Totalt antall sidevisninger

Viser innlegg med etiketten Reppa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reppa. Vis alle innlegg

onsdag 30. juni 2021

Turblogg: Denne turen gjer eg gjerne igjen og igjen... I eit rike av fossar

Denne vakre turen har eg fortalt om tidlegare, men turen rundt alle fossane øvst i Sunndal er så vakker, at eg berre må fortelle igjen (og eg gjer det sikkert igjen!)!

(NB! Åtvaring: Når ein er på ein superfin venninnetur, blir det kanskje litt mange sjølviar og slikt....)



Eg kjenner meg veldig heldig som får vere turselskap med Anisa. Vi har gjort fleire turar saman som eg har fortalt om tidlegare, og tida går fort når vi er på tur saman.                                                                  Ho hadde aldri vore i Åmotan og gått turen rundt fossane øvst i Sunndal, og no var det endeleg tid for å gjere turen. Gjett om eg gledde meg! Dette ville vere ein tur ho ville like.
Så vi køyrde avgarde til Jenstad, ein av fjellgardane i Sunndal, parkerte der og gjorde oss klare for å starte oppover lia. Før eg drog heimefrå, tok eg i optimismens namn på meg shorts... Då eg parkerte på Jenstad, stod temperaturen i bilen på 8 grader... Langbuksa og ullgenseren var på før vi starta å gå. 

På vandring frå Jenstad til Linndalsfallet

Det er to alternativ for å gå denne turen. Alternativ 1, det vil seie det vi ikkje velte, er ned til Åmotan og opp lia til Lundlia, før ein så går vegen og stien vidare. Alternativ 2, det vil seie det vi gjorde, er stien oppover lia rett frå Jenstad og opp til Mælan, kor ein møter bilvegen på 765 moh.
Ein kan køyre innover i fjellet, men det synes eg er ein ganske lite sjarmerande måte å gjere det på. På parkeringsplassen på Jenstad set ein frå seg bilen, betalar 30 lykkelege kroner via kortbetaling eller vipps, takkar for seg og går. Stien startar faktisk rett ved sidan av parkeringa. Der kan ein starte rett opp lia. Vi fulgte vegen opp til bommen før vi tok stien fatt.
Det er fantastisk godt skilta! Dette skiltet står ved sidan av bommen, og vårt første stopp er Linndalsfallet. Desse 1,3 km brukte vi omlag 45 minutt på. Null stress - berre kos :)


Prins er altså så utruleg glad for å vere på tur med oss - sjølv som den einaste hanen i korga. Det er ein ting eg er verkeleg oppsett på, og det er bandplikta! Prins er alltid festa i magereima på sekken slik at eg har kontroll på han. Eg har sett på Facebook at nokon snakkar om bandplikta for å beskytte fuglane, og det er eg einig i, men i ganske mange av dei skogane eg går i, finst det sau (geiter og krøtter), og ein hund SKAL ALDRI springe rundt utan band. (NB! Min hund har ein fristad, og det er på feriestaden vår. Utanom det har han i praksis ingen fristadar!)


Vakre Linndalsfallet

Denne turen er ikkje ein topptur - den kan knappast kallast fjelltur, for ein stig ikkje over skoggrensa. Men det er i høgste grad ein opplevingstur. Opplevingane står i kø, og det er desse opplevingane som kallar fram den genuine turgleda hos meg.
Den første flotte opplevinga ein får når ein går stien opp frå Jenstad, er møtet med Linndalsfallet. Det er eit fantastisk flott fossefall som fødast ut av elva Linndøla som kjem frå inst i Dindalen og renn gjennom Lindalen.
Frå bomstasjonen ovanfor Jenstad er det 1,3 km, og i mitt tempo er det 45 minutt dit.









På vandring gjennom skogen

Så var det tid for å gå vidare. Vi kunne ikkje bli verande ved Linndalsfallet :) Stien går slakt opp gjennom lia, og vi er så vidt borti vegen. Vi følgjer stien vidare til vi kjem att på vegen oppe på Mælan på 765 meter over havet - som eigentleg er turens høgaste punkt. Eg skriv eigentleg, fordi vi skal ei sløyfe opp til Gammelsetra, og den ligg på 807 m.o.h. i følgje ut.nos kart.

Vi tar i retning Gammelsetra langs vegen, og litt lengre nede i lia ser vi den flotte brua over Linndøla - som mange nok har sett på bilde på t.d. Instagram.






Gammelsetra turisthytte

Gammelsetra er eit nydeleg setertun, og du kan lese meir om setra i denne lenka. Eg har skrive om besøk på setra tidlegare, og vil absolutt oppfordre til å ta den ekstra kilometeren frå stien for å nyte nista på det store langbordet utanfor hytta. 

Det var imidlertid ein ting eg merka meg: Det står på lenka frå ut.no at hytta er opa, men då vi var der, var alt låst, så mest truleg må ein ha DNT-nøkkel i tillegg til å ha booka inn på rom der.

Men det fine med Gammelsetra er at det er eit langt bord utanfor hytta ein kan ta matpausa ved. Utanfor gjerdet spring det sauar - derfor er det viktig å hugse å lukke porten etter seg!

Frå Gammelsetra er det fleire ruter - over fjellet til Gjøra, innover Linndalen eller den vegen vi skal gå tilbake igjen for å komme på stien.

dette blogginnlegget kan du lese meir om å ha Gammelsetra som utgangspunkt for tur :)








Brua over Linndøla

Når du finn tilbake på stien etter å ha besøkt Gammelsetra, kjem du ned til den flotte brua over Linndøla. Den er verkeleg prektig.
På andre sida av brua, kan ein gå litt oppover mot lia for å komme inn på vegen eller ein kan ta stien vidare. Eg har aldri gått langs vegen der, men når ein gjer det, kjem ein til krysset kor ein tar av mot Middagshjellan (der har eg vore med på traktorsafari ein gong). Frå Middagshjellan kan ein gå innover Skirådalen dei mesta 15 km til Loennechenbua, som er den høgast liggande hytta i KNTs rutenett og det er også den minste. 

Tilbake til vår tur, tok vi stien vidare i retning Lundlia. Etter kvart kjem ein inn på vegen igjen, skjønt veg og veg...Slettes ingen autostrada, men ein veldig koseleg skogsveg. 









Lundlia - på raskt besøk hos Keiko og Helge Dragseth

Så kom vi endeleg fram til Lundlia - langt på ettermiddag. Eg hadde tidlegare på dagen sjekka om Keiko og Helge var heime, og det var dei.

Vi tok ei ny nistepause der og ein triveleg prat før det var tid for å starte på turen ned Lundlibakken. Endå hadde vi ei oppleving til å få med oss, nemleg Svøufallet. Men først måtte vi helse på sauane og ikkje minst ekteparet på garden.

Det må nemnast at turiststien ikkje går rett gjennom tunet deira, men på nedsida av garden, langs den flotte steingarden. Med min eigen oppvekst på ein aude gard langt frå folk, er det nok ikkje uventa at eg kjenner meg mesta i slekt med ekteparet der.

På Lundlia har dei om vinteren berre tilgang på å ta seg fram med snøscooter. Utpå våren ein gong, tiner vegen fram og dei kan flytte bilen frå parkeringa på Jenstad og heim til Lundlia.





Midt i Lundlibakken ligg det restar etter det vesle bruket som låg der på slutten av 1800-talet. Ole Johnsen Lundli, som vart fødd der i 1873, før familien flytta nærmare Gjøra, vart til slutt senator i South Dakota. Det er ganske utruleg at ein kan kome frå vesle Gjøra og bli ein amerikansk delstats viktigaste mann.



Åmotan

Då vi starta turen frå Jenstad om føremiddagen, kunne vi høyre fossesus lenge. Det var ei blanding av lyden av Svøu og av Reppfallet, som startar inne i Reppdalen. Meir om den fossen til slutt.

Synet av Svøu har vi på fleire plassar på heile turen rundt, men når vi kjem ned Lundlibakken, nærmar vi oss steg for steg den flotte fossen. Den som køyrer opp mot Grødalen, passerer toppen av fallet i den skarpe svingen og kan sjå på fossen på nært hald der. Eg synest at det å komme ned mot fossen og komme tett på han der, er meir mektig.

Anisa var for første gong i Åmotan, og etter gliset å døme, blir det ikkje den siste.





Der elva Grøvu gjer ein sving, ligg brua som går over til stien mot Svisdal.



Nyter dei siste restane av ettermiddagssol ved Svøu.


Tilbake på Jenstad

Oppe på bakkekanten ovanfor Åmotan, er vi tilbake på Jenstad. Svøu ligg i ryggen på oss og husa på Jenstad ligg foran oss. På høgre handa kjem den siste fossen fram, nemleg Reppa. Det er den elva ein går over like før vi kom til Lundlia.
På denne rundturen i fossane sitt rike, har vi sett eller gått forbi fire fossar og elver. Like nedanfor kanten på Jenstad møtast Reppa og Linndøla, før dei nokre hundre meter lenger ned treff Grøvu og Svøu. Åmotan betyr "der elvane møtast", og det er verkeleg eit unikt elvemøte rett nedanfor Jenstad. Apropos elvemøte: eg har enno ikkje gløymd at eg ikkje visste kva Åmot betydde på ei geografiprøve i barneskolen... Men då hadde eg aldri vore øvst i Sunndal og sett det i praksis. Har du sett det, gløymer du det ikkje.




Reppfallet

Fleire blogginnlegg om denne turen:

torsdag 7. juni 2018

Turblogg: Omkransa av fossar og elvar i Sunndal

Onsdag hadde Prinsen min og eg oss ein tur i fossane og elvane sitt rike på ein rundtur mellom fjellgardane øvst i Sunndal. Det var ein herleg, herleg tur!

Her ser ein noko av ruta eg skal gå. Bildet er tatt frå Svisdal.
Eg hadde bestemt meg for å ta rundturen frå Jenstad til Åmotan og vidare opp til den avsidesliggande garden Lundli. Vidare skulle eg følgje turiststimerkinga til Jenstad. På kartet under her (frå www.ut.no) er turen innmerka.


Som ein ser på kartet, er det fleire vegar å kome seg til Lundlia. Eg tok den brattaste, og her kjem det litt om korleis turen er.
Turen startar frå Jenstad. Det er ei driftig lita grend med rundt 20 fastbuande. Her er det mykje idealisme og pågangsfulle folk som bur. Mellom anna er mykje av aktiviteten til Visit Waterfalls aktivitet lokalisert - her kan nemnast traktorsafari frå Jenstad til Middagshjellan.

Når du køyrer frå Gjøra og opp mot fjellet, skal du ta til venstre når du kjem til desse skilta. Då er det 2 km til Jenstad.

Her startar/ sluttar turen. Billettautomaten er høgst moderne og tek kort.

Jenstad sett nedanifrå.

Svøu nedanfor Svisdal sett frå Jenstad.
Frå parkeringa på Jenstad (kostar 30 kr) går turen rett nedover lia. Ein skal rundt 150 høgdemeter nedover før ein kjem ned til Åmotan. No for tida er lia tørr og fin. Turen ned til fallet til Svøu tar eit lite kvarter å gå.

Heile denne turen er PERFEKT merka! Du veit akkurat kor du skal gå.


Det er noko eige når ein høyrer lyden av fossen kjem nærmare og nærmare. Spesielt i vårløysinga er Svøu staseleg å sjå på med sitt 156 meter høge fossefall.


Dei fleste bilda frå Svøu er tatt i mai då vi var på familietur til Åmotan.




Frå det flotte fossebruset gjekk turen vidare mot Åmotan. Det er nemleg stikk ut-postkasse litt lenger borte. Fordi området har ei svært gammal naturhistorie, er det mange plakatar sett opp med informasjon om stadane.


På vegen mellom fossen og stikk ut-postkassa er det ein plass som er litt vanskeleg å ta seg forbi, men i forbindelse med opprusting av stien og Jenkabrua, brua over elva lengre borte, er det sett opp trapp som fungerer veldig bra. No slepp ein iallfall å klatre.

Prins var litt usikker på korleis han skulle komme seg ned.

Første mål nådd: Stikk ut-postkassa som heng like ved Jenkabrua.

Jenkabrua er fortsatt ganske ny, men Prins er litt usikker her og om han kjem seg over.
Viss ein er på familietur og har god tid (ikkje skal andre stadar), vil eg absolutt foreslå å ta ein tur til gapahukområdet i Åmotan. Her er det flott ordna til med bålpanne og sitteplassar. Ta med litt ved (og noko ligg der) og grillmat og ha det triveleg!


Utsikt frå gapahukområdet mot Svøu.
Så - då var vi retteleg klare for tur - Prins og eg. Som nemnt, det er godt skilta, og her står Prins og lurer på kva veg vi skal gå. Det vart høgre mot Lundlibakken.


Etter å ha gått ei kort stund, skal ein så gå til venstre. Der startar den lange bakken opp mot Lundlia.

Svøu - fallet er 156 meter høgt.
Svøu sett frå starten av bakken.

Heile vegen går det oppover og oppover, og ganske kraftig oppover og. Men det er fin og tørr sti. Ein skal opp omlag 300 høgdemeter. Og ein går inne i skogen. Etter å ha gått ei lang stund - i mitt tempo i underkant av ein time - trur ein at ein begynner å sjå opning i skogen - og sanneleg stemmer det. Men før ein kjem så langt, kjem ein til restane etter det vesle småbruket Lundlibakken nede i lia. Som det kjem fram av informasjonen i bildet under, drog Ole Johnsen Lundli ut frå Lundlibakken til USA, kor han vart først prest og sidan senator. Ikkje verst når ein tenker på korleis det måtte vere å bu midtvegs i ein lang og tung bakke. Det er og ganske utruleg at denne lange bakken og vidare over elva og opp lia til Svisdal var skoleveg for ungane i Lundlia fram til 1952.


Restar etter huset på Lundlibakken.

Ja visst kan ein begynne å sjå opning i skogen.

No begynner Prins å bli optimist - snart slutt på den lange, bratte bakken.

Men først var det nokre tufter til å sjå på. 

Heldigvis er det fortsatt mange sauer i skogane rundt Lundlia.
Nedst i Lundlia kjem det eit skilt med avstandar. Frå Jenstad har vi allereie gått 2,5 km. Bakken opp frå Åmotan er godt over 1 km lang.


Snart framme på delmål 2: Lundlia.

Tilbakeblikk og overblikk.
Så kjem husa på Lundli til syne. Det er eit lite småbruk som har vore bebudd i fleire århundre. Ein skulle ikkje tru at det går an å bu på Lundli, men det gjer det. Eit ektepar bur der, og kona i huset, Keiko, er frå Tokyo!



Eit kjent motiv frå Lundlia. Utsikt nedover dalen. I det fjerne ser ein Jenstad.

 

Svisdal i det fjerne.
Sidan eg kjenner mannen i huset litt, stakk eg innom ein liten tur. Der i garden var det hektisk aktivitet for å førebu verdsbarnedagen på Sunndalsøra i helga. Eg stikk innom neste gong eg fer forbi, og det må eg gjere i sommar.


Så eg ruslar vidare. Neste mål er stikk ut-postkassa ved brua like ved Lundlia. Også her støter ein på eit skilt som fortel om alle moglege retningar ein kan gå. Når du følgjer skiltinga mot Vangshaugen og Grøvudalshytta, kjem ein først til Røymoen. Det er den høgaste liggande garden i Sunndal. Det er ca 6 km å gå frå dette skiltet til Røymoen. Følger ein skiltinga mot Åmotdalshytta og Dindalshytta, kjem ein til Dovre. Det er draumen min å gå der.


Åmotan betyr jo "elvemøte" eller "der elvane møtast". I Åmotan i Sunndal er det fire elvar som samlast og renn vidare i samla flokk nedover Grøvu til elva møter Driva på Gjøra.

Passering av elva Reppa.
Delmål tre nådd: Stikk ut-posten ved Liabrua. Då begynner dei siste kilometra mot Jenstad.


Liabrua.
Det er slettes ikkje nokon autostradaveg mellom Jenstad og Lundlia, men det er køyrbart. Mange stadar er det mer som ein skogsveg. Tenk så underbart å vandre her... Kjenne lukta av skog og høyre på alle fuglane.... Ikkje så rart at eg måtte ha meg ein matpause på ein stubb her :)


Sein lunsj i det fri :)

Dette er einaste bekken ein må over.
Etter å ha gått ei stund, kjem det eit skilt som fortel at stien ned mot venstre fører mot Lindalsfallet. Sidan målet mitt var å gå mest mogleg på sti, tar eg av.


Hogget: Utkikspunkt, og her går det rett ned nokre hundre meter.



Der nede rinn Lindøla.
Etter å ha gått eit stykke til, kjem eg til den staden eg vona eg skulle passere. Eg hadde nemleg sett nokre fine bilde frå brua over Linndøla. Rein idyll!!!


Brua og kvennhuset sett frå motsatt kant.

Blir dette retning Linndalen kanskje?

Retninga mot Sunndal. Her skyt Linndøla fart før ho buldrar ned fjellsida litt lenger nede i lia.

Ein er ikkje så langt unna vegen om ein går stien.

Utsyn mot Hælfjellet (1197 moh) - også eit av mine ønskemål.
Prins og eg gjekk vidare, og då kom vi til eit punkt som heiter Mælan, 765 moh. Her tar ein til høgre om ein vil til turisthytta Gammelsætra. Det er rundt ein kilometer å gå frå dette punktet. Men eg skal til Jenstad, og eg skal ikkje følge vegen. Derfor tar eg ned til venstre og følger stien forbi Lindalsfossen. 



Då var det selfietime! Heldig som har Prins å gå tur med. 

Her har det gått ras. Pass på!
Då nærmar eg meg det offisielle utsiktspunktet mot Lindalsfossen. Stien til utkikkspunktet er stengt på grunn av det raset som er på bildet over. Men når ein følger stien nedover lia, er det fleire sjansar å sjå fossen.
I liene her kjente eg verkeleg at eg gjekk ein tur på stien og søkte fred og ro - og sanneleg høyrte eg gauken og i lia, ikkje alt for langt unna.




Tid for pause kanskje?
Så kjem endeleg Lindalsfallet fram i all si fylde! Ganske staseleg og absolutt eit høgdepunkt på turen.



Godt skilta for å finne det nedste utkikspunktet.


Frå det nedste utkikspunktet er det vel ein kilometer til Jenstad. Ikkje langt unna utkikspunktet møter eg eit nederlandsk par som vil sjå. Eg fortel sjølvsagt at det er til å miste pusten av - til og med for ein som bur i Sunndalen. Det syntes dei var rart :)
I det eg nærmar meg, ser vi husa. Men vi må ta ein liten runde på yttersida av gjerdet, og kjem ned der bomvegen opp i fjellet startar.


Betalar du 50 kr, kan du køyre innover i fjellet mot Middagshjellen.
På denne rundturen i eit rike av fossar og elvar skal Reppfallet få avslutte. Det var ein UTRULEG fin tur - Prins og eg koste oss frå ende til annan. For meg vart dette ei viktig trening i å gå lengre turar aleine. Med mange delmål undervegs, var ikkje det noko problem. Denne turen gjer eg gjerne igjen! Og eg vart skikkeleg gira på å teste ut alle dei andre stiane og. Dette er eit eldorado å gå i!
Vi brukte god tid og hadde fleire pauser. Då gjekk det fort over fire timar. Men det var verd det!


Etiketter