Totalt antall sidevisninger

mandag 8. juni 2020

Reisebrev: Ei helg i mitt paradis

Eg skulle ønske alle hadde sitt paradis å reise til og søke mot - eit Mjelle å lengte til, slik Terje Nilsen gjorde. Eg har sagt det før og seier det igjen: Her er mitt Mjelle og mitt paradis.

Denne vesle karen har alltid store forventningar på å komme på Hoemsetra :)
Dei siste dagane har vore skikkeleg gråe, kalde og regnfulle. Då er det fint å drøyme ei veke tilbake og flytte seg tilbake til underfulle dagar på Hoemsetra. Det var mesta sju månadar sidan forrige gong eg var på Hoemsetra sist, og eg lengta slik tilbake. Over 20 grader, blå himmel og ein natur som gjorde seg klar for sommaren var alt eg trong for å få livet litt meir i vater :)


                      
                   Då ho var ei lita jente                         
                                     og lurte på kva som var i vente                                            
                       Men det flaug ut av hennar hand                            
                    Så lett som eit dryss av sand.                       
                             Og ho drøymde om paradis                           

Paradis,
Paradis


Og kvar gong lukker ho auga.
Då ho var ei lita jente 

Og lurte på kva som var i vente
Men det flaug ut av hennar hand
Slik dei små draumar kan
Men dagane 
rullar tungt vidare
Hjula køyrer over sommarfuglen
Kvar tåre er ein foss
I natta - i den stormfulle natta
Lukkar ho auga
I natta
Den stormfulle natta
    Vekk ho flaug
                   (fritt oversett etter "Paradise" med Coldplay)           


Det er ikkje tvil om anna enn at eg hadde ein ekstremt spesiell oppvekst på Hoemsetra. Eitt var det å ikkje ha nokon andre i rundt seg enn familien, men noko anna var det å ha naturen så tett på - året rundt. Om vinteren var det stor spenning om når tid fonnene ville gå, kor store dei var, ville dei vere farlege for oss? Ganske ofte gjekk eg skirundane rundt garden med hjartet i halsen for at det skulle komme ei fonn på den eine eller andre sida av garden. 
Så kom våren, og då var det alltid spennande å sjå fonnene gjere seg ferdige med vinteren. Kor store ville dei vere, når på døgnet gjekk dei, kor tungt ville dei buldre - ville vi vakne om dei gjekk om natta?
Hos folk flest kallast dette spektakulært... Og det er det - eg og meiner det. For meg er det den dag i dag spektakulært. Men synet og lyden av fonnene gir meg vårfornemming, det sitrar og det er spenning. Bufonna viste seg fram mange gonger gjennom helga, det gjorde og Skramla. Breifonna er den det alltid mest spenning om - det er fonna som ligg nærast huset på nordsida. Dessverre lurte ho den som sov tungt... dei som vakna av lyden, fekk seg ei flott oppleving eine natta.

Bufonna


Breifonna
Pinsedag blei ein utruleg flott dag. Saman med ein gjeng frå Vike, var eg på ei skogsvandring utan sidestykke, men den kjem i ei eiga fortelling. Mens vi satt og drakk kaffe, meinte initiativtakaren til turen, Siri, som trass alt er ein viking, at vi måtte bade for å ikkje ha flått på kroppen etter turen... Eg pleier ikkje å bade i korkje mai eller juni - det skjer ikkje! Men jammen fekk ho hala meg med på det! Mens vi alt var ved den gamle ferga, tok vi oss ein liten sightseeing. Og kva anna enn cruiseferga Mardøla fekk vi auge på?!
Sanneleg la ho inntil hos oss - og den følelsen trur eg ikkje eg har kjent på tretti år - ferga slutta å gå i ordinær trafikk i 1990. Då bror min begynte på skolen i 1974, var ferga akkurat kommet til Eikesdalsvatnet. Fergeruta vart tilpassa skoleruta, og slik var det heilt til den siste dagen ho gjekk i november 1990. 
Å ha ei ferge som skoleveg er jo og ganske spesielt - det gav oss moglegheit til å treffe mange forskjellige menneske. Og det var jo på den måten eg fekk gleda av å treffe min beste venn, Jonathan frå Australia. Det var på den måten vi visste kven som budde i Eikesdal og visste noko av det som rørte seg i bygda, og det var på grunn av ferga det gjekk an å bu så avsides som vi gjorde.
For den som ikkje kjenner historia, måtte familien flytte då Eikesdalsvegen var ferdig i november 1990, fordi vegen kom på andre sida av vatnet. Då vart det vanskeleg for oss å bu der, og pappa la ned gardsdrifta, bestemor flytta på trygdeheimen og mamma og pappa kjøpte seg hus i Eidsvåg. Vi har sjølvsagt Hoemsetra som feriestad, og dit vender vi tilbake til så ofte som mogleg.
Idag er ferga eigd av Nikolay Finset i Eikesdal, og ho brukast til selskap av mange slag. I 2007 hadde Runar og eg bryllaupsfesten vår der, men kjente folk som Anne Karin Elstad, Knut Nærum, Henning Sommerro, Ole Edvard Antonsen med fleire har vore der og opptredd der.



For meg er og Hoemsetra vennskap - venskap med slekta mi som har hytte der, og det er venskap med naboane i dei andre husa. Desse venskapa var viktige for meg i oppveksten, for tenk å vite at snart ville sommarvenene mine komme. Ei av desse er Kristin i Molde. Tida på Hoemsetra er så mykje bedre når ho og familien er der. Å sitte foran "leirbålet" hennar og sjå dei siste solstrålene i fjella mens vi skrålar og prater om alt mogleg - det er mesta himmel på jord :)


Frå Kristin gjekk turen ned til vatnet. Ein skal altså ikkje sove bort sommarnatta, som det heiter. Ho var verkeleg for ljos til det :) Ingen stader er sommarnatta så fin som på Hoemsetra! Eg har ikkje tal på kor mange netter eg har site på kjøkkenet der og studert Goksøyra (tenk at eg ikkje tenkte på at det gjekk an å gå dit...). Her er nokre av bilda eg tok rundt midnatt natt til 1. juni. NB! Eg veit bilda ikkje er heilt beine, men det er ikkje alltid like lett å få til med mobilen.







2. pinsedag var like fin som 1. pinsedag, og det er få stader det er så fint å vere som på vatnet. Så vi måtte ut og ro og kikke på fonnene. Aleksander nytta høvet til å teste gummibåten han hadde fått mens vi andre sat litt bedre i båten. Her er nokre av bilda eg tok på roturen.






Eg kunne lagt ut video frå roturen, for det var berre lyden av årene som braut stillheita. Desse fine dagane og opplevingane skal eg leve på lenge - tenk om sommaren blir skikkeleg dårleg...? Då har eg iallfall den fine pinsehelga å leve på :)



Ingen kommentarer:

Etiketter