Totalt antall sidevisninger

mandag 10. september 2018

Turblogg: Fale - Innerdalen - jammen vart det!

Eg har tenkt lenge og lenger enn lengst på å gå turstien frå Fale til Innerdalen. Denne helga vart det endeleg - og jammen fekk eg med meg Aleksander på det! Her er billedkavalkade frå turen.
Turmålet Innerdalen endeleg i sikte.
Barnas Turlag skulle ha tur i frå Fale til Innerdalen i Sunndal. Mange var interesserte i å delta, men når alt kom til alt, var det ein god del færre som tok seg tid til denne tunge og lange, men utruleg flotte turen. Men Aleks og eg vart med.
Og la det vere sagt med ein gong: Aleks har aldri gått ein så bratt tur - 900 høgdemeter - og aldri ein så lang tur (15 km) før. Dette står det respekt av!

Startpunktet under Fale bru på riksveg 70.
Det er lenge sidan eg har vore så nervøs før ein tur som eg var før denne. Det kribla i magen, og eg gav Aleksander mange alternativ fredagskvelden: Saueleiting inni fjellet (hadde blitt eit par mil), tur til veddugnaden i Grøvudalen (ville blitt 15 km tur/ retur), Sunndalsmarsjen på søndag (22 km) - men guten insisterte på at vi skulle gå Fale - Innerdalen. Kanskje hjalp det litt å vite at han skulle få treffe ein kjekk gut på sin eigen alder.
Men med bakgrunn i det at Aleksander ikkje har mykje turerfaring, var det naturleg for mor å bli nervøs. Det blir eg alltid foran turar eg er usikker på om eg verkeleg greier. Og denne gongen var det ikkje berre eg som skulle greie det, men Aleksander og.
Vi var to familiar, totalt sju store og små, som starta avgarde frå parkeringsplassen ved Fale bru ved riksveg 70. Der var det mesta parkeringskaos, for det var topptur til Navardalsnebba, og dei fleste hadde parkert som om at det ikkje var fleire som skulle på tur den dagen...


Ein skal ikkje langt oppover lia før ein begynner å få litt utsikt. Allereie etter 15 minutts gåing såg utsikta slik ut:


Så startar vi å gå oppover. Prins er helt klar for tur!


Etter litt over ein time var vi framme med delmål ein: Fale 4Hs turpost Skrøu på 330 meters høgd. Her har eg vore ein gong før, men det var for lenge sidan. Her tok vi tid til litt mat/ snop/ drikke i sola og den milde brisen.



Så var det berre å komme seg vidare. Heldigvis gjekk stien i svingar oppover, men vi skulle opp på 1000 meters høgd før nedoverturen ville starte.
Og heldigvis slapp nervøsiteten i meg sakte, men sikkert etter kvart som vi steig oppover i høgda :)


Ein time etter stoppen på Skrøu, såg utsikta slik ut. Eg vil tru vi er på omlag 600 meters høgd.
Det neste delmålet på turen og første nistestopp var den første hytta ein kjem til når ein går oppover. Like før ein kjem opp der, begynnar det å flate ut, og då veit ein at den aller verste stigninga er gjort. Vi brukte - det vil seie eg - 3,5 time frå parkeringa til hytta. Det er ei ganske akseptabel tid - det verkar som at denne lia er litt raskare å gå enn Hoåslia, som eg gjekk i fjor (den turen fortalte eg om i dette blogginnlegget).

Første nistestopp.
Fotograf: Aleksander.

Viktig å gå kvilt seg skikkeleg før vi gjekk vidare.

Utsikta oppover dalen frå hytta.
Så bars det vidare, men endå hadde vi rundt 100 høgdemeter igjen til vi var oppe. Heldigvis var det ganske slakt i starten frå hytta. Då gjekk vi eit stykke i retning mot Sunndalsøra. Ein må nemleg gå eit stykke under fjellet Smørklimpen før ein ville komme til foten av Tverrådalen.
Veret hadde endra seg litt - vinden litt kaldare, sola litt mindre til stade, og skyane drog seg litt tettare. Vermeldinga sa det ikkje ville bli regn.


Etter at vi hadde gått eit lite stykke, kom vi til nok ei hytte. Ikkje langt frå hytta stoppa vi, og der tok utvekslingselev Marco frå Sardinia fram det sardinske flagget. Det var eit godt augeblikk for den kjekke ungdommen som skal vere her i Sunndal til over nyttår.




På vegen kom vi og til ein spesiell stein, som bygdefolket på Fale kallar Meisstein. Her legg folk - av ein eller annan merkeleg grunn - småmyntar inn i sprekkene i steinen. Frå Eystein Opdøl på Renndølsetra i Innerdalen fekk eg følgande artige opplysning: "Grunnen til at det er myntar banka inn i sprekkene på Meissteinen skal være at da dei setra på Giklingsetrene ofra dei myntar før buskapen måtte passere Klævet, for at dei ikkje skulle miste dyr utfor stupet!"
"Det var synd det ikkje låg pengesetlar der", sa Aleksander...



I det vi begynte å runde Smørklimpen og kom dit kor Tverådalen starter, fekk vi auge på nokre sauer som kom på rekke og rad. Det viste seg at sauene var på veg heim frå Flatvaddalen, kor dei vonleg hadde hatt ein god og feitande sommar.

Mot Såtbakkollen, blir folket smått.
Skund dokker heim no!
Frå Tverådalen kan ein gå over mot Innerdalsporten lengst inn i Innerdalen retning Storlidalen. Men dei som har gått der seier at det er forferdeleg dårleg sti, myrete og ikkje tilrettelagt for å gå, så det er opplagt ikkje ein snarveg frå Sunndal mot Storlidalen.
Fjellet til venstre på bildet under her, vil eg tru er Navardalsnebba, kor turistforeininga hadde tur til laurdag (jamfør dårleg parkering).



Såtbakkollen, Navardalen og Navardalsnebba.
Ei ganske flott bru over den vesle elva. Brua heiter Kloppa, har eg fått vite av Liv Berit Gikling.
Marit synes livet er herleg på tur! Og ho er ganske herleg å gå på tur saman med og :)
Sjølv små hundar synest det er ganske viktig å sjå på utsikta og naturen rundt :)
Så kom vi til eit område som var smalt og bratt og det var lang veg ned. Ut frå kartet skal det vere ein bekk her som heiter Kviturbekken. Bygdefolket på Fale kallar denne plassen for Klævet. Her fann vi restar etter eit gjerde, men no går ein der heilt på eige ansvar, for det er ingen gjerde som kan hjelpe deg om du er uheldig...
Og i følge kartet er det på omtrent denne staden vi er på det høgaste punktet - omlag 1020 meter over havet.



Restar etter gjerdet. 



Ingrid Situwa poserer mesta heilt ute på kanten. No snur vi snart snuten i frå Sunndalen.

Etter å ha passert dette området, begynner vi å runde Såtbakkollen, og turen innover slakke Flatvaddalen tar til. Dessverre hadde det skya over og det var litt hustrig vind. Men det var slettes ingen ting å seie på turstemninga. Den var riktig god, og alle gledde seg til vi skulle komme fram og lage middag på Innerdalshytta. Men det var mange timar til enno. Klokka var bikka 15, og vi hadde vore på tur i over fem timar.


Fjellet rett fram er Hoåsnebba. Den ser eg godt heime frå og.
Lauvåtjønnin på 900 meters høgd.
Erlend hadde tatt med ein drage som ungane skulle få leike seg med. Oppe ved Lauvåtjønnin var det tid for å slå han opp, og sanneleg var det oppdrift i vinden, og dragen gjekk rett opp. Ungane syntest det var kjempekjekt å halde i dragen mens vi gjekk utover Flatvaddalen.


Når ein går Flatvaddalen og Giklingdalen (kor går eigentleg skillet mellom dei to dalane?), går ein verkeleg mellom høge fjell. Fjellrekkene på begge sider av dalen er 1500 - 1800 meter høge - høgast er Trolla med sine 1800 meter, som vel er midt i bildet over her.
Det er artig å sjå korleis fjella endrar seg i takt med kor ein sjølv går. Ganske spesielt er toppen ein ser ganske midt i bildet under her, med snøbreen til venstre. Litt seinare skal du få sjå korleis fjellet endrar seg når ein kjem nærmare.




Her har dragen styrta omtrent på bortsida av tjønnet... 
Drage ved Pinakkelskaret :)
Litt hustrigt, men likevel herleg utsikt for å spise nista :)
Så kom vi lenger utover dalen, og vi begynner å sjå fjella ein ser frå Innerdalen. Og på bildet under her, ser ein korleis fjellet som på avstand hadde berre ein topp, viser seg å ha to toppar. Det er Skarfjellet, som i frå Innerdalen har tre tindar. Eg meiner å ha lest at det og kallast Tritindane av den grunn - mogleg eg tar feil.
Av alle rare namn heiter dalsøkket under Skarfjellet Romeriket, det står innskriven i kartet og.





Det siste vatnet før vi startar på avslutninga av turen, er Storvatnet. I enden ser ein kanten av vatnet, og eg trudde at der kom ein over kanten mot Innerdalen, men det stemte ikkje heilt. Endå er det eit lite stykke til å gå før ein ser dalen.

Herleg turselskap :)
Fotosession - og enden er nærmare! Delar av Prins er meir svart enn kvit...



Endeleg ved kanten av Storvatnet. Som nemnt, eg trudde at her begynte nedoverturen, men der vart eg lurt av meg sjølv. Vi gjekk opp ryggen til venstre og fortsatte litt til bortover.

Trolla og rekka mot Skarfjellet sett frå ein annan kant.
Eg ser meg tilbake den vegen eg kom frå. Folka i bildekanten kjem ned frå Innerdalstårnet.
Ved enden av Storvatnet er det ruinar etter ei lita bu. Ein grei plass å ta ein pause.

Innerdalstårnet - kanskje eit mål neste år?
Så kom vi endeleg til enden av platået, og der kom ENDELEG Innerdalen til syne. Vi hadde vore på tur i åtte timar og begynte å bli veldig lei. Men du for ei glede å sjå Noregs vakraste dal frå denne kanten. Det var ei ny oppleving. Aleksander var sliten, men poserte for fotografen. Berre 300 høgdemeter ned og eit par kilometer att!



Frå Innerdalen har ein mange turar ein kan gå. Berre opp på andre sida av dalen kan ein gå til Todalen, Kårvatn og til Storlidalen. Eit av desse to fjella heiter Snøfjellet, og ein kan gå rundt Snøfjellet - det er omlag 17 km å gå, i følge kartet. Eg har tenkt at det må eg få gjort neste år. 


Marit skoder utover dalen.

Elva Fluo og Skarfjellet i bakgrunnen.

Restar av Giklingsetra, då er det berre resten att.

Frå Giklingsetra er det stort sett plankevandring....


Innerdalstårnet.

Innover Innerdalen mot Storlidalen.
Her ser det ut som at ein er nærmare enn ein faktisk er... 
Siste delen av turen er stort flat, men går på plankar over myrer, og litt over og rundt steinar og. Når kroppen er mør etter ein lang dag i fjellet, kjennest det litt "too much"!
Og om ein trur at ein er nært til setra, er det likevel nokre utfordringar att enno.






Endeleg! Der er Innerdalshytta.
Ungane kom fram ei stund før oss vaksne, og dei hadde hatt tid å sjekke at det var ingen plass å ligge i turisthytta... Denne helga var det nemleg fullt i alle hus i Innerdalen, visstnok eit typisk septemberfenomen. Ikkje så rart når det er så fint i fjellet som no.
Heldigvis ordna det seg med senger til alle sju - både inne og ute. Men middagen vart rømmegraut på turisthytta, og det var heilt greit det og. Eg var iallfall sliten etter turen.
Og eg var mektig stolt av Aleksander for måten han hadde gjennomført turen på. Det viser at berre ein har innstillinga i orden, så får ein til det ein bestemmer seg for.

Endeleg framme rundt åtte timar etter at vi starta frå Fale. Well gone, Aleksander <3

Kveld i Innerdalen.
Heldigvis fekk vi sove godt alle saman, og det var alldeles herleg å vakne til Innerdalen på sitt aller vakraste søndag morgon.
Viss du lurer på om Barnas Turlag er ein bra plass å samle turerfaring for ungar, vil eg seie at det er det! Ikkje berre turerfaring, men og turvenner. Aleksander og eg er iallfall veldig glade for at vi fekk med oss denne turen med så godt turselskap :)







Opp Falelia gjekk vi før vi runda over mot venstre oppe på det gule platået.

Ingen kommentarer:

Etiketter