Totalt antall sidevisninger

onsdag 5. september 2018

Turblogg: Med Gammelsetra som utgangspunkt

For ein månad sidan var eg så heldig å få vere med to karar på ein tur i området ved Gammelsetra i Sunndal - akkurat der Lindalen startar. For eit turområde! Ta meg tilbake dit!


Eg har lenge tenkt på å komme meg til Gammelsetra, turistforeiningshytta som ligg der Linndalen startar, øvst i Sunndal. Det er mange som tar feil av Inner Gammelsetra i Grøvudalen, som er ei seter som er i aktiv drift om sommaren, og Gammelsetra, som er ei nedlagt seter eigd av Kristiansund og Nordmøre Turistforeining. Til opplysning heiter turistforeiningshytta i Grøvudalen for Grøvudalshytta.
Sist eg var på tur i området her, fortalte eg om i dette innlegget, men då passerte eg det punktet kor turen eg skal fortelje om no starta, nemleg Mælan på 765 meters høgd. No køyrte vi opp bomvegen frå Jenstad, og parkerte i ei lita lomme ved Mælan. 
Frå Mælan tok det rundt 20 minutt å gå inn til Gammelsetra. Og då den eldgamle setra openberra seg, tenkte eg (som eg gjer ganske ofte på stadar eg ikkje har vore før): Korfor har eg ikkje vore her før?! 
Vi tok berre ei lita pause (den første av veldig mange!) utanfor huset, men eg rakk å sjå meg om, sjekke korleis det såg ut inne og å helse på eit tysk par, som hadde starta turen i Isfjorden, før dei så gjekk til Eikesdal og vidare frå Aursjøen mot Sunndalsfjella.
Vel, la oss ta ein kikk på denne eventyrlege staden mellom dei låge fjella. Når ein kjem innover i denne delen av det sunndalske fjellandskapet, blir fjella nemleg både lågare og mindre ville - og tilsvarande tilgjengelege.

Her kan ein overnatte om ein kjem ein eller to saman med hund til gards.
Huset på bildet over, er altså eit hus for dei som har med seg hund. Viss ein går inn på turistforeininga si nettside, finn ein informasjon om at det har vore museinvasjon i dette huset og sengetøy er fjerna derifrå. Derfor er det godkjent som hunderom eit rom inne i hovudhuset.
På bildet under ser du eine enden av hovudhuset og inngangspartiet (pass deg så du ikkje skallar oppi!). Huset er vel omtrent dobbelt så langt, og ein gjekk frå avdeling til avdeling. Eg tippar dette huset er bygd saman av mange delar, slik hus vart i gamle dagar, og det var jo eksotisk spennande å sjå.


Eit lite glimt inne i huset, frå kjøkkenavdelinga. Eg trur det totalt er rundt 20 senger i huset. Det var soverom i fleire endar.


Dette er jo eit setertun, og i dette huset går det og an å ligge. Vegen i bakgrunnen går innover Linndalen til Dindalshytta. Det er mange som syklar innover der, og det hadde vore artig å prøve ein gong. Men det var ikkje den vegen mine to turkameratar og eg skulle gå.




Tenk å vere mange saman og nyte ein lang og god middag her...
Prins syntest det var fint å pause litt på Gammelsetra.

Kjempefin benk å ta pause på i solveggen på Gammelsetra.  Men no er det på tide å gå vidare.
Frå Gammelsetra har du fleire moglegheiter. Området øvst i Sunndal er delt inn i fleire dalar, og felles for dei alle, er at dei er veldig flate og tilgjengelege for folk flest.
Turen til Lundlia og Åmotan er berre heilt topp! Du kan gå innover Linndalen til Dindalshytta og Uvsæter. Vegen til Grøvudalshytta går same vegen som mot Lundlia og Åmotan, men ein fortsett dalen bak Hælfjellet mot Røymoen. For å komme til Vangshaugen i Grødalen, kan ein anten først gå til Røymoen og så følge bilvegen til Vangshaugen, eller ein kan gå via Lundlia og Åmotan over til Svisdal og så følge bilvegen derfrå. For å gå til Loennechenbua og Åmotdalshytta, må ein gå tilbake til der vi parkerte bilen og så starte på den lange vegen innover Skirådalen.



La oss heller komme i gang med resten av turen no. Ein kan og nemleg gå over til Gjøra frå Gammelsetra. Då skal ein først gå opp lia mot Svarthaugen. Ein skal opp frå 800 meter til mesta 1200 meter, så eg vil samanlikne det med turen til Hælfjellet.

Idyll av ypparste klasse på Gammelsetra. No må eg gå, men eg kjem attende.



Etter kvart som vi stig oppover lia, legg vi Gammelsetra og det flate landskapet bak oss. Eg som aldri har vore i området før, gler meg mesta som ein unge til å komme opp og sjå på utsikta. Gler meg på maten og gler over å vere på tur. Det var forresten berre to dagar etter helga til Snøheim, men den turen var ute av kroppen.

Peder Magne og Peder kikkar over mot det området som heiter Gruva.
Området kor breen ligg, heiter Gruva, fjellet til høgre heiter Gruvnebba og det til venstre heiter Blåfjellet.
For ein natur! 14 km innover ligg Dindalshytta i Oppdal.

Vi nærmar oss toppen, og Prins er utålmodig.
Vel oppe på toppen av Svrthaugen, openberrar Svarthaugvatna seg. Og for ein magisk idyll ein slik augustsommardag! Eg tenker at ein kan mesta ikkje ete nista i vakrare omgivnader enn det eg gjorde der. Blåfjellet speglar seg i vatnet, og livet på 1200 meters høgd er berre lekkert!

Heimbaka brød med kaviar og kokt egg blir aldri feil på tur!

Fotomodellen min <3


Viktig fjellvettregel: Dra aldri ut på tur utan kikkert.
Like ved der vi spiste, ligg det ei hytte eigd av folk frå Gjøra.
Så skulle vi rusle litt vidare. Dette var 100 % kosetur. Formålet var eit intervju til Aura Avis som vi skulle gjere på tur. Mens eg gjekk der i lag med desse to karane, undra eg meg veldig på korleis eg skulle formulere intervjuet. Kva skulle det eigentleg handle om. Til slutt vart det om det å bli vennar i godt vaksen alder - eit vennskap for alderdommen :)


Frå Svarthaugen kan ein sjå rett over til Vollasetra og Langbakksetra. Skjønt, rett og rett over. Dette bildet er zooma så mykje eg kunne. I og med at eg akkurat hadde vore til Ekkertind, var det litt artig å sjå området på avstand. Då var det litt lettare å få inntrykk av turen eg hadde gjort der.



Kråkvasstind bak til høgre. Det er definitivt eit mål - kanskje allereie i haust.

Ekkertind er hylla til venstre i bildet. og det grøne området nedanfor er Gjørashaugen, kor ein og kan gå frå.

Utsikt mot Grødalen.
Peder og Peder Magne med Middagshjellan i bakgrunnen.
Då vi snudde nasen ned att, tok vi ein litt annan veg, slik at vi kom ned rett til der vi hadde parkert bilen. Det går ein sti som er høveleg lett å finne (lett for meg å seie som var gratispassasjer...!)



Så var vi tilbake der turen starta.

Ingen kommentarer:

Etiketter