Totalt antall sidevisninger

søndag 26. august 2018

Turblogg: Endeleg tid til Sunndals prekestol - Ekkertind!

Det har lenge stått på lista mi å gå til Ekkertind, og for nokre veker sidan vart det endeleg tid og høve til det. I år er turen Stikk ut-tur.


Ein av grunnane til at eg ikkje hadde vore på Ekkertind tidlegare, var at han ikkje var merka. I år vart turen stikk ut-mål, og då vart det nødvendig å merke turen frå Vollasetra til toppen. Og då vart det med ein gong mykje meir fristande å stige opp i høgda og skode ut frå det som mange seier er Sunndals svar på Preikestolen.
Eg skreiv om turen til Vollasetra i dette innlegget i fjor sommar. Truleg fordi både turen til Vollasetra og Ekkertind er stikk ut-turar, står det meir informasjon om turane på informasjonstavla ved parkeringa no enn det gjorde i fjor. Dessutan kan du betale parkeringa med Vipps.
Derfor startar dette blogginnlegget ved Vollasetra, omlag 750 meter over havet. Du kan lese meir om den flotte turistforeiningshytta og turen dit på stikk ut-sida. Hytta er ikkje berre utgangspunkt for turen til Ekkertind, men og for tur til Storlidalen og inn i Trollheimen.


Det er fleire hus ein kan overnatte i på Vollasetra, men vi kom dit på høglys føremiddag og tok matpause der før vi skulle vidare. Og NB! Hugs å fylle opp flaska med vatn før du går vidare. Vassposten som det står skilta til på setra, er einaste plassen på turen du finn vatn.
På informasjonstavla på parkeringsplassen står det at det er 4,5 km opp til toppen av Ekkertind. Du skal med andre ord stige mesta 1000 meter for å kome fram til målet.


Eg må aller først fortelle at eg også på denne turen var så heldig å få gå saman med Anisa. Ho er verkeleg ein super turvenn, og vi har same gangfart!
Då både vi og Prins hadde fått mat i kroppen, var det berre å sele på seg sekken for å kome seg vidare. Dagen vi hadde velt oss, var ein flott turdag, for temperaturen låg på rundt 20 grader, og vi såg allereie på parkeringsplassen at det var ganske mange andre som tenkte akkurat som oss. 


Som alltid må eg understreke at for å komme fram, må ein følgje merkinga. Vi møtte nokon som hadde gått feil, og dei hamna eit stykke avgarde på veg mot Storlidalen.
På stien oppover møter ein stikk ut-skilting nokre plassar, og då må ein følgje dei. Ovanfor Vollasetra er det tydeleg sti, men det er og raud merking på mange steinar oppover.

Vi er i ferd med å leggje Vollasetra bak oss.
Tørr og fin sti heile vegen oppover frå Vollasetra.
Med den tørre sommaren som har vore i år, var det tørr og fin sti heile vegen opp. Som eg nemnte, er stien merkt heile vegen frå Vollasetra til Ekkertind. Men viss eg kan få kritisere merkinga litt, var mange av dei merka steinane så låge i terrenget at det blei vanskeleg å sjå. Med andre ord: Merkinga burde vore litt høgare enn stein på bakkenivå.

Utsikt oppover Sunndalen og Gråura. Liabøsætra til venstre.
Anisa tar ein pust i bakken.
Utruleg fin dag vi velte oss ut for å gå på, rundt 20 grader og blå himmel. Mens vi var på tur opp, møtte vi mange som var på veg ned. Jo høgare opp vi kom, sa folk at vi måtte gle oss til å komme til toppen. Ja, det visste vi!
På bildet under her ser ein kor stien mot Storlidalen går. Midt i bildet renn elva Erga, som kjem ned forbi Vollasetra. Der går stien, slik eg har forstått, vidare opp på 1500 meters høgd til Storlidalen. Midt i bildet skal det og vere merka sti mot den omlag 1700 meter høge Sandåhøa, som eg tippar er eit anna namn på Kråkvasstinden. Eg reknar med at det er den bakarste toppen med litt snø på seg.


Verdas beste turkamerat veit kor vi skal.
Etter å ha gått det som verka som å vere langt og lenger enn langt, kom vi endeleg fram til Ekkertind - 1189 meter over havet. Det hadde eg venta på lenge - og turen opp var tyngre enn eg hadde sett for meg.


Tidleg i sommar var det ein del skriving i lokal media om at det var funnen ein sekk ute på den hylla som er på bildet under. Nokon frykta at det var skjedd ei ulykke og at nokon hadde ramla utanfor. I følge politiet var det ikkje skjedd noko. Men denne hylla ser uansett ganske utfordrande ut - når blir han å ramle ned fjellsida til Gravem?


Utsikta frå Ekkertind er formidabel. På bildet under her ser ein oppover mot Gjøra og innover mot Middagshjellan. Rett fram ligg Saudalshøa, som skil Sunndalen frå Grødalen.

Gardane Gravem og Hjelle.

Garden Hjelle ligg på motsatt side av RV70 og Driva.
Anisa sette ny høgderekord då ho kom opp på Ekkertind!
Her ser ein bedre den gode utsikta oppover frå Ekkertind. Midt i bildet ligg Gjørashaugen, som ein kan gå opp til toppen via fra Gjøra. Så ser ein dale oppover mot fjellgardane. Fjellet ovanfor Gjøra heiter Svarthaugen, og skil Gjøra frå Linndalen. I neste blogg skal eg fortelje om tur opp på Svarthaugen. Ein kan gå over frå Gammelsetra i Linndalen til Gjøra via Svarthaugen.
Inne i dalen ser ein Middagshjellan, som er det høgast liggande området i Sunndal med dyrka mark, på mesta 800 meters høgd.
Inst i dalen ved Middagshjellan deler dalen seg i to, og både Reppdalen og Skirådalen startar der.



Her ser ein bedre Middagshjellan midt i bildet.
Så var vi altså komne fram til stikk ut-posten på Ekkertind. Og som eg nemnte, var det ganske mange som fann vegen opp til postkassa. Det var mange som hadde starta før oss frå Vollan, og det kom folk bak oss opp lia. Då Anisa og eg kom opp til toppen langt på dag, skjedde det beste av alt: Vi hadde toppen - heile Ekkertind - berre for oss sjølve :)
Men så kjem det interessante med turboka/ stikk ut-boka. Då vi kom fram, var vi omlag nr. 60 som skreiv oss inn den dagen. Viss ein ser på Stikk uts nettside, var det berre 12, inkludert meg sjølv, som har registrert turen. Totalt er det i underkant av 300 som har registrert turen elektronisk, og det er ganske misvisande i høve til kor mange som faktisk har besøkt toppen i sommar.


Verdas beste turkamerat og eg :)
Ein kunne sjå ganske langt nedover dalen, iallfall ned på Fale.

Slite og streve er vel og bra, men av og til må ein slappe av :)

Ok, verdas beste turkamerat er ikkje alltid like glad i fotografering...
Gjer utruleg godt å seie at eg kom opp på denne toppen og!


Då vi starta å gå frå toppen, kom vi ganske snart inn på ein merka sti. Men ingen av oss kjente heilt att stien frå då vi gjekk opp, og ganske riktig: Vi hadde faktisk hamna på stien ned mot Gjørashaugen og Gjøra. Så pass på at du kjem langt nok til venstre når du startar å gå, slik at du kjem på stien ned mot Vollasetra. Berre eit godt tips!

Tid for å finne vegen ned att før mørket kom.
Vi møtte faktisk fleire då vi gjekk nedover som anten tok toppen først og så skulle ligge på Vollasetra, eller som skulle overnatte der først og så ta toppen neste dag. Det gjorde ikkje vi, men eg kjente vel på freistnaden i mitt hjarte. 
Vollasetra er utruleg idyllisk, og det har blitt brukt mykje tid og pengar på å sette setra i stand for overnatting. Strålande arbeid av Kristiansund og Nordmøre Turistforeining.


Så var turen over, seint, men godt!

Ingen kommentarer:

Etiketter