Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Angvik. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Angvik. Vis alle innlegg

søndag 20. august 2017

Turblogg: Glimt frå siste vekes kliss-klass-turar

Denne veka føler eg at eg har stort sett vore meir våt enn tørr på beina når eg har vore på tur.

Det heile starta forrige søndag. Då tok broderen og eg laus for å gå til Grønnfjellet på Eidsvågfjellet. Eg såg jo at det skya over, og eg hadde med regnklede. Det viste seg at det var best å få dei på før vi starta å gå. Etter kvart som vi gjekk oppover, vart eg blautare og blautare på beina, og veret vart dårlegare og dårlegare. Som eg har fortalt om tidlegare her, er det godt merka oppover, så vi visste Broderen hadde med vindmålar, og på toppen av Grønnfjellet målte han 12 m/s - det er visst mesta kuling i styrke det. Det var best å skunde seg ned att. Eigentleg hadde eg lyst å gå på Kjerringnebba når eg først var ute og gjekk, men det var ikkje nubbesjans.
På denne turen vart eg påmint om at ein skal vere førebudd for uver også på korte turar.

12 m/s og skikkeleg dårleg sikt!

Ein skikkeleg styggeverssjølvie :D
Neste tur var måndag. Då fekk eg med meg ei turvenninne på blåtur i Angvika i Gjemnes om ettermiddagen. Den første turen gjekk til Fagerlihøgda (du kan lese meir om turen her). Det er fleire stiar å velje for å komme til toppen, og Friluftsrådet vil du skal ta den lengste vegen. Vi valde likevel den kortaste vegen. I teksten om turen i frå Fagerlia skisenter, står det at det er myrlendt terreng i starten, og ein kan få inntrykk av at ein kjem fort opp over skoggrensa og det våte myrterrenget. Det er eg ikkje einig i. Det kjentest ut som at det var vått og vått heile vegen opp, men det var noko likare heilt øvst. På toppen der stikk ut-postkassa står, var det ei fin utsikt utover frå 474 moh. Så må det og nemnast at etterpå fekk eg vite at stien om Bytbekken er ein langt tørrare og finare sti.

Her startar stien ved Fagerlia skisenter.

Her er det veldig vått.

Fann oss ein underleg kar på vegen.

Fin utsikt utover Gjemnes, mot Tingvoll, Sunndal og Surnadal.

Og sjølvsagt måtte eg fotografere kortaste vegen heim :)
Frå Fagerlihøgda gjekk vegen over dalen til Åbakkfjellet. Den turen gjekk eg i fjor vår (det skriv eg litt om her). Der skreiv eg ingen ting om kor langt det var, så eg hugsa ikkje det. Men det var både lengre og våtare enn eg hugsa. Heldigvis hadde eg bytta sko etter turen til Fagerlihøgda, men det er få ting som er så godt som å skifte til tørre sko etter ein tur.
På toppen av Åbakkfjellet hadde vi ei artig oppleving. Midtvegs i lia kom det ein kar halsande etter oss. Då vi kom opp, såg vi han for omkring og leita etter noko. "Skal han slå opp telt?" spurte turvenninna mi. Nei, då viste det seg at teltet skulle opp i lufta og bringe han luftvegen ned i bygda igjen.

Utsikt over mot Fagerlihøgda, kor vi var først.

Fallskjermhopparen gav oss ei verkeleg overrasking.

Sjå kor sola skin på Goksøyra, som er midt i bildet.

Utsikt mot Fosterlågen.
På veg ned att hadde vi ei artig oppleving. Vi hadde kikka på hestane og sauene som beiter på Åbakken. Då vi hadde sett oss i bilen og begynt å køyre nedover mot fylkesvegen, fekk vi plutseleg auge påein elgkalv som stod og grunna på noko på åkeren. Eg rygga attover for å sjå han betre, og endå reagerte han ikkje. Etter ei lita stund, sprang han over vegen.
Vi hadde ikkje før snakka ferdig om elgkalven, før vi, nede på fylkesvegen, fekk auge på ein svært svolten rev. Han heller reagerte ikkje på at vi stoppa og prata med han. Begge dei syna vart ei hyggeleg avslutning av ein fin, men våt turettermiddag.
(Resten av turveka kjem i eigne blogginnlegg).

Flotte sauer! Òg alle hadde horn.

Hestane og var flotte dyr.

Men det var no noko eige å sjå denne elgkalven på ganske nær avstand.

Denne svoltne reven tok eigentleg kaka av alle synsinntrykka.

Han var mest opptatt av å sikre seg mat, han Mikkel Rev.

tirsdag 31. mai 2016

Turblogg: Helsing frå Tingvolls tak

Utsikt mot Nesøya og Stangvikfjorden frå toppen av Kjerkjeberget.
 På tide med ein turblogg att! 1.mai starta stikk ut-sesongen att, og etter ein månad, vil eg no fortelje om dei to hardaste turane så langt! 

I dag bikka eg turmål nr. 20 i stikk ut. Ganske så nøgd med det, og spesielt fornøgd med turmålet eg besøkte i dag på Tingvoll. Eg må seie denne turen var like hard som då eg gjekk Trollheimsmarsjen i august sist år (den kan du lese om her).
Valet stod mellom to forskjellige turar. Alternativ 1 var dei to postane på Gylfjellet - til saman rundt 11 km tur opp på 600 meters høgd. Alternativ 2 var Kjerkjeberget, som er noko kortare (berre litt over 8 km) - men like fullt opp på 600 meter det og. Så av ymse grunnar, blant anna at eg mangla turkameraten Prins, valte eg Kjerkjeberget i dag.

Turen startar ved Sellanrå Grendahus. I starten er det fin sti oppover, men etter kvart går den over til å gå gjennom myrlendt terreng. Det gjeld om ikkje å miste stien av syne, for det er ikkje merka på noko slags vis oppover. Dessutan er det viktig med gode sko på grunn av myrane. Elles kan ein ganske fort bli blaut. Eg hadde turstavar, og det var heller ikkje så dumt selskap. Det er også greit å vere klar over at det er knappast noko drikkekjelde tilgjengeleg på turen, og den eine bekken ein møter på, såg ikkje spesielt innbydande ut.


Eit stykke oppi møtte eg skodda, men den var ikkje veldig tung, så eg vart ikkje forstyrra av ho på noko vis. Midtvegs oppi lia var det ein gauk som gala, men sjølvsagt tidde han bom stille då eg prøvde å feste lyden på telefonen. Pytt. pytt, tenkte eg. Det var berre å komme seg vidare, for terrenget bratna til, så skulle eg komme meg opp, kunne eg ikkje tenke på gauken i lia iallfall.

Det som er frustrerande med turen opp, er at ein ikkje veit akkurat kor langt det er att. Ein ser berre at fjellet fortsett oppover, men ein er mesta heilt oppe når ein endeleg får auge på varden. Då er ein framme på Kjerkjeberget 611 moh! Alt slitet opp dei siste 100-150 høgdemetra er verd det når ein kjem opp. Utsikt langt utover, og i følge turinformasjonen som du kan lese meir om på morotur.no (her), er det ei kopparplate med pil til alle fjelltoppane ein ser på varden. Det trur eg at eg var alt for sliten til å legge merke til (irriterande nok hadde eg oversett den infoen i turguiden). Oppoverturen la eg tilbake på omlag 1 1/2 time, og det trur eg eigentleg ikkje er så aller verst. Iallfall ikkje når ein går aleine, og eigentleg er mest bekymra for at ein kanskje er på feil veg på grunn av den manglande merkinga.
Uansett: Eg fekk skrive meg inn i boka og registrert turen - det er god nettdekning på toppen.


Kjære Gud, ikkje la det komme frost på desse i sommar :)


Fjellfie :)


Utsikt mot Vågbø og Surnadal. Fjellet med toppen trur eg må vere Strengen i Surnadal, som og er stikk ut-mål.

På nedovertur kom skodda igjen sigande, og låg i starten så tett at eg berre såg 50-100 meter føre meg. Då var det iallfall viktig ikkje å miste stien ut av syne. Nedoverturen gjekk på rundt timen, slik at turen totalt vara rundt 2 1/2 timar inklusive kviletida på toppen.

Frå Kjerkjeberget ser ein over mot Gjemnes og ymse toppar der. For nokre veker sidan var eg på Åbakkfjellet ved Angvika. Den er mesta like høg som Kjerkjeberget - 590 moh, men berre litt over 6 km tur/retur. Sidan dette var akkurat då det hadde vore så varmt tidleg i mai, var heldigvis mesta all snøen smelta. Eg trur ikkje eg hadde orka å gå om det var mykje snø.

Frå Åbakkfjellet i Angvik tidlegare i mai.

Utsikt frå Åbakkfjellet mot Tingvollfjorden og Gyl.

Her og var det viktig med gode sko, slik at ein ikkje vart blaut. På toppen av fjellet ser ein ganske vidt utover. Det er jo det som er bonusen for alt slitet. Men eg må no likevel seie at på dagar som i dag, når det var 15-16 grader og opphaldsver, er det ein stor bonus i det heile tatt å kunne vere ute i naturen på denne måten.

Eg brukar aldri noko musikk på øyrene når eg går. Eg vil ha full valuta for alle sansane - spesielt syn, hørsel og lukt. Musikk vil forstyrre den opplevinga ganske mykje. Eg føretrekker å høyre på gauk og sisik, trast og stær, for å seie det slik, mens eg trekk inn den gode lukta av kvitsymre og hegg.

No legg eg nye planar framover for nye turar som eg gler meg veldig på. I år har eg verkeleg fått prioritert stikk ut, så eg gir meg ikkje med dette.


Etiketter