Totalt antall sidevisninger

lørdag 18. september 2021

Turblogg: Rett ut mot havet og opp på Rørsethornet

Eg har lenge tenkt på å dra til Midsund for å finne meg ei trapp å gå i. Når vérvarselet drog seg i retning nydeleg vér, var det berre å samle med seg ligaen og komme seg avgarde. Rørsethornet venta på dameligaen :)
 

Tidleg laurdag morgon tok vi laust frå Sunndal med retning Midsund ute på Romsdalskysten. Dette er eit område eg berre har besøkt eit par gonger, og det eg la merke til sist, var fjella. Dei stig bratt opp og ser mesta uoverkommelege ut.
Dei siste åra har dei blitt gjort til Midsunds viktigaste attraksjonar fordi det har blitt bygd mange trapper. 
Vi lurte litt på kva trapp vi skulle ta og kor mange trapper vi kunne rekke på ein dag... Eg hadde lagt ut spørsmål om kva som var finaste turen på Stikk uts facebookside, og ganske mange svarte Rørsethornet. Dermed vart det Rørsethornet som vart vårt val for tur denne dagen.
Like ved Rakvåg og Raknes er det laga ein stor og gratis parkeringsplass, og når ein kjem tidleg på dagen, er det lett å få plass. Litt lengre ut på dagen = vanskelegare.
Starten på stien går på andre sida av vegen, og ein går ikkje lenge før ein er rett over i trappevandringa. Om 2200 trappetrinn og litt til stigning er ein til topps.


Klare til å gå :)



Det startar skart oppover med ein gong. Det fine med det er at utsikta kjem ganske fort. Då får vi auge på øyar og havet, båtar og mykje landskap. Mesteparten av det har vi i ryggen mens vi går oppover. 


Fjella i bakgrunnen ligg på øyene som høyrer til gamle Haram kommune, dei som no får fastlandsforbinding.

Landskapet i bakgrunnen er Harøya og Finnøya.


For ein fin augustdag! Det er freistande å bli sittande på dei fine steinbenkane dei har laga på veg oppover, men vi må vidare. Vi skal til topps!



Slite og streve er vel og bra, men av og til må ein slappe av, og vi drog frå Sunndal grytidleg, og blir derfor svoltne før vi har tatt alt for mange høgdemeter. Då er det tid for lunsj på ein av dei fine steinbenkane.



Eit stykke oppi får eg auge på noko som kjem fram bak fjellet. Mange kvite bygg, og ein augenblink trur eg det er Molde. Men det er det sjølvsagt ikkje. Det er Elnesvågen sjølvsagt. Når eg kjem endå lengre opp og får bedre utsyn, angrar eg på at eg ikkje tok med meg kikkert. Men med hjelp av zooming på telefonen og kartet på telefonen, finn eg ut av geografien i rundt meg.


Det er innanfor å koste på seg ein sjølvie her :)
Etter rundt 1 1/2 time gåing i vårt bedagelege tempo, såg vi endeleg ein ende på turen. Men berre tilsynelatande. Så det er berre å rusle vidare.


Litt fleire bilde, tenker eg vi seier...




Utsikta blir berre finare og finare :)
Etter å ha kika mykje i retning Sunnmøre, er det tid for å rette auga ut mot havet. Det var utruleg stas å sjå øyene eg har kunne namnet på i mange år, men som berre har levd på kartet for meg. Eg hadde ein oppriktig draum å komme meg ut til Sandøy kommune før han vart slukt av Ålesund kommune i kommunereformen, men det rakk eg dessverre ikkje. Det hadde vore artig å tatt med sykkelen utover :)
På bildet under her ser ein på rekke og rad øyene Orta (nærmast), Sandøy (i midten) og Lyngværet, ei lita øy som no er fråflytta, ytst (mot høgre). Ona ligg så langt ute i havet, at det er vanskeleg å få auge på øya. 


Aukra med Bjørnsund i bakgrunnen og Bud til høgre bak.

Så utruleg flotte vardar dei har bygd opp på eit platå undervegs!



Og då begynner vi endeleg å sjå toppen :)
Då eg gjekk oppover mot toppen og tok dette bildet, tenkte eg ikkje nøye på kor dei fjella er hen. Men på turen ned att begynte eg å gruble - og eg lurar på om eg ser Goksøyra baki der? Ganske midt i bildet, men litt mot høgre. Og etter å ha grubla ferdig finn eg ut at det er fysisk umogleg, fordi det ligg for mange høgare fjell i på strekninga frå Goksøyra og utover. Så det er truleg eit fjell i rundt Isfjorden.


Resten av vegen er det ordinært dekke - slutt på trappegåinga.


Så er vi endeleg så godt som oppe - ein såkalt sjarmøretappe att. Det utruleg gode turfølget mitt er enno ved godt mot, og eg gler meg vilt på å sjå utsikta frå Rørsethornet.
Vi tok oss god tid oppover alle trappetrinna. Snakka med folk vi møtte og hadde ein særdeles hyggeleg laurdagstur :)


Turistforeininga har etablert ein sti som heiter Otrøya på tvers. Eg er ikkje heilt sikker akkurat kva fjell ein går over, men det er vel ikkje mykje feil å seie at ein går over dei fleste horna som er å finne på Otrøya.




Ikkje heilt lett å vite kva namn det er på øyene når ein ikkje har grubla på det før. Etter eit søk ute i internettet, fann eg ut at øya med dei fem vindmøllene på bildet under, er Harøya. Dei var ganske tidleg ute med å få vindmøller, så desse har stått der i sidan rundt 2004.


Heilt til venstre ligg Finnøya, framst ligg Orta og bak Orta ligg Sandøya, som gav namnet til kommunen som gjekk inn i Ålesund i 2020.

Retning Elnesvågen og Jendemsfjellet.
Det er ein ting som forundrar meg med Otrøya, og det er at til trass for bratte steile fjell på midten, er det flatt ut mot sjøen. Det ser ut som ein perfekt sykkeltur, og eg trur absolutt eg må prøve å få til det neste sommar. Det ser ut som ein draumetur rundt Midsund, utpå øyene, over Aukra og rundt der :) 


Fotosession
Heilt ærleg... Det må vel vere mesta usunt å vere tre venner på tur slik, for det er foto, foto, foto... omtrent heile tida... Sanneleg stor forskjell på motiva ut frå kven ein er på tur med. Og eg synes heilt ærleg at det er gøy å ha mange bilde frå turane eg er på :) Særleg når eg kan skrive blogg og dokumentere og fortelle :)
Så her kjem eit knippe fotosessionbilde :)




Så var det tid å tenke på å komme seg på nedoverturen. Og eg tenkte meir og meir på desse fjella - som eg jo så innmari håpar er fjella i Eresfjord :)
Meeeen - som eg konkluderte lenger oppe her: Det må vere omtrent fysisk umogleg at ein kan sjå fjella i Eresfjord frå Rørsethornet, så det er ikkje dei. Det er ikkje Goksøyra, Skjorta eller Breifonntind. Dessverre. Men det likna veldig...




Men så var det desse fjella eg gjekk og prøvde å kjenne att på lang avstand. Eg frir meg liksom ikkje heilt frå dette å vite om det er nokon av fjella heime ved Eikesdalsvatnet vi ser laaangt borte der. Vi snakkar om ganske mange mil! Litt grovt estimert trur eg det er rundt 75 km i luftavstand. Eg har for sikkerheits skuld forstørra bildet under her så mykje eg kunne. For når du og ser nærmare på det fjellet i midten - det som har ein del snø rundt seg - er ikkje det Breifonna? Kan nokon hjelpe meg??? Kan du skjønne kor mykje det betyr å sjå fjellet mitt heilt ute i frå Midsund?!
La meg gi ei kort forklaring på korfor eg trur det: For det første er eg ganske sikker på at ein av toppane eit stykke til venstre for mitt fjell er Kyrkjetaket i Isfjorden. For det andre har eg brukt kartet og peila så best eg kunne innover, og det både er og ikkje er sannsynleg at ein ser heilt inn til Eresfjord og Eikesdalsvatnet :)




La oss berre gå vidare nedover. Spørsmålet om fjellet vart ikkje svart den dagen... Utruleg fint å sjå i retning Sunnmøre og.


Når det var så bratt, var det lurt å halde hendene på stavane og tunga i munnen.



For å slå det fast ein gong for alle: Vi har det utruleg triveleg på tur i lag :)


All good things must come to an end, heiter det... Så også denne turen. Det var ein utruleg fin tur, og for å vere heilt ærleg, er det nok ein av dei aller finaste eg har gått nokon gong :)
Denne turen kan du planlegge å gå med godt samvit!
Og endå er det meir å utforske på Midøya, men det må nok vente til neste år :)


Etiketter