happ... Ein flott tur ut til Stavneset fyr var det iallfall!


Eg har lenge tenkt på at eg skulle ha besøkt Stavneset fyr på spissen av Averøy - berre ein kort bit over sundet frå Kristiansund. Men Averøy er ikkje ein plass eg fer ofte forbi -for å seie det slik... Men no opnar snart bommen for gratis køyring mellom Kristiansund og Averøya, og då kan det fort bli oftare :)
Sist laurdag fekk vi med oss svigermor Tove over til denne vakre perla like ved Futseter, som jo er Stikk ut-post omtrent kvart år.
Når du kjem køyrande frå bomanlegget, kjem det eit kryss, kor det står skilt mot venstre merka Futseter. Køyr langs vegen forbi skilting Sveggesundet og nokre hundre meter til. Der står det eit skilt med Furseter. Men det står og eit viktig skilt å legge merke til: Nemleg kor du skal køyre for å parkere. 300 meter frå dette skiltet er det nemleg ei romsleg parkering ved bedehuset.
Den la ikkje vi merke til med det samme, så vi køyrde vidare mot fyret, stoppa mannen som har sett ut alle pyntetinga som kjem på dei neste bilda, og han sa at ein kunne parkere på bakketoppen - det er for folk som er litt tunge til beins...


Når du går langs vegen mot fyret, må du absolutt ta deg tida å sjå på alt som står utstilt og til pynt langs vegen. Eg veit ikkje kva han heiter han som har det, men det var iallfall veldig artig å køyre forbi (derav kvaliteten på bilda).




Frå parkeringa vi brukte, er det berre ein kilometer å gå på grusveg. Fyret ligg bakom ein haug, så ein ser det ikkje før ein kjem nærmare.


Langs vegen er det endå meir å sjå på som er utstilt - berre for å gi dei forbipasserande ei hyggeleg oppleving der og då :)
Her er link til to viktige nettsider å kikke på for å få informasjon om turen, nemleg Stikk ut-sida og eit ruteforslag frå ut.no om korleis du kan gjere turen til ein rundtur.




Ein viktig grunn til at eg har tenkt på denne turen lenge, er fordi eg støtt kjenner på lengten etter havet. Det er nok garantert den nordnorske rota i meg som tar tak, og eg må i blant sjå havet for å kjenne på fridomen.
Eg trur svigermor Tove har det på same måten - men ho vaks opp i Kristiansund, og kjente nok støtt og stadig på sjølufta og vinterstormane i oppveksten. Dagen før turen fylte ho 75 år, og det vart feira med eit triveleg dameselskap. Ei av gjestane der var eit søskenbarn av ho. Då ho høyrte eg sa vi tenkte å ta den turen, kunne ho fortelje om då mannen hennar dreiv dykkarkurs på Stavneset fyr i fleire tiår, og det var og inklusive overnatting. Ho hadde tilbrakt mykje tid på fyret opp gjennom åra. Dessverre er det ikkje lengre er mogleg å overnatte på fyret, men det er fint å komme på besøk.


Vi har ikkje gått veldig langt før vi får auge på fyret. På toppen av knausen ligg sjølve fyret, rett nedanfor ligg fyrvoktarboligen. Viss du kikkar på denne sida frå Stavnesets venner, får du vite meir om historia til fyret - som for eksempel at fyret var opna 1. september 1842. Fyrvoktarboligen er frå 1953, og i 1976 vart fyret automatisert. Då var det ikkje lengre behov for fyrvoktarar der.
Eg har nok nemnt det før, meg det passar godt å nemne det her og: Også på denne turen undra eg meg korleis politikarane kunne vedta tunell under fjorden i staden for bru over fjorden då vedtaka vart fatta for rundt tjue år sidan... På bildet under ser ein kor kort veg det er over til byen (på spissen bak ligg Stikk ut-posten Klubba), og eg skjønnar altså ikkje korleis politikarane kunne unngå å vere så framsynte at dei ville la turistane sykle den flotte turen mellom Kristiansund og Molde... Det var rett og slett trangsynt.


Allereie på avstand ser ein at fyret ikkje er så all verda stort, men at det likevel var viktig for å sikre skipstrafikken som gjekk på utsida av Averøya - både båtane som skulle til Kristiansund og dei båtane som skulle vidare nordover langs skipsleia.



Ein kjem altså først til fyrmeisterboligen. Her blir ein orientert om at det er plassen kor turboka er. I år er jo Stikk ut berre elektronisk registrering, men postkassa og koden finn ein på veggen her. I tillegg får ein orientering om at ein kan melde seg inn i Stavnesets venner, ei venneforeining som tar seg av eigendomen, slik at det alltid er triveleg å komme der på besøk. Om søndagane er det open kaffeservering og i fyret.
Frå huset må ein gå ei trapp opp til fyret, og det kunne bety at funksjonshemma og barnevogner ikkje kjem seg opp dit. Heldigvis har dei laga ein fin omveg, slik at trillande og kjem seg opp til det flotte området rundt fyret.




Eg er veldig, veldig glad i båtar. Eg likar å reise med båt og eg likar å sjå på båtar - og det er nok ikkje berre det nordnorske i meg som drar, men gode opplevingar med båtturar i oppveksten og slik båtturane enno er for meg. Båtar på havet og båtar som ligg til hamn - båt er båt :) Det er forklaringa på at det kjem nokre bilde av båtar her no.





Det er ein ting eg spesielt vil nemne, og det er kor flott det ute rundt fyret. Då vi var der laurdag, var det over 20 grader og sol. Det var kjempeflott å sitte ute og nyte det gode veret. Den første benken møtte vi allereie før vi kom fram til fyret. Oppe ved fyret er det fleire slike sittegrupper, og det er og nokre ståande nede ved naustet. Det står skilt om at det er lov å lage bål om ein gjer det nede i fjæra, men det står ingen bålpanne i rundt der. Om du kjem på ein annan dag enn søndag, er det fint å ha med eige traktement og ha ein triveleg piknik. Om ein er der på ein søndag, vil eg absolutt oppmode om å handle lojalt med venneforeinga sitt kaffesal.



Ingvild & bestemor Tove likar kvarandre sitt selskap :)
I bakgrunnen på dette bildet av meg, ser ein vegen ein må bruke om ein triller vogn eller rullestol. Det er laga veg bortover mot naustet og skjæra kor det er sint å sitte ned.
Eg var kjempenøgd med turen. Den var lite spektakulær på sitt vis, men for meg som kjem frå innlandet, var han meir enn nok spesktakulær :) Denne turen vil eg oppmode mange om å gå. Vil ein ha fleire opplevingar mens ein er på Averøy, vil eg tipse om Bremsneshola og Bremsneshatten. Det hadde ikkje vi tid til, men 1. juli er altså tunellen gratis, og då kan det godt hende det blir ein ny tur over til denne kystperla som Averøy er :)





Takk for titten :)

Etiketter