Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten brød. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten brød. Vis alle innlegg

fredag 2. september 2016

Auf Wiedersehen - Time to say good bye :)

I dag skal eg krype saaakte ut av skapet - naboskapet! Siste sommargjest har no lukka døra og sagt "takk for i sommar, vi sjåast neste år". Og eg seier "Auf Wiedersehen".

Siste måltid og triveleg lag for denne gong. Neste gong vi møtast, har Georg fylt 60 år. Han treng ein kopp med motiv frå Sunndalsøra, som den sunndalsvennen han er.
Vi satt tre saman og drakk kaffe på verandaen min ein sommardag i slutten av juni - Rainer, Georg og meg. Praten gjekk livleg på tysk om den omfattande oppussinga dei to nye naboane mine var i gong med - både innvendig og utvendig. "Eg har eit rom eg skal pusse opp eg og," sukka eg litt tungt (det har nemleg stått der i eit år i påvente av tid). Det er då orda fell kor eg kjenner eg må sette meg rettare i ryggen og lytte endå litt betre. "Du kan jo spørre naboane dine om hjelp, eg er sikker på at dei hjelper deg," sa ein av dei. "Eg trur kanskje nabane mine har nok arbeid med sitt hus," svarte eg. "Eg er sikker på at naboane dine vil hjelpe deg," sa han igjen. For å gjere ei lang historie kort, la desse to karane, som eigentleg held til nede i ein by nordvest i Tyskland, golvet på det rommet som stod der. I all mi takksamheit lovte eg dei nysteikte brød kvar veke resten av sommaren.

Den største gleda eg kan ha, det er å gjere naboen glad :)

Eigentleg var det ikkje der det starta. Det starta då eg oppdaga nokre veker tidlegare at eg hadde fått nye naboar og at dei var tyske. To karar som skal ha huset som "laksevilla" - dei elskar å fiske i Driva.
Der og då skjønte eg at dette kunne vere noko som både dei og eg kunne dra vekslar på. For min del handlar det nok mest om at det er utruleg hyggeleg å vere sosial med dei - eller bytte brød mot vin, som eg seier med litt humor.
Med glede kan eg minnast den fine turen eg hadde saman med Georgs gjestar, Monika og Helene, til Innerdalen - då eg eigentleg var trøytt og ville sove på verandaen. Men turen blei utruleg triveleg, og eg fekk introdusert dei for sunndalsgraut til vaflane vi spiste på Innerdalshytta.

Kaffe og vaflar med sunndalsgraut mens vi skodar på Innerdalstårnet - ein fantastisk ettermiddag :)

På veg nedover att frå Innerdalshytta saman med Helene og Monika.
Men no er dørene lukka, fiskesesongen er avslutta, iallfall for deira sin del, og eg må vente heilt til neste sommar på dei artige samtalane på mitt gestalta tysk over ein kopp kaffe om dagen eller vin om kvelden, å kunne få herlege smaksprøvar av laks (eg har aldri spist så mange gonger laks på ein sommar som i år) og vonleg kanskje tilbod om å gjere eit anna arbeid på huset.
Eg sitt og lurer på kor mange måtar det er å seie "takk for i sommar, vi sjåast att neste sommar - om ikkje før"...
Eg kan seie det som Kirsti Sparboe: "En sommer er over, men vi skal ses igjen til neste år..." - men det verkar litt tamt og kjedeleg. Så derfor seier eg det heller som De Lillos:

Når du en gang kommer
neste sommer,
skal jeg atter være her,
og vi skal synge gamle sanger
om igjen.
Når du en gang kommer
neste sommer,
skal vi atter drikke vin,
og vi skal snakke sammen
om de samme gamle ting.

Omtanke for både folk og dyr: Fiskeinnmaten til venstre til hunden (men han likte det ikkje) og til høgre heilt, heilt fersk laks til oss.


mandag 31. mars 2014

Havrebrød

Sist laurdag hadde Liv Inger Mæle ei oppskrift på brød med havregryn i spalta si i Aura Avis. Dei har eg bakt i dag :)




Oppskrifta er som følgjer:

1 l skumma melk
1 pk gjær
3 ss soyaolje (rapsolje funkar like bra)
3 ss (mørk) sirup
1 ts salt
400 g (store) havregryn
400 g fin eller grov sammalt kveite
(avhengig av kor grovt du vil ha brødet)
400 g kveitemjøl
havregryn oppå

Varm opp mjølka til fingervarm temperatur. Viss du brukar fersk gjær, blandar du den med mjølka. Viss du brukar tørrgjær, blandar du det i mjølet. Ha i olje, sirup, salt og havregryn i kasserollen, og la havregryna bli litt mjukare.
Ha alt samla i ei bakebolle og rør godt saman deigen. Viss ein brukar maskin, skal 4 minutt på halv styrke vere passe. Dekk deigen til og hev han i minimum 45 minutt.
Del deigen i to stykkar og bak ut brøda og ha i kvar si form. Hev dei i minimum ein halvtime. Pensle med vatn, mjølk eller anna (eg brukte nøytral yoghurt), og strø med havregryn på toppen  før dei blir steika nedst i omnen på 190-200 grader i ca 45-50 minutt. Husk bakepapir i forma.
Liv Inger Mæle skriv at det er ein hovudregel at ein ventar til neste dag når brøda er heilt avkjølt med å skjære i dei... det gjekk bra om dei berre hatt stått i ein times tid og avkjølt seg og, men blir heilt sikkert saftigare om ein ventar til neste dag.

Lykke til :)

torsdag 6. februar 2014

Og så gjer eg som haren...

...nemleg å hoppe vidare...! Og no: Over til bakekroken!

For nokre dagar sidan bakte eg brød som vart så god at eg er mesta misunneleg på meg sjølv.
Det starta med at eg fekk ei bok med oppskrifter med speltmjøl til bursdagen min - Bak med spelt av Mone Eli Sæland.
Eg har ikkje hatt speltmjøl ståande heime dei siste månadane, så boka har ikkje vore i bruk. Men for nokre veker sidan kjøpte eg inn litt ymse utval av sorten, så det begynte å nærme seg tida for å få det brukt.
Eg bladde meg fram til ei oppskrift som eg syntes vekte mi interesse, nemleg valnøttbrød.
Eg valte å sløyfe valnøttene, men prøvde å følgje oppskrifta slik høveleg elles. Her er oppskrifta med mine endringar i tillegg:

Til 2 brød:
2 dl vatn
2 dl appelsinjuice
2 dl biola eller yoghurt naturell
3 ss rapsolje eller smør
1 pk fersk eller tørr gjær
2 ts salt
2 ss (lønne)sirup
2 ts revet muskat
1 ts malt ingefær
2 dl sikta rug
2 dl speltflak
6 dl sammalt spelt
4 ss fiberhusk
8-9 dl sikta spelt
4-5 stk mosa kokt potet
1-2 dl raspa gulrot

Eg varma opp vatn, juice og yoghurt til nærare 40 grader. Så blanda eg det saman med alt det tørre i ein miksmaster og blanda saman. Potet og gulrot hadde eg oppi til slutt.
Fiberhusk er eit bindemiddel. Før trudde eg at ein berre brukte det når ein baka lavkarbobrød for å få det til å hengje saman, men no ser eg at det passar godt å ha oppi vanlig brøddeig og. I tillegg står det på pakka at det gjer baksten saftigare. Om det var fiberhusken eller samansetninga av alt i brødet som gjorde det saftig, skal vere usagt, men saftigare brød enn det her, har iallfall eg aldri bakt før!
Eg lot det stå og heve ei stund, før eg baka ut to brød. Alminnelig steiketid: Ca 200 grader i rundt 45 minutt på nedste rille!
Eg har iallfall aldri bakt betre brød! Lykke til :)



tirsdag 7. mai 2013

Eg bakar, ergo er eg!

Sidan eg ventar besøk før pinse, er eg fullt i gong med vasking og baking, og tida er knapp, for eg blir mykje vekk!
Kven som kjem på besøk, skal eg fortelje betre om nokre dagar!

I dag har eg baka brød (ja, eg begynte i 21-tida i kveld, og no er klokka 1, og eg er snart ferdig...)! Eg synes det er artig å prøve oppskrifter, og vere mest mogleg nøyaktig i å lage dei! Sjølvsagt skjær det seg ofte... I dag var eg mesta heilt fri for havregryn.... og då vart gode råd dyre, og eg tok ei blanding av kveitekli og kveitekim! Og når eg tenkjer meg om, mangla eg vel halvparten av yoghurten og, så då spedde eg ut med ein surmjølksrest eg hadde.

Brøda heiter matpakkebrød, og oppskrifta var slik (etter oppskrift av Wenche Andersen i eit Hjemmet-bilag):

5 dl vatn
5 dl yoghurt naturell
1/2 dl rapsolje
1 pk gjær (fersk eller tørr)
2 ts salt
1-2 ss sukker eller honning
1 dl solsikkekjerner
200 gram havregryn
300 gram spelt, sammal grov/ fin
8-900 gram sikta spelt, evt. kveitemjøl
egg eller mjølk til pensling
sesam, valmuefrø eller solsikkekjerner til dryss

Eg varma vatnet og mjølka/ yoghurten saman med olja, og så blanda eg alt mjølet. Eg hadde berre 300 gram speltmjøl, så dermed vart resten ei blanding av kveitemjøl og kveite fullkorn, for å få det grovare.
Ha nedi bolla salt, sukker/ honning (eg gløymte det), solsikkekjerner og havregryn saman med alt mjølet, og bland i væska som ikkje må vere for varm.
Bland alt godt saman, og sett så deigen til heving! Etter rundt tre kvarter tek du deigen og knar han til og bakar ut to solide brød. Dei lyt etterhevast i nye tre kvarter! Steikast i 30-40 minutt ved 200 grader!

Matpakkebrød og skolekaker!
Så fann eg ei bakebok i hylla som eg mesta ikkje har opna... Hjemmebakst med helkorn er tittelen! snart tjue år gammal - og som sagt: mesta uopna!
Der kom eg over ei oppskrift på noko som var kalla skolekake. Oppskrifta er slik:

650 gram kveitemjøl (eg brukte mest kveite fullkorn)
3,5 dl mjølk (pass på så det blir nok!)
50 gram smør
50 gram honning
1 pk gjær
100 gram rosiner
100 gram hakka nøtter
litt salt
1 egg

Smelt margarinet og ha mjølka oppi saman med honningen, og gjerne egget samtidig. Bland mjøl, gjær, rosiner og nøtter i ei bakebolle, og slå mjølka over. Bland saman til ein god deig, set den på heving i eit kvarters tid, før du bakar deigen ut til eit høveleg tal bollar. Etterhevast i eit kvarters tid. Pensle med vatn, står det i boka, men eg hadde ein rest med fløyte, så den trur eg høvde heilt utmerka!
Steikast høgt i omnen ved 220 grader i eit kvarters tid.


Då håpar eg maten vil smake, vel be komme! :)

mandag 8. april 2013

Den "besværlige" bakedagen!

I går tenkte eg at eg skulle bake litt! Det er vel sjeldan det går så skeis med bakinga som eg synes det gjorde då!

Eg starta med å lage speltknekkebrød etter denne oppskrifta frå Trines Matblogg:

4 dl sammalt spelt, grovt
3,5 dl havregryn
2 dl solsikkekjerner
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
1,5 dl nøtter (eg brukte omlag halvparten graskarkjerner og halvparten valnøtter)
10 g salt
6 dl vatn
1-2 ts honning
sesamfrø oppå knekkebrød

Eg blanda alle dei tørre tinga saman, før eg blanda det med vatn og honning. Etter å ha rørt det godt saman, lot eg ho stå og godgjere seg ein liten halvtime på benken. Så tok eg det utover fordelt på tre knekkebrød.
Det var steikt i omnen på 160 grader i omlag ein times tid. Det skjedde på denne måten: Eg sette først inn alle tre platene, og etter ti minutt tok eg det ut og streka opp firkantar med ein pizzakniv. Så sette eg det vidare å steike - 20 minutt på kvar høgde, før ein byttar om, slik at alle bretta er innom kvar høgde.
Eg heldt på å brenne knekkebrøda mine, men det gjekk bra, og dei vart veldig gode! Knekkebrøda skal vere tørre når du tek dei ut av steikeomnen etter totalt 70 minutters steiking.




Det neste eg ville prøve å bake, var valnøttrundstykker frå Brød og Korn si nettside. Opprinneleg såg oppskrifta slik ut:

3,5 dl vatn
400 g sikta speltmjøl
50 g sammalt rug, grov
50 g byggmjøl
100 g hakka valnøtter
10 g havsalt
1 pk gjær

Eg tenkte eg skulle fordoble oppskrifta, og tok 50-50 med sikta speltmjøl og grovt sammalt speltmjøl. Eg blanda saman alt det tørre, og så blanda eg i vatnet. I oppskrifta står det at ein skal ha oppi alle indgrediensane i ei kjøkkenmaskin, men halde att ein halv desiliter som ein tek i når deigen har blanda seg. Køyr først i 4 minutt på låg fart, før ein aukar farta og fortsett i rundt 7 minutt til. Ha oppi siste rest av vatnet, før deigen blir sett til heving ein times tid.
Deigen skal bakast ut til ti rundstykker som settast til heving ei stund til, før dei steikast i 10-15 minutt på 220 grader.

Her gjekk det noko gale til meg på ein eller annan plass i den kjemiske prosessen... deigen min heva ikkje som den skulle, og den var uråd å bake ut som rundstykker. Enden på visa var at eg delte deigen i to, og kjevla ut leivane til to stk brytebrød. Konklusjonen etter smaking, er at det smakte godt, men konsistensen blei noko tung! Neste gong blander eg nok ikkje inn so mykje grovmjøl! Men eg må definitivt prøve det att!



Det siste eg bakte, var mine eigne brød . fritt etter "ein tar kva ein har-prinsippet"! Kva hadde eg eigentleg oppi? Jau, havregryn, kli, kveitemjøl, kveite heilkorn, kveite fullkorn, sammalt grov rug, sikta rugmjøl, solsikkekjerner, hakka graskarkjerner, sesamfrø, linfrø, salt, solsikkeolje, sirup og gjær blanda saman med vatn.
Deigen heva bra, og det gjorde og dei utbaka brøda. Dei steikte og fint.... men så gløymde eg at eg hadde brød i omnen... Og kom på det eit kvarter etter at dei skulle vore tatt ut!!! Dei blei sjølvsagt nokså harde i skorpa... Minst like irriterande var det at eg fant ut etter å ha kappa dei i to at brøda ikkje var elta nok, og mest sannsynleg vil meir eller mindre gå i oppløysing når eg begynner å skjære i det...



Det var altså dagens bakeseanse... Det kan ikkje bli like vellukka kvar gong...!

Når ein berre får på pålegg, blir det godt til slutt!


fredag 29. mars 2013

Berre for å meddele noko....

Ja, er det ikkje likt seg - det er ikkje kvar dag ein har so all verda å meddele... Eg trur mesta lufta gjekk litt ut av meg etter det kjensleladda innlegget forrige laurdag! Eg fekk mykje positive tilbakemeldingar, og er det innlegget som har hatt desidert flest lesarar! Tusen takk for responsen!!!

Vi har hatt ei fredeleg påske saman med familie og svigerfamilie - ungane er kjempenøgde med å ha møtt alle søskenborna sine og besteforeldra sine, og eg er iallfall nøgd med veret.
Det øverste biletet her var eigentleg ein skivebom, men den vart jo litt artig lell! Eg skulle tak bilete av ei tantejente som leika med han Prins, men ingen av dei havna i linsa... Men skuggane viser at det var godt med sol iallfall!

For å seie som bjørnen i det blå huset: Hvor er - hvor er - hvor er Skygge?
Hvor er Skygge nå?

Aleksander leikar seg i eit tre ved huset til bestemor.

Utsikta mot Storfjorden og Stranda sett frå svigermor sin veranda.


Palmesundag bakte eg for første gong brød av speltmjøl.                                                                                                       Dei vart skikkeleg gode, og oppskrift kjem når eg kjem meg heim frå påskeferien!

Etiketter